Komiteens merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, lederen Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, viser til forslag frå stortingsrepresentantane Jan-Henrik Fredriksen og Øyvind Korsberg om at Investeringsfondet for Nordvest-Russland vert flytta og lagt til Kirkenes.

Komiteen viser til at Investeringsfond for Nordvest-Russland blei oppretta i 1996. Fondet blei oppretta som ei følgje av dei næringsmessige omstillingane i Sør-Varanger kommune.

Komiteen viser elles til at Investeringsfondet for Aust-Europa blei oppretta i 1997. Fondet skulle opphaveleg dekkje behovet for statleg medverknad i investeringar i store delar av Russland og Sentral- og Aust-Europa.

Komiteen registrerer at fonda blir administrert av Fondsforvaltninga ved Innovasjon Norge sitt hovudkontor i Oslo. Administrasjon av desse fonda har sidan starten vore i Oslo.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at fondsleiinga slik kan trekkje vekslar på kompetansen i Innovasjon Norge. Fleirtalet viser til brev frå NHD av 2. desember 2005 (lagt ved) der det står at Innovasjon Norge har ein utstrakt kontakt med sine distriktskontor i Nord-Noreg.

Fleirtalet vil peike på at Innovasjon Norge vil styrke sin administrasjon i nord ved at det vert etablert ei ny stilling i Finnmark og at det tidleg i 2006 vil bli oppretta ei ny stilling ved generalkonsulatet i Murmansk. Dette på bakgrunn av at det vert forventa auka norsk aktivitet mot Nordvest-Russland i framtida. Fleirtalet er positive til at det no leggjast opp til ei administrativ styrking i nord og at ein dermed vil få ein effektiv administrasjon som kan ta hand om norske bedrifter som satsar i Nordvest-Russland. Denne organiseringa vil sikre ei god forvaltning og lokalt nærvær med direkte kontakt til eit breitt fagleg miljø i heile Innovasjon Norge. I tillegg vil ei styrking av administrasjonen i Kirkenes i realiteten innebere at det meste av sakshandsaminga blir gjort der, samstundes som administrasjonen i Kirkenes kan trekkje vekslar på den kompetansen som elles finst i Innovasjon Norge.

Fleirtalet vil streke under at det er viktig at Aust-Europafondet blir oppretthalde som eit virkemiddel overfor dei landa som ikkje er medlemer av EU. Dette fondet er viktig for næringslivet i dette området og i Noreg.

Fleirtalet meiner at ei overføring av midlar frå Aust-Europafondet til Nordvest-Russlandfondet vil innebere ei avvikling av fondet, og kan ikkje tilrå dette.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er av den meining at ei eventuell flytting av forvaltninga av Investeringsfondet for Nordvest-Russland til Kirkenes vil gje eit meir uoversiktleg verkemiddelapparat og dermed eit dårlegare tilbod til næringslivet. På denne bakgrunn kan dette fleirtalet ikkje tilrå at forvaltninga blir lagt til Kirkenes.

Dette fleirtalet rår til at framlegget blir avvist.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre ser at det kan vere fordelar med å flytte administrasjonen av Investeringsfond for Nordvest-Russland nærare verkeområdet. Desse medlemene meiner at dette mellom anna må vurderast i samanheng med forvaltinga av dei andre fonda som i dag blir administrerte av Innovasjon Norge, og fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa kome tilbake til Stortinget våren 2006 med ei vurdering av administrasjon og lokalisering av fonda som i dag blir administrerte av Innovasjon Norge."

Desse medlemene rår til at forslaget blir lagt ved protokollen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Investeringsfondet for Nordvest-Russland siden opprettelsen har foretatt et begrenset antall investeringer, noe som gjør at man vanskelig når målsettingene med fondet. Disse medlemmer mener det er av viktighet å legge til rette for at investeringsfondet skal nå sin opprinnelige målsetting som var å styrke samarbeidet mellom bedrifter i sitt virkeområde. Disse medlemmer mener at et viktig tiltak for å få en bedre effekt av fondet vil være å flytte forvaltningen fra Oslo til Kirkenes. Det er et ønske i regionen om å flytte fondet dit. Dette vil bety at forvaltningen flyttes så nær virkeområdet som mulig, noe som i seg selv må betegnes som positivt. Det er også slik at Kirkenes-området er kommet i søkelyset grunnet energiressursene.

Disse medlemmer er av den oppfatning at den kunnskapen man over år har bygget opp i Kirkenes- området med hensyn til næringslivssamarbeid med Nordvest-Russland, taler for at det er fornuftig å flytte forvaltningen av fondet hit. Disse medlemmermener at det er av stor viktighet å legge til rette for næringsutvikling og innovasjon i nordområdene og at virkemidler som Investeringsfondet for Nordvest-Russland fungerer effektivt.

Disse medlemmer viser til møte i Kirkenes fredag 13. januar 2006 mellom næringslivet i regionen, Innovasjon Norge og stortingsrepresentantene Øyvind Korsberg, Hans Frode Asmyhr, Kåre Fostervold og Jan Henrik Fredriksen, der tema for møtet var flytting av investeringsfondet for Nordvest-Russland til Kirkenes. På møtet var det full enighet, også fra Innovasjon Norge, om flytting av investeringsfondet til Kirkenes.

Disse medlemmer viser også til oppslag i avisa Finnmarken og Sør-Varanger Avis lørdag 14. januar 2006 der blant annet Fondsdirektør i Innovasjon Norge, Erik Velle Vatne, uttalte følgende:

"Vi er kjempepositive til å legge forvaltningen av fondet til Kirkenes, og vi vil gjøre det vi kan for at næringsutviklingen i nordområdene skal bli bedre."

Disse medlemmer er meget forundret over at statsråden er negativ til flytting av fondet, siden fagmiljøet, Innovasjon Norge, er positiv. Disse medlemmer er også forundret over at statsråden ikke lyttet mer til fagmiljøet i eget departement slik at beslutningen kommer næringslivet til gode, slik forslagsstillerne foreslår og som Innovasjon Norge er enig i. Disse medlemmer synes det er oppsiktsvekkende at statsråden i brev 2. desember 2005 til komiteen er negativ til flytting av fondet, når Innovasjon Norge på møte i Kirkenes 13. januar 2006 er positiv. Disse medlemmer er imidlertid glad for at Innovasjon Norge fremmer sitt syn offentlig, uavhengig av hva statsråden måtte mene.

Disse medlemmerfremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen legge forvaltningen av Investeringsfondet for Nordvest-Russland til Kirkenes."

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti meiner det er ønskjeleg å flytte statlege arbeidsplassar frå Oslo til andre kantar av landet. For å få til ei god utflytting er det viktig at dette blir vurdert nøye. Difor ønskjer denne medlemen å be Regjeringa kome attende til Stortinget våren 2006 med ei slik vurdering.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre vil peike på at Kirkenes den siste tida har fått fleire viktige oppgåver knytta til samarbeidet med Nordvest-Russland. Desse medlemene meiner det er ønskjeleg å utvikle Kirkenes vidare som eit knutepunkt for næringssamarbeidet med Nordvest-Russland, og ser i denne samanheng positivt på at Innovasjon Norge etablerer seg med representasjon og funksjonar i Kirkenes. Ei eventuell flytting av administrasjonen til Investeringsfondet for Nordvest-Russland vil kunne styrkje Kirkenes som knutepunkt for næringssamarbeidet med Nordvest-Russland.