Innstilling frå justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2005 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Innhold

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Justis- og politidepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2005.

1.2 Forslag om endringar

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 21 med 8 mill. kroner.

Kap. 414 Domsutgifter

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer i hovudsak godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til mellom anna meddommarar, lagrettemedlemmer, vitner og rettsvitner og reiseutgifter til desse. Utgiftene vil variere med mengda og omfanget av dei straffesakene som blir behandla i domstolane. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 414 post 1 med 20 mill. kroner.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 1 Rettsgebyr

Løyvinga på posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410 post 1 med 80 mill. kroner.

Post 4 Gebyrinntektene til lensmennene

Løyvinga på posten dekkjer gebyra som lensmennene, i eigenskap av namsmenn, krev inn i samband med tvangsforretningar. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3410 post 4 med 20 mill. kroner.

Østfold politidistrikt har allereie i 2005 overteke oppgåver med omsyn til den sivile rettspleia på grunnplanet. Oppgåvene skal gebyrfinansierast. Justis- og politidepartementet foreslår at kap. 3410 post 4 vert auka med 2,8 mill. kroner.

Samla forslag om reduksjon av løyvinga på kap. 3410 post 4 blir etter dette 17,2 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 1 Driftsutgifter

Regjeringa foreslår at løyvinga på kap. 430 post 1 blir auka med 10 mill. kroner for å dekkje kriminalomsorga sine utgifter til deltaking i fleire prosjekt og tiltak saman med andre offentlege etatar.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år blir det foreslått å redusere løyvinga under posten med 30 mill. kroner. Dette er skulda av at færre saker enn venta vert omgjort frå sikring til forvaring, samt at det kommer færre nye saker enn venta.

Post 70 Tilskot

Det har førebels ikkje vore mogeleg å etablere samarbeid mellom kriminalomsorga og samarbeidsorganisasjonen Nytt Liv i tråd med vedtaket i Budsjett-innst. S. nr. 4 (2004-2005) og prinsippa for programverksemda i kriminalomsorga. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 3 Andre inntekter

Løyvinga på posten blei i 2005 auka grunna eigedomssal. Det er ikkje mogeleg å gjennomføre ein vesentleg del av salet i år tilsvarande salsinntekter på 14,4 mill. kroner.

Kriminalomsorga reknar med å få tilskot og annan økonomisk kompensasjon frå andre offentlege etatar på om lag 10 mill. kroner som det ikkje er budsjettert med på posten. Tilskota skal dekkje kriminalomsorga sine utgifter knytta til deltaking i fleire prosjekt og tiltak. Tilskota blir ført på kap. 3430 post 3, medan utgiftene blir ført på kap. 430 post 1.

Regjeringa foreslår at løyvinga på kap. 3430 post 3 blir redusert med 4,4 mill. kroner.

Kap. 440 Politidirektoratet - politi- og lensmanns­etaten

Post 1 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter
Flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia

Norge og norsk politi har teke eit internasjonalt ansvar i samband med flodbølgjekatastrofen. Dei norske mannskapa har i stor grad koordinert det omfattande identifiseringsarbeidet, og ytt hjelp til styresmaktene i Thailand. Justis- og politidepartementet foreslår at kap. 440 post 1 blir auka med 17,1 mill. kroner.

Sivil rettspleie på grunnplanet i Østfold politidistrikt

Ansvaret for den sivile rettspleien på grunnplanet skal frå 1. januar 2006 overførast til politi- og lensmannsetaten. Østfold politidistrikt har allereie i 2005 overteke delar av oppgåvene på feltet. Som følgje av dette foreslår Justis- og politidepartementet at kap. 440 post 1 blir auka med 2,8 mill. kroner.

Passproduksjon

Talet på utstedte pass har auka i høve til overslaga i samband med RNB 2005. Det er venta 550 000 utstedte pass i 2005. Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 440 post 1 med 7,3 mill. kroner.

Asyl- og utlendingsfeltet

I RNB 2005 blei kap. 440 post 1 redusert med 18,3 mill. kroner i samband med at prognosane for talet på asylsøkjarar blei redusert. Prognoseendringa for asylsøkjarar førde også til at politiet sine måltal blei reduserte. Politiet sine utgifter i samband med asyl- og utlendingssaker blir delvis dekka over kap. 440 post 1 og delvis over kap. 440 post 21. Reduksjonen på 18,3 mill. kroner skulle blitt ført på kap. 440 post 21, og det er såleis naudsynt å justere på fordelinga mellom postane. Justis- og politidepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 18,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440 post 21.

Samla forslag om auke av løyvinga på kap. 440 post 1 blir etter dette 45,5 mill. kroner.

Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag

Med bakgrunn i rekneskapstala hittil i år foreslår Justis- og politidepartementet å redusere løyvinga på kap. 440 post 22 med 2 mill. kroner.

Kap. 3440 Politidirektoratet - politi- og lensmanns­etaten

Post 1 Gebyr

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for passinntektene, foreslår Justis- og politidepartementet å auka løyvinga på kap. 3440 post 1 med 50 mill. kroner.

Post 06 Gebyr - utlendingssaker

På bakgrunn av rekneskapstala hittil i år, og venta utvikling for inntektene på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids- og busetjingsløyver foreslår Justis- og politidepartementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 6 med 3 mill. kroner.

Kap. 450 Sivile vernepliktige

Post 1 Driftsutgifter

I RNB 2005 blei det vedteke å redusere kap. 450 post 1 med 14,4 mill. kroner. Reduksjonen i løyvinga skulle dekkjest ved førtidsdimittering av mannskap.

Som følgje av kostnader i samband med auka dimisjonsgodtgjersle og auka satsar elles til mannskapa, har føresetnadane for innsparinga som blei lagt til grunn i RNB ikkje vore mogeleg å følgje. Justis- og politidepartementet foreslår derfor som følge av meirutgifter å auke løyvinga med 6 mill. kroner i 2005.

Kap. 3450 Sivile vernepliktige

Post 1 Driftsutgifter

Rekneskapstal hittil i år visar at meirinntektene vil bli på om lag 13 mill. kroner som følgje av lågare sjukefråver hos mannskapa enn forventa, auka inntekter frå den valdsforebyggjande tenesta. Vidare har talet på dei betalingsfrie årsverka gått ned, mellom anna har ein ikkje lenger mannskap som bur i siviltenesteleiren. Justis- og politidepartementet foreslår derfor at 3 mill. kroner av meirinntektene på kap. 3450 post 1 kan nyttast til å dekke meirutgiftene på kap. 450 post 1 tilsvarande.

Justis- og politidepartementet foreslår å auke løyvinga på kapittel 3450 post 1 med 13 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9. Utgiftene på posten er regelbundne.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 30 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 70 med 35 mill. kroner.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 71 med 15 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 70 Erstatning til valdsofre

Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving og dekkjer erstatningar etter voldsofferlova. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 70 med 25 mill. kroner.

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslags­løyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetalingar som følgje av staten sitt erstatningsansvar på grunnlag av alminnelege erstatningsreglar, med unntak av ansvar i kontraktforhold og ansvar i samband med forretningsdrifta til staten. Løyvinga på posten er regelbunden overslagsløyving. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 15 mill. kroner.

(Ny) Post 73, Erstatning til etterlatne etter dei omkomne i forliset av Utvik Senior, kan overførast

Stortinget gjorde 13. juni 2005 vedtak om at det skal etablerast ei særskilt erstatningsordning for etterlatne etter Utvik Senior og bad Regjeringa oppnemne ei eiga nemnd som får i oppdrag å fastsette erstatningsbeløp og definere kven som skal omfattast av ordninga.

På denne bakgrunn oppnemnde Justis- og politidepartementet i juli 2005 ei nemnd, som avga si innstilling til departementet i september 2005. Nemnda foreslår i innstillinga at dei etterlatne skal få erstatning på til saman 5,2 mill. kroner, fordelt på totalt 43 etterlatne med beløp frå 50 000 kroner til 200 000 kroner.

Nemnda si endelege innstilling er vedlagt proposisjonen. I samsvar med vedlagte innstilling frå nemnda foreslår Justis- og politidepartementet at Stortinget løyver 5,2 mill. kroner til dei etterlatne etter dei som omkom under Utvik Senior sitt forlis.

1.3 Andre saker

Sal av staten sine aksjar i AS Rehabil, Blindes Produkter AS og Industritjeneste AS

Arbeids- og sosialdepartementet eig 100 pst. av aksjane i attføringsverksemdene AS Rehabil og 44, 4 pst. av aksjane i Blindes Produkter AS. Saman med Justis- og politidepartementet eig òg Arbeids- og sosialdepartementet aksjar i Industritjeneste AS. Justis- og politidepartementet eig 46,1 pst. av aksjane. Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet ynskjer no å avhende sine eigarandelar i desse verksemdene.

Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og politidepartementet ber om at Stortinget samtykkjer i å selje aksjane i dei nemde verksemdene.

Spesialeininga for politisaker

Spesialeininga for politisaker blei oppretta 1. januar 2005. Løyvinga på kap. 460 post 1 blei i samband med opprettinga auka til 20,793 mill. kroner i 2005, mellom anna til dekning av enkelte utgifter for utført arbeid i 2004 av medlemmer av den gamle SEFO-ordninga.

I RNB 2005 blei løyvinga på kap. 460 post 1 auka med 1 mill. kroner til dekning av meirutgifter i samband med etablering av elektronisk verktøy for saksbehandling og tilknytning til politiet sine system for saksbehandling.

Utgiftene i 2005 knytta til den gamle SEFO-ordninga viser seg å være høgare enn venta. Samstundes tek det lengre tid enn forventa å etablere elektronisk verktøy for saksbehandling i Spesialeininga og tilknytning til politiet sine system.

Justis- og politidepartementet foreslår derfor at tilleggsløyvinga på 1 mill. kroner som blei vedteke i Revidert nasjonalbudsjett for 2005 blir nytta til å dekkje meirutgifter i 2005 knytta til den gamle SEFO-ordninga.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Thore A. Nistad, frå Høgre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo, viser til den framlagte proposisjonen med forslag om endringar i bevilgningene under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2005. Komiteen har merka seg at endringsforslagene på nokre av dei regelbundne postane er baserte på regnskapstall pr. 30. september 2005. Komiteen har vidare merka seg at departementet understreker at tala for forbruk på dei regelbundne postane er prognosar, og at endelege rekneskapstal kan avvike frå prognosane.

2.1 Særskilt om erstatning til etterlatne etter dei omkomne i forliset av Utvik Senior

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at fiskefartøyet Utvik Senior forliste 17. februar 1978 på vei hjem fra fiskefeltet Stordjupta mot land i Steinfjord på Senja i Troms. Fartøyet hadde en besetning på ni mann. Alle omkom ved forliset. Flertallet viser til at dette har vært en svært vanskelig sak, både for de etterlatte og kystbefolkninga for øvrig, og at det derfor har vært viktig å få kastet lys over de egentlige årsakene til forliset.

Flertallet konstaterer at den andre undersøkelseskommisjonen for forliset brakte klarhet i et av de viktigste ankepunktene de etterlatte hadde etter at den første undersøkelseskommisjonen hadde konkludert, nemlig at årsaken til Utvik Seniors forlis ikke skyldtes feilnavigering. Flertallet legger til grunn at dette innebærer en fullstendig renvasking av mannskapet, noe som i lang tid har vært hovedfokuset hos de etterlatte og kystbefolkningen for øvrig.

Flertallet viser til at ei nemnd har gjennomgått saken og foreslår en erstatning til de etterlatte som totalt beløper seg til 5,2 mill. kroner. Dette beløpet har også Justisdepartementet lagt til grunn i sin behandling av saken. Flertallet ser det som viktig at de etterlatte skal ha mulighet til å få dekket sine saksomkostninger, og viser til at de etterlatte har mulighet til å søke om å få sine utgifter dekket gjennom fri rettshjelsps-ordninger hos fylkesmannen, med mulighet til å anke til Justisdepartementet. Flertallet antar at en søknad om fri rettshjelp til å dekke relevante saksomkostninger, gis en positiv behandling. Flertallet viser for øvrig til komiteens generelle merknader i Innst. S. nr. 152 (2004-2005).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er nå fornøyde med at saken om Utvik Senior ser ut til å nærme seg en endelig avklaring. Saken har versert i mange år og har blitt et eksempel på at dersom man makter å stå imot statens press, vil rettferdighet til slutt finne sted.

Disse medlemmer vil derfor rose de etterlatte etter Utvik senior som har gjort nettopp dette og gjennom sitt utrettelige arbeid har bidratt til at den korrekte sannhet kom for en dag til slutt.

Disse medlemmer vil for øvrig vise til at denne saken også har utfordret storting og flere regjeringer. At saken nå søkes avsluttet på en verdig måte, mener disse medlemmer er i alles interesse. Det er derfor om å gjøre at Stortingets behandling utføres på en måte som også de etterlatte kan akseptere.

Disse medlemmer er i så henseende skuffet over den foreslåtte erstatning til de etterlatte og mener at den ikke er god nok. Det samme oppfatter disse medlemmer er tilbakemeldingen fra etterlatte disse medlemmer har vært i kontakt med. Selv om man ikke fullt ut kan kompensere for det som har skjedd, ønsker disse medlemmer å heve det foreslåtte grunnbeløp.

Disse medlemmer vil derfor foreslå følgende endring:

"Stortinget ber Regjeringen øke det foreslåtte minstebeløpet for erstatning fra 50 000 kroner til 100 000 kroner til de etterlatte etter de omkomne i forliset av Utvik Senior, og at de øvrige erstatningsbeløp økes tilsvarende."

Disse medlemmer forutsetter videre at erstatningsberegningen ivaretar de ulike sosiale utfordringer de etterlatte ble utsatt for, slik at dette fremkommer som ulikheter i erstatningen. Kun en slik "vekting" vil sikre det som var forutsetningen fra Stortingets flertall; Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti da dette flertall avga sin innstilling under det som er grunnlaget for den foreslåtte erstatning i St.prp. nr. 18 (2005-2006).

Disse medlemmer vil videre hevde at de etterlatte må få dekket sine relevante advokatutgifter i denne saken. I motsatt fall vil det kunne føre til at de som har benyttet advokatbistand for å sikre sine interesser, sitter tomhendt tilbake fordi erstatningsbeløpet er gått med til å dekke advokatsalærer. En annen mulig konsekvens er at de som ikke benyttet advokatbistand, vil sitte igjen med sin personlige erstatning selv om også disse kan ha dratt nytte av det andres advokater har fremskaffet.

Disse medlemmer vil derfor hevde at det eneste korrekte i denne situasjonen er at staten, som tidligere har hevdet helt andre grunner for at Utvik Senior sank, tar det ansvar som ligger her og dekker alle relevante advokatutgifter. Dette ut fra en vurdering i denne aktuelle saken.

Disse medlemmer fremmer således følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen dekke de etterlattes relevante advokatutgifter etter Utvik Senior-forliset."

Disse medlemmer registrerer at flertallet i forhold til dekning av saksomkostninger henviser de etterlatte etter Utvik Senior "til å søke saksomkostningene dekket gjennom de ordinære rettshjelpsordninger". Disse medlemmer mener dette ikke er tilstrekkelig. For det første har de ordinære rettshjelpsordningene en rekke beskrankninger, for eksempel i forhold til inntekter og hvilke saker det gjelder. Det er videre betenkelig at komiteens flertall, om de virkelig ønsker at de etterlatte skal få sine utgifter dekket, henviser til at dette skal dekkes gjennom en ordning, og et organ, hvor Stortinget ikke har noen form for instruksjonsmyndighet.

Disse medlemmer mener denne saken er spesiell og særegen. Dette krever også særskilte løsninger fra Stortinget, dersom man ønsker å sikre seg at de etterlatte får dekket sine saksomkostninger. Disse medlemmer mener det riktige må være som nevnt foran, at Stortinget ber Regjeringen dekke de etterlattes relevante advokatutgifter i forbindelse med Utvik Senior-forliset.

Disse medlemmer håper at et flertall på Stortinget kan slutte seg til de endringer som her foreslås, da det vil kunne bidra til en slutt på en sak som har utfordret, frustrert og til dels provosert folk i store deler av landet, kanskje Nord- Norge spesielt.

3. Forslag frå mindretal

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen øke det foreslåtte minstebeløpet for erstatning fra 50 000 kroner til 100 000 kroner til de etterlatte etter de omkomne i forliset av Utvik Senior, og at de øvrige erstatningsbeløp økes tilsvarende.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen dekke de etterlattes relevante advokatutgifter etter Utvik Senior- forliset.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

410

Tingrettene og lagmannsrettene (jf. kap. 3410)

21

Spesielle driftsutgifter, nedsettes med

8 000 000

fra kr 96 467 000 til kr 88 467 000

414

Domsutgifter

1

Driftsutgifter, forhøyes med

20 000 000

fra kr 75 430 000 til kr 95 430 000

430

Kriminalomsorgens sentrale forvaltning (jf. kap. 3430)

1

Driftsutgifter, forhøyes med

10 000 000

fra kr 1 817 175 000 til kr 1 827 175 000

60

Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres, nedsettes med

30 000 000

fra kr 60 030 000 til kr 30 030 000

70

Tilskudd, nedsettes med

1 000 000

fra kr 12 056 000 til kr 11 056 000

440

Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 3440)

1

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441, post 1, forhøyes med

45 500 000

fra kr 6 578 250 000 til kr 6 623 750 000

21

Spesielle driftsutgifter, nedsettes med

18 300 000

fra kr 99 341 000 til kr 81 041 000

22

Søk etter omkomne på havet, i innsjøer og vassdrag, kan overføres, nedsettes med

2 000 000

fra kr 7 644 000 til kr 5 644 000

450

Sivile vernepliktige (jf. kap. 3450)

1

Driftsutgifter, forhøyes med

6 000 000

fra kr 120 345 000 til kr 126 345 000

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m. (jf. kap. 3466)

1

Driftsutgifter, forhøyes med

30 000 000

fra kr 582 870 000 til kr 612 870 000

470

Fri rettshjelp (jf. kap. 3470)

70

Fri sakførsel, forhøyes med

35 000 000

fra kr 330 783 000 til kr 365 783 000

71

Fritt rettsråd, forhøyes med

15 000 000

fra kr 222 048 000 til kr 237 048 000

471

Statens erstatningsansvar

70

Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning, forhøyes med

25 000 000

fra kr 79 783 000 til kr 104 783 000

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning, forhøyes med

15 000 000

fra kr 77 426 000 til kr 92 426 000

73 (Ny)

Erstatning til etterlatte etter de omkomne i Utvik seniors" forlis, kan overføres, bevilges med

5 200 000

Inntekter

3410

Rettsgebyr (jf. kap. 410)

1

Rettsgebyr, nedsettes med

80 000 000

fra kr 1 429 568 000 til kr 1 349 568 000

4

Lensmennenes gebyrinntekter, nedsettes med

17 200 000

fra kr 340 742 000 til kr 323 542 000

3430

Kriminalomsorgens sentrale forvaltning (jf. kap. 430)

3

Andre inntekter, nedsettes med

4 400 000

fra kr 21 604 000 til kr 17 204 000

3440

Politidirektoratet - Politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 440)

1

Gebyrer, forhøyes med

50 000 000

fra kr 410 040 000 til kr 460 040 000

6

Gebyrer - utlendingssaker, nedsettes med

3 000 000

fra kr 57 200 000 til kr 54 200 000

3450

Sivile vernepliktige, driftsinntekter (jf. kap. 450)

1

Inntekter av arbeid, forhøyes med

13 000 000

fra kr 34 076 000 til kr 47 076 000

Oslo, i justiskomiteen, den 13. desember 2005

Anne Marit Bjørnflaten

leder og ordfører