3.1 Sammendrag

Kap. 1320 Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

Post 24 Statens vegvesens produksjon

I samband med avsluttinga av kap. 1320 post 24 Statens vegvesens produksjon pr. 31. desember 2002, orienterer departementet om Vegvesenets underskot for arbeid utført for fylkeskommunane og vidare oppfølging av saka.

Hovudårsaka til meirutgifta kr 241 740 742 på post 24 er rekneskapsmessige forhold knytte til etableringa av Mesta AS. Noko gjeld også underskot i arbeid utført for fylkeskommunane for 2002. Departementet vil be dei 12 fylkeskommunane å betale underskotet på til saman 40 mill. kroner til Statens vegvesen. Departementet vil utarbeide ein tilbakebetalingsplan.

Post 30 Riksveginvesteringar

Departementet orienterer om at 4,75 mill. kroner av midlar løyvd i 2003 til kollektivtrafikk på kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringar i Hordaland vil bli nytta til driftstilskot for utvida ruteproduksjon på stamvegnettet. Bruk av desse midlane til vidareføring av utvida ruteproduksjon må sjåast på som eit ekstraordinært tiltak i eit enkeltståande år.

Kap. 4321 Avslutting av produksjonsverksemda i Statens vegvesen

Post 70 Overdraging av eigedelar til selskapet

Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 4321 post 70 Overdraging av eigedelar til selskapet med 67 mill. kroner fordi skattetrekk for november og desember 2002 for Mesta AS blei betalt av Statens vegvesen.

Kap. 1322 Svinesundsforbindelsen AS

Post 91 Lån

Stikkordet "kan overførast" blir foreslått tilføydd kap. 1322 post 91.

Post 92 Kapitaliserte renter

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1322 post 92 Kapitaliserte renter med 4 mill. kroner og å tilføye stikkordet "overslagsløyving" på posten.

3.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har ingen merknader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at riksvegmidlene som bevilges over post 30 skal gå til riksveginvesteringer og ikke til kollektivtiltak. Disse medlemmer viser til at vegvesenet i Hordaland ønsker at 4,75 mill. kroner skal gå til investeringer i blant annet bussholdeplass på rv 555 og støtter dette.