Innleiing

St.meld. nr. 3 (2006-2007) omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen viser samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane visast òg overført løyving frå 2005 til 2006 og overført løyving frå 2006 til 2007. Kapitalrekneskapen viser staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. I tillegg inneheld meldinga oversikter over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga blir det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det blir òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 blir det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov blir òg beskrive. I kapittel 2 er det gitt ein nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av avrundingar vere avvik mellom sumtalet i tabellane og summen av dei enkelte tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar under eitt.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2006 er 994,9 mrd. kroner, medan utgiftene er 683,5 mrd. kroner. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 355,4 mrd. kroner, fordelt med 376,6 mrd. kroner i inntekter og 21,2 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda blei overførte til Statens pensjonsfond - Utland. Dei samla inntektene utan petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 618,3 mrd. kroner, medan utgiftene er på 662,3 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskott på 44,0 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2006 blei det lagt til grunn eit oljekorrigert underskott på 57,4 mrd. kroner. Dette blei overført frå Statens pensjonsfond - Utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kap. 5800. Statsrekneskapen for 2006 blir dermed gjort opp med eit overskott på 13,4 mrd. kroner. Av dette er 10,5 mrd. kroner auka inntekter, medan utgiftene blei redusert med vel 2,8 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2006.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet for 2006 er berekna til 56,1 mrd. kroner. Dette er 9,8 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2006, der det strukturelle underskottet i 2006 var berekna til 65,9 mrd. kroner.

Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføring frå Statens pensjonsfond - Utland, viser rekneskapen for Statens pensjonsfond - Utland 55,7 mrd. kroner i renteinntekter og utbytte. Det samla overskottet i Statens pensjonsfond- Utland blei dermed 353,7 mrd. kroner i 2006. Samla sett blir statsrekneskapen og Statens pensjonsfond - Utland gjort opp med eit overskott på 367,1 mrd. kroner i 2006. Ved utgangen av 2006 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond - Utland 1782,8 mrd. kroner. Det er 392,7 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2005. Ut over overskottet i Statens pensjonsfond - Utland er auken på 39,0 mrd. kroner i kursgevinstar mv.

Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningslinjer for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis blir fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond - Utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinjene er å sørgje for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vere naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter blir målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskottet blir det mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1 i meldinga.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2006 er bruken av petroleumsinntekter i 2006 nå rekna til 56,1 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskottet, jf. tabell 1.1. Dette er 9,8 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2006, der det strukturelle underskottet i 2006 var rekna til 65,9 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond - Utland fastsett til 4 prosent, var 55,6 mrd. kroner i 2006, dvs. 0,5 mrd. kroner lågare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskottet. Dette inneber at bruken av oljepengar er om lag på linje med 4 prosent realavkastning av Statens pensjonsfond - Utland. Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet svarer til 3,8 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som blei foreslått i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2006, innebar at talet for det strukturelle, oljekorrigerte underskottet var uendra på 65,9 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett for 2006 til nysaldert budsjett for 2006 blei det strukturelle underskottet redusert med 3,4 mrd. kroner til 62,5 mrd. kroner, mellom anna som følgje av ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet som nå reknast til 56,1 mrd. kroner, er dermed redusert med 6,4 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 i meldinga gir ein samla oversikt over inntektene, utgiftene og overskottet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond - Utland gjennom 2006.

Samla overskott i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond - Utland auka med 119,5 mrd. kroner, frå 247,6 mrd. kroner i 2005 til 367,1 mrd. kroner i 2006. Dette må sjåast i samanheng med ei vesentleg auke i staten sine inntekter frå petroleumsverksemda. Om ein ser bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med 54,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 33,7 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskottet blei redusert med 20,7 mrd. kroner frå 2005 til 2006.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda auka med 79,9 mrd. kroner, frå 275,5 mrd. kroner i 2005 til 355,4 mrd. kroner i 2006. Statens pensjonsfond - Utland sine renteinntekter og utbytte auka med 18,9 mrd. kroner.

Det oljekorrigerte underskottet

Inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar for 2006 auka med 55,4 mrd. kroner frå saldert budsjett til ny­saldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 12,0 mrd. kroner i same periode. Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 22,2 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 8,8 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskott på 57,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2006, noko som er 13,4 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.

Nedgangen i det oljekorrigerte underskottet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med vesentleg auka skatte- og avgiftsinntekter på 12,2 mrd. kroner. Ein stor del av denne auken kan førast tilbake til konjunktursituasjonen.

Budsjettutviklinga gjennom 2006 fram til nysalderinga er omtalt nærare i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Statsbudsjettet 2007, St.meld. nr. 1 (2006-2007) Nasjonalbudsjettet 2007, St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2006, St.meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006 og St.prp. nr. 31 (2006-2007) Ny saldering av statsbudsjettet 2006.

I statsrekneskapen for 2006 er det oljekorrigerte underskottet 44,0 mrd. kroner. Dette er 13,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Av denne reduksjonen er 8,6 mrd. kroner knytt til høgare skatte- og avgiftsinntekter enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2006. Oppjusteringa i skatte- og avgiftsinntekter kjem særleg av at inntektene frå meirverdi- og arbeidsgjevaravgifta auka kraftig på slutten av 2006. Den høge veksten understrekar at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond - Utland til statsbudsjettet blei endeleg fastlagt i nysaldert budsjett slik at det skulle dekkje det oljekorrigerte underskottet som då blei lagt til grunn. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 2006 gjort opp med eit overskott på 13,4 mrd. kroner. Endringa på 13,4 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • – Inntektene utan petroleumsinntekter auka med 10,5 mrd. kroner, frå 607,8 mrd. kroner til 618,3 mrd. kroner.

  • – Utgiftene utan petroleumsverksemda blei redusert med vel 2,8 mrd. kroner, frå 665,2 mrd. kroner til 662,3 mrd. kroner.

Med i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,5 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje blir budsjettert med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, lønn under fødsels- og adopsjonspermisjon, lønn til lærlingar og lønn under sjukdom.

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a. blei samla sett 9,1 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene auka med 8,6 mrd. kroner, medan renteinntekter og aksjeutbytte auka med 0,4 mrd. kroner. Ved innløysing av kontolånsinnskotta frå Statens pensjonsfond - Noreg, blei tilbakeført kapital på kap. 4651 post 50, om lag 2,4 mrd. kroner lågare enn budsjettert med i nysalderinga. Dette kjem av endra samansetjing av kontolåna og endra marknadsrenter på tidspunktet for innløysinga (29. desember 2006) enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Som følgje av dette blei òg statens renteutgifter på kap. 1650 post 89 redusert med tilsvarande beløp samanlikna med nysaldert budsjett. Verknaden er dermed samla sett nøytral. Det er gjort nærare greie for innløysinga i St.prp. nr. 31 (2006-2007) Ny saldering av statsbudsjettet 2006.

Andre inntekter auka med 2,4 mrd. kroner. Rekneskapen viser meirinntekter for fleire av departementa, noko som har samanheng med vedtekne meirinntektsfullmakter på fleire budsjettpostar. Mellom anna blei inntektene til Jernbaneverket, Statens vegvesen, Redningshelikoptertenesta og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert med for 2006. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter o.a. Samla meirinntekter blei 10,5 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

I alt viser rekneskapen samla mindreutgifter på 2,8 mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett.

Når ein ser bort frå auka utgifter som heng saman med standard refusjonar, viser rekneskapen vel 4,3 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Inkludert i denne netto reduksjonen ligg òg meirutgifter som må sjåast i samanheng med departementa og forvaltinga si bruk av meirinntektsfullmakter, som òg er omtalt ovanfor.

På nokre område er utgiftene vesentleg lågare enn dei det var budsjettert med. Område med store mindreutgifter er stønader under folketrygda og Statens Pensjonskasse. Forutan reduksjonen i dagpengar er det særleg lågare utgifter til sjukepengar og grunn- og hjelpestønad.

Vidare auka overføringa frå 2006 til 2007 samanlikna med overføringane frå 2005 til 2006 med om lag 2,8 mrd. kroner, jf. nærare omtale i meldinga.

Overførte beløp frå 2006 til 2007, utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, blei samla 2,8 mrd. kroner høgare enn overførte løyvingar frå 2005 til 2006. Fleirtalet av departementa har ein auke i overført beløp. For Forsvarsdepartementet auka overført beløp med 1,4 mrd. kroner. Mellom anna gjeld dette overført beløp til innkjøp av materiell, nybygg og nyanlegg. Vidare auka overført beløp for Justisdepartementet med 0,6 mrd. kroner som i hovudsak gjeld mindreforbruk i samband med investeringa til felles radiosamband for nødetatane, medan overført beløp for Samferdselsdepartementet auka med 0,3 mrd. kroner.

På Kommunal- og regionaldepartementet sitt område blei overført beløp redusert med 0,6 mrd. kroner. Mellom anna gjeld dette overført beløp til tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Kommunal- og regionaldepartementet var det departementet som hadde størst reduksjon i sine overførte beløp frå 2006 til 2007 samanlikna med overføringane frå 2005 til 2006.

Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal vise utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene blir rekna ut, korrigerast det for utgiftene til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for enkelte rekneskapsmessige forhold og ekstraordinære endringar. Dette gjeld mellom anna utgiftene ved tilbakeføring av kapital frå Statens pensjonsfond - Noreg. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene blir det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gir uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene blir rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2006.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) Om endringer av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2006 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 1 1/2 prosent.

I nysaldert budsjett for 2006 blei den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna til 2 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2006 er veksten rekna til 1 prosent, dvs. ei nedjustering med 1 prosentpoeng. Noko av denne nedjusteringa er knytt til lågare nominelle utgifter i statsrekneskapen enn forventa i nysaldert budsjett. Dette må sjåast i samanheng med at det i anslaget for den reelle, underliggjande utgiftsveksten i nysalderinga på vanleg måte blei teke omsyn til meirutgifter som blir motsvara av meirinntekter under departementa, jf. omtala ovanfor. Dette inneber at utgiftene i rekneskapen er lågare enn lagt til grunn for anslaget på den underliggjande veksten i utgiftene i nysalderinga. I tillegg er noko av nedjusteringa knytt til høgare lønnsvekst og sterkare prisstiging på statlege kjøp av varer og tenester enn tidlegare lagt til grunn.

Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 i meldinga viser utviklinga i statsbudsjettet sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2005 er lånebehovet auka med 29,7 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner i 2005 til 31,7 mrd. kroner i 2006.

Utgiftene til utlån blei om lag 1,7 mrd. kroner lågare enn forventa ved nysalderinga.

Tilbakebetalingane blei 1,3 mrd. kroner høgare enn rekna med ved nysalderinga.

Netto utlån blei dermed 3,0 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen viser eit overskott på 13,4 mrd. kroner, blei statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 16,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga av budsjettet.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld blei 21,2 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov auka dermed med til saman 4,8 mrd. kroner sett i forhold til nysaldert budsjett.

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2006 viser at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 517,9 mrd. kroner i 2005 til 562,5 mrd. kroner i 2006, dvs. med 44,6 mrd. kroner eller 8,6 prosent. Den sterkare auken i den økonomiske aktiviteten og i sysselsetjinga enn lagt til grunn hausten 2005 har ført til at skatte- og avgiftsinntektene blei 20,8 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2006. Skatte- og avgiftsinntektene blei 8,6 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2006. Oppjusteringa kjem av at inntektene frå meirverdi- og arbeidsgjevaravgifta auka kraftig på slutten av 2006. Den høge veksten understrekar at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi.

Skatte- og avgiftsinntektene er påverka av skattereforma i 2006, mellom anna av endringane i skattlegginga av aksjonærinntekter og avviklinga av delingsmodellen. Skatteopplegget for 2006 inneber at skatte- og avgiftsinntektene aukar med drygt 2 mrd. kroner frå 2005 til 2006.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 562,5 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2006 utgjorde skatt på inntekt og formue 137,7 mrd. kroner. Frå 2005 til 2006 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 4,5 prosent.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 171,7 mrd. kroner i 2006, ein auke på 8,9 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta steig med 12,7 prosent til 169,4 mrd. kroner i 2006. Den høge veksten har først og fremst samanheng med høg aktivitet i norsk økonomi, men er også i nokon grad påverka av skatteopplegga for 2005 og 2006.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 83,6 mrd. kroner i 2006. Dette er 7,0 prosent meir enn i 2005.

Statens pensjonsfond - Utland

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond - Utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdivurdering av fondet sine eigedelar. Kontantstraumen består av inntekter frå skattar og avgifter frå petroleumsverksemda, og inntekter og utgifter knytt til staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE).

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta blei 217,3 mrd. kroner i 2006.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar blei 93 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Betalt produksjonsavgift blei 1 mill. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalt arealavgift blei 8 mill. kroner høgare enn venta.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda blei 5 mill. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen.

Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE blei i nysalderingsproposisjonen rekna til 128,0 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2006 er 125,5 mrd. kroner. Hovudforklaringa på nedgangen i inntektene er mindre sal av olje og gass enn venta, og noko lågare gasspris dei siste månadene i 2006.

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 33,2 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 3,2 mrd. kroner. Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda auka dermed med 30,0 mrd. kroner, frå 327,9 mrd. kroner til 357,9 mrd. kroner. Høgare oljeprisar enn lagt til grunn i saldert budsjett er den viktigaste forklaringa på dette. Anslaget for renteinntekter og utbytte i Statens pensjonsfond - Utland blei redusert med 10,3 mrd. kroner frå saldert til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond - Utland til statsbudsjettet gjekk ned med 13,4 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Statens pensjonsfond - Utland med 33,1 mrd. kroner.

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda blei 2,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk ned frå 357,9 mrd. kroner til 355,4 mrd. Kroner. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2-avgift blei 5,0 mrd. kroner lågare, medan investeringsutgiftene blei 2,4 mrd. kroner lågare.

Det er overført 57,4 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond - Utland. Dette inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond - Utland for 2006 samla sett er 2,5 mrd. kroner lågare i rekneskapen enn ein rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum fråtrekt overføringa frå fondet til statsbudsjettet blir dermed 298,0 mrd. kroner i 2006.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbyttet i fondet opp frå 49,0 mrd. kroner til 55,7 mrd. kroner. Samla blei overskottet i Statens pensjonsfond - Utland dermed 353,7 mrd. kroner i 2006, noko som er 4,2 mrd. kroner høgare enn forventa i nysaldert budsjett.

Når ein òg tek omsyn til kursgevinstar m.m. på 39,0 mrd. kroner, auka kapitalen i Statens pensjonsfond - Utland med i alt 392,7 mrd. kroner, frå 1 390,1 mrd. kroner ved utgangen av 2005 til 1 782,8 mrd. kroner ved utgangen av 2006.

Overføringa frå Statens pensjonsfond - Utland til statsbudsjettet over kap. 5800 blir rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa kontantstraumen.