Sammendrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda med verknad frå 1. mai 2007 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2007 som følgje av reguleringa.

Det blir i proposisjonen gjort greie for drøftingane mellom staten og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 3 920 frå 1. mai 2007.

Staten har i drøftingane teke utgangspunkt i retningslinjene for trygdeoppgjeret som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003).

Organisasjonene fremja krav om:

  • a) Et tillegg på 0,25 pst. ut over Regjeringens anslag til lønnsvekst som skulle øremerkes en økning av særtillegget for minstepensjonistene.

  • b) En økning av unge uføres tilleggspensjon med 1 pensjonspoeng, fra dagens nivå på 3,30 pensjonspoeng til 4,30 pensjonspoeng.

Statens tilbod på ein auke på kr 3 920, fra kr 62 892 til kr 66 812, fra 1. mai 2007 innebar ei årsvekst for pensjonistar på 5,38 pst.

Regjeringa og organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 3 920 frå 1. mai i år. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 5,38 prosent frå 2006 til 2007. I tillegg blei partane samde om ein protokolltilførsel når det gjeld minstepensjonistane og dei unge uføre:

"(…) Staten viser til at en i samarbeid med organisasjonene vil kartlegge utviklingen i levekår og inntekt og vurdere mulige tiltak for disse gruppene som grunnlag for Regjeringens ordinære budsjettbehandling. Staten er innstilt på å inngå en prosess med organisasjonene som deltar i trygdeforhandlingene i denne gjennomgangen. (…)"

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med kr 7 032 pr. år til kr 119 820 pr. år. For ektepar der begge er minstepensjonistar, aukar pensjonen med kr 12 888 pr. år til kr 219 600 pr. år.

Meirutgiftene ved framlegget vert på om lag 7 032 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonistane frå 1. mai 2007, jf. St.prp. nr. 82 (2006-2007) Om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2007 mv.

Tabellen nedanfor viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1. januar 1990 - 30. april 2008. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre født før 1941

Einslege

Ektepar

Pr. år

Pr. md.

Pr. år

Pr. md.

Pr. år

Pr. md.

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 612

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1.05.03-30.04.04

101 964

8 497

181 20010

15 100

141 300

11 775

1.05.04-30.04.05

105 408

8 784

190 24811

15 854

146 064

12 172

1.05.05-30.04.06

108 852

9 071

199 51212

16 626

150 840

12 570

1.05.06-30.04.07

112 788

9 399

206 712

17 226

156 288

13 024

1.05.07-30.04.08

119 820

9 985

219 600

18 300

166 032

13 836

1) Frå 1. januar 1991.

2) Frå 1. januar 1992.

3) Frå 1. januar 1993 (pga. heva aldersgrense).

4) Født før 1943 (1. januar 1926-31. desember 1942).

5) Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1. januar 1994. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6) Heving av sats for særtillegget frå 1. januar 1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

7) Heving av sats for særtillegget frå 1. mai 1997. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).

8) Auking av garantert poengtal frå 3 til 3,3.

9) Heving av sats for særtillegget frå 1. mai 1998. Ordinær sats er 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunn­beløpet.

10) Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003

11) Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004

12) Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005

Kilde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Pensjonane aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Likevel auka pensjonane for ektepar og sambuande sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2006. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Grunnbeløpet og pensjonane for dei einslege minstepensjonistane auka i perioden 2001-2006 med gjennomsnittleg 4,3 pst. pr. år, som er på linje med utviklinga for lønstakarar i alt i same tidsrom. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2007, som i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvenser for krigspensjoneringa, og for 2007 blir det rekna med meirutgifter på 9 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 23 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 32 mill. kroner for 2007.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) auka med 38 mill. kroner, og at løyvingane til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 48 mill. kroner.