Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endring i kringkastingsavgifta for 2007 og omlegging av avgiftsinnkrevjinga i NRK

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 266 (2006-2007)
  • Kildedok: St.prp. nr. 63 (2006-2007)
  • Dato: 07.06.2007
  • Utgiver: Familie- og kulturkomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Bakgrunn

Norsk rikskringkasting AS (NRK) kom i 2003 inn i meirverdiavgiftssystemet med full frådragsrett for inngåande meirverdiavgift. I 2007 er meirverdiavgiftssatsen 8 pst.

Ansvaret for å krevje inn avgifta er lagt til NRK. Avgifta blir kravd inn på forskott for seks månader av gongen, dvs. at innbetalinga 1. mars gjeld perioden 1. mars - 31. august, mens innbetalinga 1. september gjeld for perioden 1. september - 28. februar det påfølgjande året.

Gjeldande praksis for avgiftsinnkrevjing inneber at NRK periodiserer to månader av kringkastingsavgifta som inntekt i regnskapet året etter kalenderåret. Etter at NRK kom inn i meirverdiavgiftssystemet, har dette skapt problem for NRK sine innbetalingar av meirverdiavgift.

Kultur- og kyrkjedepartementets forslag

For å leggje om kringkastingsavgifta slik at periodane følgjer kalenderåret gjer Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om ny modell for innbetalinga:

  • 1. Kringkastingsavgifta for 2007 blir avkorta med eit beløp som svarer til kringkastingsavgift for to månader.

  • 2. Innbetalinga 1. september 2007 gjeld fram til 31. desember 2007, noko som vil gå fram av innbetalingsblanketten.

  • 3. For framtida blir kringkastingsavgifta betalt i to ratar med forfall 31. januar og 31. juli. Innbetalingane vil gjelde høvesvis første og andre halvår.

Departementet legg til grunn at denne modellen samla sett vil ivareta dei ulike omsyna på den beste måten. Hittil har heile kringkastingsavgifta blitt betalt på forskott med forfall 1. mars og 1. september. Det vert no lagt opp til at deler av kringkastingsavgifta skal betalast på etterskott med forfall 31. januar og 31. juli. Betaling på etterskott inneber auka rentekostnader for NRK, og det er difor ikkje lagt opp til ytterlegare etterskottsbetaling ved å oppretthalde forfallstidspunkta som i dag samstundes som lisensperioden vert endra. Etter framlegget i proposisjonen vil lisensbetalarane bli kompensert for omlegginga av lisensperioden ved at siste innbetaling i 2007 vert redusert tilsvarande kringkastingsavgift for to månader. Dette krev endring av avgiftsvedtaket for 2007 da kringkastingsavgifta blei sett til 1 948 kroner.

Modellen vil gi betre samsvar mellom Stortingets årlege budsjettvedtak og NRKs periodisering enn dagens ordning inneber, og sikrar at NRK kan inntektsføre heile inntekta frå kringkastingsavgifta i kalenderåret i samsvar med Stortinget sine føresetnader.

Avkortinga av avgifta for 2007 vil svekke NRKs likviditet med 600 mill. kroner, noko som vil påføre NRK ein auka rentekostnad på om lag 10 mill. kroner. Dette kan utliknast ved at avkortinga av kringkastingsavgifta blir redusert med fem kroner. Departementet gjer difor framlegg om at kringkastingsavgifta for 2007 blir sett til 1 628 kroner ekskl. meirverdiavgift.

Saken må leggjast fram for Stortinget på nytt, både fordi føresetnadene frå budsjettvedtaket for 2007 ikkje kan oppfyllast fullt ut, og fordi avgiftsvedtaket for 2007 må endrast.

Departementet kjem attende til denne saka i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Erling Sande, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til at kringkastingsavgifta blir fastsett av Stortinget ved handsaminga av statsbudsjettet og gjeld for komande kalenderår. Stortingsfleirtalet vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet for 2007 at heile inntekta frå kringkastingsavgifta frå og med 2007 skal førast i det aktuelle kalenderåret og at dette ikkje skulle få konsekvensar for lisensbetalarane.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at modell 1 i høyringsnotatet er den einaste som fullt ut vil oppfylle stortingsfleirtalet sine føresetnader. Modellen ville ikkje få negative konsekvensar for lisensbetalarane. Det same beløpet skulle innbetalast på same tidspunkt som i dag, og lisensbetalarane ville få bruke fjernsynsapparatet like lenge som i dag. Ordninga ville ikkje innebere noka endring for dei som går ut av ordninga, og for nye lisensbetalarar ville framlegget vera meir gunstig enn gjeldande ordning. Av høyingsfråsegna frå NRK går det fram at forslaget ikkje kan gjennomførast utan at dette får store negative økonomiske konsekvensar for NRK. Dette har ikkje vore tilsikta frå stortingsfleirtalet si side.

Fleirtalet støttar difor departementet si vurdering om at ein revidert modell 2 best er i samsvar med Stortinget sine føresetnader. Det inneber at kringkastingsavgifta for 2007 blir avkorta med eit beløp som svarer til kringkastingsavgift for to månader og at innbetalinga 1. september 2007 gjeld fram til 31. desember 2007. Dette vil gå fram av innbetalingsblanketten. For framtida blir kringkastingsavgifta betalt i to ratar med forfall 31. januar og 31. juli. Innbetalingane vil gjelde høvesvis første og andre halvår. Avkortinga av avgifta vil svekke NRK sin likviditet. Det vil påføre NRK auka rentekostnader på om lag 10 mill. kroner. Fleirtalet støtter difor at avkortinga av kringkastingsavgifta blir redusert med 5 kroner for den einskilde lisensbetalar for å utlikne dette.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, støtter departementet sitt framlegg til lisensinnkrevjing og endring av avgiftsvedtaket for 2007.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til Dokument nr. 8:31(2006-2007) der det ble fremsatt krav om at Regjeringen måtte fremme ny sak for Stortinget vedrørende omleggingen av periodiseringen for NRK-lisensen. Disse medlemmer viser også til den kritikk mot Regjeringen som ble fremsatt i forbindelse med behandlingen av dette representantforslaget. Disse medlemmer noterer seg at Regjeringen med dette fremmer en sak med en tilpasset løsning som i alle hovedtrekk imøtekommer de føringer som ble lagt til grunn i nevnte representantforslag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet en rekke ganger har tatt til orde for omorganisering av NRK og reduksjon/avvikling av NRK-lisensen, herunder bl.a. Dokument nr. 8:11 (2006-2007), jf. Innst. S. nr. 118 (2006-2007).

For øvrig støtter disse medlemmer fremlegget til fremtidig periodisering av lisensinnkrevingen.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget samtykker i at for 2007 skal kringkastingsavgiften for fjernsynsmottakere være 1 623 kroner eksklusiv merverdiavgift."

Forslag frå mindretal

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Stortinget samtykker i at for 2007 skal kringkastingsavgiften for fjernsynsmottakere være 1 623 kroner eksklusiv merverdiavgift.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til sine merknader og til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at for 2007 skal kringkastingsavgifta for fjernsynsmottakarar vere 1 628 kroner ekskl. meirverdiavgift.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 7. juni 2007

May-Helen Molvær Grimstad

leiar

Espen Johnsen

ordførar