Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Til Stortinget
I løyvinga på kap. 1062 post 1 er det for 2005 lagt til grunn ei avsetjing til husleigekostnader knytt til Kystdirektoratet sine gamle kontorlokale i Rådhusgaten i Oslo for første halvår 2005. I forhandlingar med ny eigar av lokala har det lukkast å kome til semje om å få avvikla leigekontrakten, men først frå og med november 2005. Det vert difor fremja forslag om ei auke i løyvinga på kap. 1062 post 1 på 1,7 mill. kroner.
Posten dekkjer utgifter til aksjonar mot akutt ureining. Den ordinære løvyinga på posten vil medgå i heilskap til mindre aksjonar osb. i 2005. I tillegg er det utløyst garantiar for om lag 2 mill. kroner. På bakgrunn av dette fremjast det forslag om at løvyinga på kap. 1062 post 21 aukar med 2 mill. kroner i 2005.
Som følgje av lønskompensasjonen for 2005 er det behov for å auke løyvinga på kap. 4062 post 1 med 4,66 mill. kroner. Det vert difor fremja forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 1 vert auka med 4,66 mill. kroner i 2005.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Svein Gjelseth, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Truls Wickholm, frå Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud, lederen Per Sandberg og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Kristeleg Folkeparti, Jan Sahl, frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, og frå Venstre, Borghild Tenden, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
Utgifter: |
|||
|
1062 |
Kystverket |
||
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
1 700 000 | |
|
frå kr 839 195 000 til kr 840 895 000 |
|||
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir auka med |
2 000 000 | |
|
frå kr 6 510 000 til kr 8 510 000 |
|||
|
4062 |
Kystverket |
||
|
1 |
Gebyrinntekter, blir auka med |
4 660 000 | |
|
frå kr 535 390 000 til kr 540 050 000 |
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 1. desember 2005
|
Per Sandberg leiar |
Tor-Arne Strøm ordførar |