Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og leiaren Lodve Solholm, frå Høgre, Per-Kristian Foss, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Dagfinn Høybråten, og frå Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, viser til Dokument nr. 3:1 (2005-2006). Komiteen viser til at dokumentet inneheld 10 forvaltningsrevisjonar som er handsama av Stortinget.

Komiteen har merka seg at alle sakene utanom ein ser Riksrevisjonen på som avslutta. Komiteen er samd i det.

Komiteen viser til Riksrevisjonen si undersøking av fordringar av skattar, Dokument nr. 3:12(1999-2000). Komiteen har merka seg at Finansdepartementet og Skattedirektoratet har sett i verk tiltak for å betre rutinane for innkrevjing av skattar.

Komiteen er samd med Riksrevisjonen at det framleis er for store ulikskapar på ymse områder i innkrevjingsrutinene, og at det samstundes synes å vere svake punkt på området. Komiteen stør derfor Riksrevisjonen når den seier den vil ta ei ny undersøking.