Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2005 av 29. april 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet)

Til Stortinget

Sammendrag

Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 29. april 2005 å endre vedlegg IX (Finansielle tjenester) til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39/EF om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet).

I tillegg inneber direktivet òg einskilde endringar i følgjande direktiv som er innlemma i EØS-avtala:

  • – direktiv 85/611/EØF om samordning av lover og forskrifter om visse føretak for kollektiv investering i verdipapir,

  • – direktiv 93/6/EØF om kapitaldekningsgraden til investeringsføretak og kredittinstitusjonar.

Alle direktiva som vert endra eller bytte ut, er ein del av EØS-avtala i dag.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og verdipapirmarknadsdirektivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Nærmere om direktivet

Hovedføremålet med verdipapirmarknadsdirektivet er å medverke til å utvikle og sikre effektiviteten, integriteten og klarleiken til dei europeiske verdipapirmarknadene og tilliten hjå investorane. I ein felles marknad skal transaksjonar vere like effektive når alle partar og infrastrukturar høyrer heime i ulike medlemsstatar som når dei høyrer heime i den same medlemsstaten. Eit sentralt verkemiddel for å oppnå dette er harmonisering av dei nasjonale regelverka, m.a. i høve til marknadsstrukturar, krav til organisering av verksemder og åtferda til føretaka. Autorisasjonen til heimstaten skal gjelde for verksemda til føretaka i heile EU/EØS-området, og under tilsynet til heimstaten.

Verdipapirmarknadsdirektivet erstattar direktiv 93/22/EØF om investeringstenester på verdipapirområdet (ISD), som er ein del av EØS-avtala i dag. Direktivet er dels ein revisjon og dels ei vidareutvikling av ISD. Begge direktiva byggjer på dei same prinsippa for å ta vare på nasjonale tilsyns- og handhevingsstrukturar.

Verdipapirmarknadsdirektivet endrar mellom anna òg direktiv 2000/12/EF (bankdirektivet) om omfanget av tenester som er omfatta av reglane om marknadstilgang i fellesskapsområdet for finansinstitusjonar og kredittinstitusjonar. Bankdirektivet er teke inn i EØS-avtala.

Verdipapirmarknadsdirektivet regulerer både ytarane av investeringstenester (verdipapirføretaka, medrekna bankane) og marknadene for finansielle instrument (børsane og dei autoriserte marknadsplassane).

Det er krav om at større delar av verksemda til verdipapirføretaka vert underlagde nasjonal regulering for å verne kundar og verkemåten til marknaden. Det vert stilt krav om konsesjonsplikt for fleire investororienterte ytingar (til dømes rådgjeving) og fleire former for finansiell handel (til dømes handel med varederivat). Investeringstenester og tilleggstenester med ibuande interessemotsetnader kan framleis tillatast i det same føretaket, men det må innførast strengare krav til identifikasjon, handtering og opplysningsplikt om interessemotsetnaden.

Krava til nasjonale reglar om investorvern vert oppdaterte for å ta omsyn til nye verksemdsformer, ny marknadspraksis og nye former for risiko og for å sikre at verdipapirføretak som handlar for sluttinvestorar si rekning, utnyttar alle handelshøve for å nå eit best mogleg resultat for kunden.

Det vert lagt til rette for konkurranse mellom ulike ordreutføringsmetodar (børsar, nye handelssystem og dei interne ordreslutningssystema til verdipapirføretaka), medrekna valfridom for investeringstenesteytarane og investorvern for kundane gjennom reglar som mellom anna stiller krav til dei opplysningane som må gjevast om dei tilgjengelege ordreutføringsmetodane og dei tilknytta kostnadene til verdipapirforetaket, og krav om at ordrar vert utførde til best moglege vilkår. Det skal òg utarbeidast nærmare reglar om offentleggjering av kursar som kundane kan handle for i dei ulike ordreslutningssystema.

Investeringstenesta ordreslutning ("utføring av" kundeordre, jf. verdipapirhandellova § 1-2 første leddet nr. 1) skal i samsvar med direktivet kunne utførast internt i verdipapirføretak, mellom verdipapirføretak eller på marknadsplassar, men etter litt ulike reglar. Kravet til beste utføring av ordrar ("best execution") og krava til innsyn i marknaden (prisinformasjon osv.) vert vesentleg styrkte.

Ein har prøvd å tilpasse direktivreglane dei reelle behova og risikoane som dei ulike tenestene og verksemdene typisk er eksponerte for, eller som dei representerer for kundar og marknaden. Krava til nasjonalt regelverk om investorvern er søkt tilpassa profesjonaliteten og behova til investorane, jf. skiljet mellom profesjonelle investorar og forbrukerinvestorar, og den særlege gruppa "godkjende motpartar" ("Eligible Counterparties"). Det er visse moglege val for medlemsstatane til å avgjere kven som er "godkjende motpartar", men i korte trekk er det institusjonar med særskilt løyve til å drive verksemd på finans-marknadsområdet, slik som kredittinstitusjonar (bankar), verdipapirføretak (meklarføretak) og forsikringsselskap. Poenget er m.a. at verdipapirføretaket ikkje treng å stette visse strenge krav til klienthandsaming når slike føretak er motpart i handelen.

Det er tillate å drive med investeringstenester og tilleggstenester med ibuande interessemotsetnader i det same føretaket, men med forsterka krav til identifikasjon, handtering og opplysning om desse.

I påvente av ei eventuell eiga regulering på fellesskapsnivå av avreknings- og oppgjerssystem, vert det gjeve visse reglar som skal sikre konkurranse og auka effektivitet også i dette leddet i verdipapirkjeda. Reglane går primært ut på å sikre lik tilgang til slike system for alle verdipapirføretak med EØS-konsesjon, i tillegg til å sikre at nasjonale marknadsplassar som hovudregel kan nytte slike system i heile EØS-området.

Verdipapirmarknadsdirektivet er ein del av EUs "Financial Services Action Plan". Direktivet er eit rammedirektiv, som ein går ut frå vert utfylt gjennom regelverk som er fastsett ved komitologiprosedyrar (dvs. at Kommisjonen har fått delegert styresmakt frå Rådet, men får hjelp av ekspertar frå medlemsstatane). Kommisjonen har sett i gang prosessen med å utarbeide utfyllande rettsakter, men har enno ikkje vedteke slike. Utfyllande rettsakter som Kommisjonen vedtek, vert rekna for å vere EØS-relevante og ein forventar at dei vert tekne inn i EØS-avtala.

Fristen for gjennomføringa av direktivet er 30. april 2006. Europakommisjonen har likevel signalisert at han vil gjere framlegg om eit direktiv om utsetjing av fristen med 6 månader for nasjonal gjennomføring og ytterlegare 6 månader før det skal ta til å gjelde nasjonalt.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Gjennomføringa i norsk rett er ikkje venta å medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Kredittilsynet vil få ein styrkt funksjon som overvakande og førebyggjande organ, og det vil kunne oppstå fleire tilfelle av plikt til informasjonsutveksling mellom tilsynsstyresmakter i dei ulike medlemsstatane. Dette kan føre til ei viss auke i kostnadene til det offentlege.

Gjennomføringa av direktivet er venta å føre til nokre kostnader for næringslivet i tilknyting til tilpassinga til dei nye reglane, medrekna vidareutvikling av interne kontrollrutinar osv.

Konklusjon og tilråding

Det er venta at gjennomføringa av direktivet vil kunne medverke til ein meir effektiv og betre integrert norsk verdipapirmarknad. Verdipapirmarknadsdirektivet harmoniserer regelverket for verdipapirføretak og regulerte marknader i EØS-området ytterlegare, og vert rekna for å medverke til å auke tilliten til verdipapirmarknadene i EØS-området gjennom dei reglane som er nemnde ovanfor. Dette er viktig for den indre marknaden for finansielle tenester.

Regjeringa tilrår at verdipapirmarknadsdirektivet vert innlemma i EØS-avtala.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, lederen Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Unn Therese O. Sørensen, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 65/2005 av 29. april 2005 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2004/39/EF om markeder for finansielle instrumenter (verdipapirmarkedsdirektivet), krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i brev av 15. mars 2006 opplyste at den ikke har merknader til utkastet til innstilling.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget gir samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 65/2005 av 29. april 2005 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2004/39/EF om markeder for finansielle instrumenter (verdipapirmarkedsdirektivet).

Oslo, i finanskomiteen, den 16. mars 2006

Karl Eirik Schjøtt-Pedersenleder Svein Flåttenordfører