Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar av løyvingar i 2004 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 74 (2004-2005)
  • Kildedok: St.prp. nr. 28 (2004-2005) unntatt kap. 1062 og 4062
  • Dato: 06.12.2004
  • Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Kap. 1020 og kap. 4020 Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet reknar med at instituttet ved årsskiftet 2004/2005 vil ha kontraktsfesta, fakturerte, men ikkje innbetalte oppdragsinntekter på inntil 30 mill. kroner. Havforskingsinstituttet følgjer kontantprinsippet for alle utbetalingar, og tilhøyrande utgifter vil såleis vere posterte i 2004.

Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter med 30 mill. kroner i 2004.

Forslag om tilsvarande auke av inntektssida i 2005 på kap. 4020 post 3 Oppdragsinntekter er fremma i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (2004-2005) Om omdanning av Kystverkets produksjonsvirksomhet til statlig aksjeselskap m.m.

Kap. 1021 Drift av forskingsfartøya

Prosjektering og bygging av forskingsfartøyet "G.O. Sars" i perioden 1999-2003 hadde ei samla utgiftsramme på 405 mill. kroner. Mindreforbruk på 2,116 mill. kroner i 1999 vart ikkje søkt overført til 2000. Den samla løyvinga til prosjektet vart såleis redusert til 402,884 mill. kroner.

Forskingsfartøyet skulle i etter kontrakten overleverast 1.februar 2003, men leveringa vart nesten tre månader forseinka. På grunn av usemje mellom staten ved Havforskingsinstituttet (HI) og Flekkefjord Slipp & Maskinfabrikk (FSM), der betaling av dagbøter for forseinka levering var eitt av punkta det var usemje om, vart det gjennomført ei voldgiftssak. Voldgiftsdom vart avsagt den 24.april 2004, med det resultat at FSM tapte på alle punkt og vart dømt til å betale om lag 7,1 mill. kroner i dagbøter og påløpte renter. Midlane er innbetalte til staten, og vil ut frå vanlege prosedyrar bli posterte på kap. 5309 post 29 Ymse inntekter.

Forseinkingane ved leveringa påførte Havforskingsinstituttet netto meirkostnader på om lag 2,3 mill. kroner. Det er rimeleg at instituttet får kompensasjon for desse meirkostnadene, slik at forseinkinga ikkje går ut over vedlikeholdsløyvinga til dei andre fartøya.

Departementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga på post 1 Driftsutgifter med 2,3 mill. kroner i 2004.

Kap. 1023 og kap. 4023 Fiskeri-, havbruks- og transportretta FoU

Løyvingane knytte til NIFES si oppdragsverksemd er budsjetteknisk handsama gjennom å bruttoføre utgifter og inntekter på kap. 1023 post 21 og kap. 4023 post 1. For å sikre fleksibilitet med omsyn til bruk av forskarar på oppdragsprosjekt, er det ofte nødvendig å bruke forskarar som er lønna over kap. 1023 post 1 i dei eksterne forskingsoppdraga.

På grunn av langt høgare oppdragsverksemd i 2004 enn berekna og av di løyvingane knytte til oppdragsverksemda ikkje har vore oppjusterte i takt med aktiviteten, er det no berekna å bli meirutgifter og meirinntekter på 30 mill. kroner i 2004.

Ut frå omsynet til realistisk budsjettering gjer departementet framlegg om at løyvingane på kap. 1023 post 21 og kap. 4023 post 1 vert å auke med 30 mill. kroner, og at stikkordet "kan nyttast under" gjeld kap. 1023 post 1 og post 21 gjensidig.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, sluttar seg til proposisjonen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

1020

Havforskingsinstituttet (jf. kap. 4020)

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

30 000 000

frå kr 130 500 000 til kr 160 500 000

1021

Drift av forskingsfartøya (jf. kap. 4021)

1

Driftsutgifter, vert auka med

2 300 000

frå kr 97 027 000 til kr 99 327 000

1023

Fiskeri-, havbruks- og transportretta FoU (jf. kap. 4023)

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

30 000 000

frå kr 8 800 000 til kr 38 800 000

4023

Fiskeri-, havbruks- og transportretta FoU (jf. kap. 1023)

1

Inntekter NIFES, vert auka med

30 000 000

frå kr 8 800 000 til kr 38 800 000

II

Stortinget samtykkjer i at stikkordet "kan nyttast under post 21" tilføyast kap. 1023 post 1 og "kan nyttast under post 1" tilføyast kap. 1023 post 21.

Oslo, i kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen, den 6. desember 2004

Rolf Reikvam

leiar og ordførar