Innstilling frå samferdselskomiteen om utbygging og finansiering av Rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy–Hundvåkøy) i Hordaland

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

I proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av vegsambandet Huftarøy–Hundvåkøy (Austevollsbrua) i Hordaland. Austevoll kommune har om lag 4 400 innbyggjarar. Kommunen er samansett av mange store og små øyar. Prosjektet vil gi dei 750 innbyggjarane på Hundvåkøy og Store Kalsøy fast vegsamband med resten av kommunen. Ved å realisere prosjektet vil 97 pst. av innbyggjarane i kommunen vere knytt saman med fast vegsamband. Prosjektet vil ha stor verdi for fiske- og havbruksnæringa i kommunen som har behov for rask og effektiv transport.

Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte i løpet av første halvår 2005, med fullføring tidleg i 2008.

Finansieringa av Austevollsbrua er basert på alternativ bruk av ferjetilskot, bompengar, lokale tilskot og ordinære statlege midlar. Alternativ bruk av ferjetilskot og bompengar utgjer ein stor del av finansieringa.

Prinsippa som er trekt opp for alternativ bruk av innspara ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er lagt til grunn, jf. Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002), St.prp. nr. 67 (2002-2003) og St.prp. nr. 69 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 261 (2003-2004).

Omtale av utbygginga

Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,8 km ny veg mellom Huftarøy og Hundvåkøy. To bruer på respektive 470 m og 420 m samt ei kort bru på 40 m inngår i prosjektet. Vidare inngår bygging av veg på to steinfyllingar i sjøen med ei lengde på til saman 220 m. Prosjektet vil forlenge Rv 546 frå Huftarøy fram til eksisterande fylkesveg på Hundvåkøy. Planlagt vegbreidde er 6,5 m. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelveg/sykkelbane. Austevollsbrua vil føre til at ferjesambandet Krokeide–Hufthamar–Austevollshella blir redusert til eit pendelsamband mellom Krokeide i Bergen kommune og Hufthamar i Austevoll kommune.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 60 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 246 (1999-2000), gav Stortinget løyve til å krevje inn 8 mill. kroner i bompengar på ferjene til Austevoll for å finansiere eit delprosjekt på det planlagde vegsambandet mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Innkrevjinga av bompengar starta i 2001 og blei avslutta i 2003.

For å få veg til eit nytt bustadfelt har Austevoll ­kommune teke initiativ til å starte bygging av ein om lag 1 km lang delparsell av Rv 546 på Huftarøy. Kostnadene på om lag 8 mill. kroner inngår i kostnadsoverslaget for Austevollsbrua og kostnadene blir dekt med midlar frå det kommunale tilskotet.

Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for Austevollsbrua er med 8 pst. kalkulasjonsrente rekna til -150 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til -0,4 og internrenta er rekna til 4 pst.

Bakgrunn for bompengesøknaden og lokalpolitisk handsaming går fram av kapittel 3 i proposisjonen.

Finansieringsplan

Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

  • – Innspara ferjetilskot

  • – Bompengar

  • – Lokale tilskot

  • – Ordinære statlege midlar

Samla kostnadsoverslag for Austevollsbrua er 316 mill. 2004-kroner. Uvissa i overslaget er vurdert til å liggje innafor +/- 10 pst. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn, er netto kapitalkostnader knytt til forskotteringa rekna til om lag 114 mill. 2004-kroner. Samla gir dette eit finansieringsbehov på om lag 430 mill. 2004-kroner. Det er lagt til grunn ein finansieringsplan som vist.

Mill. 2004-kroner

Forskottering – innspara tilskot til drift av ferjesambandet1

75

Forskottering – innspara tilskot til kapitalkostnader for ei ferje

67

Bompengar2

190

Tilskot frå Austevoll Kraftlag og Austevoll kommune

77

Ordinære statlege midlar

21

Sum

430

1 Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet.

2 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Det er lagt til grunn at innspara statlege ferjetilskot som følgje av at dagens trekantsamband Krokeide–Hufthamar–Austevollshella blir erstatta av eit pendelsamband mellom Krokeide og Hufthamar, skal nyttast til å delfinansiere Austevollsbrua. Det nye ferjeopplegget gjer det mogleg å redusere talet på ferjer i sambandet frå dagens to til ei ferje, noko som vil gi innsparingar i både drifts- og kapitalkostnader.

I ferjesambandet Krokeide–Hufthamar vil det nye ferjeopplegget med ein frekvensreduksjon frå 16 til 11 rundturar pr. døgn, innebere ei måloppnåing på 44 pst. i høve til den nye standarden for ferjedrifta, jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Det er rekna med at dei andre standardmåla vil bli nådde. Mellom anna er det lagt opp til at opningstida blir på 17 timar som i dag.

Departementet føreset at det reduserte ferjetilbodet må liggje til grunn i heile perioden med utbetaling av ferjetilskot. Først når utbetalingane er avslutta, kan ferjetilbodet takast opp til ny vurdering.

Det er rekna med at staten får ei netto årleg innsparing i tilskot til drift av ferjesamband på 5,0 mill. kroner. Tilskotet er føresett utbetalt årleg i ein periode på 15 år etter at Austevollsbrua er fullført. Tilskotet skal ikkje justerast for prisauke ut over justering fram til forskotteringa skjer. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara driftstilskot på 75 mill. 2004-kroner.

I samsvar med St.prp. nr. 69 (2003-2004) vil Samferdselsdepartementet leggje opp til ei ny vurdering av storleiken av det innspara ferjetilskotet basert på tilskotsregnskapen for sambandet Krokeide–Hufthamar med det nye driftsopplegget etter to til tre års drift. Samferdselsdepartementet vil orientere Stortinget før ei eventuell justering blir gjort, jf. Innst. S. nr. 261 (2003-2004).

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 67 (2002-2003) slutta Stortinget seg til at gjennomsnittlege kapitalkostnader for heile ferjeflåten skal leggjast til grunn ved fastsetting av den årlege innsparinga i kapitalkostnader. Dette vil gi eit samla finansieringsbidrag til prosjektet frå innspara kapitalkostnader på 67 mill. 2004-kroner.

Samferdselsdepartementet er samd i Vegdirektoratet sitt forslag om at dei årlege utbetalingane av ferjetilskot skal stanse før det er gått 15 år dersom bompengeinntektene blir større enn føresett.

Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing i ferjesambanda Krokeide–Hufthamar–Austevollshella og Husavik–Sandvikvåg i tre år. Etter Vegdirektoratet sin gjennomgang av føresetnadene for bompengeinnkrevjinga er det lagt til grunn 13 års etterskotsinnkrevjing i sambanda Krokeide–Hufthamar og Husavik–Sandvikvåg. Totalt blir bompengeperioden 16 år. Det er såleis ikkje lagt opp til innkrevjing i det nye vegsambandet sjølv om det er denne trafikken som får direkte nytte av prosjektet. Framlegget til bompengeopplegg i dei to ferjesambanda føreset at også trafikantar som ikkje får direkte nytte av Austevollsbrua, må betale bompengar.

Bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på om lag 190 mill. 2004-kroner.

Austevoll kraftlag og Austevoll kommune har sagt seg villige til å gå inn med tilskot på til saman 77,4 mill. 2004-kroner. Kraftlaget vil gå inn med eit tilskot på 56,2 mill. kroner medan kommunen vil gå inn med eit tilskot på 21,2 mill. kroner.

Ved handsaminga av handlingsprogrammet for perio­den 2002–2011 gjekk fylkeskommunen inn for å setje av 20 mill. 2002-kroner til Austevollsbrua i 2011. Dette er lagt til grunn i finansieringsplanen.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, er kjend med at Austevollsbrua er eit prosjekt som det har vore arbeidd med i mange år for å få realisert.

Komiteen har merka seg at på grunn av at det tidlegare ikkje har lege føre tilstrekkeleg prioritering av statlege midlar til prosjektet frå fylkeskommunen si side, har ikkje prosjektet vore fremja tidlegare.

Komiteen har vidare merka seg at ved realisering av Austevollsbrua vil 97 pst. av innbyggarane i Austevoll vere knytt saman med fast vegsamband. Dette vil vere ein fordel for det offentlege tenestetilbodet i kommunen, vil leggje til rette for større bu- og arbeids­marknadsområde og vil ha stor verdi for næringslivet i kommunen.

Komiteen konstaterer at bompengeselskapet og lokale styresmakter no har arbeidd fram ei finansie­ringsløysing med svært små ordinære statlege løyvingar. Dette gjer det mogeleg å realisere dette prosjektet raskare enn det som hadde vore mogeleg innanfor ordinære statlege riksvegrammer. I finansieringa av prosjektet ligg inne både innspara ferjetilskot, bompengar og lokale tilskot i tillegg til ordinære statlege midlar. Komiteen konstaterer òg at alle nødvendige kommunale og fylkeskommunale vedtak er på plass.

Komiteen har merka seg at Regjeringa i dette prosjektet meiner at ein etter to til tre års drift, bør vurdere ei justering av storleiken av det innspara ferjetilskotet basert på tilskotsrekneskapen for sambandet Krokeide–Hufthamar med det nye driftsopplegget. Komiteen sluttar seg til dette og føreset at Regjeringa orienterer Stortinget på eigna måte før ei slik eventuell justering blir gjort. Dette vil òg vere i samsvar med Innst. S. nr. 261 (2003-2004).

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er kjend med at innkrevjingsopplegget fører til at trafikantar som ikkje direkte får nytte av det nye sambandet må betale bompengar. Men sidan Stortinget aksepterte det tilsvarande inn­krevingsopplegget i Innst. S. nr. 246(1999-2000) om frakt og utlegging av stein i fyllingane mellom Hundvåkøy og Huftarøy, har ikkje fleirtalet merknader til innkrevjingsopplegget i denne saka. Det er dessutan stor lokalpolitisk tilslutnad til å delfinansiere prosjektet med bompengar. Bompengeinnkrevinga skal elles gå føre seg i ferjesambanda og gir difor låge innkrevjingskostnader.

Fleirtalet vil på denne bakgrunnen slutte seg til Regjeringa sitt forslag for utbygging og finansiering av Austevollsbrua.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det for dette prosjektet er en betydelig del med lokal egenfinansiering gjennom tilskudd fra kommunen og kraftlaget på til sammen 77 mill. kroner. Austevoll kommune aksepterer også å gå fra 2 til 1 ferje for å kunne nytte innsparte ferjesubsidier. Disse medlemmer mener at lokalsamfunnets bidrag er stort og delen med bompenger skal være et statlig ansvar for å ta større del i finansieringa av riksvegsambandet.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

  • "1. Bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån på inntil 190 mill. kroner til å forskuttere bygging av Rv 546 Austevollsbrua.

  • 2. Finansdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet om tilbakebetaling av beløpet gjennom optisk registrering av passeringer av kjøretøy etter at prosjektet er ferdigstilt."

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet:

  • 1. Bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån på inntil 190 mill. kroner til å forskuttere bygging av Rv 546 Austevollsbrua.

  • 2. Finansdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet om tilbakebetaling av beløpet gjennom optisk registrering av passeringer av kjøretøy etter at prosjektet er ferdigstilt.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremmja av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at:

  • 1. Bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån til å forskottere bygginga av Rv 546 Austevollsbrua og til å krevje inn bompenger til delvis bompengefinansiering av utbygginga etter vilkåra i St.prp. nr. 30 (2004-2005) og Innst. S. nr. 88 (2004-2005).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga. Avtalen må vere underskriven før innkrevjinga startar.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 13. desember 2004

Petter Løvik

leiar

Jorunn Ringstad

ordførar