Vedlegg 4: Brev fra samferdselsdepartementet v/statsråden til samferdselskomiteen, datert 23. februar 2005

Tunnelane på E134 over Haukeli

Eg syner til brev frå Samferdselskomiteen datert 15. februar 2005. I samband med Dokument nr. 8:32 (2004-2005) Forslag fra stortingsrepresentantene Kenneth Svendsen, Øyvind Vaksdal, Arne Sortevik, Lodve Solholm, Sigvald Oppebøen Hansen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Magnhild Meltveit Kleppa om straks å innføre avbøtende tiltak for at vogntog med høyde over 4 meter kan passere Haukelitunnelane, spør samferdselskomiteen om dei vurderingane som er gjort for Haukelitunnelane har bakgrunn i særlege forhold knytt til desse tunnelane, eller om dei også gjeld for tunnelar i liknande situasjon.

Årsaka til at Statens vegvesen tok opp problema knytt til tunnelane på Haukeli var at dei som har det daglege ansvaret for tunnelane, observerte skader i tunnelane som er påført av høge køyretøy. I tillegg vart dei kontakta av trafikantar som hadde vore ute for nestenulykker ved møte med tunge køyretøy. Dette har og tilsette i Statens vegvesen opplevd.

For å hindre alvorlege ulykker vart problemet teke opp av Statens vegvesen Region sør og Region vest. For å få ein betre oversikt over storleiken på problemet, vart det først gjennomført høgdemålingar i mars og september 2004. Dei som då køyrde med for høge køyretøy vart ikkje melde til politiet. Statens vegvesen har ikkje sjølv sanksjonsmynde i slike saker. Etter at det var halde møte med Norges Lastebileier-Forbund, og Tyssedalstunnelen på riksveg 13 var utvida til 4,2 meter fri høgde slik at denne kunne brukast som del av omkøyringsvegen, vart det gjort kjent at det ville bli nye kontrollar og at dei som då køyrde ulovleg, ville bli melde til politiet. Statens vegvesen hadde håpa at den aktuelle delen av lastebilnæringa då ville forstå at ein ikkje kunne køyre i strid med forbodsskilt. I ein kontroll som vart halden 1. og 2. desember 2004 vart like fullt ti tilfelle av ulovleg køyring melde til politiet.

På bakgrunn av det som vart hevda under høyringa i Stortinget 2. februar 2005, vart det 17. februar arrangert eit møte på Haukelifjell mellom representantar frå Haukelivegen AS, Norges Lastebileier-Forbund og Statens vegvesen. Samstundes vart det gjennomført målingar av nokre av dei kritiske punkta i Haukelitunnelen. Etter dette møtet oppfattar eg det slik at striden kring kva som er dei faktiske høgdene er lagt til side, og at det er forståing for at skiltinga for største tillatte høgde er korrekt. Statens vegvesen konsentrerer seg no om å utvide tunnelane til tillatt fri høgde 4,1 meter. Tilbodsdokument vil bli sendt ut 15. april og arbeidet vil bli utført i god tid før jul.

Det er fare for at det er ulovleg køyring med for høge køyretøy og på andre vegar enn E134 over Haukeli. Regelverket for køyring med høge køyretøy er sjølvsagt det same for heile landet, og det må praktiserast likt. På bakgrunn av røynslene frå Haukelivegen, vil Statens vegvesen skaffe seg oversikt over forholda andre stader. Det er førebels ikkje tatt standpunkt til korleis ein på enklast måte skal skaffe seg denne oversikta. Saka vil bli teken opp med Norges Lastebileier-Forbund og større transportfirma. Saka er førebels drøfta med regionvegsjefane som er bedne om å undersøkje forholda og vurdere utvidingar der dette kan gjerast utan for store investeringar. I denne samanhengen kan det bli aktuelt med målingar av høge køyretøy. Klare brot på regelverket vil etter ei konkret vurdering og etter samråd med Vegdirektoratet bli melde til politiet.