St.meld. nr. 3 (2006-2007) omfattar statsrekneskapen med
ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen
viser samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet.
For utgiftspostane visast òg overført løyving
frå 2005 til 2006 og overført løyving
frå 2006 til 2007. Kapitalrekneskapen viser staten sine
eigedelar, gjeld og eigenkapital. I tillegg inneheld meldinga oversikter
over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns-
og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som
staten eig.
I meldinga blir det gjort greie for løyvingane
på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det
blir òg lagt vekt på å forklare årsakene
til avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 blir det gjort
greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna
bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og
skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda.
Lånetransaksjonar og finansieringsbehov blir òg
beskrive. I kapittel 2 er det gitt ein nærare omtale av
departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til
Statens pensjonsfond omtalt, medan det i kapittel 4 er gjort greie for
staten sin balanse og finanspostar.
I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje
av avrundingar vere avvik mellom sumtalet i tabellane og summen
av dei enkelte tala som inngår i summen. Det er lagt til
grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet
for den saka tabellen omhandlar under eitt.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for
2006 er 994,9 mrd. kroner, medan utgiftene er 683,5 mrd. kroner.
Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet
sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 355,4 mrd.
kroner, fordelt med 376,6 mrd. kroner i inntekter og 21,2 mrd. kroner
i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda blei
overførte til Statens pensjonsfond - Utland. Dei samla
inntektene utan petroleumsverksemda og lånetransaksjonar
er på 618,3 mrd. kroner, medan utgiftene er på 662,3
mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskott på 44,0
mrd. kroner.
Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2006
blei det lagt til grunn eit oljekorrigert underskott på 57,4
mrd. kroner. Dette blei overført frå Statens pensjonsfond
- Utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kap. 5800.
Statsrekneskapen for 2006 blir dermed gjort opp med eit overskott
på 13,4 mrd. kroner. Av dette er 10,5 mrd. kroner auka
inntekter, medan utgiftene blei redusert med vel 2,8 mrd. kroner
samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2006.
Det strukturelle, oljekorrigerte underskottet
for 2006 er berekna til 56,1 mrd. kroner. Dette er 9,8 mrd. kroner lågare
enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2006, der det strukturelle underskottet
i 2006 var berekna til 65,9 mrd. kroner.
Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda
og overføring frå Statens pensjonsfond - Utland, viser
rekneskapen for Statens pensjonsfond - Utland 55,7 mrd. kroner i
renteinntekter og utbytte. Det samla overskottet i Statens pensjonsfond-
Utland blei dermed 353,7 mrd. kroner i 2006. Samla sett blir statsrekneskapen
og Statens pensjonsfond - Utland gjort opp med eit overskott på 367,1 mrd.
kroner i 2006. Ved utgangen av 2006 var den bokførte verdien
av Statens pensjonsfond - Utland 1782,8 mrd. kroner. Det er 392,7
mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2005. Ut over overskottet i
Statens pensjonsfond - Utland er auken på 39,0 mrd. kroner
i kursgevinstar mv.
Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren
2001 til retningslinjer for den økonomiske politikken som
inneber at petroleumsinntektene gradvis blir fasa inn i økonomien,
om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond -
Utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling
i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinjene er å sørgje
for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig
forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen
som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere
produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande
arbeidsløyse. Motsett vil det vere naudsynt å halde
attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting
og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter
blir målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet.
Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskottet blir det
mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter
endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve,
sjå boks 1.1 i meldinga.
Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2006
er bruken av petroleumsinntekter i 2006 nå rekna til 56,1 mrd.
kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskottet,
jf. tabell 1.1. Dette er 9,8 mrd. kroner lågare enn anslaget
i Nasjonalbudsjettet 2006, der det strukturelle underskottet i 2006
var rekna til 65,9 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens
pensjonsfond - Utland fastsett til 4 prosent, var 55,6 mrd. kroner
i 2006, dvs. 0,5 mrd. kroner lågare enn det strukturelle, oljekorrigerte
underskottet. Dette inneber at bruken av oljepengar er om lag på linje
med 4 prosent realavkastning av Statens pensjonsfond - Utland. Det
strukturelle, oljekorrigerte underskottet svarer til 3,8 prosent
av trend-BNP for Fastlands-Noreg.
Endringane i statsbudsjettet som blei foreslått
i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2006, innebar at talet
for det strukturelle, oljekorrigerte underskottet var uendra på 65,9
mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett for 2006 til
nysaldert budsjett for 2006 blei det strukturelle underskottet redusert
med 3,4 mrd. kroner til 62,5 mrd. kroner, mellom anna som følgje
av ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle,
oljekorrigerte underskottet som nå reknast til 56,1 mrd.
kroner, er dermed redusert med 6,4 mrd. kroner samanlikna med nysaldert
budsjett.
Tabell 1.2 i meldinga gir ein samla oversikt
over inntektene, utgiftene og overskottet på statsbudsjettet, statsrekneskapen
og Statens pensjonsfond - Utland gjennom 2006.
Samla overskott i statsbudsjettet og Statens
pensjonsfond - Utland auka med 119,5 mrd. kroner, frå 247,6
mrd. kroner i 2005 til 367,1 mrd. kroner i 2006. Dette må sjåast
i samanheng med ei vesentleg auke i staten sine inntekter frå petroleumsverksemda.
Om ein ser bort frå petroleumsverksemda auka inntektene
med 54,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 33,7 mrd. kroner.
Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskottet blei redusert
med 20,7 mrd. kroner frå 2005 til 2006.
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda
auka med 79,9 mrd. kroner, frå 275,5 mrd. kroner i 2005
til 355,4 mrd. kroner i 2006. Statens pensjonsfond - Utland sine
renteinntekter og utbytte auka med 18,9 mrd. kroner.
Inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar
for 2006 auka med 55,4 mrd. kroner frå saldert budsjett
til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan
lånetransaksjonar auka med 12,0 mrd. kroner i same periode.
Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 22,2 mrd. kroner
høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan
utgiftene var 8,8 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit
oljekorrigert underskott på 57,4 mrd. kroner i nysaldert
budsjett for 2006, noko som er 13,4 mrd. kroner lågare
enn i saldert budsjett.
Nedgangen i det oljekorrigerte underskottet
frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast
i samanheng med vesentleg auka skatte- og avgiftsinntekter på 12,2
mrd. kroner. Ein stor del av denne auken kan førast tilbake til
konjunktursituasjonen.
Budsjettutviklinga gjennom 2006 fram til nysalderinga
er omtalt nærare i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Statsbudsjettet
2007, St.meld. nr. 1 (2006-2007) Nasjonalbudsjettet 2007, St.prp.
nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet
2006, St.meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006
og St.prp. nr. 31 (2006-2007) Ny saldering av statsbudsjettet 2006.
I statsrekneskapen for 2006 er det oljekorrigerte underskottet
44,0 mrd. kroner. Dette er 13,4 mrd. kroner lågare enn
lagt til grunn ved nysalderinga. Av denne reduksjonen er 8,6 mrd.
kroner knytt til høgare skatte- og avgiftsinntekter enn
lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2006. Oppjusteringa i skatte-
og avgiftsinntekter kjem særleg av at inntektene frå meirverdi- og
arbeidsgjevaravgifta auka kraftig på slutten av 2006. Den
høge veksten understrekar at det har vore høg
aktivitet i norsk økonomi.
Tilbakeføringa frå Statens
pensjonsfond - Utland til statsbudsjettet blei endeleg fastlagt
i nysaldert budsjett slik at det skulle dekkje det oljekorrigerte
underskottet som då blei lagt til grunn. På denne
bakgrunnen blir statsrekneskapen for 2006 gjort opp med eit overskott på 13,4
mrd. kroner. Endringa på 13,4 mrd. kroner samanlikna med
nysaldert budsjett kjem fram slik:
– Inntektene
utan petroleumsinntekter auka med 10,5 mrd. kroner, frå 607,8
mrd. kroner til 618,3 mrd. kroner.
– Utgiftene utan petroleumsverksemda
blei redusert med vel 2,8 mrd. kroner, frå 665,2 mrd. kroner
til 662,3 mrd. kroner.
Med i desse tala er auka inntekter og utgifter
på 1,5 mrd. kroner frå standard refusjonar som
ikkje blir budsjettert med beløp på løyvingane
i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna
arbeidsmarknadsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for
statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, lønn
under fødsels- og adopsjonspermisjon, lønn til lærlingar
og lønn under sjukdom.
Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar
for sjukepengar o.a. blei samla sett 9,1 mrd. kroner høgare
i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene
auka med 8,6 mrd. kroner, medan renteinntekter og aksjeutbytte auka
med 0,4 mrd. kroner. Ved innløysing av kontolånsinnskotta
frå Statens pensjonsfond - Noreg, blei tilbakeført
kapital på kap. 4651 post 50, om lag 2,4 mrd. kroner lågare
enn budsjettert med i nysalderinga. Dette kjem av endra samansetjing
av kontolåna og endra marknadsrenter på tidspunktet
for innløysinga (29. desember 2006) enn lagt til
grunn i nysaldert budsjett. Som følgje av dette blei òg
statens renteutgifter på kap. 1650 post 89 redusert med
tilsvarande beløp samanlikna med nysaldert budsjett. Verknaden
er dermed samla sett nøytral. Det er gjort nærare
greie for innløysinga i St.prp. nr. 31 (2006-2007) Ny saldering
av statsbudsjettet 2006.
Andre inntekter auka med 2,4 mrd. kroner. Rekneskapen
viser meirinntekter for fleire av departementa, noko som har samanheng
med vedtekne meirinntektsfullmakter på fleire budsjettpostar.
Mellom anna blei inntektene til Jernbaneverket, Statens vegvesen,
Redningshelikoptertenesta og fylkesmannsembeta høgare enn
budsjettert med for 2006. Nokre departement har òg høve
til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene.
Ut over dette omfattar meirinntektene under departementa mindre
beløp for ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter o.a.
Samla meirinntekter blei 10,5 mrd. kroner samanlikna med nysaldert
budsjett.
I alt viser rekneskapen samla mindreutgifter
på 2,8 mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett.
Når ein ser bort frå auka
utgifter som heng saman med standard refusjonar, viser rekneskapen
vel 4,3 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn
i anslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Inkludert
i denne netto reduksjonen ligg òg meirutgifter som må sjåast
i samanheng med departementa og forvaltinga si bruk av meirinntektsfullmakter,
som òg er omtalt ovanfor.
På nokre område er utgiftene
vesentleg lågare enn dei det var budsjettert med. Område
med store mindreutgifter er stønader under folketrygda
og Statens Pensjonskasse. Forutan reduksjonen i dagpengar er det særleg
lågare utgifter til sjukepengar og grunn- og hjelpestønad.
Vidare auka overføringa frå 2006
til 2007 samanlikna med overføringane frå 2005
til 2006 med om lag 2,8 mrd. kroner, jf. nærare omtale
i meldinga.
Overførte beløp frå 2006
til 2007, utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd,
blei samla 2,8 mrd. kroner høgare enn overførte
løyvingar frå 2005 til 2006. Fleirtalet av departementa
har ein auke i overført beløp. For Forsvarsdepartementet
auka overført beløp med 1,4 mrd. kroner. Mellom
anna gjeld dette overført beløp til innkjøp
av materiell, nybygg og nyanlegg. Vidare auka overført
beløp for Justisdepartementet med 0,6 mrd. kroner som i
hovudsak gjeld mindreforbruk i samband med investeringa til felles
radiosamband for nødetatane, medan overført beløp
for Samferdselsdepartementet auka med 0,3 mrd. kroner.
På Kommunal- og regionaldepartementet
sitt område blei overført beløp redusert
med 0,6 mrd. kroner. Mellom anna gjeld dette overført beløp
til tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Kommunal- og
regionaldepartementet var det departementet som hadde størst
reduksjon i sine overførte beløp frå 2006 til
2007 samanlikna med overføringane frå 2005 til 2006.
Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet
skal vise utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år
til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene
blir rekna ut, korrigerast det for utgiftene til dagpengar, renter
og petroleumsverksemda og for enkelte rekneskapsmessige forhold
og ekstraordinære endringar. Dette gjeld mellom anna utgiftene
ved tilbakeføring av kapital frå Statens pensjonsfond
- Noreg. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene
blir det òg korrigert for prisendringar, slik at talet
gir uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane
og overføringane på statsbudsjettet. Nærare
omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene
blir rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2006.
I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) Om
endringer av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2006 var anslaget
for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet
1 1/2 prosent.
I nysaldert budsjett for 2006 blei den reelle,
underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna
til 2 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2006 er veksten
rekna til 1 prosent, dvs. ei nedjustering med 1 prosentpoeng. Noko
av denne nedjusteringa er knytt til lågare nominelle utgifter
i statsrekneskapen enn forventa i nysaldert budsjett. Dette må sjåast
i samanheng med at det i anslaget for den reelle, underliggjande utgiftsveksten
i nysalderinga på vanleg måte blei teke omsyn
til meirutgifter som blir motsvara av meirinntekter under departementa,
jf. omtala ovanfor. Dette inneber at utgiftene i rekneskapen er
lågare enn lagt til grunn for anslaget på den
underliggjande veksten i utgiftene i nysalderinga. I tillegg er
noko av nedjusteringa knytt til høgare lønnsvekst
og sterkare prisstiging på statlege kjøp av varer
og tenester enn tidlegare lagt til grunn.
Tabell 1.3 i meldinga viser utviklinga i statsbudsjettet sitt
finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2005 er lånebehovet
auka med 29,7 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner i 2005 til
31,7 mrd. kroner i 2006.
Utgiftene til utlån blei om lag 1,7
mrd. kroner lågare enn forventa ved nysalderinga.
Tilbakebetalingane blei 1,3 mrd. kroner høgare
enn rekna med ved nysalderinga.
Netto utlån blei dermed 3,0 mrd. kroner
høgare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen viser
eit overskott på 13,4 mrd. kroner, blei statsbudsjettet
sitt netto finansieringsbehov 16,4 mrd. kroner lågare enn
lagt til grunn ved nysalderinga av budsjettet.
Avdrag på innanlandsk statsgjeld blei
21,2 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Brutto
finansieringsbehov auka dermed med til saman 4,8 mrd. kroner sett
i forhold til nysaldert budsjett.
Statsrekneskapen for 2006 viser at dei samla
skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 517,9 mrd.
kroner i 2005 til 562,5 mrd. kroner i 2006, dvs. med 44,6 mrd. kroner
eller 8,6 prosent. Den sterkare auken i den økonomiske
aktiviteten og i sysselsetjinga enn lagt til grunn hausten 2005
har ført til at skatte- og avgiftsinntektene blei 20,8
mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2006. Skatte-
og avgiftsinntektene blei 8,6 mrd. kroner høgare enn lagt
til grunn i nysaldert budsjett for 2006. Oppjusteringa kjem av at
inntektene frå meirverdi- og arbeidsgjevaravgifta auka
kraftig på slutten av 2006. Den høge veksten understrekar
at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi.
Skatte- og avgiftsinntektene er påverka
av skattereforma i 2006, mellom anna av endringane i skattlegginga
av aksjonærinntekter og avviklinga av delingsmodellen.
Skatteopplegget for 2006 inneber at skatte- og avgiftsinntektene
aukar med drygt 2 mrd. kroner frå 2005 til 2006.
Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 562,5 mrd.
kroner i statsrekneskapen for 2006 utgjorde skatt på inntekt
og formue 137,7 mrd. kroner. Frå 2005 til 2006 auka inntektene
frå skatt på inntekt og formue med 4,5 prosent.
Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde
171,7 mrd. kroner i 2006, ein auke på 8,9 prosent frå året
før.
Inntektene frå meirverdiavgifta steig
med 12,7 prosent til 169,4 mrd. kroner i 2006. Den høge
veksten har først og fremst samanheng med høg
aktivitet i norsk økonomi, men er også i nokon
grad påverka av skatteopplegga for 2005 og 2006.
Andre særavgifter og tollinntekter
utgjorde til saman 83,6 mrd. kroner i 2006. Dette er 7,0 prosent
meir enn i 2005.
Endringar i verdien til Statens pensjonsfond
- Utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring
av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til
petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdivurdering
av fondet sine eigedelar. Kontantstraumen består av inntekter
frå skattar og avgifter frå petroleumsverksemda,
og inntekter og utgifter knytt til staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda
(SDØE).
Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda
og CO2-avgifta blei 217,3 mrd. kroner
i 2006.
Rekneskapstala for betalte direkte skattar blei
93 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen.
Betalt produksjonsavgift blei 1 mill. kroner høgare enn
venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalt arealavgift blei
8 mill. kroner høgare enn venta.
Inntektene frå avgift på utslepp
av CO2 i petroleumsverksemda blei 5 mill.
kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen.
Inntektene frå SDØE er i det
alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter
og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE
blei i nysalderingsproposisjonen rekna til 128,0 mrd. kroner, medan rekneskapen
for 2006 er 125,5 mrd. kroner. Hovudforklaringa på nedgangen
i inntektene er mindre sal av olje og gass enn venta, og noko lågare
gasspris dei siste månadene i 2006.
Frå saldert budsjett til nysaldert
budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 33,2
mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 3,2
mrd. kroner. Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda
auka dermed med 30,0 mrd. kroner, frå 327,9 mrd. kroner
til 357,9 mrd. kroner. Høgare oljeprisar enn lagt til grunn
i saldert budsjett er den viktigaste forklaringa på dette.
Anslaget for renteinntekter og utbytte i Statens pensjonsfond -
Utland blei redusert med 10,3 mrd. kroner frå saldert til
nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens
pensjonsfond - Utland til statsbudsjettet gjekk ned med 13,4 mrd.
kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Statens
pensjonsfond - Utland med 33,1 mrd. kroner.
Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda
blei 2,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert
budsjett. Nettoinntektene gjekk ned frå 357,9 mrd. kroner
til 355,4 mrd. Kroner. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd,
petroleumsskattar og CO2-avgift blei
5,0 mrd. kroner lågare, medan investeringsutgiftene blei
2,4 mrd. kroner lågare.
Det er overført 57,4 mrd. kroner frå Statens
pensjonsfond - Utland. Dette inneber at netto overføring
til Statens pensjonsfond - Utland for 2006 samla sett er 2,5 mrd.
kroner lågare i rekneskapen enn ein rekna med i nysalderinga.
Netto kontantstraum fråtrekt overføringa frå fondet
til statsbudsjettet blir dermed 298,0 mrd. kroner i 2006.
Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene
og utbyttet i fondet opp frå 49,0 mrd. kroner til 55,7 mrd. kroner.
Samla blei overskottet i Statens pensjonsfond - Utland dermed 353,7
mrd. kroner i 2006, noko som er 4,2 mrd. kroner høgare
enn forventa i nysaldert budsjett.
Når ein òg tek omsyn til kursgevinstar
m.m. på 39,0 mrd. kroner, auka kapitalen i Statens pensjonsfond
- Utland med i alt 392,7 mrd. kroner, frå 1 390,1
mrd. kroner ved utgangen av 2005 til 1 782,8 mrd. kroner ved
utgangen av 2006.
Overføringa frå Statens pensjonsfond
- Utland til statsbudsjettet over kap. 5800 blir rekneskapsført
i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan
overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa kontantstraumen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at meldinga gjeld statsrekneskapen for 2006, og viser til finansministeren sitt rettebrev av 30. mai 2007.
Komiteen tek meldinga til orientering.
Komiteen viser til at det i Dokument nr. 1 frå Riksrevisjonen, som blir handsama av kontroll- og konstitusjonskomiteen, blir rapportert om departementa si forvalting og gjennomføring av budsjetta. Dokument nr. 1 omfattar resultatet av rekneskapsrevisjonen og selskapskontrollen. Resultata av forvaltningsrevisjonen blir rapportert i Dokument nr. 3.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
St.meld. nr. 3 (2006-2007) - Statsrekneskapen for 2006 - blir å leggje ved protokollen.
I St. meld. nr. 3 (2006-2007) Statsrekneskapen
for 2006 har det kome inn nokre feil. Desse er omtalte nedanfor.
1. I vedlegg 4, Staten sitt garantiansvar, er
garantiansvaret for Finansdepartementet presentert med feil verdi
målt i norske kroner, jf. tabell 4.1 på side 236
og tabell 4.2 på side 240. Det har si årsak i
at feil valutakurs blei lagt til grunn ved rapporteringa av garantiansvaret
i statsrekneskapen. Som ein følgje av dette må òg
tabell 4.3 i kapittel 4, på side 46 rettast. Korrekt tabelloppstilling
følgjer av Vedlegg 1.
I kap 4.3 på side 46,2. avsnitt står
det:
"Tabell 4.3 viser samla garantiansvar etter det einskilde
departement for 2005 og 2006. Per 31.12.2006 har forvaltninga gitt
garantiar med eit samla garantiansvar på 51,5 mrd. kroner.
Dette er ein auke på om lag 5,0 mrd. kroner frå 2005."
Det skal stå:
"Tabell 4.3 viser samla garantiansvar etter det einskilde
departement for 2005 og 2006. Per 31.12.2006 har forvaltninga gitt
garantiar med eit samla garantiansvar på 51,0 mrd. kroner.
Dette er ein auke på om lag 4,5 mrd. kroner frå 2005."
2. I vedlegg 5, Andre rekneskap og spesifikasjonar, tabell
5.7 på side 244 er balansen per 31. desember 2006
presentert for Statens direkte økonomiske engasjement i
petroleumsverksemda (SDØE). Olje- og energidepartementet
opplyser i brev til Finansdepartementet 29. mai 2007 at
dei ved rapportering til statsrekneskapen har tatt utgangspunkt
i utkast til balanse for SDØE. I den styregodkjende balansen
etter rekneskapsprinsippet er det gjort nokre endringar, utan at desse
blei rapportert og lagt fram i St. meld. nr. 3 (2006-2007). Ny balanse
for SDØE per 31.12.2006 følgjer av Vedlegg 2.
Eg vil anmode om at Stortinget tek omsyn til
desse punkta i samband med handsaminga av St. meld. nr. 3 (2006-2007).
Undervedlegg l
(side 46)
Tabell 4.3 Samla garantiansvar
for staten per 31.12.2006 (tal i mill. kroner)
|
| Garantiansvar
per 31.12.2005 | Utbetalt ved
tap 12006 | Garantiansvar per
31.12.2006 |
Utanriksdepartementet | 24,2 | | 20,3 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 6 599,1 | | 5 859,1 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 19,8 | | 13,7 |
Barne- og likestillingsdepartementet | 3,2 | | 1,9 |
Nærings- og handelsdepartementet | 29 797,2 | 92,0 | 34 931,4 |
Landbruks- og matdepartementet | 1,1 | | 0,0 |
Samferdselsdepartementet | 840,4 | | 683,9 |
Miljøverndepartementet | 14,0 | | 9,3 |
Fornyings- og administrasjonsdepartementet | 224,5 | | 223,0 |
Finansdepartementet | 8 946,8 | | 9 230,3 |
Sum | 46 470,4 | 92,0 | 50 972,9 |
(side 236)
Tabell 4.1 Garantiansvar (tal i mill. kr)
Tabellen viser staten sitt garantiansvar med
samla ramme for garantiar vedteke av Stortinget, pådratt
garantiansvar og utbetalt garantiansvar ved tap under det einskilde
departementet. Oversikta viser ramma av garantiar, gammalt og nytt
ansvar. Oversikta er basert på oppgaver som er sendt inn
frå dei einskilde departementa. Ein finn meir informasjon
om dei einskilde garantiordningane i fagproposisjonane.
| | Garantifullmakt | | Garantiansvar | |
| | | | | | Forskyvingar
i 2006 | |
| | Ramme 1.1.06 | Ramme 31.12.06 | Utbetalt tot. 2006 | Ansvar 1.1.06 | Nedgang | Auke | Ansvar 31.12.06 |
1. | Utanriksdepartementet | 12 910,7 | 12 048,3 | | 24,2 | 3,9 | | 20,3 |
2. | Kommunal- og regionaldepartementet | 33 500,0 | 33 500,0 | | 6 599,1 | 740,0 | | 5 859,1 |
3. | Helse- og omsorgs- departementet | 400,0 | 400,0 | | 19,8 | 6,2 | | 13,7 |
4. | Barne- og like-stillingsdepartementet | 3,6 | 3,2 | | 3,2 | 1,3 | | 1,9 |
5. | Nærings- og handels- departementet | 46 236,4 | 45 775,7 | 92,0 | 29 797,2 | 17 962,1 | 23 096,2 | 34 931,4 |
6. | Landbruks- og mat-departementet | 14,5 | 14,5 | | 1,1 | 1,1 | | 0,0 |
7. | Samferdselsdeparte- mentet | 1 768,0 | 1 088,0 | | 840,5 | 156,5 | | 683,9 |
8. | Miljøverndepartementet | 27,1 | 14,0 | | 14,0 | 4,7 | | 9,3 |
9. | Fornyings- og admini- strasjonsdepartementet | 244,9 | 244,9 | | 224,5 | 1,5 | | 223,0 |
10. | Finansdepartementet | 8 946,8 | 9 230,3 | | 8 946,8 | | 283,5 | 9 230,3 |
| Sum | 104 051,9 | 102 318,9 | 92,0 | 46 470,4 | 18 877,3 | 23 379,7 | 50 972,9 |
Side 3
(side 240)
| Garantifullmakt | | | Garantiansvar | |
| Dato for siste St.vedt. | Garanti-ramme 31.12.06 | Utbetalt pga. tap 2006 | Ansvar 1.106 | Forskyvingar
i 2006 | Ansvar 31.12.06 |
| | | | | Nedgang | Auke | |
10. Finansdepartementet | | | | | | |
1 | Garanti for
grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken | 15.12.05 | 5 898 076 | 0 | 5 716 938 | | 181 138 | 5898 0762 |
2 | Nordisk prosjektinvesteringslån gjennom Den nordiske investeringsbanken | 15.12.05 | 2 089 084 | 9 | 2 722 813 | | 86 271 | 2 809 0843 |
3 | Miljølån
til Nordens nær-områder gjennom Den nordiske investeringsbank | 15.12.05 | 523 113 | 0 | 507 048 | | 16
065 | 523 1134 |
| Sum Finans- departementet | | 9 230 273 | 0 | 8 946 799 | 0 | 283 474 | 9 230 273 |
1) Garantiansvar for overførte fond
frå Statens Pensjonskasse som gjeld Statsbanenes pensjonsfond
er ført opp.
2) Motsvarar EUR 715 959 651 etter kurs 8,238
pr. 31.12.06
3) Motsvarar EUR 340 991 000 etter kurs 8,238
pr. 31.12.06
4) Motsvarar EUR 63 500 000 etter kurs 8,238
pr. 31.12.06
Undervedlegg 2
(Side 244)
Tabell 5.7 Statens direkte økonomiske
engasjement i petroleumsverksemda. Balanse per 31. desember 2006 |
Eigedelar | Kroner | | Eigenkapital
og gjeld | Kroner |
Anleggsmidlar: | | | Eigenkapital: | |
Driftsmidlar, eigedommar | 157 124 825 256 | | Eigenkapital | 136 748 326 587 |
Immaterielle eigedelar | 1 301 848 272 | | Sum eigenkapital | 136 748 326 587 |
Andre anleggsmidlar | 990 712 | | | |
Finansielle anleggsmidlar | 4 059 786 | | Lanqsiktig gjeld: | |
| | | Langsiktige forpliktingar | 29 202 331 547 |
| | | Anna langsiktig gjeld | 2 025 334 058 |
Sum anleggsmidlar | 158431 724026 | | Sum langsiktig gjeld | 31 227 665 605 |
Omløpsmidlar: | | | | |
Lager | 583 561 282 | | | |
Offentlege gjeldskrav | 40 466 849 | | Kortsiktig gjeld: | |
Kundefordringar | 10 109 492 155 | | Leverandørgjeld | 1 908 592 303 |
Andre omløpsmidlar | 24 929 763 | | Anna kortsiktig gjeld | 912 428 362 |
Førehandsbetalt
kostnad og ikkje motteken inntekt. | 9 934 604 300 | | Fordringar mot lisensoperatørar | -2 394 660 453 |
Bankinnskott | 63 472 495 | | Avsetjing
for påløpte kostnader | 10 785 898
467 |
Sum omløpsmidlar | 20 756 526
844 | | Sum kortsiktig
gjeld1) | 11 212258678 |
| | | | |
Sum eigedelar | 179 188 250 870 | | Sum eigenkapital og gjeld | 179 188 250 870 |
1) Årsaka til avviket mellom utgåande
balanse på kapitalrekneskapen sin konto 68.00.30 og anleggsmidlar
i balansen til SDØE er at kontantprinsippet er brukt i
kapitalrekneskapen og rekneskapsprinsippet er brukt i balansen til
SDØE. SDØE hadde 223 942 866,19 kroner til gode
i mellomvære med staten per 31.12.2006. Finansielle instrument
som ikkje er balanseført iht. NGAAP: Eigedelar knytte til
uoppgjorde terminkontrakter og futures utgjer l 829 mill. kroner
per 31.12.2006. Forpliktingar knytte til uoppgjorde terminkontrakter
og futures utgjer 754 mill. kroner per 31.12.2006
Oslo, i finanskomiteen, den 31. mai 2007
Reidar Sandal
leiar og ordførar |