Olje- og energidepartementet viser i proposisjonen til at Kjøsnesfjorden Kraftverk AS har søkt om løyve til å utføre reguleringar og overføringar i Jølstervassdraget og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Delar av utbygginga vil gå føre seg i randsona og til dels innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark. I samband med opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark (St.meld. nr. 25 (1987-1988)) var det ein føresetnad at nasjonalparken ikkje skulle hindre kraftutbyggingsprosjektet i Kjøsnesfjorden, jf. Innst. S. nr. 273 (1987-1988).

Departementet viser til at ei utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk vil medverke til å utnytte den eksisterande vasskraftstrukturen i denne delen av vassdraget betre.

Kraftutbygging i Kjøsnesfjorden vart teke inn i Samla Plan då planen første gongen vart utarbeidd ved St.meld. nr. 63 (1984-1985) og seinare ført vidare og teke med i Stortinget si handsaming av Samla Plan i 1993 (St.meld. nr. 60 (1991-1992)).

Det omsøkte prosjektet

Søknaden frå Kjøsnesfjorden Kraftverk AS gjeld fylgjande utbyggingsalternativ:

Alternativ 1 tilsvarar Samla Plan alternativ VA2 med takrennesystem og overføring av 8 bekkeinntak frå Fagredalen i vest til Litlebredalen i nordaust, og regulering av Trollavatnet og Langevatnet med høves­vis 40 og 20 meter.

Alternativ 2 byggjer på alternativ 1, men bekkeinntaka i Fagredalen er ikkje tekne med. Det er totalt 11 bekkeinntak, av dei er 4 nye i høve til Samla Plan. Reguleringa av Trollavatnet og Langevatnet er redusert til høvesvis 33 og 2 meter. Anleggsvegen er flytta frå Lundebotnen til Søgnesandsdalen.

Alternativ 2 utan framkomst i Søgne­sandsdalen tilsvarar alternativ 2, men anleggsvegen vil vere om framkomsttunnel til kraftstasjonen, avgreining kring kraftstasjonen og vidare som tilløpstunnel til Trollavatn.

Alternativ 3 har ingen bekkeinntak. Regulering av Trollavatnet med 30 meter og Langevatnet med 20 meter.

Alternativ 4 med takrennesystem frå Søgne­sandsdalen til Litlebredalen og 6 bekkeinntak. Av dei er 3 nye i høve til Samla Plan. Regulering av Trollavatnet og Langevatnet og anleggsveg som i alternativ 2.

Alternativ 1 vil gi om lag 238 GWh, alternativ 2 om lag 229 GWh, alternativ 3 om lag 91 GWh, og alternativ 4 om lag 178 GWh i ny årleg produksjon.

Kraftstasjonen er planlagt plassert i fjellanlegg ved Søgnesand i samsvar med Samla Plan. Alternativt kan kraftstasjonen for alternativ 1 og 2 flyttast lenger vest med fjellanlegg ved Sægrov.

Kjøsnesfjorden Kraftverk AS søkjer primært om konsesjon til alternativ 2, sekundært alternativ 2 utan tilkomst i Søgnesandsdalen, og tertiært alternativ 4, og med plassering av kraftstasjonen ved Søgnesand.

På grunn av store inngrep meiner søkjaren det ikkje er aktuelt å byggje ut etter alternativ 1. Alternativ 3 reknar ein også med ikkje å vere aktuelt å byggje ut på grunn av høg utbyggingspris.

Olje- og energidepartementet meiner utbyggingsalternativa 1 og 3 ikkje er aktuelle, og gjer i proposisjonen greie for dei to variantane av utbyggingsalternativ 2 og alternativ 4.

NVE si vurdering og tilråding

NVE meiner føringane i St.meld. nr. 37 (2000-2001) om vasskrafta og kraftbalansen og Sem-erklæringa om auka vektlegging av miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vassdragsressursane tilseier eit endra syn på dei vurderingane ein gjorde i samband med handsaminga av prosjektet i Samla Plan og opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark.

På denne bakgrunnen vil NVE ikkje gå inn for at det vert gitt konsesjon til det prosjektet det er søkt om. Ut ifrå behovet for å sikre kraft og effekttilgang finn NVE det viktig å peike på behovet for ei politisk vurdering av vektlegginga av miljøomsyn i høve til behovet for ny kraft. Dersom det vert gitt konsesjon tilrår NVE at det vert gitt løyve til utbygging etter alternativ 2.

Departementet si vurdering og forslag til utbyggingsalternativ

Olje- og energidepartementet viser til at det prosjektet det er søkt om inneber relativt små fysiske inngrep i høve til mengda energi som blir produsert, men vil få verknad på inngrepsfrie område som ligg i nærleiken av og til dels innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark.

Departementet meiner at dei største negative konsekvensane ved det prosjektet det er søkt om knyter seg til inngrepa ved Trollavatnet og i Søgnesandsdalen, og den reduserte vassføringa i Sægrova, Lundeelva og Søgnesandselva.

Olje- og energidepartementet kan ikkje sjå at omsynet til Jostedalsbreen nasjonalpark kan vere av avgjerande verdi for om konsesjon skal gjevast.

Olje- og energidepartementet meiner fordelane ved ei regulering av Trollavatnet og Langevatnet, overføring av bekkeinntak det er søkt om og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk i samsvar med alternativ 2 utan tilkomst i Søgnesandsdalen, overstig skadar og ulemper for ålmenne og private interesser i vassdraget. Ei slik løysing er i samsvar med NVE si subsidiære tilråding.

Olje- og energidepartementet tilrår at det vert gitt nødvendig løyve etter vassdragsreguleringslova for reguleringar og overføringar, løyve etter industrikonsesjonslova for erverv av fallrettar, løyve etter vassressurslova til bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk og løyve etter oreigningslova til å ekspropriere nødvendig grunn og rettar til bygging av kraftverket.

I løyva etter vassdragsreguleringslova inngår også løyve etter forureiningslova § 11 og løyve til ekspropriasjon til nødvendig grunn og rettar for gjennomføring av reguleringar og overføringar etter vassdragsreguleringslova § 16 nr. 1.

Det vert vidare teke sikte på at nødvendige justeringar av grensa for Jostedalsbreen nasjonalpark som følgje av utbygginga vil blir gjort samstundes med at Kongen i statsråd fattar vedtak i konsesjonssaka.

Regjeringa legg til grunn at grensejusteringane ikkje skal føre til større reduksjonar av arealet for nasjonalparken enn nødvendig som følgje av kraftutbygginga. Den nye grensa vil bli trekt slik at ho går rett ovanfor bekkeinntaka, og slik at Trollavatnet ved HRV vil liggje utanfor nasjonalparken. Ein reknar med at nasjonalparken som følgje av dette vil bli redusert med om lag 1,5 km2.