Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i Europarådet i 2006

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Regjeringa ser samarbeidet i Europarådet som ein viktig del av europapolitikken. Samarbeidet er sentralt for å fremje demokratiet, menneskerettane og rettsstatsprinsippa i heile Europa, medrekna Russland og Kaukasus. Europarådet er på denne måten med på å leggje grunnlaget for fred og tryggleik i vår del av verda.

Regjeringa ser arbeidet i Europarådet i nær samanheng med innsatsen elles for å byggje opp stabile og opne demokrati og gjennomføre politiske reformer på Balkan og i SUS-området (Samveldet av uavhengige statar). Noreg har teke initiativ til å styrkje den evna Europarådet har til å hjelpe deltakarlanda med å gjennomføre naudsynte reformer.

Regjeringa ser det som svært viktig å samordne og koordinere norsk politikk og det bilaterale engasjementet elles med den multilaterale innsatsen. På norsk hald er ein særleg oppteken av å styrkje samarbeidet og skape synergi i tilhøvet mellom dei multilaterale organisasjonane som Europarådet, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), NATO og FN.

Europarådet har særleg kompetanse når det gjeld menneskerettar, demokratisering, lokaldemokrati og statsrettslege tilhøve og kan både gje råd og rettleie medlemslanda på desse områda. Regjeringa arbeider for at Europarådet skal få betre kompetanse på desse områda og ikkje spreie seg for breitt til andre område. Noreg har difor teke til orde for at samarbeidet med andre organisasjonar må styrkjast samtidig som Europarådet konsentrerer innsatsen sin om dei områda der organisasjonen har særskilte fortrinn.

Arbeidet med Europarådet femner vidt på norsk side. Utanriksdepartementet har ansvaret for dei overordna prioriteringane og koordineringa og samarbeider nært med dei departementa som deltek i det faglege samarbeidet i Strasbourg. Det er særleg viktig å sikre ei brei forståing for dei overordna prioriteringane for samarbeidet, særleg behovet for å styrkje Europarådet sitt kjernearbeid med menneskerettar og demokrati. Regjeringa søkjer vidare å styrkje kontakten med frivillige organisasjonar om relevante saker i europarådsarbeidet.

Under ministermøtet i Strasbourg i mai 2006 understreka utanriksministeren at oppfølging av handlingsplanen frå det tredje toppmøtet i Warszawa i 2005 må liggje til grunn for arbeidet i Europarådet framover. Frå norsk side vil hovudprioriteringa vere å betre den vanskelege situasjonen for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg. Det er urovekkjande at det ved utgangen av 2006 låg bortimot 90 000 saker til handsaming i domstolen, ein auke på 12 prosent frå året før. Utanriksministeren la vekt på behovet for at EMK protokoll 14 trer i kraft raskt, noko som vil opne for meir effektive prosedyrar i handteringa av innkomne klager og som ein reknar med vil føre til at domstolen kan handtere 25 prosent fleire klager per år. Det er svært beklageleg at protokollen framleis ikkje har tredd i kraft fordi Russland som einaste land enno ikkje har ratifisert han. Regjeringa meiner det er påkravd med reformer hos domstolen og vil vere aktive i å følgje opp ytterlegare tiltak for å betre arbeidsvilkåra for domstolen. Siktemålet må vere semje om reformer som kan gje ei varig løysing på dei utfordringane domstolen står overfor.

Utanriksministeren la vidare vekt på det ansvaret landa har for å gjennomføre forpliktingane i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Han tok til orde for at Noreg skal opprette eit fond (Trust Fund) for menneskerettar i Europarådet. Fondet skal brukast til å støtte reformarbeidet innan justissektoren i enkeltland. Europarådets utviklingsbank vil forvalte fondet, og ein tek sikte på å setje i verk dei første prosjekta ein gong i 2007. Etter at fondet er etablert, vil Regjeringa arbeide for at dei andre medlemslanda sluttar seg til.

Russland prega i stor grad samarbeidet i Europarådet i 2006, då landet for første gong tok over formannskapen. Det russiske formannskapsprogrammet hadde som tema "eit sameint Europa utan skiljelinjer" og var prega av ønsket om at samarbeidet i Europarådet skal medverke til å modernisere dei nye demokratia. Russland åtvara spesielt mot å isolere Kviterussland og oppmoda til dialog både med styresmaktene og opposisjonen. Russland la vekt på den bindande karakteren samarbeidet har og at siktemålet må vere å utvikle eit felles rettsområde for heile Europa. Særleg prioriterte Russland arbeidet med menneskerettane, samarbeidet på det juridiske området, sosial utjamning med vekt på svake grupper, demokrati, godt styresett og interkulturell dialog. Det uttalte målet til Russland var å styrkje Europarådet si evne til å møte nye samfunnsutfordringar i ei tid med globalisering. Det er etter norsk syn positivt at Russland gjennom formannskapen stadfesta den vekta landet legg på samarbeidet i Europarådet.

Frå norsk side la man stor vekt på å samarbeide godt med Russland i formannskapsperioden, mellom anna gjennom felles arrangement som ein konferanse for funksjonshemma i St. Petersburg i september 2006. Noreg bidrog òg til ein konstruktiv dialog mellom Russland og EU under forhandlingane om den nye samarbeidsavtalen mellom Europarådet og EU.

Den russiske formannskapen blei samtidig prega av det generelt vanskelegare tilhøvet mellom EU og Russland og dessutan av uro over den politiske utviklinga internt i Russland, og då særleg vilkåra for menneskerettane. Fleire enkeltsaker med høg profil blei tekne opp i Europarådet, mellom anna drapet på journalisten Anna Politkovskaja i oktober 2006. Det blei òg stilt krav frå fleire hald om at Russland må oppfylle forpliktingane sine overfor Europarådet og syte for ei stabil utvikling av demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

Tilhøvet til EU er viktig for den vidare utviklinga til Europarådet. Den såkalla Juncker-rapporten, utarbeidd av den tidlegare statsministeren i Luxembourg, tilrår eit mykje tettare samarbeid mellom Europarådet og EU. Det er påkravd med eit tettare samarbeid for å sikre den vidare utviklinga i Europarådet, og Noreg har difor teke aktivt del i forhandlingane om den nye samarbeidsavtalen. Regjeringa har såleis arbeidd for tettare konsultasjonar mellom Europarådet og EU, medrekna ei etablering av faste samordningsmøte mellom Europarådet, EU-kommisjonen og medlemslanda. Regjeringa meiner at eit slikt samarbeid er viktig for at innsatsen for menneskerettane, rettsstaten og eit godt styresett i dei nye demokratia skal bli meir samordna. Det er dessutan venta at avtalen vil opne for tettare prosjektsamarbeid i dei nye demokratia.

Regjeringa legg òg vekt på å styrkje samordninga og koordineringa mellom Europarådet og andre internasjonale organisasjonar som FN og OSSE. På norsk side er vi tilfredse med at samarbeidet mellom Europarådet og OSSE har utvikla seg positivt sidan samarbeidsavtalen mellom dei to organisasjonane blei inngått etter norsk initiativ i 2004. Samarbeidet er i første rekkje knytt til å nedkjempe internasjonal terrorisme, menneskehandel, rasisme og framandfrykt, og dessutan til støtta til nasjonale minoritetar. Frå norsk side arbeider en likevel for å utvide samarbeidet til fleire område, som arbeidet for toleranse og interkulturell dialog, og å betre sam­ordninga i felt.

Noreg arbeider òg for å styrkje informasjonsutvekslinga og samarbeidet med FN, særleg med FNs organisasjon for utdanning og kultur (UNESCO) og FNs barnefond (UNICEF), mellom anna om kampanjen for barns rettar. En har òg arbeidd for å styrkje kontakten med det nye FN-menneskerettsrådet i Genève som heldt sin første sesjon i juni 2006.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Anne Margrethe Larsen, vil understreke Europarådets betydning for å skape dialog og samarbeid for en demokratisk utvikling i hele Europa bygd på grunnleggende verdier som menneskerettigheter og rettsstatens prinsipper.

Komiteen viser til at Europarådet har særlig kompetanse når det gjelder menneskerettigheter, demokratisering, lokaldemokrati og statsrettslige forhold og kan gi både råd og rettledning til medlemslandene på disse områder.

Komiteen har merket seg Regjeringens arbeid for at Europarådet skal utvide og forbedre sin kompetanse innenfor disse områder, og ikke spre seg for bredt til andre områder. Regjeringen har på bakgrunn av dette tatt til orde for at samarbeidet med andre organisasjoner må styrkes, samtidig som Europarådet konsentrerer innsatsen der organisasjonen har kompetanse og spesielle fortrinn. Komiteen er enig i dette.

Komiteen vil understreke at det er særdeles viktig at EMK protokoll 14 trer i kraft raskt. Dette vil åpne for mer effektive prosedyrer i håndteringen av saker, noe som kan medføre at domstolen kan behandle 25 prosent flere saker enn i dag. Domstolen står overfor store utfordringer, og reformene som ligger i protokoll 14 er nødvendige for å forbedre både arbeidsforhold og effektivitet ved domstolen.

Komiteen ser med bekymring på at protokollen ennå ikke har trådt i kraft, noe som skyldes at Russland som eneste medlemsland fortsatt ikke har ratifisert denne. Konsekvensene av dette begynner å bli alvorlige, og komiteen vil derfor understreke at man må ha fullt fokus på alle nivåer for å påvirke vårt naboland til å foreta en snarlig ratifisering av protokollen.

Komiteen har merket seg at Russland i stor grad preget samarbeidet i Europarådet i 2006, da landet hadde formannskapet for første gang. I formannskapsperioden la Russland vekt på den bindende karakter samarbeidet har og at siktemålet må være å utvikle et felles rettsområde for hele Europa. Videre prioriterte Russland arbeidet med menneskerettigheter, samarbeidet på det juridiske området, sosial utjevning og vekt på svake grupper, demokrati, godt styresett og interkulturell dialog.

Komiteen er tilfreds med det gode samarbeidet med Russland i formannskapsperioden, bl.a. gjennom felles arrangementer som en konferanse for funksjonshemmede i St. Petersburg.

Komiteen har videre merket seg den konstruktive dialogen mellom Norge og Russland under forhandlingene om den nye samarbeidsavtalen mellom Europarådet og EU.

Komiteen er kjent med at den såkalte Juncker-rapporten tar til orde for et tettere samarbeid mellom Europarådet og EU, og at Norge har deltatt i forhandlingene om den nye samarbeidsavtalen.

Komiteen er fornøyd med at samarbeidet mellom Europarådet og OSSE har utviklet seg positivt siden samarbeidsavtalen mellom organisasjonene ble inngått i 2004.

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 29 (2006-2007) - om Noregs deltaking i Europarådet i 2006 - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 30. mai 2007

Olav Akselsen

leder

Øyvind Vaksdal

ordfører