Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Ivar Kristiansen, Michael Momyr og Erlend Nornes, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til Dokument nr. 8:131 (2002-2003) om å be Regjeringa om å legge fram ei stortingsmelding om ein heilskapleg kystpolitikk og kystsamfunna sine utfordringar.

Komiteen vil peike på dei store ressursane som ligg langs kysten vår. Komiteen vil vidare peike på kva verdiar dette vil gje til landet om ein utnyttar dei på ein fornuftig og gjennomtenkt måte. Dei ressursane som er fornybar må ein hauste på ein berekraftig måte, og ein må tenkje vel igjennom korleis ein utnyttar dei ressursane som ikkje er fornybar.

Komiteen vil òg vise til at kystpolitikk er noko mykje meir enn fiskeripolitikk. Som dokumentet nemner så omhandlar det mykje meir, m.a. fiskeri, havbruk, landbruk, skipsfart, samferdsel i vidaste forstand, olje, gass, reiseliv, mineralutvinning, offentleg tenesteyting, offentleg forvaltning og struktur, landskapsvern, og industri særleg innretta mot offshore.

Komiteen vil vise til at Regjeringa lagar stortingsmeldingar på fleire av desse områda, som til dømes skipsfart, olje, gass og samferdsle.

Medlemene i komiteen fra Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti ser det derfor ikkje naudsynt å be om ei stortingsmelding som omfattar desse områda.

Komiteen vil vise til at mange kystsamfunn har ei rivande utvikling, og ser ut til å kunne møte framtida sine krav på ein god måte. Likevel er utfordringane mange og store, særleg når det gjeld stabilitet.

Komiteen vil òg vise til at det er mange kystsamfunn som slit særs mykje og treng stimulans og betre rammevilkår for å få ei ønska utvikling.

Komiteen vil peike på at skal ein få ut det potensiale som ligg i det mangfaldet som ein har langs kysten, må det eit samspel til mellom offentlege og private interesser.

Komiteen meiner og at skal ein nå dei mål ein har sett, så krev det ei planlegging som ser heilskapen i kystsamfunna.

Medlemene i komiteen fra Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti ber Regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om rammevilkåra for fiskeria og dei marine næringane si betydning og utviklingspotensiale når det gjelde auka verdiskaping og busetnad langs kysten.