Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Barne- og familiedepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 58 (2004-2005)
  • Kildedok: St.prp. nr. 26 (2004-2005)
  • Dato: 25.11.2004
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 5

Innhold

Til Stortinget

Sammendrag

I denne proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004.

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 0,85 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Det gjeld mellom anna midlar til ei ekspertgruppe som skal arbeide med revisjon av rammeplanen for barnehagar og nasjonale ekspertar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av dei faglege føremåla i kapitla.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 med 0,85 mill. kroner mot ei innsparing på 0,6 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid, 0,2 mill. kroner frå kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 Driftsutgifter og 0,05 mill. kroner frå kap. 840 Tilskot til krisetiltak, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 842 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet gjer framlegg om å omdisponere 1,4 mill. kroner frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 70 Utviklings- og opplysningsarbeid o.a. Midlane skal nyttast til å dekkje utgifter knytte til IKT i familievernet.

Kap. 844 Kontantstønad

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga til kontantstøtte vart auka med 193 mill. kroner til 3 045 mill. kroner i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Rikstrygdeverket reknar med at det er behov for å auke løyvinga med ytterlegare 85 mill. kroner. Overslaget er basert på tal ved utgangen av tredje kvartal.

Meirbehovet ut over løyvinga i revidert budsjett kjem av at fleire barn er med i ordninga enn tidlegare berekna, ettersom det er fleire eitt- og toåringar og at langt færre av dei går i barnehage i 2004 enn måltalet i budsjettet på 8 000 plassar.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 844 Kontantstønad post 70 Tilskot, med 85 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd følgjer av gjeldande barnetrygdsatsar og dei demografiske variasjonane for aldersgruppa 0-18 år. Utgiftene i år vert etter overslag frå Rikstrygdeverket om lag 54 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett. Til saman utgjer dette rundt 5 670 fleire barnetrygder. Utgiftene til småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn under 3 år og Finnmarks-tillegget ser derimot ut til å verte lågare enn tidlegare føresett.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 845 Barnetrygd post 70 Tilskot, med 54 mill. kroner.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Posten dekkjer tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet på 23 400 kroner per barn.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) legg i sine prognosar per 1. oktober 2004 opp til at det vert utbetalt eingongsstønad for 770 adopsjonar i 2004. Dei viktigaste årsakene til behovet for ekstra midler i år er blant anna at det kom store grupper adoptivbarn frå Kina til Noreg mot slutten av 2003. Det er behov for ei tilleggsløyving i 2004 på 2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke kap. 852, post 70 med 2 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet til kommunane på 99 700 kroner per barn per år, og refusjon av kommunen sine barnevernsutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Talet på einslege mindre­årige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2004, er venta å verte om lag 300.

Det er behov for ei tilleggsløyving i 2004 på 94,6 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke kap. 854 post 64 med 94,6 mill. kroner.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 4 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter OECD/DACs (Development Assistance Comitee) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Færre einslege mindreårige flyktningar og asyl­søkjarar kjem til landet no. Det fører òg til at færre vert busette i løpet av fyrste året. Departementet gjer framlegg om å redusere kap. 3854 post 4 med 6 mill. kroner.

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 70 Tilskot til kjøp av plassar, tiltak, o.a., kan nyttast under post 1

På kap. 855 post 70 er det eit meirbehov på om lag 38,3 mill. kroner i 2004. Meirbehovet vert dekka gjennom tilsvarande mindreforbruk på postane 21 og 45.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 855 post 70 med 38,3 mill. kroner for 2004. Departementet gjer òg framlegg om at kap. 855 post 21 vert redusert med 32,3 mill. kroner og kap. 855 post 45 vert redusert med 6 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene i 2004 er lågare enn tidlegare berekna. Det kjem i hovudsak av overgang frå fylkeskommunale rekneskapsprinsipp til statens kontantprinsipp.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 3855 post 60 med 187 mill. kroner for 2004.

Kap. 856 Barnehagar

Post 61 Investeringstilskot, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til bygging av nye plassar i vanlege barnehagar.

Løyvinga i saldert budsjett bygde blant anna på eit venta måltal på nye plassar til 12 000 barn og avkorting på grunn av momskompensasjon. Det ligg ikkje an til å nå måltalet. Likevel er venta behov for 2004 rekna til 388 mill. kroner, 170 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett.

Det er fleire årsaker til meirbehovet. Det er m.a. truleg at ein større del av utbetalt tilskot i 2004 gjeld barnehagar som vart etablerte i 2003.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 856 post 61 med 170 mill. kroner for 2004.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid

Sjå omtale under kap. 800 post 21, kap. 865 post 79 og kap. 867 post 1.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 79 EUs rammeprogram for forbrukartiltak, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer kostnadar ved deltaking i EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk. Fordi dei årlege bidraga varierer med svingingar i eurokurs, faktisk aktivitet under programmet og med endeleg EØS-budsjett, er det vanskeleg å fastsetje rett løyving for det enkelte budsjettåret.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 865 post 79 med 0,51 mill. kroner mot ei innsparing på 0,51 mill. kroner på kap. 865 post 21.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

Post 1 Driftsutgifter

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Mark­nadsrådet har behandla langt fleire og større saker enn tidlegare år.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 867 post 1 med inntil 0,25 mill. kroner mot tilsvarande innsparing på kap. 865 post 21.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

Løyvinga til fødselspengar vart auka med 275 mill. kroner til 8 931 mill. kroner i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Tal frå utgangen av tredje kvartal tyder på ein ytterlegare auke i utgiftene på 69 mill. kroner, hovudsakeleg fordi ca. 1 030 fleire barn under eitt år enn berekna er med i revidert budsjett.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 69,31 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Løyvinga til eingongsstønad er på 404,745 mill. kroner. Sidan det er færre barn med eingongsstønad enn venta i saldert budsjett, er utgiftsoverslaget nedjustert til 400 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2530 post 71 med 4,745 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av fødselspengar til arbeidstakarar, overslagsløyving

Utbetalingane av feriepengar var ved utgangen av tredje kvartal på om lag 250 mill. kroner, 4,6 mill. kroner meir enn løyvt i saldert budsjett. Etter erfaring er alle utbetalingar gjorde på det tidspunktet.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 4,634 mill. kroner.

Post 73 Adopsjonspengar, overslagsløyving

Rekneskapstal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at utgiftene til adopsjonspengar vert noko lågare enn løyvinga på 151,194 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 9,194 mill. kroner.

Komiteens merknader

Kap. 844 Kontantstøtte

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til de respektive partiers merknader i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 1 (2004-2005).

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Komiteen viser til brev av 24. november 2004 fra Barne- og familiedepartementet (vedlegg) vedrørende post 64 Tilskudd for enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere som tas til etterretning.

Kap. 856 Barnehager

Komiteen vil bemerke at tilleggsbevilgningene har sin begrunnelse i at en større del av utbetalte tilskudd i 2004 gjelder barnehager som ble etablert i 2003. Komiteen vil minne om at bevilgningene i saldert budsjett hadde et mål om å etablere 12 000 nye plasser. Komiteen mener det er grunn til å være bekymret over at det ikke ser ut til at dette målet nås.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til sine merknader og til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2004 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter:

800

Barne- og familiedepartementet (jf. kap. 3800)

1

Driftsutgifter, vert redusert med

200 000

frå kr 83 055 000 til kr 82 855 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

850 000

frå kr 3 186 000 til kr 4 036 000

840

Tilskot til krisetiltak

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

50 000

frå kr 3 753 000 til kr 3 703 000

841

Familievern og konfliktløysing

70

Utviklings - og opplysningsarbeid o.a. vert redusert med

1 400 000

frå kr 12 004 000 til kr 10 604 000

842

Statleg forvaltning av familievernet (jf. kap. 3842)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70, vert auka med

1 400 000

frå kr 141 031 000 til kr 142 431 000

844

Kontantstønad

70

Tilskot, overslagsløyving, kan nyttast under kap. 856, post 60, vert auka med

85 000 000

frå kr 3 045 195 000 til kr 3 130 195 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, vert auka med

54 000 000

frå kr 14 176 100 000 til kr 14 230 100 000

852

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, vert auka med

2 000 000

frå kr 15 928 000 til kr 17 928 000

854

Tiltak i barne - og ungdomsvernet (jf. kap. 3854)

64

Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving, vert auka med

94 600 000

frå kr 205 424 000 til kr 300 024 000

855

Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 3855)

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

32 300 000

frå kr 50 000 000 til kr 17 700 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med

6 000 000

frå kr 56 000 000 til kr 50 000 000

70

Tilskot til kjøp av plassar, tiltak o.a., kan nyttast under post 1, vert auka med

38 300 000

frå kr 1 108 000 000 til kr 1 146 300 000

856

Barnehagar (jf. kap. 3856)

61

Investeringstilskot, overslagsløyving, vert auka med

170 000 000

frå kr 218 000 000 til kr 388 000 000

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

21

Spesielle driftsutgifter, forskning, utviklings- og opplysningsarbeid, vert redusert med

1 360 000

frå kr 6 296 000 til kr 4 936 000

79

EUs rammeprogram for forbrukerpolitikk, kan overførast, vert auka med

510 000

frå kr 3 850 000 til kr 4 360 000

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsdsrådet (jf. kap. 3867)

1

Driftsutgifter, vert auka med

250 000

frå kr 4 545 000 til kr 4 795 000

2530

Fødselspengar og adopsjonspengar

70

Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving, vert auka med

69 310 000

frå kr 8 930 690 000 til kr 9 000 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert redusert med

4 745 000

frå kr 404 745 000 til kr 400 000 000

72

Feriepengar av fødselspengar til arbeidstakarar, overslagsløyving, vert auka med

4 634 000

frå kr 245 366 000 til kr 250 000 000

73

Adopsjonspengar, overslagsløyving, vert redusert med

9 194 000

frå kr 151 194 000 til kr 142 000 000

Inntekter:

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 854)

4

Refusjon av ODA-godkjente utgifter, vert redusert med

6 000 000

frå kr 20 720 000 til kr 14 720 000

3855

Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 855)

60

Kommunale eigedelar, vert redusert med

187 000 000

frå kr 677 000 000 til kr 490 000 000

Vedlegg: Brev fra Barne- og familiedepartementet v/statsråden til Stortingets presidentskap, datert 24. november 2004

Tilskudd for enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere

I salderingen av budsjettet for 2004 vedtok Stortinget at tilskudd for enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere skal utbetales fra og med måneden vedkommende bosettes i kommunen, og ikke per kalenderår (jf. B.innst. S. nr. 2 (2003-2004) Innstilling fra fami-lie-, kultur- og administrasjonskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2004 vedkommende Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Finansdepartementet, Kultur- og kirkedepartementet og Sosialdepartementet).

Departementets tildelingsbrev til Utlendingsdirektoratet (UDI) som forvalter av tilskuddsordningen for enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere, henviser til Stortingets budsjettvedtak fra 15. desember 2003, men uten å presisere endringen som følger av Stortingets vedtak. Konsekvensen av dette er at ovennevnte vedtak fra Stortinget ikke er blitt fulgt opp. Dette betyr at kommunene også i 2004 har fått utbetalt tilskudd per barn per år, og ikke fra måneden bosettingen fant sted. Barne- og familiedepartementet ser i ettertid at vedtaket burde vært tydeligere kommunisert til UDI.

I saldert budsjett 2004 ble det lagt til grunn at provenyet av å beregne tilskudd fra bosettingsmåned, ville utgjøre anslagsvis 13 mill. kroner. Regnskapstall fra UDI per 12.11.2004 viser at provenyet ved en slik beregning av tilskuddet i 2004 er på om lag 2,6 mill. kroner. Dette berører 49 kommuner. I tillegg kommer effekten for de kommuner som har inngått avtale med UDI om bosetting av enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere, men foreløpig ikke mottatt tilskuddet. Dette gjelder et fåtall kommuner. Følgelig vil den totale innsparingen være betydelig mindre enn lagt til grunn i behandlingen av budsjettet for 2004, og utgjør kun om lag 1 prosent av bevilgningen.

Departementet konstaterer at de berørte kommunene har fått utbetalt for høyt tilskudd, men at det ikke er grunnlag for å kreve beløpet tilbakebetalt.

Barne- og familiedepartementet har i nysalderingen bedt om en tilleggsbevilgning på 94,6 mill. kroner knyttet til kap. 854 post 64 Tilskudd for enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere. I tillegg til bosettingstilskuddet dekker posten refusjon av kommunenes barnevernutgifter knyttet til enslige mindreårige flyktninger og asylsøkere. Posten er en overslagsbevilgning og vil etter BFDs forslag i nysalderingen utgjøre totalt om lag 300 mill kroner. Departementet vil understreke at det er stor usikkerhet knyttet til det eksakte behovet på posten, da man i bevilgningsforslaget har lagt til grunn anslag per tredje kvartal når det gjelder refusjonskravene for barnevernsutgifter.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 25. november 2004

Sonja Irene Sjøli

leder

Eirin Faldet

ordfører