1. Sammendrag

1.1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1.1 Innleiing

St.meld. nr. 22 (2004-2005) vil søkje å gje eit heilskapleg perspektiv på forholdet mellom kultur, næring og samfunnsbygging. Regjeringa ynskjer å synleggjere kva for funksjonar kunst og kultur har innanfor ein slik heilskap og leggje til rette for at kultursektoren kan spele ei større rolle i ei nyskapande og berekraftig samfunnsutvikling. I ein global marknadssituasjon er det viktig at den verdiskapinga som skjer innanfor kultursektoren kjem tydelegare fram, og at kultursektoren får ein større plass innanfor eit framtidsretta innovasjonssystem.

Overordna økonomiske og samfunnsmessige endringar har ført til aukande etterspurnad etter kultur og opplevingar. I ein global konkurransesituasjon driven fram av ny informasjonsteknologi spelar den meirverdien kreative og meiningsproduserande element kan tilføre både nye og meir tradisjonelle produkt og tenester ei stadig større rolle. Gjennom denne utviklinga vert det skapt nye vekstvilkår for kultursektoren, samstundes som kultur kan vere ei drivkraft i den økonomiske utviklinga.

Meldinga byggjer på tre hovudsynspunkt. For det første omfattar kulturlivet i stor grad eigne verdiskapande næringar med relativt stor innverknad på norsk økonomi. For det andre kan det liggje eit synergipotensial i eit fruktbart samspel mellom kultur og anna næringsverksemd. For det tredje er kultur og kulturbaserte næringar ofte lokalt rotfesta og spelar ei viktig rolle i lokal- og regional utvikling.

Kultursektoren omfattar eit breitt spekter av verksemder med ulik struktur, økonomi og utviklingspotensial. Aktørane i kultursektoren spreier seg frå dei reint ideelle verksemdene som alltid vil vere avhengige av offentleg støtte, til dei reint kommersielle verksemdene som vert drivne fullt ut på forretningsmessig grunnlag. Det må strekast under at langt i frå all kulturverksemd kan verte omdanna til lønsame marknadsbaserte bedrifter.

Kulturpolitikken og næringspolitikken har ulike siktemål, verkemiddel og effektar. Kulturpolitikken er forankra i ideen om kulturen sin eigenverdi. Hovudmåla for kulturpolitikken er å fremje kulturelt og estetisk mangfald, stimulere kunstnarleg kvalitet og nyskaping, bevare og sikre kulturarven og leggje til rette for at heile folket har tilgang til eit rikt og mangfaldig kulturtilbod. Det er krav til kunst- og kulturfagleg kvalitet og ikkje kommersielle interesser som skal vere styrande for utviklinga i kultursektoren.

Kulturpolitikken er retta særleg inn mot dei delane av kultursektoren som ikkje har tilstrekkeleg inntening på omsetnad av varer og tenester i ein marknad. Innanfor ein politikk for kultur og næring vil kulturpolitikkens rolle difor først og fremst vere å sørgje for ei grunninvestering i kultursektoren og medverke til at kulturaspektet vert ivareteke i form av kunst- og kulturfagleg kompetanse. Ein føresetnad for å utløyse utviklingspotensialet i kultursektoren er at det vert ført ein kulturpolitikk som legg til rette for eksperimentering og risiko i kulturlivet, utan omsyn til økonomisk meirverdi. Ei slik grunninvestering er heilt nødvendig for at kulturnæringane i ettertid skal kunne gje avkastingar.

Den overordna målsetjinga i næringspolitikken er å styrkje verdiskapinga i norsk økonomi. Frå ein næringspolitisk synsstad vil såleis utgangspunktet vere at ein politikk retta mot utvikling av næringspotensialet i kultursektoren i hovudsak bør skje innanfor overordna næringspolitiske mål og verkemiddel. Med eit slikt utgangspunkt vil det difor stå sentralt at det er kulturbaserte næringar med eit høgt økonomisk verdiskapingspotensial det skal leggjast til rette for. Innanfor slike rammer vil det vere viktig å tilføre dei relevante delane av kultursektoren kunnskapar om marknad, konkurranse og generell forretningsmessig kompetanse dersom kultursektoren skal medverke til innovasjon og verdiskaping. For å medverke til utviklinga av økonomisk verdiskapande og lønsame kulturnæringar er det avgjerande å leggje til rette for kulturbedrifter som klarer å omstille seg etter kvart som marknad, teknologi og andre rammevilkår endrar seg.

Ein politikk for kultur og næring må vere sektorovergripande og ha ambisjonar om å integrere både kulturpolitiske og næringspolitiske aspekt. Ein politikk for kultur og næring må byggje på ei føremålstenleg ansvarsfordeling og eit godt samspel mellom offentleg og privat sektor, og mellom lokalt, regionalt og nasjonalt forvaltningsnivå.

Det må leggjast til grunn at det offentlege tek hovudansvaret for grunninvesteringane i kultursektoren. Næringslivet som kulturpolitisk aktør kan kome inn som eit positivt supplement og mellom anna medverke til eit større mangfald av finansieringskjelder.

Vidare bør det generelle utgangspunktet vere at staten skal vere ein tilretteleggjar for utviklinga av kulturbaserte næringar snarare enn ein aktør. Staten skal ikkje ta seg av oppgåver som private aktørar kan ivareta på ein fullgod måte. Utviklinga av kulturbaserte næringar føreset både ein innsats frå bransjane sjølve, og ei tilrettelegging gjennom gode rammevilkår frå det offentlege.

Staten bør heller ikkje ta på seg oppgåver som andre forvaltningsnivå bør ha hovudansvaret for. Kommunane og fylkeskommunane står såleis overfor ulike utfordringar og bør ha hovudansvaret for å utvikle ein politikk lokalt og regionalt i partnarskap med relevante aktørar.

Noreg bør ha ambisjonar om å utnytte potensialet for kulturbasert verdiskaping betre i framtida. Det er likevel viktig med ein heilskapleg og balansert tilnærmingsmåte, slik at ein ikkje generaliserer utviklingstrekk og satsar einsidig. Kultur som ein integrert del av eit framtidsretta innovasjonssystem føreset ei tilnærming der kultur inngår som ein av fleire faktorar i nært samvirke med utdanning, forsking, teknologi og næringsliv.

Ei nærare kopling mellom desse sektorane i form av strategisk samhandling og kompetanseutveksling kan medverke til å utløyse omstilling og nyskaping både i næringslivet og i samfunnet som heilskap. Det bør difor skapast eit grunnlag for synergiar mellom hittil etter måten åtskilde sektorar.

1.1.2 Samandrag

Meldinga er delt inn i tre hovuddelar.

Del 1 gjer greie for utviklingstrekk, rammevilkår og utfordringar for kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling. Siktemålet er for det første å skissere utviklingstrekk og eksisterande rammeverk som er med på å danne grunnlaget for utviklinga av ein heilskapleg politikk for kultur og næring. For det andre forsøkjer ein på eit overordna og generelt plan å peike ut viktige utfordringar.

Del 2 går nærare inn på enkelte kulturnæringar. Denne delen er hovudsakleg konsentrert om dei delane av kulturfeltet som opererer i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Hovudperspektivet er kulturnæringane som verdiskapande næringar i seg sjølv.

Del 3 handlar i større grad om samvirke mellom kultur og næring. Ein ser på kultur både som innsatsfaktor for å auke verdiskapinga i andre næringar og på korleis næringslivet kan medverke til utvikling og vekst i kultursektoren.

Del 1 (kapittel 2-3)

Kapittel 2 gjer greie for nasjonale og internasjonale utviklingstrekk på eit overordna nivå. For det første vert det gjort greie for utviklingstrekk som har medverka til auka interesse for samanhengen mellom kultur, innovasjon og økonomisk utvikling. Samla sett peiker geografisk konkurranse, individualisering, endra konsummønstre og produksjonsstrategiar i retning av eit vekst- og utviklingspotensial for kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling.

For det andre vert det gjort greie for strukturelle endringar knytte til kultur og næring som utviklingsstrategi. Det vert peika på generelle internasjonale trendar knytte til regionalutvikling og byutvikling og samstundes gjort greie for korleis desse trendane manifesterer seg i Noreg.

For det tredje vert det gjort nærare greie for kulturnæringane forstått som verdiskapande næringar i seg sjølv. Det vert vist til nokre internasjonale kartleggingar av økonomi og sysselsetjing i kulturnæringane. Hovudresultata frå ei kartlegging av kulturnæringane i Noreg vert skissert, samt frå nokre regionale kartleggingar. Det vert gjort greie for nokre sentrale aspekt ved kulturnæringane og samanhengen mellom teknologi og kultur og mellom ungdomskulturar, innovasjon og kommersialisering.

I kapittel 3 vert det for det første gjort greie for mål og verkemiddel innanfor dei mest relevante politikkområda som i dag er med på å byggje opp under kulturbasert næringsutvikling. Dette gjeld først og fremst kulturpolitikken, utanrikspolitikken og dei politikkområda som i dag utgjer rammene for innovasjonspolitikken, dvs. næringspolitikken, utdannings- og forskingspolitikken og regional- og distriktspolitikken. I tillegg vert det gjort greie for internasjonale rammevilkår for kulturnæringane knytt til EU og EØS-regelverket og sentrale WTO-avtalar. For det andre forsøkjer ein å identifisere nokre overordna utfordringar for den vidare utviklinga av kulturbaserte næringar knytte til finansiering, kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt internasjonalisering og noregsprofilering.

Del II (kapittel 4-8)

Kapittel 4 gjer nærare greie for næringsaspekt ved kunstnarisk verksemd. Kapitlet drøfter nokre generelle utviklingstrekk for kunstnarane og dei ulike kunstfelta og peiker på utfordringar knytte til økonomi, trygd, sjukepengar og forsikring, entreprenørskap og firmaetablering, samt utdanning og forsking.

Kapittel 5 gjer greie for struktur, utviklingstrekk, utfordringar og verkemiddel innanfor designfeltet. Perspektivet er dels design som ei kulturnæring i seg sjølv, men først og fremst handlar det om design som innsatsfaktor i anna næringsverksemd og designens rolle i den totale samfunnsutforminga. Det vert peika på utfordringar og tiltak særleg knytte til etablering, internasjonalisering, samt utdanning og forsking.

Kapittel 6 omhandlar næringsmessige aspekt ved den audiovisuelle industrien. Det gjer greie for struktur og utviklingstrekk innanfor den audiovisuelle industrien i Noreg med hovudvekt på langfilm, den statlege politikken på området, moglege tiltak og verkemiddel for å styrkje den audiovisuelle industrien som bransje og spørsmål som gjeld insentivordningar for utanlandsk filmproduksjon i Noreg.

Kapittel 7 omhandlar struktur, utviklingstrekk, utfordringar og verkemiddel innanfor musikkfeltet. Det vert identifisert utfordringar knytte til internasjonalisering, marknadsføring og formidling, samt kunnskap og kompetansebehov.

Kapittel 8 handlar om bokbransjen. Kapitlet gjer greie for utviklingstrekk og diskuterer utfordringar knytte til marknad og teknologisk utvikling, produksjon og distribusjon, samt internasjonalisering.

Del III (kapittel 9-11)

Kapittel 9 gjer greie for utviklingstrekk, rammevilkår og utfordringar innanfor kulturbasert reiseliv. Ei rekkje samanvirkande faktorar har ført til at kultur og kulturarv har vorte eit viktigare element i reiselivet. Viktige utfordringar for utviklinga av eit kulturbasert reiseliv er betre kommunikasjon og samarbeid mellom ulike aktørar, kvalitetssatsing og berekraftig utvikling.

Kapittel 10 gjer greie for utviklingstrekk, rammevilkår, utfordringar og satsingsområde innanfor området matkultur. Som ein del av den generelle veksten i etterspurnaden etter opplevingar og underhaldning er interessa for mat og matkultur veksande. Samstundes har endra rammevilkår i landbruket ført til behov for å finne nye og alternative måtar å skaffe inntekter. Dei viktigaste utfordringane er knytte til nettverksbygging, marknadsføring og merkevarebygging, samt informasjon og kompetanseheving.

Kapittel 11 handlar om kultursponsing og samarbeid mellom kulturliv og næringsliv. Utgangspunktet er at samspel mellom kultur- og næringsliv kan medverke til utvikling og vekst både i kulturlivet og i næringslivet. Det er difor grunn til rette søkjelys mot dei områda der kultur og næringsliv har gjensidig interesse av samarbeid som supplement til dei offentlege rammevilkåra. Det synest vere tendensar både til at samarbeid mellom kulturliv og næringsliv vert meir utbreidd og til at samarbeidsavtalane vert meir integrerte. Dette kan skape positive synergieffektar, men det inneber òg nokre utfordringar for kulturlivet. Det vert slått fast at Regjeringa ikkje tek til orde for ei aukande privatisering av kulturøkonomien, men ynskjer å oppmuntre til fleire og meir varierte finansieringskjelder og meir integrert bruk av kultur som innsatsfaktor i eit innovativt næringsliv.

1.2 Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk

1.2.1 Kultur, innovasjon og økonomisk utvikling

Både nasjonalt og internasjonalt er det politisk og forskingsmessig interesse for samanhengane mellom kultur, innovasjon og økonomisk utvikling. Mykje av denne interessa har bakgrunn i utviklingstrekk i økonomien nært knytt til den teknologiske utviklinga og særleg utviklinga av informasjonsteknologien.

Økonomisk utvikling medfører generelt at folk vert rikare og at utdanningsnivået aukar. Begge deler har vist seg å ha ein positiv verknad både for etterspurnaden og tilbodet av kultur.

Den teknologiske revolusjonen har ført til eit mangfaldig tilbod og ein stor etterspurnad etter innhald og meining i form av tekst, bilete og musikk. Den teknologiske utviklinga er ein vesentleg faktor bak utviklinga av kulturnæringane på global basis.

Alt i alt synest det å vere vesentlege argument for at det med auka økonomisk utvikling vert brukt meir pengar på kultur, noko som både fører til auka etterspurnad og auka betalingsvilje for kultur og opplevingar. Når ein snakkar om kultur, næring og økonomisk utvikling, er det likevel ein utprega tendens til å sjå på spørsmålet den andre vegen; at kultur fører til økonomisk utvikling. Det motsette er truleg like relevant - den økonomiske utviklinga fører til meir kultur. Det kan difor vere grunn til å spørje i kva grad den økonomiske utviklinga kjem på grunn av satsingar på kultur, og i kva grad det er snakk om at økonomisk vekst i seg sjølv vil ha innverknad på kultursektoren?

1.2.2 Kultur og næring som utviklingsstrategi

Satsing på kultur og kulturbasert næringsutvikling kan spele ei viktig rolle i regional utvikling og omstilling. Ein nødvendig føresetnad for at kultur skal kunne spele ei utviklingsrolle i samfunnet er likevel at han vert gjort til ein grunnleggjande og integrert del av samfunnsutviklinga. I denne samanhengen er bærekraftig utvikling viktig for å ta vare på eit langsiktig og heilskapleg perspektiv på økonomisk utvikling.

By- og stadsutvikling

Dei omfattande endringsprosessane dei siste 50 åra har ført til at vilkåra for byutvikling har endra seg.

Internasjonalt har det også vakse fram ein trend som vert kalla kulturplanlegging, urban planlegging eller "cultural regeneration". Dette er særleg knytt til utvikling av byar, bydelar, tidlegare industriområde og hamneområde.

I Europa vert byar som til dømes Glasgow, Newcastle, Barcelona og Bilbao ofte nemnde som byar som har nytta slike utviklingsstrategiar.

Særleg ser ein at tidlegare industrilokale og område for industriarbeidarar no vert omskapte til kulturelle magnetfelt, der innovasjon, eksperimentering og kreativitet er sentrale stikkord.

Slike utviklingstrekk ser ein i Noreg med. Også her er utviklinga mest framtredande i byar som Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.

Kunst i offentlege rom

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg har gjennom 27 år vore statens fagorgan for kunst i offentlege rom og ein pådrivar for å gjere kunst av høg kvalitet meir tilgjengeleg.

I dag er formidlingssida det sentrale, medan oppdragssida har kome meir i bakgrunnen. Med eit gjennomsnittleg totalt kunstbudsjett på om lag 27 mill. kroner årleg er Utsmykkingsfondet Noregs største produsent av visuell samtidskunst.

Ei vidareutvikling av Utsmykkingsfondet for å møte utviklinga i offentleg sektor, vil difor kunne medverke til at fondet kan bli ein attraktiv samarbeidspartnar for å kvalitetssikre utsmykkingsprosessar også i privat sektor.

1.2.3 Nærare om kulturnæringane

Det er eit gjennomgåande trekk at dei ulike landa som arbeider særskilt med kultur som næring nyttar ulike definisjonar og at operasjonaliseringa omfattar ulike felt. Dette, samt visse ulikskapar i oppbygginga av det statistiske materialet, gjer at det er vanskeleg å gjennomføre direkte samanlikningar.

1.2.3.1 Internasjonale kartleggingar av kulturnæringane

I Danmark er kulturnæringane sin del av BNP rekna til 5,3 pst., i England 8 pst., i Sverige 9 pst., i USA 7,8 pst. og i New Zealand 3,1 pst.

Undersøkingane i Sverige i 2001 rekna opplevingsindustrien sin del av BNP til mellom 170-190 mrd. svenske kroner.

I dei landa der kulturnæringane sin del av BNP er utrekna over fleire år, er vekstraten i dei fleste tilfelle rekna til om lag 5 pst. i året. Dette er meir enn i dei tradisjonelle industriane.

1.2.3.2 Kartlegging av kulturnæringane i Noreg

På oppdrag for Nærings- og handelsdepartementet har Østlandsforskning utarbeidd ei kartlegging av kulturnæringane i Noreg. Fokuset i rapporten er kulturell produksjon i eit næringsperspektiv, og studien rettar i første rekkje søkjelyset mot private bedrifter som sel kulturelle produkt som varer i ein marknad.

Etter kartlegginga å døme er kulturnæringane sin del av den totale sysselsetjinga i Noreg og av BNP om lag 3,5 pst. i begge tilfelle. Kulturnæringane sysselsette om lag 76 000 personar i Noreg i 2002. Dersom ein inkluderer dei offentleg finansierte verksemdene var det om lag 87 000 sysselsette i kulturnæringane i 2002. Dette omfattar 3,7 pst. av alle sysselsette i landet. Til samanlikning sysselsette jordbruk og skogbruk samla 69 000, nærings- og nytingsmiddelindustrien sysselsette 52 000 og fiske 17 000.

Undersøkinga syner at bruttoproduktet for kulturnæringane i 2001 var over dobbelt så høgt som for jordbruk og skogbruk der bruttoproduktet var 15,5 mrd. kroner.

Kartlegging av kreative næringar i Rogaland

Meldinga viser til at på oppdrag frå Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Noregs Forskingsråd har Rogalandsforsking utarbeidd rapporten Kreative næringer i Rogaland. Oppsummert viste undersøkinga at det er trong for bistand til eksportretta tiltak, tilknyting til internasjonale nettverk, lettare tilgang på risikokapital og opplæring i marknadsføring, kreativitet, planlegging og strategiutvikling.

1.2.3.3 Sentrale aspekt ved kulturnæringane

Internasjonale og nasjonale undersøkingar viser at kulturnæringane er samansette av kommersielle næringar på den eine sida og næringar med ein meir blanda økonomi på den andre sida.

Eit særpreg ved dei fleste kulturnæringane er at dei ofte vert trekte mellom mål om kunst- og kulturfagleg kvalitet på den eine sida og krav til marknadstilpassing og inntening på den andre sida.

Eit gjennomgåande trekk er at kulturnæringane er samansette av mange små føretak med få eller ingen tilsette på den eine sida, og større - ofte multinasjonale selskap, på den andre sida.

Både internasjonal forsking og dei norske kartleggingane viser at kulturnæringane er typisk urbane næringar.

Innovasjon Noreg framhevar at det ikkje er generell kapitalmangel eller svikt i kapitalmarknadane i Noreg. I den grad kapitaltilgangen kan vere knapp, gjeld dette bedrifter i ein oppstartfase.

1.2.4 Ungdomskulturar, innovasjon og kommersialisering

Det er liten tvil om at ungdomsmiljø i mange samanhengar spelar ei viktig rolle i samband med kulturspreiing og innovasjon. På den eine sida gjev ungdomskulturane viktige innspel til trendindustriane, og dei kan vere pådrivarar for både kulturell og industriell innovasjon i eit dynamisk samspel med næringslivet. På den andre sida er born og unge i aukande grad utsette for sterke kommersielle krefter. Særleg frå slutten av 1990-talet har meir pågåande marknadsføring i stadig fleire kanalar lagt eit stort kommersielt press på barne- og ungdomskulturane. I norsk marknadsføringsrett er det i dag ikkje noko særskilt forbod mot reklame retta mot born og unge.

EU er i ferd med å vedta eit nytt direktiv om urimeleg handelspraksis, som inneber at reglar knytte direkte til forbrukaren sine økonomiske interesser vil verte harmoniserte i EU/EØS. I samband med føreståande revidering av marknadsføringslova og innarbeiding av det nemnde direktivet, vil Barne- og familiedepartementet vurdere om det er mogeleg med særlege reglar ved marknadsføring som rettar seg mot born og unge.

Eit sentralt spørsmål når ein skal vurdere ei sterkare kopling mellom kultur og næring er om dette kan utviklast i tråd med Regjeringa sitt ynske om fristad og særskilt vern for born og unge frå kommersielt trykk.

1.3 Rammevilkår og utfordringar

1.3.1 Innleiing

Det er ei kontinuerleg statleg oppgåve å arbeide for at dei generelle rammevilkåra i form av til dømes lover, reglar og forordningar til ei kvar tid er så gode som mogeleg. Samstundes er det viktig at skatte- og avgiftssystemet er enkelt og oversynleg. Staten skal dessutan leggje til rette for ein heilskapleg og koordinert politikk for kulturbasert næringsutvikling som tek omsyn til både kulturelle, økonomiske og teknologiske endringar. Å utvikle gode rammevilkår for kulturbasert næringsutvikling krev at ein tek omsyn til alle ledda i verdikjedene.

Eit godt samarbeid mellom offentleg og privat sektor og mellom regionalt, lokalt og statleg forvaltingsnivå vil vere viktig for å integrere kulturnæringane i nasjonale og regionale innovasjonssystem.

1.3.2 Kulturpolitikken

Ein hovudbodskap i meldinga er at den profesjonelle kunsten og den fagleg forankra kulturinnsatsen har ein verdi i seg sjølv. Den grunnleggjande ideen er at kulturpolitikken skal fremje intellektuelle og estetiske verdiar som er grunnleggjande for menneskeleg utvikling og samfunnsutviklinga som heilskap.

Regjeringa sine hovudmål for kulturpolitikken er å fremje kulturelt og estetisk mangfald, stimulere kunstnarleg kvalitet og nyskaping, bevare og sikre kulturarven og leggje til rette for at heile folket har tilgang til eit rikt og mangfaldig kulturtilbod. Ein av hovudprioriteringane i kulturpolitikken fram mot 2014 er å leggje til rette for og stimulere til auka internasjonalisering av kulturlivet både på produksjons- og formidlingssida.

Opphavsrett

Regelverket omkring opphavsretten er ein viktig del av rammeverket for kulturnæringane. Det er ei sentral statleg oppgåve å sikre at Noreg heile tida har eit oppdatert regelverk. Dette er viktig både av omsyn til den teknologiske utviklinga og våre internasjonale forpliktingar.

Sett frå samfunnet si side er det viktig at den skapande og utøvande verksemda vert sikra med rettsreglar som gjer at rettshavaren kan ha kontroll med og krevje vederlag for bruk av verna materiale. Dette vil sikre rettshavaren eit økonomisk utkomme og stimulere til kreativ innsats på området, noko som er grunnleggjande for den vidare samfunnsutviklinga.

Samstundes er det frå eit samfunnsmessig synspunkt viktig at flest mogeleg på fornuftige vilkår vert gjevne tilgang til åndsverk. For å ta vare på slike omsyn, fastset åndsverklova at på sentrale bruksområde kan åndsverk bli brukte utan at rettshavaren har samtykka. Åndsverklova søkjer på denne måten å skape ein rimeleg balanse mellom rettshavaren sine interesser og meir samfunnsmessige omsyn som kulturarv, utdanning og forsking, allmennopplysing, privat bruk m.m.

Den digitale teknologien har auka misbrukspotensialet. Samstundes eignar åndsverk seg særs godt til både distribusjon og bruk i digital form. Utviklinga av datanettverk, særleg Internett, har gjort det mogeleg å distribuere åndsverk raskt over lange distansar på tvers av landegrensene. Behovet for internasjonale reglar har såleis vorte endå større enn tidlegare, sjølv om det på opphavsrettsområdet heilt frå 1886 har vore utstrekt internasjonalt samarbeid gjennom multinasjonale konvensjonar. I tillegg til Bern- og Romakonvensjonen, skal i denne samanheng avtalane i SN under Verdsorganisasjonen for immaterielle rettar og avtalen under Verdas handelsorganisasjon om handelsrelaterte sider ved immaterielle rettar (TRIPS), bli nemnde. Samstundes er EU særs aktiv på opphavsrettsfeltet, og sidan 1989 er det vedteke sju direktiv som harmoniserer reglane innanfor den indre marknaden. Noreg er såleis i stor utstrekning internasjonalt forplikta til å tilpasse opphavsrettslovgjevinga.

Samla verdiskaping i dei opphavsrettsbaserte bransjane i Noreg var på 64 489 mill. kroner, noko som utgjer eit bidrag til BNP på 5,39 pst.

Kulturpolitikk, marknad og konkurranse

Den kulturpolitiske innsatsen er i første rekkje retta mot dei delane av kulturlivet som ikkje har tilstrekkeleg finansiering gjennom inntekter frå omsetjing av varer og tenester i ein marknad.

Regjeringa har nyleg lagt fram ei stortingsmelding om konkurransepolitikk. I meldinga vert også forholdet mellom konkurranse og kulturpolitikk diskutert. Meldinga peiker på at ei rekkje kulturgode vert produserte og selde på lik line med andre varer og tenester i marknader med stort innslag av kommersielle aktørar.

Dei kulturpolitiske måla kan fremjast gjennom ulike former for verkemiddel som vil ha forskjellige samfunnsøkonomiske konsekvensar. Det er viktig å velje dei verkemidla som på best mogeleg vis fremjar dei kulturpolitiske måla og samstundes er samfunnsøkonomisk effektive.

1.3.3 Nærings- og innovasjonspolitikken

Det overordna målet for norsk næringspolitikk er å leggje til rette for størst mogeleg verdiskaping i norsk økonomi. Næringspolitikkens rolle er å syte for at dei samla rammevilkåra er utforma slik at næringslivet står best mogeleg rusta til å oppretthalde verdiskapinga i marknader som krev auka omstillings- og innovasjonsevne. Det krev både gode generelle rammevilkår som fremjar effektivitet i marknadene og effektiv ressursbruk, og at politikken er særleg utforma for å fremje forsking, innovasjon og lønsame omstillingar.

Forsking og innovasjon

I tillegg til at dei generelle rammevilkåra må vere på plass, må ein framtidsretta næringspolitikk også ha ein politikk som har som si primære oppgåve å leggje til rette for forsking, innovasjon og lønsame omstillingar. Dette vil mellom anna omfatte politikk som fremjar brukstilpassa forsking, kommersialisering av forsking og medvit om innovasjon.

For at investeringane i FoU ved universitet, høgskular og institutt faktisk skal føre til auka verdiskaping på sikt, må resultata og den nye kunnskapen nyttast i verdiskapande verksemd. Dette krev samarbeid og kan henda også mobilitet mellom forskingsinstitusjonane og næringslivet. Regjeringa legg no fram ei stortingsmelding om forsking, St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning. Grunnforsking, internasjonalisering og forskingsbasert nyskaping er gjennomgåande prioriteringar i meldinga.

Entreprenørskap

Entreprenørskap - etablering og utvikling av ny verksemd - er ei viktig drivkraft bak fornying, vekst og verdiskaping i økonomien. Det er påvist ein klar samanheng mellom høg etablerings- og avviklingsrate og produktivitetsvekst. Dette vil igjen sikre velferd og vekst i norsk økonomi.

Entreprenørskap er sentralt for å sikre omstilling, fleksibilitet og innovasjon i næringslivet.

Næringslivet endrar seg i rask takt. Dersom tendensen vi ser i dag held fram, vil berre 15 pst. av dagens bedrifter framleis eksistere i 2020. Ein god entreprenørskapspolitikk er difor ein politikk som fremjar ny­etableringar og som ikkje skaper unødvendige barrierar for entreprenørane.

Regjeringa vil gjennom ein målretta entreprenørskapspolitikk syte for gode rammevilkår for oppstart.

I Regjeringas innovasjonsplan vert målsetjinga om å stimulere til fleire nyetableringar med vekstpotensial presisert. For å medverke til dette vil Regjeringa styrkje entreprenørskapsopplæringa i skule og høgare utdanning, gjere det enklare å starte ny bedrift i Noreg, målrette dei direkte verkemidla retta mot entreprenørar, unge bedrifter og små- og mellomstore bedrifter (SMB) med vekstpotensial, og medverke til auka risikoavlasting og tilgang på kapital i tidleg fase.

Å etablere ny verksemd er krevjande. Det er viktig at skjemavelde og offentleg byråkrati ikkje hindrar oppstart av ny verksemd og skaper unødvendige barrierar for potensielle entreprenørar.

Det offentlege verkemiddelapparatet skal spele ei rolle i å gje råd i oppstartsfasen og tilretteleggje for opprettinga av nettverk og møteplassar for utveksling av erfaringar mellom entreprenørar og relevante fagmiljø og investorar.

For at nye prosjekt skal kome i gang, krevst det både kapital og gode prosjekt. Kapital, og spesielt såkornfond, har vore halde fram av mange som eit kritisk element for å få til god næringsutvikling. Regjeringa tek dette på alvor og har nyleg vedteke løyvingar til fire landsdekkjande såkornfond og fire distriktsretta såkornfond. Føremålet med ordningane er å skaffe tolmodig kapital og relevant kompetanse til nye prosjekt med vekstpotensial.

Landbruks- og matpolitikken, fiskeri- og kystpolitikken

Eit viktig utviklingstrekk er at kulturelementet i landbruks- og matpolitikken og til ein viss grad i fiskeri- og kystpolitikken har vorte styrkt dei siste åra på ulike vis og dei ulike næringane si interesse for å kople kultur, næring og innovasjon har auka.

1.3.4 Om nærings- og innovasjonspolitiske verkemiddelaktørar

1.3.4.1 Innovasjon Noreg

Selskapet skal forvalte og utvikle verkemiddel som skal vere med å leggje til rette for nyskaping i næringslivet over heile landet. Målet om eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv skal prege heile aktiviteten.

Selskapet kan forvalte verkemiddel innanfor alle dei fire hovudkategoriane som er skisserte i St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv:

  • – Finansiering, medrekna tilskots-, låne-, garanti- og eigenkapitalordningar

  • – Rådgjeving og kompetansehevande tiltak

  • – Nettverk og infrastruktur

  • – Profilering av norsk næringsliv i utlandet

Internasjonalisering er ein sentral og integrert del av innovasjonspolitikken. I arbeidet retta mot internasjonalisering skal Innovasjon Noreg prioritere innsatsen retta mot internasjonalt forskingssamarbeid, kunnskapsutveksling, teknologioverføring og nettverksbygging.

1.3.4.2 Norsk Designråd

Norsk Designråd er ein del av det næringsretta verkemiddelapparatet som har som overordna mål å auke innovasjonsevna i norsk næringsliv.

Designrådet arbeider aktivt for å få norske bedrifter til å bruke design strategisk gjennom bedriftsrådgjeving og formidling av designarar, samt marknadsføring av norsk design og norske designarar både nasjonalt og internasjonalt.

1.3.4.3 SIVA

Statsføretaket SIVA (SIVA SF) arbeider for å utvikle sterke regionale og lokale verdiskapingsmiljø i heile landet. Selskapet har utvikla eit omfattande nettverk av innovasjonsselskap som legg til rette for nyskaping. SIVA arbeider med verdiskaping og innovasjon, både som eigar av fysisk infrastruktur, tilretteleggjar gjennom innovasjonsselskap og som investor i ulike såkorn- og venturefond. Nokre av fonda rettar seg inn mot spesifikke næringar, men ingen er spesielt innretta mot kulturnæringane.

1.3.4.4 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i forskings- og innovasjonspolitikken. Forskingsrådet skal arbeide for innovasjon i heile landet.

For å stimulere næringslivets forskings- og utviklingsinnsats er ordninga med skattefrådrag for FoU-prosjekt, SkatteFUNN, eit sentralt verkemiddel.

1.3.4.5 Utdannings- og forskings­institusjonane

Kulturnæringane er i høg grad kunnskapsintensive næringar som føreset kompetanse innanfor og på tvers av ei rekkje fagområde som kunst- og kulturfag, teknologi, økonomi og entreprenørskap. Utdannings- og forskingsinstitusjonane vil difor spele ei sentral rolle for utviklinga av kulturnæringane.

1.3.4.6 Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar

Som regionale utviklingsaktørar forvaltar fylkeskommunane middel for regional utvikling i forpliktande partnarskap med ulike aktørar som næringslivet, private organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, kommunar og dei ulike verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Fylkeskommunane/den regionale partnarskapen skal fastsetje eigne krav, strategiar og resultatkrav for bruk av midlane.

Det er opp til fylkeskommunen/den regionale partnarskapen å avgjere korleis dei ulike innsatsane kan sjåast i samanheng for å få til eit samla grep for regional utvikling knytt til entreprenørskap, nyetablering og innovasjon i kvart fylke. Kulturfeltet i skjeringspunktet mot næringsutvikling, kan vere døme på slike sektorovergripande tiltak.

1.3.5 Utanrikspolitikken

Ansvaret for internasjonalt samarbeid på kulturområdet er delt mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Utanriksdepartementet. Kultur- og kyrkjedepartementet har det overordna ansvaret for nordisk og multilateralt kultursamarbeid og formidling av internasjonal kultur i Noreg. Utanriksdepartementet har det overordna ansvaret for presentasjon av og informasjon om norsk kultur i utlandet og for gjensidig kultursamarbeid mellom Noreg og land i sør.

Norsk kulturliv sitt engasjement internasjonalt er avhengig av ein aktiv dialog med relevante utanlandske institusjonar, fagmiljø og media. Det er ei av utanrikstenesta sine oppgåver å leggje til rette for å styrkje norsk kulturliv sine internasjonale kontaktar og nettverk.

1.3.6 EU og EØS-regelverket

1.3.6.1 EU-programma

Gjennom EØS-avtalen kan norske aktørar delta i ei rekkje av EU-program som kan ha innverknad på utvikling av kulturbasert næringsutvikling.

1.3.6.2 Europeisk kulturhovudstad

Kvart år utpeikar EU ein eller to europeiske kulturhovudstader. Bergen var europeisk kulturhovudstad i 2000, og i mai 2004 vart Stavanger vald som europeisk kulturhovudstad for 2008 saman med Liverpool i Storbritannia.

1.3.6.3 EU-regelverket og EØS-avtalen

EU-regelverket har innverknad for valet og utforminga av dei verkemidla dei nasjonale styresmaktene tek i bruk.

EFTA sitt overvakningsorgan (ESA) har ansvaret for ei korrekt gjennomføring av EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte. Alle planar om innføring av nye offentlege støttetiltak utanom eksisterande støtteordningar skal difor førehandsmeldast til ESA for godkjenning.

EØS-avtalen legg føringar på kultur- og næringspolitikken på to måtar. For det første må tiltak som vert sette i verk vere i samsvar med dei krava som følgjer av føresegnene i EØS-avtalen sin hovuddel.

For det andre krev EØS-avtalen at dei direktiva og anna sekundærlovgjeving som vert vedtekne i EU og som EØS-komiteen seinare fastset skal innlemmast i EØS-avtalen, skal gjennomførast i norsk rett.

1.3.7 WTO og kulturnæringane

Verdens handelsorganisasjon (WTO) regulerer handel mellom statar.

Eitt av dei nye avtaleverka gjeld handel med tenester (GATS). GATS omfattar handel med tenester som vert omsette kommersielt.

Det er to tenestesektorar i GATS som vedkjem kulturnæringane, (i) audiovisuelle tenester og (ii) rekreasjon, kultur og sport

I GATS er det lagt opp til suksessive rundar med tingingar for å liberalisere handelen med tenester.

Tingingane om kulturelle og audiovisuelle tenester (til dømes film, TV, radio og musikk) er sensitive. Noreg har teke atterhald i GATS som gjev Noreg eit visst høve til å handsame WTO-medlemer ulikt, mellom anna av omsyn til kultursamarbeidsavtalar som Noreg har inngått. GATS-avtalen er ikkje til hinder for at Noreg subsidierer kulturtenester.

Det har ikkje vore aktuelt for Noreg å tilby ytterlegare plikter i den pågåande tingingsrunden på kultur- og det audiovisuelleområdet.

Regjeringa vil framleis arbeide for å tryggje nasjonale og regionale verkemiddel slik at oppnåinga av dei politiske måla på kultur- og det audiovisuelleområdet kan haldast oppe.

1.3.7.1 UNESCO og kulturelt mangfald

Det har vakse fram ei erkjenning av at kultur i global samanheng ikkje bør regulerast utelukkande i ein handelspolitisk og rettsleg samanheng.

Det er lagt opp til at ein internasjonal konvensjon om kulturelt mangfald kan bli vedteken på generalkonferansen i september 2005. Gjennom handsaminga av globaliseringsmeldinga har Stortinget slutta seg til at Noreg skal vere ein aktiv pådrivar i dette arbeidet.

Siktemålet og perspektiva er kulturen si grunnleggjande rolle i samfunnet. Føremålet er å utstyre regjeringar med eit internasjonalt rammeverk for å sikre at eit mangfald av kulturelle varer og tenester vert skapte og gjorde tilgjengelege for publikum.

1.3.8 Utfordringar for vidare utvikling av kulturbaserte næringar

Dei kulturbaserte næringane er samansette av svært ulike næringar med ulikt potensial og utfordringar. Dette inneber at ein må ta omsyn til dei ulike karakteristika som næringane har og dei kombinasjonane som finst lokalt. Det vil likevel vere mogeleg å identifisere nokre generelle utfordringar for kulturbasert næringsutvikling. Særskilde utfordringar innanfor ulike kulturnæringar vert nærare omtala i dei einskilde kapitla.

1.3.8.1 Skatte- og avgiftssystemet

Hovudprinsippa for skattesystemet er likehandsaming, breie skattegrunnlag og låge satsar. Skattemessig likehandsaming mellom næringar er vesentleg for at investeringar skal kanaliserast til dei næringane og dei prosjekta der dei kastar mest av seg. Særordningar er generelt uheldig. Desse medverkar til å snevre inn grunnlaget og gjer det vanskeleg å halde låge satsar. Skattesystemet vert meir komplisert, uoversiktleg og kostbart å administrere, både for styresmakter, enkeltpersonar og verksemder.

Skattemessige særordningar er dessutan eit lite presist verkemiddel for å oppnå særlege næringspolitiske mål. Dersom ein ynskjer å tilgodesjå særlege føremål, er det normalt meir effektivt å støtte dei direkte.

Regjeringa har lagt fram framlegg om ei omfattande skattereform som skal fasast inn over tre år. Reforma byggjer mellom anna på eit hovudprinsipp for bedrifts- og kapitalskattlegging om å betre ressursutnyttinga gjennom meir einsarta skattlegging av næringsinntekter og lågare skattesatsar. Innføring av særlege skattetiltak retta mot enkeltsektorar vil bryte med dette.

Meirverdiavgift og kultur

Tenester på kulturområdet er i dag i hovudsak utanfor meirverdiavgiftsområdet.

Finansdepartementet har starta eit arbeid med å gå nærare gjennom heile kultursektoren i forhold til meirverdiavgiftsregelverket.

Sidan kultursektoren er stor og samansett, vil arbeidet krevje vanskelege vurderingar både økonomisk og juridisk. Særleg regelverket om omsetjing av opphavsrettar er komplisert og vil vere ein del av dette arbeidet. Eit slikt omfattande arbeid vil også krevje offentleg høyring. Regjeringa vil arbeide vidare med denne saka.

1.3.8.2 Kompetanse, nettverk og infrastruktur

Ei heilskapleg satsing på kultur og næring tilseier kompetanseheving og kompetanseutveksling også innanfor dette næringsfeltet.

Utdanning og forsking

Kulturnæringane er kunnskapsintensive næringar. Det er særleg viktig å styrkje utdanning og kompetanseutvikling både innanfor kunst- og kulturfag og tilgrensande felt som til dømes teknologi, administrasjon, marknadsføring, produsentverksemd og entreprenørskap.

Forsking og utvikling er rekna mellom dei viktigaste kjeldene til innovasjon og langsiktig vekst. I Regjeringa sin innovasjonsplan er det skissert ei rekkje tiltak for å medverke til å styrkje forskingsinnsatsen generelt, stimulere forsking og utvikling i næringslivet, auke kvaliteten og internasjonaliseringa i norsk forsking og fremje kommersialisering og samarbeid mellom kunnskapsinstitusjonar og næringsliv. Det er viktig at også forsking og utvikling knytt til kulturbaserte næringar vert fanga opp av desse tiltaka, og at også kulturnæringane vert stimulerte til å initiere prosjekt med FoU-innhald.

Det er viktig at kulturnæringane vert fanga opp av ulike forskingssatsingar innanfor og på tvers av kunst- og kulturfag, teknologi og økonomi.

Kulturen si rolle i høve til stad-, by- og regionalutvikling er også kompleks og variert. Det er ynskjeleg å frambringe meir og breiare kunnskap om dei ulike samanhengane og verknadene også på dette feltet.

For å utvikle ein treffsikker politikk er det òg behov for forskingsbasert evaluering av verkemiddel og empiriske analysar av korleis ulike verkemiddel fungerer i høve til måla.

Møteplassar og informasjonsverksemd

Det vert stadig sett sterkare søkjelys på utviklinga av kulturbaserte næringar og samspelet mellom kultur og næring. Det er ei utfordring å samle, leggje til rette og formidle kunnskap og informasjon til ulike målgrupper på ein tenleg måte. Ein viktig del av informasjonsverksemda vil vere å få fram kva for aktørar og miljø som arbeider på området. Dette vil igjen kunne medverke til at det vert etablert kontaktar og møteplassar.

Etter kvart som det veks fram fleire miljø og aktørar på dette området, bør ein sjå nærare på korleis informasjonskanalane kan tilpassast kvarandre slik at ein kan få ein effektiv flyt av informasjon og eit meir gagnleg system der synergieffektar vert utnytta på best mogeleg måte.

1.3.8.3 Internasjonalisering og profilering

Internasjonalisering og eksport

Aukande internasjonalisering og rask kunnskapsmessig og teknologisk utvikling representerer store utfordringar for norsk næringsliv og kulturliv, men samstundes opnar dette handlingsrom på nye marknader og nye kunnskapsområde. Store delar av dei kulturbaserte næringane har eit stort internasjonalt vekstpotensial, med omsyn både til uttrykksformer, estetiske standardar, produksjons- og distribusjonsnettverk og marknad. I denne samanhengen vil kulturbaserte næringar kunne dra nytte av både det nærings- og innovasjonspolitiske, utanrikspolitiske og kulturpolitiske verkemiddelapparatet.

For nokre kulturbaserte næringar har utanlandseksponering ein direkte og viktig funksjon i innteninga, og næringane har viktige marknader i utlandet. Å sikre internasjonal distribusjon og marknadsføring er kostnadskrevjande og krev mellom anna at ein knyter kontaktar med distribusjons- og promoteringsnettverk i aktuelle satsingsland. Dette vil krevje ein innsats frå bransjane sjølve, interesseorganisasjonane og ei tilrettelegging av gode rammevilkår frå det offentlege si side. Det vil vere ei viktig statleg oppgåve å leggje til rette for internasjonal nettverksbygging gjennom ulike former for verkemiddel tilpassa dei ulike næringane. Det er viktig at dei statlege finansieringsordningane kan tilpassast dei aktuelle krava.

Kulturbaserte næringar i Noregsprofilering og omdømmepolitikk

Det vert stadig meir krevjande å hevde seg på internasjonale arenaer i ei meir globalisert verd.

Ei rekkje marknadsundersøkingar internasjonalt viser at det generelle kunnskapsnivået om Noreg gjennomgåande er lågt, og at biletet av Noreg i utlandet er svakt og utydeleg. Ei viktig utfordring er difor å hjelpe til slik at Noreg framstår med ein klarare og sterkare profil.

Kulturbaserte næringar er svært viktige i samband med utviklinga av norsk omdømmepolitikk, Noregs internasjonale profil og arbeidet med å knyte forretningskontaktar i utlandet. I framtida bør difor dei kulturbaserte næringane som ein del av norsk næringsliv vere ein integrert del av og få større fokus både i arbeidet knytt til statsbesøk og offisielle gjestingar til og frå utlandet, i profilering av norsk næringsliv og den meir generelle noregsprofileringa.

Eit positivt omdømme er viktig for ein nasjon og kan skape ringverknader som får konsekvensar for eit breitt spekter av samfunnsområde.

1.4 Næringsaspekt ved kunstnarisk verksemd

Kulturpolitiske mål og verkemiddel

Det er eit sentralt kulturpolitisk mål å fremje eit nyskapande kunstliv ved å styrkje ikkje-institusjonell kunstnarisk aktivitet, likeins å medverke til økonomiske rammevilkår som gjev skapande og utøvande kunstnarar betre armslag for kunstnarisk virke.

Dei viktigaste kunstnarpolitiske verkemidla er stipend- og garantiinntektsordningane og dei kulturpolitisk grunngjevne vederlagsordningane, først og fremst bibliotekvederlag og visingsvederlag og ordninga med stipend basert på gjennomført kunstutdanning. Dei totale løyvingane til kunstnarføremål over kap. 321 i kulturbudsjettet utgjer i 2005 til saman vel 303 mill. kroner.

I kulturmeldinga er det lagt opp til å auke talet på arbeidsstipend. Samstundes er det gjeve uttrykk for at det ikkje lenger kan vere eit mål at den statlege innsatsen automatisk skal halde tritt med tilveksten av kunstnarar. Kulturmeldinga strekar under behovet for meir fleksible ordningar som er betre tilpassa aktuelle arbeidsformer. Dette kan gjerast ved å slå saman ulike stipendtypar og ikkje minst ved ein reduksjon i talet stipendkomitear.

1.4.1 Nøkkeltal og utviklingtrekk

Kunstfeltet er generelt prega av ein blandingsøkonomi, der dei ulike aktørane kombinerer fast og mellombels tilsetjing med prosjekt og ulike deltidsjobbar. Mange er i stor grad avhengige av både offentleg prosjektfinansiering og til ein viss grad private sponsormidlar eller inntekter frå oppdrag til dømes i næringslivet. Mange arbeider også i undervisningssektoren eller i heilt andre yrke.

Utviklinga innanfor den prosjektorienterte og ikkje-institusjonaliserte delen av kulturlivet har dei seinare åra særleg kome til uttrykk ved ein markert auke i talet søknader om støtte til ulike prosjekt. Dette gjeld til dømes innanfor dans og annan fri scenekunst, og det varierte musikkensemblefeltet. Ei utfordring i åra framover er å betre vilkåra for kunst- og kulturlivet utanfor dei faste institusjonane. Her er løyvinga til Norsk kulturfond eit sentralt verkemiddel.

1.4.1.1 Om trygd, dagpengar og forsikring

Det kan sjølvsagt vere grunn til å reise spørsmål om praktiseringa av enkeltføresegner i folketrygdlova. Dessutan er det eit stort behov for informasjon om trygde- og forsikringsordningar for alle som ikkje er fast tilsette. Det er likevel grunn til å tru at dei strukturendringane ein har sett i arbeidsmarknaden for kunstnarar, ikkje først og fremst krev endringar i trygdesystemet. Hovudproblemet for mange frilanskunstnarar synest å vere for låge inntekter og at dei ikkje har nok oppdrag.

1.4.1.2 Ein urbanisert kunstnarstand

Som gruppe har kunstnarane ein meir urban og sentralisert busetnadsprofil enn gjennomsnittet. Sterkast kunstnarkonsentrasjon er det i Oslo og særleg gjeld dette for scene- og filmkunstnarar.

Det kan synast som konsentrasjonen om Oslo relativt sett har vorte noko mindre etter kvart som talet på kunstnarar har auka. Dette kan henge saman med styrkinga av kunst- og kulturinstitusjonar andre stader i landet. Mange kommunar og fylke ser verdien av å utarbeide strategiar for å gjere det attraktivt for kunstnarane å etablere verksemder lokalt. Mange kommunar og fylkeskommunar har eller planlegg ein aktiv politikk retta mot desse utfordringane.

1.4.1.3 Utdanning, forsking og entreprenørskap

Kunstfaga set kunstnarisk aktivitet og utvikling i sentrum. Det er eit uttrykt mål at kunsthøgskulane skal utdanne kandidatar som kan stå på eigne bein som utøvande eller skapande kunstnarar.

Saman med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har Utdannings- og forskingsdepartementet lagt fram ein strategiplan for å styrkje entreprenørskapen på alle nivå i utdanningssektoren. Planen ber namnet "Se mulighetene og gjør noe med dem! 2004-2008". Her vert det peika på at universitet og høgskular med utdanningstilbod innanfor kultur, kunst, design og grafiske uttrykksformer i særleg grad vil kunne spele ei rolle innanfor kulturentreprenørskap, design og formgjeving av produkt.

Mange av institusjonane har sett i gang tiltak for å auke innovasjonstakta og utvikle entreprenørskapen. Fleire har også større forskingsprosjekt retta mot entreprenørskap. Dei fleste av desse tiltaka er ikkje retta mot eit breitt definert kulturfelt.

I kulturmeldinga er det gjort framlegg om at Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid skal setje i gang eit arbeid for å kartleggje behovet for ulike kunstutdanningar, dessutan yrkesaktiviteten til kandidatar med kunstutdanning. Dette vil også omfatte dei som er utdanna i utlandet. Det er grunn til å sjå nærare på den store auken i talet på dei som søkjer seg til kunstnarisk arbeid, for å undersøkje kva dette er uttrykk for og kva konsekvensar det har. Det kan vere grunnlag for å utvide denne kartlegginga til òg å omfatte behovet for utdanning som kombinerer fagleg og næringsretta utdanning, særleg sett i høve til at organiseringa av kunst- og kulturlivet er under endring.

1.5 Design

1.5.1 Innleiing

På den eine sida er design ei kulturnæring i seg sjølv. På den andre sida kan verksemda både auke verdiskapinga i andre næringar og spele ei viktig rolle i samfunnet som heilskap. Det siste er særleg viktig i eit innovasjonsperspektiv.

Ei offensiv satsing på design som ein sentral del av innovasjonspolitikken er difor viktig. Vellukka bruk av design er avhengig av strategisk samarbeid og interaksjon mellom ulike sektorar og kompetanseområde. Det er behov for å styrkje samarbeidet mellom kultursektoren, næringslivet og utdannings- og forskingssektoren, og mellom privat og offentleg sektor. Det er også behov for å styrkje samarbeidet mellom designarar og gründerar, mellom designarar og etablerte bedrifter.

1.5.2 Mål og verkemiddel

Staten sitt engasjement i designfeltet har både kulturpolitisk og næringspolitisk grunngjeving. Det handlar både om å fremje design som kulturuttrykk og som konkurransefaktor for næringslivet.

I kulturpolitikken er design sett i nær samanheng med biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og offentleg rom.

I næringspolitikken er det eit mål at fleire bedrifter tek i bruk næringsretta design som prosessverktøy i utviklinga av nye produkt og tenester.

Staten si rolle på designfeltet er først og fremst å leggje til rette for kunnskapsutvikling, informasjon og formidling ved å yte ulike former for økonomiske tilskot, og å forvalte eit lovverk som vernar interessene åt norske rettshavarar.

Norsk Form, Norsk Designråd, Innovasjon Noreg og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er sentrale aktørar innanfor designfeltet. I tillegg har Riksantikvaren kompetanse innanfor arkitektur, stilhistorie og arkitektur og kan medverke til å forankre design og arkitektur i eit historisk perspektiv.

Regjeringa har erklært 2005 som nasjonalt designår.

1.5.3 Struktur og utviklingstrekk

1.5.3.1 Etablering, utdanning og forsking

Det er ei utfordring å finne fram til velfungerande overgangsordningar for designarar frå utdanningsinstitusjonane til næringslivet.

Opne tevlingar, utstillingar og stipendordningar kan vere viktige verkemiddel for designarar i etableringsfasen. Styrkt entreprenørskap i utdanninga kan òg spele ei viktig rolle.

Ei større satsing på kunnskapsutvikling og forsking på design i Noreg er ynskjeleg, både for å halde tritt med den internasjonale utviklinga og den aukande konkurransen. I ei større, samordna satsing bør Noregs forskingsråd og dei høgare undervisningsinstitusjonane spele ei nøkkelrolle, i nært samarbeid med næringslivet.

På internasjonalt plan vert det forska ein del på relasjonen mellom næring, kultur og design. Det er viktig å dra nytte av denne forskinga også i Noreg. Internasjonale samarbeidsavtaler og særleg forskingssamarbeidet med EU speler ei avgjerande rolle.

1.5.3.2 Internasjonalisering

Det offentlege og næringslivet bør samarbeide for å styrkje designfeltet og stimulere internasjonalisering. Ein slik innsats kan medverke både til å auke etterspurnaden og profilere Noreg som ein nyskapande og moderne nasjon.

1.6 Audiovisuell industri

1.6.1 Statleg politikk

1.6.1.1 Mål for den statlege politikken

Hovudmålet med filmpolitikken er å sikre eit godt og mangfaldig audiovisuelt tilbod tufta på norsk språk, norsk kultur og norske samfunnsforhold. Meldinga viser til St.meld. nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon.

1.6.1.2 Andre verkemiddel

Av andre verkemiddel kan nemnast meirverdiavgiftssystemet. Kino- og filmbransjen vart innlemma i her frå og med 1. januar 2005 med ei sats på 7 pst., jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005). Innlemminga i avgiftssystemet vart gjennomført etter ynske frå bransjen, jf. Innst. S. nr. 228 (2003-2004). Innlemminga i meirverdiavgiftssystemet vart mellom anna innført for å gjere det enklare for bransjen å planleggje.

1.6.1.3 EØS-avtalen

EØS-regelverket har innverknad på valet og utforminga av dei verkemidla staten kan ta i bruk. Reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen inneber at all offentleg støtte til næringslivet som vrir eller kan vri konkurransen, er forbode i den grad handelen mellom EØS-landa vert påverka. Alle planar om innføring av nye offentlege støttetiltak utanom eksisterande støtteordningar skal difor førehandsmeldast til ESA for godkjenning. Det same gjeld endringar i eksisterande ordningar.

1.6.2 Tiltak og verkemiddel

1.6.2.1 Innleiing

Eit mål med omlegginga av tilskotsordningane i 2001 var å søkje å styrkje bransjen mellom anna gjennom oppbygging av meir stabile produksjonsmiljø. Det vart til dømes innført produsentstøtte, ei ordning som har til føremål å sikre auka kontinuitet i det norske filmproduksjonsmiljøet. Målet var at ordninga på sikt skulle medverke til strukturelle verknader for bransjen gjennom oppbygging av stabile produksjonsmiljø som legg til rette for å tenkje meir langsiktig, og såleis medverke til å byggje opp kompetanse og kontinuitet i miljøa. Gjennomgangen av filmområdet vil òg ta føre seg utviklinga av bransjen i Noreg. Departementet kjem attende til Stortinget med resultata av gjennomgangen, mest truleg i samband med statsbudsjettet for 2007.

1.6.2.2 Auka produksjonsvolum

Auka produksjonsvolum kan medverke til å fremje måla for filmpolitikken. Det vil vere med på å gje betre kontinuitet og kompetanse i produksjonsmiljøa og såleis gjere sitt til å utvikle eit profesjonelt og sterkt produksjonsmiljø. Høgare produksjonsvolum vil òg kunne gje større aktivitet i andre næringar, særleg kulturnæringane, til dømes litteratur, teater og musikk. Større volum vil òg ha næringsmessige konsekvensar.

Produksjonane er i stor grad prosjektbaserte, med få permanente arbeidsplassar og mange frilansarar. Dette inneber at arbeidskrafta er mobil, noko som mellom anna har noko å seie for regionar som ynskjer å trekkje til seg filmproduksjonar for å fremje verdiskapinga i regionen.

Eit høgare produksjonsvolum krev større kapitaltilgang til bransjen, anten gjennom auka offentlege midlar, meir privat kapital eller høgare inntekter.

Statleg støtte

Eit verkemiddel for større produksjon er å auke samla statleg støtte til audiovisuelle produksjonar, til dømes gjennom ein opptrapping av løyvinga over statsbudsjettet over fleire år. Dette må vurderast i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Privat kapital

Norske filmproduksjonar er i liten grad finansierte ved kapital frå tradisjonelle investormiljø, jf. St.meld. nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon.

Departementet vil i gjennomgangen av filmområdet også søkje å kartleggje den private kapitalen i norsk langfilmproduksjon.

Inntekter

Det er all grunn til å rekne med at høgt produksjonsvolum gjev større sjansar for at norsk film vil få suksess på kino, og dermed vil inntektene auke. Røynslene frå 2003 og 2004 indikerer dette.

Eksport

Større eksport til utlandet kan òg vere med på å auke innteninga for produsentane. Statistikken syner at 23 pst. av kinobillettane til norske filmar i perioden 1998-2003 vart selde i utlandet.

Departementet viser elles til at det ikkje er eit eksplisitt mål for den statlege filmpolitikken å fremje eksporten av norske filmar i utlandet.

1.6.2.3 Regional filmsatsing

Innleiing

Fleire regionar i Noreg er i dag opptekne av å satse på filmrelaterte aktivitetar.

I 2005 er det løyvd 5,5 mill. kroner til fire regionale filmtiltak, Film 3 på Lillehammer, Fuzz i Bergen, Midtnorsk filmsenter i Trondheim og Medieparken i Fredrikstad. Stortinget sette som eit vilkår for løyvinga at det regionalt og lokalt vert løyvd minst like mykje pengar.

Vurdering

Departementet meiner at regionale filmtiltak kan ha ein positiv kultur- og næringspolitisk effekt. Men det er naudsynt at regionane sjølve, både offentleg og privat sektor, investerer i ulike filmaktivitetar, slik at kapitaltilgangen til filmbransjen vert større.

Røynsler frå Sverige syner at veksten særleg har skjedd ved regionale ressurs- og produksjonssentrum for film som ligg innanfor nokre av EUs målområde for distriktsutviklingsmidlar. Eit døme er Film i Väst i Trollhättan. Røynslene frå Film i Väst tyder på at det er naudsynt med stor kapitaltilgang og høgt produksjonsvolum for å stimulere til varig vekst i regionen.

Noreg har ikkje tilgang til distriktsutviklingsmidlar frå EU, slik både Sverige og Danmark har. Regionale filmfond som er finansierte med offentlege midlar i Noreg, kjem likevel inn under reglane om statsstøtte i EØS-avtalen.

Departementet kjem attende til spørsmålet om auka satsing på regionale filmtiltak i dei årlege budsjettproposisjonane etter at filmsektoren er gjennomgått.

1.6.2.4 Styrking av marknaden for uavhengige fjernsynsproduksjonar

Danmark opplever internasjonal suksess både innanfor fjernsynsdrama og langfilm. Ei av årsakene er det tette samspelet mellom dei to delane av det audiovisuelle miljøet. Film- og fjernsynsbransjen i Noreg har her ei stor utfordring. Den kreative og faglege utvekslinga av kompetanse bransjane imellom bør styrkjast. Norsk filmfond og Norsk filmutvikling har sett i gang eit prosjekt under namnet Emmy 2007. Prosjektet har som mål å samordne ressursane innanfor film- og tv-miljøet for å sikre det norske folk betre drama på sitt eige språk.

EØS-avtalens fjernsynsdirektiv artikkel 5 stiller eit krav om at minst 10 pst. av sendetida i fjernsyn (utanom nyhende, sport, underhaldningsprogram med konkurranseprega innslag, reklame eller tekstfjernsyn) skal avsetjast til å sende europeiske verk av produsentar som er uavhengige av fjernsynsselskapet.

Frå 1. januar 2003 vart NRK teke inn i meirverdiavgiftssystemet. Fjerning av prisbarrieren mellom eksterne og interne produksjonar inneber at NRK vil kunne hente ut gevinstar gjennom effektivisering og kjøp av tenester frå eksterne, mellom anna ved å setje ut produksjonar til det uavhengige miljøet. NRK har sett seg som mål å setje ut 10 pst. av programproduksjonen sin til det norske uavhengige produksjonsmiljøet innan 2006.

Departementet vil no i samråd med kringkastingsselskapa vurdere om det skal stillast særskilde krav om ein monaleg auke i norskspråklege sendingar frå uavhengige produksjonsselskap.

1.6.3 Insentiv for å få utanlandske filmproduksjonar til Noreg

1.6.3.1 Bakgrunn

Stortinget har bede om ein gjennomgang av ulike tiltak som kan gjere sitt til at det vert produsert fleire utanlandske filmar i Norge.

1.6.3.2 Eksisterande verkemiddel

Nærings- og handelsdepartementet har i dei seinare åra løyvd i overkant av 100 mill. kroner årleg til mark­nadsføring av Noreg som reisemål. Innovasjon Noreg har ei rekkje strategiar for kva det skal satsast på i dei ulike marknadene. Så langt er marknadsføring av Noreg som eit eige land for filmproduksjon ikkje gjeve høgaste prioritet. Filmproduksjon er likevel ikkje eit uprøvd medium.

Norsk filmkommisjon er ei stifting som vart oppretta i 2002 ved Bergen Media By, og som har sete i Bergen. Filmkommisjonen skal særlig legge til rette for utenlandsk produksjon av film i Norge ved å bistå produsenter i å finne innspillingssted, skaffe til veie nødvendig tillatelser, personale, tekniske fasiliteter mv.

Verksemda til Norsk filmkommisjon ligg i skjeringspunktet mellom kultur- og nærings- og distriktspolitikk.

Norsk filmkommisjon har til no verka kort tid, og det er difor vanskeleg å vurdere resultatet av kommisjonens arbeid og dermed effekten av den statlege løyvinga. Departementet kjem attende til dette i samband med gjennomgangen av filmområdet.

1.6.3.3 Kulturpolitisk vurdering

Utanlandske filmproduksjonar vil utan tvil ha positive ringverknader for fleire næringar i Noreg. Frå ein kulturpolitisk ståstad vert likevel hovudspørsmålet om utanlandske filmproduksjonar i Noreg er så viktige for å fremja måla for filmpolitikken at det her bør innførast insentivordningar som i så fall kjem i staden for løyvingar til andre filmføremål under kulturbudsjettet.

Departementet kan ikkje sjå at ei slik omprioritering er tilrådeleg. Det er ei betre løysing og meir i samsvar med dei overordna filmpolitiske måla å nytte tilskot til å produsere nye og fleire norske audiovisuelle produksjonar enn å subsidiere utanlandske produksjonar.

1.6.3.4 Næringspolitisk vurdering

Ein modell for støtte til utanlandske filmproduksjonar som særleg har vorte framheva, er ein refusjonsmodell (rabattmodell) der ein viss del av utgiftene, m.a. statlege avgifter, skal refunderast etter at innspelinga er ferdig.

I tillegg til den direkte verknaden for filmmiljøet vert det argumentert for at slike ordningar vil vere med på å auke den samla verdiskapinga ved at midlane som vert nytta i Noreg vert høgare enn verdien av dei avgiftene staten vil tape. Det er likevel vanskeleg å sjå at slike ordningar vil vere samfunnsøkonomisk lønnsame. Staten treng uansett eit visst skatteproveny, og gunstigare skatteordningar for filmproduksjon vil dermed føre til høgare skattenivå for andre grupper. Dette vil kunne vere med på å vri ressursbruken i samfunnet, slik at det vert nytta fleire ressursar i filmindustrien enn det som er samfunnsøkonomisk lønnsamt.

Dersom ein skal kunne forsvare offentleg støtte til utanlandsk filmproduksjon ut frå omsynet til verdiskaping, må det vere fordi ein ynskjer å oppnå særskilde verknader overfor reiseliv eller sysselsetjingsmønster i eit særskilt område av landet. Dersom regionale einingar eller det sentrale verkemiddelapparatet vurderer utanlandske filminnspelingar som det beste tiltaket for å oppnå målsetjingane, er det fullt mogleg å utforma regionale reiselivstiltak i tråd med dette.

Regjeringa kan ikkje sjå at det er grunnlag for å ta i bruk særskilde insentivordningar for å stimulere til auka utanlandsk filmproduksjon i Noreg. Eksisterande ordningar og verkemiddel kan nyttast der det er behov for det.

1.7 Musikkfeltet

1.7.1 Verkemiddel

Kultur- og kyrkjedepartementets økonomiske verkemiddel er i hovudsak retta mot det profesjonelle musikklivet med tilskot til produksjon, distribusjon og formidling. Frå ein kulturpolitisk synsvinkel er det eit mål å støtte opp under dei delane av musikkbransjen som ikkje klarer seg på eiga hand i ein marknad. Dei viktigaste verkemidla på musikkfeltet er innkjøpsordninga for fonogram, offentleg støtte til plateproduksjonar, ensemble og orkester, turnéstøtte for orkester, turné- og arrangørstøtte for rock og populærmusikk, støtte til musikkfestivalar og støtte til organisasjonsarbeid og opplæring.

Viktige verkemiddel kan vere kompetansehevande tiltak både innan marknadsføring, merkevarebygging og generell forretningsdrift, eller ulike former for finansiell støtte. Det vil vere viktig å utvikle den musikkfaglege kompetansen i Innovasjon Noreg og utvikle eit gagnleg samvirke med bransjen sjølv.

Andre inntektskjelder for musikksektoren

Det er store variasjonar i samarbeidet mellom kulturliv og næringsliv på musikkområdet. Graden av kommersiell inntening på produksjon og formidling av konsertar og plateinnspelingar varierer også. Inntektsgrunnlaget for institusjonar og tiltak på musikkområdet er samansett, også for institusjonar med statleg finansiering.

Det er meir og meir vanleg at musikkinstitusjonar som mottek driftstilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet også mottek sponsorstøtte frå næringslivet.

Friviljug arbeid

Store mengder friviljug innsats i ulike delar av musikklivet er viktig både som direkte og indirekte bidrag til dei næringsmessige sidene ved heilskapen. Dette gjeld sjølvsagt innsatsen til dei mange konsertarrangørane som arbeider på friviljug basis. Når det gjeld kunstnarane sjølve, gjer også dei ein stor ikkje-betalt arbeidsinnsats. Det finst ingen utrekningar av den økonomiske verdien av aktiviteten, men det er ingen tvil om at den samla ytinga er omfattande og representerer økonomiske verdiar som har mykje å seie for det samla blandingsøkonomiske produktet på musikkfeltet.

I tillegg til å vere viktige rekrutteringsbasar til musikksektoren, representerer dei friviljuge organisasjonane også etterspurnad som gjev grunnlag for næringsverksemd.

1.7.2 Struktur og utviklingstrekk i musikkfeltet

1.7.2.1 Kunstnarisk arbeid

Eit stort tal profesjonelle musikarar har kombinerte karrierar. Mange driv kunstnarisk tilknytt verksemd som undervisning og andre arbeider også utanfor musikklivet sine rekkjer. Offentlege oppdrag, prosjektstøtte, stipend og garantiinntekter for komponistar utgjer ein stor del av inntektsgrunnlaget i feltet sett under eitt.

Den langsiktige tendensen i dei norske kunstnarane sine yrkes- og inntektsvilkår frå 1970-talet og fram til i dag har vore at inntektene frå kunstnarisk arbeid for komponistar og musikarar gjennomsnittleg er låge og at kunstnarar ikkje heng med på auken i inntektsnivået i samfunnet elles.

Festivalane

Festivalane er ei viktig årsak til utviklinga av arenaer, samarbeidsrelasjonar, arrangør- og formidlingskompetanse med forankring i lokale miljø og lokale ressursar over heile landet. Små, fleksible, profesjonelle og utprega ressursmobiliserande organisasjonar dominerer feltet.

Organisasjonsstrukturen er med på å gjere festivalane rasjonelle også sett frå eit økonomisk synspunkt. Festivalane har skapt ein variert blandingsøkonomi som byggjer på fire stolpar: offentlege tilskot, stor friviljug innsats, sponsorar og for det fjerde er festivalane næringsdrivande marknadsaktørar. Det er dei sjølvsagt gjennom sal av billettar til publikum, men mange er det også gjennom meir indirekte tiltak som til dømes sal av festivalprodukt, utleige av bygater til tilreisande handelsfolk, restaurant- og kafédrift osv.

Festivalane har også innverknad for stadsutvikling og som identitetsskapar i marknadsføringa av ein stad. Festivalane kan medverke til å trekkje publikum, kundar, turistar og arbeidskraft til annan verksemd på staden. Det er ein klar tendens til at lokale og regionale aktørar ynskjer at stadsutvikling skal skje gjennom å satse på kulturverksemd som medverkar til arbeidsplassar og gjer staden meir attraktiv for innbyggjarane.

1.7.2.2 Publisering og media

Musikkforlag som byggjer drifta på noteutgjevnader, kviler i Noreg, som i dei fleste andre land, på tre økonomiske fundament. Desse er framføringsrettar, utleige av orkestermateriale og sal av eigne publikasjonar.

Undersøkingar av kva informasjonskjelder som har størst innverknad ved kjøp av fonogram, viser at radio er viktigast, dinest kjem TV/video og tips frå vener og kjende.

Dei siste tjue åra har dei riksdekkjande radiokanalane fått auka innverknad i formidlinga av musikk.

I gjennomsnitt er 27 pst. av musikken som vert spelt på NRK sine radiokanalar, norsk musikk. Dette er lågt samanlikna med ei rekkje andre land i Norden, Europa og elles i verda.

Allmennkringkastaroppdraget til NRK går i dag fram av kringkastingslova og vedtektene for NRK. I dei overordna krava er det nedfelt at verksemda skal medverke til å styrkje norsk språk, identitet og kultur. NRK skal i si kjerneverksemd leggje særleg vekt på si rolle som utviklar og formidlar av norsk språk og kultur. Etter programkrava skal NRK sitt samla riksdekkjande programtilbod både i radio og fjernsyn innehalde program som speglar mangfaldet i norsk kulturliv. Det er òg stilt krav om formidling og produksjon av norsk musikk. Minst 35 pst. av sendingane skal vere norsk musikk.

Etter konsesjonsvilkåra er P4 og Kanal 24 plikta til å sende 35 pst. og 30 pst. norsk musikk.

1.7.2.3 Internasjonalisering, marknadsføring og eksport

Det er viktig både å styrkje internasjonaliseringsarbeidet og samstundes syte for at breidda i norsk musikk er tilgjengeleg og synleg i heimemarknaden.

Ved sida av konsertarrangørar, forlag og plateselskap står musikklivet sine eigne organisasjonar for ei vesentleg verksemd når det gjeld forvaltning, promotering og formidling av kunstnarane, gruppene, ensembla og orkestra si verksemd.

Det vert drive eit stort informasjons-, formidlings- og promoteringsarbeid nasjonalt og internasjonalt via mellom andre interesseorganisasjonane, musikksamlingar og arkiv, Musikkinformasjonssenteret, Music Export Norway og biblioteka.

Av ein rapport utarbeidd for Music Export Norway går det fram at den samla eksportinntekta frå norsk musikkindustri i 2001 var om lag 210 mill. kroner. Undersøkinga er gjord etter svensk modell for at tala skal kunne vere mogelege å samanlikne. Export Music Sweden legg til grunn at eksportinntektene i Sverige i 2000 var om lag 4 mrd. svenske kroner ($ 535.8 mill.).

Norsk musikkliv er inne i ein sterk utviklingsfase både kvalitativt og kommersielt, og etterspurnaden etter norske artistar frå utanlandske bransjemedium, produsentar, messer og arrangement er veksande. Musikkeksporten bør difor kunne aukast gjennom innsats frå musikkbransjen sjølv og ved utvikling av gode rammevilkår som kan stimulere auka aktivitet på området.

Det kan vere tenleg å vurdere om det bør opprettast nettverk for musikkeksport innanfor rammene av innovasjon Norge.

1.7.2.4 Kunnskap, kompetanse og nettverk

Musikklivet sine organisasjonar har peika på at det i liten grad finst tilstrekkeleg utdanningstilbod til dei næringsdrivande profesjonsgruppene. Det trengst relevante påbyggings- og etterutdanningstilbod i musikkutdanninga. Det er dessutan behov for studietilbod til managerar, produsentar, bookingfolk, arrangørar, marknadsføringsfolk og andre i mellomvertposisjonar i musikkbransjen

Det er behov for tiltak som styrkjer kompetansen og profesjonaliteten i arrangørleddet.

Sterke lokale og regionale miljø er viktige for å fremje kreativitet, nyskaping og kompetanse i bransjen og for å utnytte heile landets ressursar i musikknæringa. Ein klyngebasert regional næringspolitikk retta mot til dømes musikknæringa kan difor vere ein viktig faktor for å utvikle næringspotensialet i kulturfeltet.

1.8 Bokbransjen

1.8.1 Grunngjeving for statleg engasjement

Hovudføremålet med den statlege litteraturpolitikken er å leggje til rette for kvalitet, breidde og mangfald med omsyn til innhald og sjangrar i fag- og skjønnlitteraturen. Vidare må den litteraturen som vert skapt, distribuerast slik at han når fram til publikum gjennom mange og vel eigna kanalar.

1.8.2 Rammevilkår og verkemiddel

Dei sentrale offentlege verkemidla i bokbransjen har i fleire tiår vore fritak frå meirverdiavgift innkjøpsordningane, unnatak for bokavtale frå konkurranselovgjevinga, og offentlege stimuleringsordningar gjennom ulike tilskot.

1.8.3 Utviklingstrekk

1.8.3.1 Marknadskonsentrasjon

Den vertikale og horisontale integrasjonen i bokbransjen er vorte så sterk at konkurransestyresmaktene ved eitt høve har gripe inn og kravd at forlag måtte selje ut delar av oppkjøpt forlagsverksemd.

Også i den internasjonale bokbransjen har konsentrasjonane vore sterke, men i få land har konsentrasjonen vore like sterk både horisontalt og vertikalt som i Noreg.

1.8.3.2 Teknologisk utvikling

Det er grunn til å tru at papirboka vil eksistere langt inn i framtida som eit vesentleg medium for formidling av tekst, eventuelt med bilete, men utviklinga av den elektroniske boka vil likevel medføre at ein del tekstar vi i dag søkjer i trykte bøker, etterkvart vil bli lesne elektronisk.

Den digital-teknologiske utviklinga vil påverke både næringskjeda i bokproduksjonen og innhaldet i tekstane.

Overgang til heildigital publisering vil også verke inn på produksjonskjeda, både ved at den fysiske distribusjonen etter kvart fell bort og ved at trykkeria og papirindustrien får mindre å gjere. Heildigital publisering kan også føre til at forfattarane vert mindre avhengige av forlag og bokhandlar. Ei slik endring vil føre til at aktørane i den noverande produksjonskjeda i ulik grad må kjempe for interessene sine, kanskje til og med kan miste næringsgrunnlaget.

Det vil vere viktig å arbeide for å harmonisere rammevilkåra for tekstprodusentar uavhengig av teknologisk plattform, og leggje til rette for utvikling av berekraftig teknologi som kan møte den venta auken i elektronisk informasjons- og kommunikasjonsbehov. Litteraturpolitikken må sjåast i samanhang med språkpolitikken, og eit viktig tiltak i styrkinga av norsk språk framover vil vere å utvikle norske språkteknologiske ressursar. Det vil også vere ei viktig oppgåve å vurdere dei kulturpolitiske verkemidla i lys av den teknologiske utviklinga, særleg sett i samband med medienøytralitet i dei ulike innkjøpsordningane i Norsk kulturråd.

1.8.4 Om produksjon og distribusjon av litteratur

1.8.4.1 Kunstnarisk produksjon

Ei brei og samansett forfattargruppe dannar grunnlaget for ein levande litteratur. I Noreg har vi i dag om lag 5 500 forfattarar og 800 omsetjarar.

Rekrutteringa til forfattaryrket vert stimulert av innkjøpsordningane under Kulturrådet og av bibliotekvederlaget til forfattarorganisasjonane. Den norske litteraturpolitikken saman med ordningar i bransjen fører til at Noreg har fleire forfattarar enn folketalet skulle tilseie. Både kulturpolitisk og næringspolitisk må det vere eit mål å tryggje gode arbeidsvilkår for forfattarane.

1.8.4.2 Forlagsverksemd

Truleg er det om lag 350 stadig aktive forlag i landet. Dei aller fleste av dei store er medlemmer av Den norske Forleggerforening.

Mange verksemder arbeider også med å produsere dei bøkene forlaga utviklar. Størsteparten av bokproduksjonen vert gjordt i Noreg, men det er grunn til å tru at ein større del av trykkinga og innbindinga vil bli gjort i utlandet i framtida.

Mesteparten av papiret som vert nytta i bøkene vert i dag produsert utanfor landet.

1.8.4.3 Forvalting av rettar og interesser

Normalavtalane mellom Den norske Forleggerforening og skribentorganisasjonane regulerer tilhøvet mellom forfattarar, omsetjarar og forlag på område som gjeld rettar, plikter, royalty og honorar. Noreg er det einaste landet i verda med slike avtalar. Avtalane verkar mot etableringshindringar og har mellom anna vore medverkande til den solide framveksten av norsk skjønnlitteratur.

Kopinor har frå 1980 kravt inn vederlag for kopiering frå bøker, aviser, tidsskrift, notar og liknande.

1.8.4.4 Sal av litteratur

Noreg har eit godt utbygt nett av bokhandlar. 87 pst. av folket bur i ein kommune med bokhandel, og tal frå MMI si bokgransking viser at 9 av 10 nordmenn meiner dei har ein bokhandel innanfor akseptabel reiseavstand.

Så godt som alle bokhandlar er medlemmer i Den norske Bokhandlerforening og har dermed plikter og rettar i forhold til Bransjeavtalen. Bokhandlane har til dømes skaffeplikt på alle dei 70 000 titlane som er tilgjengelige gjennom norske distributørar. Ein typisk bokhandlarkjede sel over 40 000 ulike titlar i året.

Om lag 60 pst. av den totale bokomsetninga i Noreg går via bokhandlane.

Bokhandelen har dei siste åra vorte meir enn ein kanal for sal av bøker. Bokhandelen er i større og større grad i ferd med å verte eit kulturelt opplevingssenter.

Fleire bokhandlar driv i tillegg til ordinær bokhandeldrift også nettbokhandel. Det er ein aukande tendens til at kunden brukar den nettbokhandelen der dei elles også fysisk handlar.

I 2002 omsette bokklubbane bøker for 1 274 mill. kroner. Dette utgjer 25 pst. av den totale bokmarknaden, som i 2002 vart estimert til i overkant av 5 mrd. kroner.

Med den nye bokavtalen mellom Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen mister bokklubbane nokre av sine viktigaste konkurranseføremoner.

1.8.4.5 Formidling

Media formidlar tradisjonelt bøker gjennom bokmeldingane. Dette er framleis ei viktig side av formidlinga.

Alle kommunar i Noreg, med unnatak av to, har eigne folkebibliotek. Medrekna dei 435 hovudbiblioteka er det til saman 974 bibliotekavdelingar i Noreg.

Bokklubbane har også hatt ei viktig rolle i spreiinga av litteratur i Noreg.

Bokhandlar og forlag har i over 50 år gjeve ut katalogen Årets Bøker som inneheld alle dei nye bøkene det aktuelle året.

Skulen og litteraturen heng saman. Alt frå barnehagane er samlingsstunder med høgtlesing ein fast del av dagen.

Prosjektet Bok til alle vart første gong gjennomført i 2004, og gjorde det mogeleg for 120 000 sjette- og sjuandeklassingar å hente ein av seks spesialtrykte pocketbøker i den lokale bokhandelen.

I 1997 gjekk ei rekkje aktørar i bokbransjen saman om det felles lesestimulerande tiltaket, Prosjekt Leselyst.

Foreningen !les skal i 2005 arrangere eit nasjonalt leseår i samarbeid med Noreg 2005 og andre aktørar. Målsetjinga er å få fleire menneske til å lese fleire bøker.

Gjennom Den kulturelle skulesekken som er finansiert av spelemiddeloverskotet får elevar i grunnskulen til dømes møte profesjonelle forfattarar og skodespelarar.

Gjennom prosjektet Leser søker bok vert det arbeidd for å auke tilgangen til litteratur som til dømes følebøker, lydbøker og lettleste bøker.

Fleire litteraturfestivalar og bokdagar er etablerte kring i Noreg. Dette skaper stor aktivitet både for deltakarane og dei som står for arrangementa.

1.8.5 Internasjonale relasjonar

Marknadsføring, promotering og oversetjing av norsk litteratur

Norsk litteratur står sterkt internasjonalt for tida. Norsk litteratur er med på å auke interessa for Noreg internasjonalt, og gjennom bøkene har ein fått gode ambassadørar i fleire land.

NORLA, Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet, er ein viktig aktør i arbeidet for å promotere og formidle norske skjønn- og faglitterære forfattarar i utlandet.

Hovudmålsetjinga for NORLA er å medverke til at fleire norske titlar vert gjevne ut i utlandet.

1.9 Kulturbasert reiseliv

1.9.1 Reiselivsnæringane

Den totale verdiskapinga i reiselivsnæringane utgjer om lag 3,9 pst. av bruttonasjonalproduktet. I alt sysselset næringa knappe 150 000 personar, og dei fleste er kvinner. Dette utgjer om lag 6,4 pst. av arbeidsstyrken.

Innanfor ferie- og fritidsmarknaden er det ein aukande etterspurnad etter opplevingar. Dei reisande er på leit etter dei ekte og gode opplevingane.

Kulturopplevingar og historiske attraksjonar er mellom dei vanlegaste aktivitetane som turisten oppgjev under val av reisemål. Desse trendane og utviklingstrekka inneber nye sjansar for å utvikle Noreg sin attraktivitet som framtidig reisemål og utvide publikumspotensialet ved kulturattraksjonar.

Grunnlaget for verdiskaping og lønsemd i reiselivsnæringane ligg i evna til å utvikle attraktive produkt som dei reisande etterspør og er viljuge til å betale for.

1.9.2 Nærare om kulturbasert reiseliv

Dei ulike tilboda som kan karakteriserast som kulturbaserte, omfattar ei rekkje tiltak, institusjonar og private verksemder med svært ulikt innhald, finansieringsstruktur og marknadspotensial. Kulturbasert reiseliv vert i stor grad sett i samanheng med naturbasert reiseliv. Nasjonalparksentra gjev til dømes informasjon om både natur- og kulturhistorie.

Kulturattraksjonane fungerer ofte som kollektive gode for reiselivet. I denne samanheng synest det som reiselivsbedriftene i aukande grad gjer bruk av det offentlege kulturlivet i produktet dei tilbyr kundane sine.

Viktige aspekt ved dei nye tilboda er at dei generelt er halvkommersielle og livsstilsprega, og dei har i stor grad kome i stand gjennom privat initiativ frå næringsinteresser eller friviljuge organisasjonar. Tiltaka er viktige element i regional og lokal satsing på reiseliv og kultur, og er ofte kopla til utvikling av lokale kulturattraksjonar. Kommunar og fylkeskommunar er ofte viktige aktørar i å drive prosjekta fram, og sjølv om tiltaka ofte er bygde rundt næringsmessige målsetjingar, er drifta i ein del tilfelle avhengige av offentlege tilskot.

Mange av dei opplevingstilboda som er utvikla dei siste åra, har sterke element av kunst, kultur, kulturarv og kulturvern som gjer dei kulturpolitisk relevante. Men fleire ber også preg av klar næringsverksemd. Eit vesentleg aspekt er at tiltaka i større grad har næringspolitisk enn kulturpolitisk grunngjeving. Det kulturbaserte reiselivet inneheld difor ei rekkje aktivitetar som femner vidare enn det som tradisjonelt har vore emne for ein offentleg kulturpolitikk.

1.9.3 Natur og kulturarv som føresetnad for reiseliv

Omgrepet kultur i samband med kulturbasert reiseliv kan omfatte stadars fysiske miljø, kunstnariske utsmykking, arkitektur, kulturlandskap, ulike tradisjonar og særmerke. Dette er vesentlege faktorar for eit samfunns attraksjonskraft for turistar.

Kulturarv har vist seg å vere ein viktig faktor i utviklinga av ulike lokalsamfunn generelt. Reint konkret er dette manifestert i dei mange ulike prosjekta både nasjonalt og internasjonalt der kulturarv er ein viktig faktor i mellom anna utviklinga av den lokale turistnæringa, vidareføring av bygg- og handverkstradisjonar og utvikling av kunst- og handverksprodukt.

Kulturminne og kulturmiljø tener ofte som gode rammer for reiselivsaktivitetar, det vere seg innomhus, i gardstun, i byane eller i opne landskap. Gode døme er Bryggen i Bergen, stavkyrkjene, bergkunsten i Alta, kunst- og trebyen Risør, jugendbyen Ålesund, bergstaden Røros med landskapet rundt og stølsriket i Valdres.

Aktivitetsferiar kombinert med kulturopplevingar er eit reiselivssegment som er i kraftig vekst både med omsyn til omsetning og med omsyn til talet på turistar som kjem hit.

Miljøverndepartementet har nyleg lagt fram St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Meldinga set mellom anna fokus på korleis kulturminne og kulturmiljø kan vere ein ressurs for utvikling og verdiskaping i lokalsamfunna.

1.9.4 Bygdeturisme

Kulturlandskapet omfattar store delar av landarealet i Noreg og har unike kvalitetar knytte til gamal og tradisjonsrik byggjeskikk, gamle kulturminne, kulturmarker, vegar og liknande. Interessa for dette er aukande, og i mange bygder kombinerer ein kvalitetane i kulturlandskapet med mat og annan stadeigen kultur, som grunnlag for næringsutvikling.

Ved å tilby turistane lokale matkonsept i kombinasjon med til dømes stølsdrift, vakker natur og lokale kunst- og kulturuttrykk, viser røynslene at det er mogeleg å utvikle mangfaldet i reiselivsnæringane saman med masseturismen.

Landbruks- og matdepartementet vil arbeide sentralt for å ta vare på kulturlandskap og kulturmiljø ved å balansere vern og bruk av naturen på ein optimal måte. Vidare vil ein satse på marknadstilpassing av produkta og arbeide for kvalitet i alle ledd, mellom anna ved å medverke til å utvikle kvalitetsstandardar for reiselivsprodukta, og kompetanseoppbygging og forsking. Marknadsføring nasjonalt og internasjonalt vil stå sentralt saman med samarbeid med relevante fora for reiseliv og med andre departement, jf. Landbruks- og matdepartementets vedtekne Nasjonal strategi for næringsutvikling.

1.9.5 Kulturinstitusjonane som reiselivsaktørar

Musea si oppgåve er å forvalte kultur- og naturarven og formidle kunnskapar om menneskeskapte spor i det fortidige landskapet. Musea kan vere ein ressurs for næringslivet. Dette kan gjerast ved at dei ulike partane går meir systematisk i dialog og ved at musea medverkar med sine tenester og sin kompetanse i langt større grad enn tilfellet er i dag.

Musea inngår ofte i det totaltilbodet som gjer Noreg til eit attraktivt reisemål. Vidare medverkar fleire museum i planlegging og utvikling av lokalsamfunn og regionar som reisemål.

Kreativiteten i samarbeidet mellom kulturarvsaktørar, reiselivsnæringane, lokal bedriftsutvikling eller IKT-næringa kan resultere i identitetsskapande produkt og originale løysingar på formidling av tenester. Ikkje minst kan slikt samarbeid på tvers av samfunnsektorar medverke til å skape nye arbeidsplassar.

Sjølv om fleire teater og orkester samarbeider med reiselivsnæringa, er det ikkje noko stort omfang av slike satsingar. Det ser ikkje ut til at reiselivsnæringane i særleg grad arbeider strategisk i høve til kulturinstitusjonane i dag. Ein ser likevel ei viss utvikling i denne lei, og kanskje i større grad på mindre stader enn i dei større byane.

1.9.6 Festivalar og spel

Både internasjonalt og nasjonalt er det ein klar auke i talet på festivalar og spel. Det vert årleg arrangert fleire hundre festivalar i mange sjangrar, i alle storleikar, over heile landet. Det er nærliggjande å tru at festivalane har positiv verknad ut over det kulturaktivitetane gjev i seg sjølve, og at reiselivsnæringane nyt godt av arrangementa gjennom auka besøk og omsetning.

1.9.7 Rammevilkår og utfordringar

Grunnlaget for verdiskaping og lønsemd i reiselivsnæringane ligg i evna til å utvikle attraktive produkt som dei reisande etterspør og som det er god betalingsvilje for. Marknadstilpassa produktutvikling er primært reiselivsbedriftene sitt eige ansvar.

Styresmaktene skal leggje til rette for gode rammevilkår for verdiskaping og eit effektivt verkemiddelapparat som stimulerer til effektiv ressursbruk og lønsemd i reiselivsnæringane. Dei same grunnleggjande prinsippa må gjelde for kulturbasert reiseliv. Dette inneber at denne typen av kommersiell næringsverksemd må vere sjølvgåande og utviklast innanfor ramma av dei generelle rammevilkåra og utan særlege subsidiar eller statlege støtteprogram.

Nærings- og handelsdepartementet vil utarbeide ein handlingsplan for reiseliv våren 2005.

I skjeringsfeltet mellom kultur- og turismeattraksjonar kan det ofte oppstå konfliktar mellom ulike aktørar med ulike verdisett og haldningar. Reiselivsprodukt baserte på kultur, kulturarv og tradisjonar må difor leggjast til rette på ein kjenslevar måte og med respekt for lokal kultur, natur og miljø.

1.10 Matkultur

1.10.1 Innleiing

Mat- og matkultur vert i aukande grad sett i samanheng med reiselivet og utviklinga av opplevingar baserte på lokal kultur, natur og kulturarv. Mat- og matkultur har såleis også vorte eit viktig element i mark­nadsføringa av Noreg i utlandet.

1.10.2 Mat, nisjeproduksjon og opplevingar

Over heile landet har det etter kvart vorte etablert mange tilbod der mat- og måltidsopplevingar og lokale kultur- og naturopplevingar er viktige faktorar. Mat og lokal matkultur vert dessutan rekna som viktige faktorar i utviklinga av ein stads identitet og attraksjonskraft som reisemål.

Trendanalysar viser at mat vert ein stendig viktigare del av reiselivsproduktet. I 2004 og 2005 gjennomførte Utanriksdepartementet og Landbruks- og matdepartementet saman med Innovasjon Noreg ei undersøking på den store forbrukarmessa for mat, Grüne Woche i Berlin. I undersøkinga går det fram at om lag halvparten av dei spurde meinte at mat og matkultur er viktig for val av ferieland.

Undersøkingane dokumenterer òg at tyskarane generelt sett syner interesse for Noreg, og at mat kopla til reiselivsproduktet utgjer eit interessant potensial når det gjeld tyske turistar.

Lokale mattradisjonar kopla til reiseliv er inne i ei særs positiv utvikling i Noreg. Dette heng mellom anna saman med at kulturarven og det lokale særpreget er på frammarsj som ressurs og innovasjonskjelde, som motvekt til det meir standardiserte og globale.

Det er også ein tendens til at marknadsføringa av ulike matprodukt etter kvart har vorte nærare bunden til historie, tradisjonar, identitet, produksjonsstad og natur.

Det er utarbeidd ein handlingsplan for norsk matkultur (SND, 2000). Hovudmålet er å auke verdiskapinga, foredlinga og etterspurnaden etter norske matvarer og mattradisjonar.

1.10.3 Sjømat - ein viktig del av norsk matkultur

I dei siste åra kan ein sjå ein tendens til at forbrukarane ikkje berre vil ha billige produkt, men rein mat med god kvalitet, og dei vil spore att kor maten kjem frå. Forbrukaren spør i aukande grad etter eit vareutval som er prega av mangfald, særpreg, lokal eigenart og kvalitet.

Eksportutvalet for fisk (EFF) har ei sentral rolle i arbeidet med å betre omdømmet til norsk sjømat og for å auke forbruket på kort og lang sikt.

For å skape eit godt utstillingsvindauge for norsk sjømat vert det arrangert mange festivalar over heile landet der sjømat står sentralt. Mattrendar endrar seg, og det er difor viktig heile tida å ha borna med i utviklinga, både for å bevare tradisjonar og for å skape nye. Born og unge må tidleg få kunnskap om historia til fiskeri- og havbruksnæringa, og dei må lære seg å handsame råstoffet og lage til ulike rettar.

1.10.4 Kultursektoren og matkultur

Det kulturpolitiske utgangspunktet for ei interesse for mat og matproduksjon har nettopp vore å ta vare på tradisjonar kring tilverking av mat og handlingsboren kunnskap som oppskrifter, metodar og liknande. Med den aukande interessa for slike aspekt også i landbruks- og reiselivsnæringa gjev dette rom for eit utvida samspel mellom kultursektoren, landbrukssektoren og fiskerisektoren.

Når matkultur og tradisjonar får større plass i reiseliv og turisme, vert det viktig å sikre kvaliteten på det som vert formidla. Eit samarbeid mellom kultursektoren, reiselivsnæringa og landbruksnæringa kan danne utgangspunkt for ulike formidlingsopplegg til born og unge til dømes gjennom Den kulturelle skulesekken. Museum, arkiv og bibliotek med sine fagfolk kan vere viktige ressursar både for kompetanseheving og utvikling i både landbruksnæringa og reiselivsnæringa.

Jærmuseet i Rogaland har til dømes medverka til kompetanseutvikling for det lokale næringslivet på fleire område.

Vern, formidling og bruk av kulturarven langs kysten er gode element i vidareutvikling av lokalsamfunn og regionar. Fiskerinæringar og marine næringar kan nytte kulturarven for produktutvikling. Det er eit stort potensial for næringsutvikling og nye arbeidsplassar langs kysten innanfor turisme og kystkultur.

1.10.5 Verkemiddel og rammevilkår

Landbruks- og matpolitikken femner om heile produksjonskjeda frå produsent til forbrukar og skal sikre ein nasjonal matproduksjon og trygge matvarer. Politikken skal også medverke til at ei rekke sentrale samfunnsmål vert nådde. Koplinga til kultur- og næringsfeltet er særleg sterk. Ein kan seie at mykje av landbruksnæringa er kulturbasert gjennom sin nærleik til matkultur og til kulturlandskapet. I samsvar med dette har verkemidla i landbruks- og matpolitikken ofte parallelle kultur- og næringspolitiske mål.

Verkemiddel for kulturbasert næringsutvikling under Landbruks- og matdepartementet vert kanaliserte gjennom det offentlege verkemiddelapparatet over statsbudsjettet og gjennom landbruksnæringane over jordbruksavtala.

Verkemiddel som er av direkte, praktisk innverknad for kulturbasert næringsutvikling, er sentrale og fylkesvise bygdeutviklingsmidlar, verdiskapingsprogrammet for mat og verdiskapingsprogrammet for rein. Landbruks- og matdepartementet rår også over verkemiddel for bevaring av jordbrukets kulturlandskap, som er ein viktig infrastruktur for landbruksbasert reiseliv og bygdeturisme.

Innovasjon Noreg og fylkesmannen forvaltar dei sentrale og fylkesvise bygdeutviklingsmidlane.

Både ABM-utvikling og Norsk Kulturråd disponerer midlar til ulike tiltak som også kan nyttast til prosjekt som er relaterte til matkultur og mattradisjonar.

1.10.6 Utfordringar og satsingsområde

1.10.6.1 Nettverksbygging

Eit viktig element i den offentlege innsatsen på dette området er å leggje til rette for samarbeid mellom aktørane og medverke til informasjons- og kunnskapsutveksling ved å etablere eller støtte møteplassar. Dette kan til dømes vere festivalar og nettstader.

Regionale konkurranseføremoner kan utviklast gjennom nettverksdanning der produsentane kjem i kontakt med kvarandre for betre å nytte synergiar og kompetanse på tvers av sektorar og bransjar.

Kultursektoren sine ressursar som til dømes arkiv, bibliotek, museum og vitensentra over heile landet kan også på ulike vis vere viktige samarbeidspartnarar for både landbruks- og fiskeriinteresser og reiselivsnæringane.

1.10.6.2 Marknadsføring, merkevarebygging og synleggjering

Dersom ein skal lukkast med å nå ut til forbrukarane med produkta, må matprodusentane fokusere på marknaden utan omsyn til kor i verdikjeda eller produksjonsprosessen dei er.

Sjølv om Noreg eksporterer 95 pst. av all sjømaten som vert produsert her i landet, er heimemarknaden også viktig.

Sjømatnæringa er utan subsidiar. Dette er viktig for å kunne operere på den internasjonale arenaen.

Merkeordningar

Gjennom arbeidet med den offentlege merkeordninga Beskytta nemningar er ein i ferd med å dokumentere mykje av den verdfulle historia som er knytt til mange av dei norske mattradisjonane, produkta og bedriftene.

For betre å synleggjere norske matspesialitetar og matkultur vil ein i åra som kjem, satse meir på å styrkje marknadsretta informasjon, merkeordningar og profileringstiltak nasjonalt og internasjonalt, mellom anna gjennom betre samordning av informasjons- og merkeressursane. Å nytte norsk matkultur i profileringa av Noreg er viktig og nyttig både for norsk omdømme og norsk næringsliv. Mat er eit samlande element som gjev spanande kulturutvekslingar.

1.10.6.3 Informasjon og kompetanseheving

Kompetanse hos den enkelte næringsaktør er viktig for nyskaping, kvalitet og lønsemd. For å medverke til nyskaping i bedriftene er det vesentleg å sjå dei offentlege forskingsmidlane i samanheng med midlane til bedriftsutvikling. Det er òg viktig at det offentlege legg til rette for at kompetanse og kunnskap om marknadsarbeid vert tilført små og mellomstore produsentar på best mogeleg måte.

1.11 Samarbeid mellom kulturliv og næringsliv

1.11.1 Innleiing

Samspel mellom kultur- og næringsliv kan medverke til utvikling og vekst både i kulturlivet og i næringslivet. På den eine sida finst det døme på at kulturlivet kan medverke til omstilling og innovasjon i næringslivet til dømes i design- og produktutvikling, marknadsføring og organisasjonsutvikling.

På den andre sida er det aukande interesse frå kulturlivet for å samarbeide med næringslivet.

Det ser ut til å ha skjedd ei haldningsendring i kulturlivet til sponsing og samarbeid med næringslivet det siste tiåret. Den skepsisen til sponsing og anna samarbeid med næringslivet som ein såg på 1970-talet, ser ein mindre til i dag.

Dei siste åra har ein sett ei utvikling i retning av meir integrert samarbeid og større grad av gjensidig tenesteyting mellom sektorane. Det er ein tendens til at kontakten mellom kulturliv og næringsliv endrar seg frå økonomisk støtte mot logoeksponering eller tenester til avtaler som føreset ei meir gjensidig utveksling av ytingar. Næringslivets bruk av kultur vert såleis meir samansett, og krava til bidraga frå kulturlivet vert meir omfattande og direkte.

Det ligg eit utviklingspotensial i eit tettare samspel mellom kultur- og næringsliv. Regjeringa ynskjer difor å setje søkelyset på dei områda der kultur og næringsliv har gjensidig interesse av samarbeid, og oppmuntre til fleire og meir varierte finansieringskjelder som kan supplere innsatsen frå det offentlege. Fleire finansieringsmåtar kan på sikt medverke til å skape større mangfald og vere med å realisere fleire prosjekt og tiltak. Det kulturpolitiske utgangspunktet om offentleg hovudansvar for finansiering av kulturlivet og om faglege kvalitetskriterium som avgjerande prinsipp for ressursfordeling ligg likevel fast.

1.11.2 Sponsoravtaler

Staten legg til grunn at kulturinstitusjonar utnyttar eigeninntektspotensialet sitt. Kravet om eigeninntekter i det profesjonelle kulturlivet er mellom årsakene til at behovet for sponsorar og samarbeidsavtaler har auka.

I dag ser vi at fleire store kulturinstitusjonar som får driftstilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet, også har sponsor- eller samarbeidsavtaler med næringslivet.

I dag reknar dei fleste store kulturinstitusjonar samarbeid med næringslivet som ei viktig inntektskjelde for å gjennomføre planar og program.

Aukande samspel mellom kultur- og næringsliv reiser særskilte spørsmål i forhold til born og unge. Særleg media, men også andre bransjar, har dei seinare åra lagt eit stort kommersielt press på barne- og ungdomskulturen. Regjeringa ynskjer å avgrense den kommersielle påverknaden av born og unge og sikre utviklinga også av dei ikkje-kommersielle delane av barne- og ungdomskulturen.

I den grad ein går inn for partnarskap mellom kultur og næring bør det finnast spelereglar som tek omsyn til at born og unge er eigne målgrupper som har behov for særskilt vern. Slike spelereglar bør òg ta omsyn til born og unge sin fridom til å uttrykkje seg kulturelt.

1.11.3 Samarbeidsavtaler

Eit utviklingstrekk i kulturlivets avtaler med næringslivet det siste tiåret er overgangen frå rein mesenverksemd og milde gåver til samarbeidsavtaler som liknar meir på utveksling av tenester. Dette har ført til ei utvikling frå tradisjonell sponsing i form av velgjerd og moderat logoeksponering, til samarbeidsavtaler der kulturprodukta og aktivitetane i større grad vert integrert i bedrifta sin profil og organisasjon.

Mange bedrifter er av den oppfatninga at eit samarbeid med kulturlivet gjev færre overskrifter og lite mediemerksemd, samanlikna med til dømes idrettsarrangement og idrettsutøvarar.

Det er ein generell tendens til at næringslivet først og fremst ynskjer å samarbeide med dei store institusjonane som både er kjente, vellukka og vel etablerte. Næringslivet ynskjer seg i mindre grad dei små og meir perifere prosjekta, som i nokre tilfelle også kan ha ei meir utfordrande stemme.

Mange bedrifter søkjer i dag etter nye måtar å utvikle dei tilsette på. Det finst fleire døme på at kulturen kan medverke til å utvikle kreativitet og kroppsspråk, estetikk og skriving, prosjektleiing, samarbeid og produktivitet i mange bedrifter. Kulturen kan også utfordre fordommar og snu opp-ned på innarbeidde rutinar og tenkjemåtar i ein organisasjon.

Eit samarbeid mellom kulturlivet og næringslivet har framleis eit stort potensial i Noreg. Samarbeidsavtaler med næringslivet kan i mange tilfelle bety at kulturlivet kan nå fleire og nye publikumsgrupper, noko som både kan føre til auka inntekter og meir merksemd om kultur.

Kulturlivet kan på fleire måtar medverke i utviklinga av eit innovativt og konkurransedyktig næringsliv, samstundes som næringslivet kan medverke med kompetanse og nye sjansar for kulturlivet.

Betre kompetanse og innsikt kan tvillaust betre grunnlaget for eit godt og gjensidig utbytte av samarbeidet mellom kultur- og næringsliv.

Det er difor viktig at det vert lagt til rette for ei auka tilnærming mellom kultur- og næringsliv. Gode informasjonskanalar, møteplassar og nettverk vil medverke til auka gjensidig forståing og kompetanseoverføring og til betre samhandling.

1.11.4 Aktørar og verkemiddel

Foreiningar til fremje av samarbeid mellom kultur og næring

Graden av kultursponsing og samarbeid mellom kultur og næring har samanheng med politiske tradisjonar i ulike land. Samanlikna med ein del andre land har Noreg ein relativt svak tradisjon med mesenar, stiftingar og sponsoravtaler på kulturfeltet og det offentlege har ei sentral rolle i utviklinga av kultursektoren.

Forum for Kultur & Næringsliv i Noreg vart oppretta i 2001 med sentrale bedrifter og kulturorganisasjonar som initiativtakarar. Medlemsorganisasjonen har sidan starten fått driftsstøtte frå både Kultur- og kyrkjedepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Målet med organisasjonen er å etablere ein møteplass mellom kultur og næringsliv for å stimulere til gjensidig utveksling av kunnskap, kontakt, kompetanse, verdiar og haldningar.

Skattefrådrag

Noreg har ingen uttrykkelege føresegner om frådragsrett for sponsing av kultur. Prinsipielt gjeld at skattytar får frådrag for dei kostnadene han har hatt i samband med tileigning av inntekta. Det er i dag difor mogeleg å få frådrag for kostnader til kultursponsing i den utstrekning sponsinga kan seiast å ha reklameverdi.

Frå og med inntektsåret 2000 vart det innført frådragsrett for pengegåve opp til til visse friviljuge organisasjonar, mellom anna til organisasjonar som driv barne- og ungdomsretta arbeid innan musikk, teater, litteratur, dans, idrett og kulturvern. Med verknad frå inntektsåret 2005 er frådragsramma auka til kr 12 000.

Utleige av kunst

På bakgrunn av Stortingets vedtak 27. november 2003 bad Kultur- og kyrkjedepartementet alle aktuelle museum gjennom tildelings- og tilskotsbreva for 2004 om å leggje til rette for utlån og utleige av kunst- og kulturgjenstandar til bruk for forsking og formidling.

Det er mange omsyn som skal ivaretakast, men dersom offentlege interesser ikkje er til hinder for det, vil utlån og utleige av gjenstandar vere positive ved at dei gjev musea nye arenaer for å vise fram materialet sitt og til å aktivere materiale som elles er magasinert. Samstundes kan utleige representere ei mogeleg inntektskjelde.

Departementet vil i samarbeid med mellom anna Nasjonalmuseet for kunst initiere konkrete tiltak for i første omgang å vinne fleire praktiske røynsler med utlån/utleige frå offentlege samlingar før eit opplegg i større skala vert sett i verk.