Innstilling frå sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2004 som følgje av takstoppgjera for psykologar og fysioterapeutar

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

Helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring av løyvingane for 2004 under kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp, under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi og under kap. 732 Regionale helseføretak, postane 71-75. Auken på i alt 18 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjera under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

I St.prp. nr. 63 (2003-2004) har Regjeringa gjort framlegg om at eigendelane skal aukast med 5 prosent frå 1. juli 2004, og refusjonsløyvingane blir foreslått sett ned tilsvarande. Endringane i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.

Da ordninga med driftstilskot for legar, fysioterapeutar og psykologar blei innførd i 1984, var føresetnaden at driftstilskotet skulle utgjere om lag 40 prosent av gjennomsnittleg omsetnad for dei ulike gruppene. For legespesialistar og psykologar har driftstilskotsdelen av finansieringa over tid blitt vesentleg lågare, og ved takstoppgjera i 2003 blei det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot for å auke prosentdelen noko. Ved handsaminga av St.meld. nr. 5 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 82 (2003-2004), har Stortinget slutta seg til at driftstilskotsdelen skal aukast til opp mot 40 prosent for dei to gruppene, og ved dette oppgjeret er det avtala ei ny omfordeling frå takstar til driftstilskot for psykologane. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseforetaka med 8,5 mill. kroner. Medrekna den nemnde omfordelinga blir den samla auken i løyvingane til trygderefusjonar 9,5 mill. kroner.

1.1 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar

Forhandlingane mellom Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund, staten og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2003-30. juni 2004 er førebels ikkje avslutta. Spørsmålet om eventuelle meirutgifter for folketrygda som følgje av ein ny avtale frå 1. juli 2004 vil ikkje kunne leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Departementet bed difor om fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av den avtalen partane eventuelt kjem fram til. Den endelege løyvingssaka vil bli lagt fram for Stortinget seinare.

1.2 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar

I forhandlingsmøte 25. mai 2004 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2004-30. juni 2005. Avtalen føreset ei regulering av driftstilskotet med 4,5 prosent og av takstane med 1,7 prosent frå 1. juli 2004. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 prosent av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. Departementet tilrår at løyvinga for 2004 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 14 mill. kroner.

Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 134 300 kroner i 2003. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet for 2004 blir fastsett til den same summen. Departementet tilrår at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 4 mill. kroner.

1.3 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar

I forhandlingsmøte 25. mai 2004 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2004-30. juni 2005. Avtalen føreset i utgangspunktet ei regulering av driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 3,4 prosent og om lag uendra takstnivå frå 1. juli 2004. I tillegg er det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot på 17 mill. kroner for avtaletidsrommet. Samla inneber dette at driftstilskotet blir auka med vel 18 prosent, eller om lag 21 mill. kroner på årsbasis. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir sett ned med 8,5 mill kroner. Til inndekking av meirutgiftene for dei regionale helseføretaka som følgje av den ekstraordinære auken i driftstilskota tilrår departementet at kap. 732 postane 71-75 blir auka med 8,5 mill. kroner for 2004.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hild­eng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, viser til proposisjonen der det redegjøres for resultatet fra forhandlingene med Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening. Komiteen konstaterer at det er blitt enighet mellom de nevnte organisasjoner, staten og de regionale helseforetakene om reviderte avtaler om driftstilskudd og takster.

Komiteen viser videre til at det i proposisjonen redegjøres for at forhandlingene mellom Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund, staten og de regionale helseforetakene som tok til i midten av mai 2004, ikke er avsluttet ennå.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, slutter seg derfor til at Helsedepartementet gis fullmakt til å gjøre endringer i trygderefusjonene som følge av avtalen partene eventuelt kommer frem til. Flertallet vil understreke at den endelige bevilgningssaken vil bli lagt frem for Stortinget senere.

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til at Helsedepartementet ber om fullmakt til å sluttføre avtalen om basistilskudd, driftstilskudd og takster med legene og dermed fullmakt til å gjøre endringer i trygderefusjonene som følge av den avtalen partene eventuelt kommer fram til.

Dette medlem er både av prinsipielle og praktiske grunner meget skeptisk til en slik behandling. Stortingets innflytelse og ansvar svekkes på denne måten sterkt, og erfaringen fra forrige forhandlingsrunde med innføring av gebyr på telefonkonsultasjoner gir ingen ytterligere entusiasme for en slik fullmaktshåndtering. Dette medlem mener at forhandlingene bør starte så tidlig at det er rimelig tid til å komme fram til et resultat før sluttbehandlingen må skje i Stortinget under ordinære forhold. Dette medlem ser at situasjonen nå er meget vanskelig å endre uten at fullmakt blir gitt, men vil varsle at for kommende forhandlinger og avtaleopplegg må denne praksisen endres.

Komiteen viser videre til behandlingen av Dokument nr. 8:20 (2003-2004) Forslag fra stortingsrepresentantene Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik om gjeninnføring av full refusjon for telefonkonsultasjoner, jf. Innst. S. nr. 148 (2003-2004) der flertallet i komiteen uttalte:

"Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, mener at den nye egenandelen på telefonkonsultasjoner er uheldig, og at den tas opp igjen i forbindelse med vårens forhandlinger om normaltariffen."

Mindretallet i komiteen uttalte:

"Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet mener at den nye egenandelen på telefonkonsultasjoner må fjernes."

Komiteen viser til proposisjonen og konstaterer at Stortingets intensjon er fulgt opp gjennom at partene, før forhandlingene om rammeøkningen startet, er blitt enige om et opplegg for å fjerne egenandelen på telefonkonsultasjoner.

3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

732

Regionale helseforetak

71

Tilskot til Helse Øst RHF, kan overførast,blir auka med

4 600 000

frå kr 14 722 904 000 til kr 14 727 504 000

72

Tilskot til helse Sør RHF, kan overførast, blir auka med

1 200 000

frå kr 8 345 294 000 til kr 8 346 494 000

73

Tilskot til Helse Vest RHF, kan overførast, blir auka med

1 800 000

frå kr 7 320 357 000 til kr 7 322 157 000

74

Tilskot til Helse Midt-Norge RHF, kan overførast, blir auka med

600 000

frå kr 5 406 185 000 til kr 5 406 785 000

75

Tilskot til Helse Nord RHF, kan overførast, blir auka med

300 000

frå kr 5 222 286 000 til kr 5 222 586 000

2711

Diverse tiltak i spesialisthelsetenesta

71

Refusjon psykologhjelp, blir sett ned med

8 500 000

frå kr 200 000 000 til kr 191 500 000

2755

Helseteneste i kommunane

62

Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar, kan nyttast under post 71, blir auka med

4 000 000

frå kr 202 000 000 til kr 206 000 000

71

Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med

14 000 000

frå kr 1 228 000 000 til kr 1 242 000 000

II

Helsedepartementet blir gjeve fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane for legar frå 1. juli 2004 på grunnlag av eventuell avtale med Den norske lægeforening om regulering av honorartakstane frå den same datoen.

Oslo, i sosialkomiteen, den 15. juni 2004

John I. Alvheim

leiar

Bent Høie

ordførar