Innstilling fra samferdselskomiteen om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Bakgrunn

Luftfartstilsynet er eit forvaltingsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Luftfartstilsynet skal gjennom utvikling av regelverk og tilsyn medverke til at sivil luftfart i Noreg blir utøvd på ein sikker og effektiv måte.

I St.meld. nr. 17 (2002-2003) Om statlige tilsyn gjekk Regjeringa gjennom organiseringa av dei statlege tilsyna. Ut frå eit ønske om å vidareutvikle luftfartsmiljøet i Bodø og styrke byen som regionsenter, gjekk Regjeringa inn for at Luftfartstilsynet skulle flyttast til Bodø. Regjeringa la opp til ein flytteperiode på rundt tre år for alle tilsyna. Stortinget slutta seg til dette, jf. Innst. S. nr. 222 (2002-2003).

Det vart lagt til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet ikkje skulle gå ut over flytryggleiken. Likeeins vart det lagt til grunn at Luftfartstilsynet skulle halde på dei godkjenningane som tidlegare var gitt frå internasjonale luftfartsstyresmakter. For å få dette til ville Regjeringa gå inn med omfattande personalpolitiske verkemiddel. Effekten av verkemidla skulle heile tida vurderast, og ytterlegare tiltak ville bli sette i verk viss det skulle vise seg nødvendig.

Samferdselsdepartementet har eit overordna ansvar for at flyttinga av Luftfartstilsynet blir sett i verk i samsvar med vedtaket i Stortinget. Den praktiske gjennomføringa av flyttinga høyrer til under ansvarsområdet for leiinga i Luftfartstilsynet. Luftfartstilsynet har med jamne mellomrom, både i møte og brev, rapportert til Samferdselsdepartementet om status i flytteprosessen. Relevant korrespondanse mellom Luftfartstilsynet og Samferdselsdepartementet som handlar om flyttinga, er lagd ved meldinga som trykte vedlegg.

Om flytteprosessen

Stillingane i Luftfartstilsynet kan delast inn i flyfaglege og ikkje-flyfaglege stillingar. For å bli tilsett i ei flyfagleg stilling, blir det stilt krav om relevant yrkes­erfaring innan luftfart. Tilrådingar om kva krav som skal stillast, er gitt i internasjonalt regelverk. 65 stillingar i tilsynet er omfatta av desse tilrådingane.

Etter flyttevedtaket var det få av dei tilsette i Luft­fartstilsynet som varsla at dei ønskte å flytte til Bodø. Luftfartstilsynet tok derfor sikte på å rekruttere og lære opp nytt personell i Bodø, samtidig som ein søkte å halde oppe Oslo-organisasjonen i flytteperioden. Luftfartstilsynet har vurdert det som mest krevjande å rekruttere flyfagleg personell til Bodø, og fann det tidlegare formålstenleg å rekruttere og lære opp hovuddelen av det flyfaglege personellet i Bodø først. Luftfartstilsynet la til grunn at ein skulle stille dei same krava til det flyfaglege personellet i Bodø som ein hadde stilt ved tidlegare rekruttering til Oslo. Etter to rekrutteringsrundar var det ved årsskiftet 2004-2005 tilsett rundt 20 flyfaglege medarbeidarar i Bodø.

Etter flyttevedtaket og fram til april 2005 har om lag 40 medarbeidarar i Oslo sagt opp eller slutta. Det har særleg vore utfordrande å halde oppe aktiviteten innan områda luftdugleik, tilsyn med helikopterverksemda i Nordsjøen og risikobasert tilsyn. I denne situasjonen har Luftfartstilsynet prioritert å halde oppe tilsynsaktiviteten. På oppdrag av Samferdselsdepartementet gjennomførte SINTEF ei evaluering av den første rekrutteringsrunden. Rapporten frå SINTEF følgjer meldinga som utrykt vedlegg. Ifølgje SINTEF gjorde ikkje Luftfartstilsynet nokre formelle feil i første rekrutteringsrunde.

Samferdselsdepartementet gav i oktober 2004 Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane i oppdrag å undersøkje konsekvensane for flytryggleiken av dei omstillingane norsk luftfart for tida er inne i. Kommisjonen konkluderer i ein førebels rapport med at Luftfartstilsynet ikkje har fungert tilfredsstillande på alle område, og tilrår at Samferdselsdepartementet og Luftfartstilsynet utarbeider ein handlingsplan for å styrkje dei mest utsette områda.

Oppfølging

Regjeringa legg til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø skal gjennomførast i tråd med Stortingets vedtak. Regjeringa legg vidare til grunn at Luftfartstilsynet heile tida skal fungere tilfredsstillande, slik at arbeidet med å betre flytryggleiken i Noreg kan halde fram. Det har vist seg utfordrande å gjennomføre flyttinga. Regjeringa meiner at det er grunn til å tru at uroa rundt denne saka har medverka til at det har vore vanskeleg å rekruttere personell til Bodø.

Etter at den tidlegare leiaren for Luftfartstilsynet trekte seg frå stillinga 1. februar 2005, vart det tilsett ny luftfartsdirektør for ein mellombels periode.

Den nye luftfartsdirektøren har etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet lagt fram ein plan for korleis flyttinga til Bodø i all hovudsak kan gjennomførast i tråd med vedtaket i Stortinget. Planen er også ein handlingsplan for korleis Luftfartstilsynet skal skaffe og ta i bruk den kompetansen som tilsynet manglar.

Luftfartstilsynet tek no sikte på ei raskast mogleg rekruttering av alle typar personell til Bodø. Luftfartstilsynet legg til grunn at dette vil skape ein eigendynamikk som vil medverke til å lette rekrutteringa til Bodø. I tråd med dette er fleire stillingar allereie lyste ut, og Luftfartstilsynet tek sikte på å ha 70-90 tilsette i Bodø i løpet av hausten 2005.

Luftfartstilsynet har vidare vurdert kompetansekrava til dei flyfagleg tilsette på nytt. Luftfartstilsynet ønskjer å stille same krav til utdanning og erfaring som andre europeiske luftfartstilsyn. Dette opnar blant anna for søkjarar med militær bakgrunn. Opplæringa vil bli justert tilsvarande, slik at ein til ei kvar tid er sikra at ferdig utdanna medarbeidarar er fullt ut kvalifiserte til dei oppgåvene dei skal utføre. Ut over dette vil Luftfartstilsynet auke bruken av direkte søk etter aktuelle kandidatar, og opne for høgare lønn for stillingar eller stillingskategoriar som det vil vere særleg utfordrande å få fylt opp i Bodø. Tilsynet vil dessutan på ein betre og meir synleg måte profilere det nye Luftfartstilsynet i Bodø.

Ifølgje Luftfartstilsynet har ein tilsett, eller er i ferd med å tilsetje, personar som har den kompetansen tilsynet enno manglar. Luftfartstilsynet vil vidare sjå nærare på tiltak som kan gjere det meir attraktivt å flytte til Bodø for dagens medarbeidarar i Oslo. Aktuelle verkemiddel her vil vere lønnstillegg/bonus, tilbod om pendling, subsidiert husleige og reisestøtte for familien, alt i ein avgrensa periode etter flyttinga. Luftfartstilsynet vurderer også å gå inn for å auke flyttetillegget. Dette er tiltak som mange av dagens tilsette i Oslo vil kunne få tilbod om. For å halde på enkelte tilsette med særleg viktig kompetanse, kan det etter ei individuell vurdering bli aktuelt å gå inn med alternative verkemiddel, så som tilbod om fleksibel arbeidsstad og utvida pendling til Bodø. Eit slikt tilbod vil berre bli gitt til eit mindretal av dagens tilsette.

Luftfartstilsynet er no i ferd med å tilsetje tre helikopterinspektørar. Stillingane var lyste ut med opning for at Oslo kunne vere varig arbeidsstad. Luftfartstilsynet vil vurdere å gi desse personane tilbod om fleksibel arbeidsstad og utvida pendling til Bodø.

Flytteprosessen har heile tida vore bygd på at det skal vere dobbel bemanning i ein overgangsperiode til dei nye medarbeidarane i Bodø er lærte opp, slik at ein sikrar overføring av kompetansen i Luftfartstilsynet. For særleg viktige stillingar kan det bli aktuelt med ei dobbel bemanning ut over den opphavelege flyttedatoen 1. januar 2007.

Samferdselsdepartementets vurdering

Etter Samferdselsdepartementets vurdering har Luftfartstilsynet presentert eit godt opplegg for den vidare flytteprosessen som bør medverke til at flyttinga kan gjennomførast i tråd med Stortingets vedtak. Departementet legg også til grunn at handlingsplanen vil medverke til at Luftfartstilsynet skaffar seg den kompetansen tilsynet tidlegare har mangla.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Regjeringa har tidlegare lagt til grunn at flyttinga av Luftfartstilsynet kan gjennomførast innafor ei ramme på 116 mill. 2003-kroner for åra 2004-2006. Forslaga i denne meldinga kan føre til at flyttekostnadene aukar med 20-30 mill. kroner. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til dette i dei årlege budsjettproposisjonane.

Dei ordinære driftskostnadene i Luftfartstilsynet utgjer rundt 130 mill. kroner, og blir dels dekte gjennom løyvingar over statsbudsjettet og dels gjennom gebyr på tilsynets tenester. Det har vore eit mål at Luftfartstilsynet skal bli fullt ut brukarfinansiert, jf. St.prp. nr. 66 (1998-1999).

I St.meld. nr. 17 (2002-2003) vart det rekna med at tilsyna ville få lågare driftskostnader når dei vart flytte ut av Oslo. Isolert sett kan forslaga i denne meldinga medverke til å auke dei årlege driftskostnadene med 10-20 mill. kroner. Det må understrekast at dette talet er svært usikkert. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til dette i dei årlege budsjettproposisjonane.

Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, fra Høyre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og lederen Petter Løvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til at ved behandlinga av Innst. S. nr. 222 (2002-2003) sluttet Stortinget seg til Regjeringens forslag om å flytte Luftfartstilsynet til Bodø. Flyttingen skulle gjennomføres i en periode på om lag tre år.

Flertallet har merket seg at flytteprosessen har vært krevende. Under Luftfartstilsynets opprinnelige flyttestrategi var det få som ønsket å flytte med tilsynet til Bodø. Rekruttering av nye medarbeidere har heller ikke vært lett. Flertallet har videre merket seg at Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane i en rapport slo fast at Luftfartstilsynet ikke fungerte tilfredsstillende på alle områder. Flertallet viser til at kommisjonen ba Samferdselsdepartementet og Luftfartstilsynet utarbeide en handlingsplan for å styrke de områdene som ikke fungerte tilfredsstillende.

Flertallet er tilfreds med at Regjeringen står fast på vedtaket om flytting av Luftfartstilsynet til Bodø.

Flertallet vil vise til at flytransport er en meget sikker transportform. Flertallet vil peke på at Luftfartstilsynet hele tiden skal fungere tilfredsstillende, slik at tilsynet sammen med flyselskapene og Avinor AS fortsatt kan sørge for flysikkerhet på internasjonalt toppnivå.

Flertallet har merket seg at den nåværende ledelsen i Luftfartstilsynet har fulgt opp med en handlingsplan for å forsere framdriften i flytteprosessen. Det har ført til en ny giv i arbeidet med lokalisering til Bodø.

Flertallet har videre merket seg at gjennom en rekke personellrettede tiltak basert på økonomiske incitamenter, opplæring og rekruttering av personell med utradisjonell fagbakgrunn, mener Luftfartstilsynet å kunne ha 70-90 tilsatte på plass i løpet av høsten 2005. Fortsatt stilles samme krav til utdanning og erfaring som i andre europeiske luftfartstilsyn.

Flertallet har merket seg at det for noen stillinger skal være dobbel bemanning i en overgangsfase inntil nye medarbeidere i Bodø har fått tilfredsstillende opplæring og erfaring.

Flertallet ber om at Stortinget holdes informert om framdriften i bemanning og flytteprosess, og om hvorvidt flysikkerheten påvirkes av dette.

Flertallet har merket seg at flyttekostnadene, opprinnelig anslått til 116 mill. kroner, vil øke med rundt 20-30 mill. kroner. Flertallet har videre merket seg at de årlige driftskostnadene grovt regnet vil øke med 10-20 mill. kroner etter forslagene i meldingen.

Flertallet er innforstått med at flyttekostnader og driftskostnader for Luftfartstilsynet i Bodø vil overstige de beløp som tidligere er lagt til grunn. Ved de årlige budsjettbehandlingene vil Stortinget på vanlig måte fatte de nødvendige vedtak når det gjelder oppfølgingen også av flytte- og driftskostnadene for Luft­fartstilsynet.

Flertallet forutsetter at flysikkerheten er styrende for tempoplan og flytteprosessens praktiske innretning. Det er viktig at Luftfartstilsynet lykkes i å ansette nøkkelpersonell innen de flytekniske stillingskategorier.

Flertallet er tilfreds med den tette oppfølging Samferdselsdepartementet har med Luftfartstilsynets handlingsplan. Det er viktig at Luftfartstilsynet opprettholder den kompetanse som er en forutsetning for de internasjonale godkjennelsesregler som gjelder for luftfartstilsyn.

Flertallet tar til etterretning at det ansettes tre helikopterinspektører der arbeidssted kan tilpasses den enkelte. Fleksibilitet er nødvendig for en best mulig flytteprosess.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, viser til sine merknader i forbindelse med vedtaket om flytting av Luftfartstilsynet fra Oslo til Bodø, jf. Innst. S. nr. 222 (2002-2003) hvor disse medlemmer gikk imot flytting til Bodø.

Disse medlemmer minner om sin her uttrykte skepsis mot flyttingen til Bodø, og så klart de problemer som ville kunne oppstå først i flytteprosessen og senere under den fremtidige drift.

Disse medlemmer understreket også at Luft­fartstilsynet var den etat som var aller minst egnet til flytting på grunn av de høye krav de internasjonale organer og lovgivning setter til den ekspertise og fagmiljø som trenges for å opprettholde nødvendig sikkerhet i luften.

Disse medlemmer minner også om at i vedtaket om flytting til Bodø var det forutsatt at flysikkerheten skulle bli ivaretatt og fremstå usvekket på en faglig nødvendig og forsvarlig måte.

Disse medlemmer legger også vekt på at rekrutteringen av fagpersonell med den nødvendige spissekspertise hittil har vært en særdeles vanskelig og tidkrevende oppgave. Mye tyder på at Bodø også i fremtiden vil slite med å holde på en stabil arbeidsstokk.

Disse medlemmer vil også peke på at den økonomiske ramme for selve flyttingen er overskredet og øker med 20-30 mill. kroner i forhold til den opprinnelige forutsetning, noe som er et forsiktig anslag. Disse medlemmer minner i denne sammenheng også om at de årlige driftsutgifter ble anslått lavere i Bodø enn i Oslo. Hittil har dette ikke medført riktighet.

Disse medlemmer er overrasket over nødvendigheten av de mange incitamenter og økonomiske kompensasjoner som er og vil bli satt i verk i Bodø for å kunne få gjennomført flyttingen. Disse mange tiltak bare bygger opp under den kjensgjerning at flyttevedtaket var basert på forutsetninger som ikke kunne la seg realisere. Alt tyder på, slik disse medlemmer oppfatter saken, at lokalisering i Bodø vil medføre en vesentlig større økonomisk belastning enn om Luft­fartstilsynet hadde forblitt lokalisert i Oslo.

Disse medlemmer minner om den foreløpige rapport fra 6. januar 2005 fra Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane, hvor de konkluderer med at Luftfartstilsynet ikke har fungert tilfredsstillende på alle områder og nødvendigheten av at det blir utarbeidet en handlingsplan for å styrke de mest utsatte områdene. Havarikommisjonen viser spesielt til situasjonen innenfor områdene luftkompetanse, tilsyn med helikoptervirksomheten i Nordsjøen og risikobasert tilsyn.

Disse medlemmer registrerer at kommisjonen anbefaler at Samferdselsdepartementet snarest utarbeider en handlingsplan i samarbeid med Luftfartstilsynet for spesielt å styrke de påpekte områder.

Disse medlemmer mener at mange grunnleggende forutsetninger for flyttingen til Bodø så langt ikke er blitt oppfylt og at samferdselsministeren derfor bringer flyttesaken tilbake til Stortinget for ny politisk behandling. Disse medlemmer legger til grunn at alle kostnader i forbindelse med en reversering av forslaget legges frem for Stortinget.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen stoppe flytteprosessen av Luftfartstilsynet til Bodø, og snarest bringe spørsmålet om flytting av Luftfartstilsynet tilbake til Stortinget for ny behandling."

Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Stortinget ber Regjeringen stoppe flytteprosessen av Luftfartstilsynet til Bodø, og snarest bringe spørsmålet om flytting av Luftfartstilsynet tilbake til Stortinget for ny behandling.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 32 (2004-2005) - om flytting av Luft­fartstilsynet til Bodø - vedlegges protokollen.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 2. juni 2005

Petter Løvik

leder

Hans Gjeisar Kjæstad

ordfører