Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar av løyvingar i 2005 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 56 (2005-2006)
  • Kildedok: St.prp. nr. 26 (2005-2006), unnateke kap. 1062 og 4062
  • Dato: 13.12.2005
  • Utgiver: Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Kap. 1020 og 4020 Havforskningsinstituttet

Departementet syner til at det har vore eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005. Av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering gjer departementet difor framlegg om å auke både inntekts- og utgiftssida med 65 mill. kroner. Løyvinga på kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4020 post 3 Oppdragsinntekter vert etter dette å auke med 65 mill. kroner.

Kap. 1021og 4021 Drift av forskningsfartøyene

På grunn av eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2005, gjer departementet av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering framlegg om å auke både inntekts- og utgiftssida med 40 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4021 post 1 Oppdragsinntekter vert å auke med 40 mill. kroner.

Kap. 1023 og 4023 Fiskeri-, havbruks- og transportrettet FoU

På grunn av eit vesentleg høgare aktivitetsnivå på oppdragsverksemda enn det som vart lagt til grunn i budsjettet for 2005, gjer departementet av omsyn til prinsippet om realistisk budsjettering framlegg om å auke både inntekts- og utgiftssida med 30 mill. kroner. Det inneber at løyvinga på kap. 1023 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 4023 post 1 Inntekter vert å auke med 30 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Anniken Huitfeldt, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, leiaren Ine Marie Eriksen og Gunnar Gundersen, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Ola T. Lånke, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, har ingen merknader til framlegga.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1020

Havforskningsinstituttet

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

65 000 000

frå kr 134 930 000 til kr 19 9930 000

1021

Drift av forskningsfartøyene

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

40 000 000

frå kr 82 500 000 til kr 122 500 000

1023

Fiskeri-, havbruks- og transportrettet FoU

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

30 000 000

frå kr 9 100 000 til kr 39 100 000

4020

Havforskningsinstituttet

3

Oppdragsinntekter, blir auka med

65 000 000

frå kr 164 930 000 til kr 229 930 000

4021

Drift av forskningsfartøyene

1

Oppdragsinntekter, blir auka med

40 000 000

frå kr 82 500 000 til kr 122 500 000

4023

Fiskeri-, havbruks- og transportrettet FoU

1

Inntekter, blir auka med

30 000 000

frå kr 9 100 000 til kr 39 100 000

Oslo, i kyrkje,- utdannings- og forskingskomiteen, den 13. desember 2005

Ine Marie Eriksen

leiar

Åse M. Schmidt

ordførar