1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2005. Siktemålet er å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2005 vart utarbeidd.

Gitt den komplekse samansetjinga av kapittel med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rett måte.

Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønnskompensasjonen for 2005, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene og oppdatering og formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 82,6 mill. kroner.

Proposisjonen sikrar vidare at endringane i budsjettføresetnadene også vert handsama i tråd med dei overordna omstillingsmåla Stortinget har lagt for utviklinga i forsvarssektoren. Justeringane i denne proposisjonen ivaretek dette slik at justeringane som her vert skisserte, tilrettelegg for ei vidare utvikling mot oppnåing av omstillingsmåla for perioden 2002-2005.

1.2 Tilleggsløyvingar

Kompensasjon for auka meirverdiavgift i Luftforsvaret

På bakgrunn av innføring av meirverdiavgift på kjøp av tenester frå AVINOR, foreslår Regjeringa ei tilleggsløyving på 17,4 mill. kroner over forsvarsbudsjettet for å kompensere for auka utgifter for Luftforsvaret.

1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2005, dei seinare endringane gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendringar under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2004. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2005 (119,9 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2005, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2005

30 388 943

Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 112,8 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 29,574 mill. kroner, jf. Budsjett-innst. S. nr. 1 (2004-2005)

-29 574

St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005 (RNB), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005)

-560 000

St.prp. nr. 37 (2004-2005) Om endringer under enkelte kapitler på statsbudsjettet for 2005 under Utenriksdepartementet, Kultur- og kirkedepartementet, Justis- og politidepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Forsvarsdepartementet som følge av flodbølgekatastrofen i Sør-Asia, jf. Innst. S. nr. 157 (2004-2005)

11 100

St.prp. nr. 70 (2004-2005) Om endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap og om endring i gradsnivå for militære embete ("soldatproposisjonen"), jf. Innst. S. nr. 274 (2004-2005)

6 750

Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005). Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 20,211 mill. kroner

-20 211

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

119 931

= Faktisk løyving før omgruppering

29 916 939

Midlar ført over frå 2004

287 630

Disponible midlar i 2005 før omgrupperinga

30 204 569

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2005 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2005

969 602

= Løyvingar før omgruppering

969 602

1.3.2 Inntekter i 2005

I høve til vedtatt budsjett for 2005 er det ei mindreinntekt på 100 mill. kroner som er foreslått trekt frå utgiftssida.

Det vert vist til Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt (jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005), vedtak II Meirinntektsfullmakt). Det er forventa meirinntekter som skuldast tilsvarande utgift i 2005. Meirinntektene vil bli tatt omsyn til ved årets overføringsforslag til Finansdepartementet.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Reduksjon på utgiftssida grunna mindreinntekt trekt frå utgiftssida

-100 000

+ Tilleggsløyvingar

17 400

= Sum behov ved omgrupperinga

-82 600

+ Løyvingar før omgrupperinga

29 916 939

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

29 834 339

= Samla disponible midlar i 2005 etter omgrupperinga

30 121 969

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

969 602

Mindreinntekter

-100 000

= Løyvingar etter omgrupperinga

869 602

Departementet foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 82,6 mill. kroner og at inntektsramma vert redusert med 100 mill. kroner.

1.3.3 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av mindreinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg.-/Meirutg.+

1

Driftsutgifter

99 628

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-20 000

45

Store nyskaffingar

-291 000

47

Nye bygg og anlegg

170 800

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-100 000

50

Overføringar Statens Pensjonskasse

60 000

60

Tilskot til kommunar

-1 273

70

Renter låneordning

-755

Sum

 -82 600

1.3.4 Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt. -/Meirinnt.+

1

Driftsinntekter

0

45

Store nyskaffingar

0

47

Sal av eigedom

0

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

-100 000

90

Lån til bustadføremål

0

Sum

- 100 000