Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/91/EF om energieffektivitet i bygningar

Til Stortinget

Samandrag

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/91/EF om energibruken til bygningar (bygningsdirektivet), som vart vedteke i Rådet 16. desember 2002 - og gjort gjeldande frå 4. januar 2003 for medlemsstatane i EU. Frist for gjennomføring i nasjonal rett er 4. januar 2006.

Føremålet med bygningsdirektivet er å betre energibruken til bygningar. Bakgrunnen for direktivet er at det finst eit stort potensial for energieffektivisering i bygningssektoren som kan medverke til både reduserte utslepp av klimagassar og auka forsyningstryggleik. Noreg står overfor store utfordringar når det gjeld å auke forsyningstryggleiken og redusere miljøkonsekvensane ved produksjon og bruk av energi. Føremålet med direktivet er i tråd med målet om ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Føresegnene i direktivet vil byggje opp under og utfylle tiltak som alt er sette i verk.

Direktivet overlét i stor grad til kvart einskilt land å skipe metodar og framgangsmåtar i medhald av direktivet. Ein felles metode for utrekning av energibruk og energikrav inneber ei videreutvikling av føresegner om energibruk som alt finst i Plan- og bygningslova, og er i tråd med norsk politikk på området.

Direktivet stiller krav om uavhengige ekspertar for gjennomføring av energisertifiseringa og inspeksjonsordningane. Det er i tråd med eksisterande politikk på området at det vert stilt krav til utførande personell for å sikre kvaliteten på den sertifiseringa og dei inspeksjonane som vil verte utførde.

Det er gjort overslag som syner at ei innskjerping av krava til energiyting for nye bygg og for bygg som vert rehabiliterte i tråd med direktivet, vil spare energi som svarar til om lag 2,5 TWh per år innanfor ein tiårsperiode. Energisparinga som følgjer av sertifisering og inspeksjonar, vil kome i tillegg til dette. Det er ein føresetnad at dei nye energikrava som vil verte stilte i byggjeforskriftene, skal gje samfunnsøkonomisk lønsame investeringar.

Ved ei avgjerd i EØS-komiteen april 2004 vart det vedteke at bygningsdirektivet skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (energi). Avgjerda vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa av direktivet gjer det naudsynt med lovendringar, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Uttale frå utanrikskomiteen

Utkast til innstilling er lagt fram for utanrikskomiteen, og komiteen har ikkje merknader til innstillinga.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/91/EF om energieffektivitet i bygningar.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 24. november 2004

Bror Yngve Rahm

leiar og ordførar