Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det nordiske kultur- og mediesamarbeidet fekk ny profil frå 1. januar 2007. Hovudpilarane i det nye samarbeidet er tre program: eit medieprogram som gjev støtte til utvikling av dataspel for barn og unge med nordisk "innhald", kunst- og kulturprogrammet og mobilitets- og residensprogrammet. Endringa vil skape nye samarbeidsformer for kunstnarar og kulturaktørar og ny substans og tverrfagleg arbeid, og det vert frigjort midlar til program, prosjekt og aktivitetar. Hovudoppgåva til Ministerrådet den neste treårsperioden når den nye strukturen skal konsoliderast, er å vurdere om mål og verkemiddel er kulturpolitisk føremålstenlege og relevante, mellom anna gjennom ei kontinuerleg evaluering. I lys av den globale utviklinga er det viktig å styrkje Norden som ein berekraftig kulturregion og som ei plattform for internasjonalisert samarbeid ved å verne om og fremje eit mangfald av kulturuttrykk i Norden.
Den nordiske avtalen om tilgang til høgare utdanning i alle nordiske land er forlenga. Eit felles nordisk masterprogram - Nordic Masters - er etablert og blir utvikla i kommande studieår med første studentopptak hausten 2008. Nordplus-programma er forlengja med eitt år. Neste generasjon Nordplus blir frå 2008 utvida til å omfatte dei baltiske land og blir eit rammeprogram med ein tverrsektoriell del og tre sektorprogram for skuleområdet, høgare utdanning og vaksnie si læring. Samarbeidet om internasjonale undersøkingar i grunnopplæringa skal styrkjast. Etter Noreg sitt initiativ blir det i 2007 lagt fram ein rapport om effektiv organisering av språkpolitikken med sikte på å styrkje nabospråksforståinga i Norden. Noreg har støtta opp om globaliseringsarbeidet til Ministerrådet der utdanning, forsking og innovasjon speler ei viktig rolle. Ministerrådet har òg engasjert seg i Bologna-prosessen.
Noreg har støtta opp om den sterke vektlegginga av samarbeidet mellom forsking og innovasjon i strategien til Nordisk Ministerråd og i globaliseringsarbeidet. Vidare har Noreg lagt vekt på den rolla Norden har som ein føregangsregion innan arktisk forsking og framheva behovet for å styrkje samarbeidet, særleg med tanke på å auke kunnskapen om klima-endringane i Arktis.
På fleire sentrale område er det behov for eit sterkare nordisk samarbeid innan IT-politikk og IT-koordinering. Samordning og koordinering av felles nordiske initiativ overfor EU vil gje ytterlegare verdi til det nordiske IT-samarbeidet.
Prioriterte satsingsområde på miljøsektoren under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006 var miljøutfordringeane i Arktis med vekt på miljøgifter og klima og folkeleg deltaking i miljø- og berekraftarbeidet. I tillegg har det vore sterkt fokus på dei globale klimaproblema. Eit viktig område innan miljøsamarbeidet i Norden er òg å påverke og følgje med i utviklinga av regelverket i EU og andre internasjonale prosessar.
Den nye organisasjonsstrukturen i Nordisk Ministerråd tredde i kraft 1. januar 2006 og innebar at dei tidlegare tre ministerråda for høvesvis nærings-, energi- og regionalpolitikk vart samla til eit felles ministerråd (MR-NER). Prioriterte område under formannskapen i 2006 var fokusering på nedbygginga av grensehindringar for næringslivet, entreprenørskap og innovasjon og å føre vidare arbeidet med å vidareutvikle Norden til ein grenselaus og konkurransekraftig region.
I den norske formannskapsperioden vart det lagt vekt på å setje i verk det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeidet for 2006-2009 og konsentrerer seg om kjerneområdene energimarknader (særleg elektrisitetsmarknaden), berekraftige energisystem og Norden i det internasjonale energisamarbeidet. Nordisk energiforsking skal styrkjast og ha fokus på nye energiløysingar og ein velfungerande marknad med fem tematiske satsingsområde: integrasjon av energimarknaden, fornybar energi, energieffektivitet, hydrogensamfunnet og konsekvensane av klimaendringar på energiområdet.
Den norske formannskapen tok initiativet til eit samarbeidsprosjekt som regionalt tilpassa innovasjonspolitikk i dei nordiske regionane og eit samarbeid om fornybar energi ved å setje i gang eit demonstrasjonsprosjekt innanfor biodiesel. Den finske formannskapen i 2007 fokuserer på regional konkurransekraft og innovasjon og på basistenester for befolkninga og å utvikle den nordlege dimensjonen gjennom å styrkje det regionale samarbeidet med dei baltiske statane.
På det nordiske ministermøtet i 2006 vart det vedteke ei erklæring om ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) med særleg fokus på oppgraderinga av hamnestatskontrollen. Dei nordiske landa ønskjer å medverke til at det kjem på plass ein global avtale om hamnestatskontroll i regi av FAO.
Berekraftig fiskeri har vore eit anna viktig emne for fiskerisektoren. Under den norske formannskapen vart det i september 2006 halde ein internasjonal konferanse i Bergen om økosystemtilnærming til fiskeriforvaltning. Konferansen, som var organisert i samarbeid med FAO, samla 150 deltakarar frå 38 land. Som oppfølging av konferansen vart det utarbeidd ei nordisk ministererklæring som viser til dei viktigaste konklusjonane frå konferansen. Erklæringa og den offisielle oppsummeringa av konferansen vart sendt til FAO som inspirasjon til møtet i fiskerikomiteen i FAO (COFI) i mars 2007. Noreg har i FAO komme med forslag om at det vert laga ei global utgreiing om dei konsekvensane klimaendringane har for fiskeria, og dei nordiske landa ønskjer å støtte opp om dette med nordiske initiativ
I ei erklæring frå eit felles baltisk-nordisk ministermøte i november 2006 uttrykte ministrane uro for dei sosioøkonomiske konsekvensane den stadig aukande selbestanden hadde for kystnære samfunn.
Det nordiske samarbeidet på jord- og skogbrukssektoren er breitt og omfattande. Det vart halde to ministermøte i Noreg i 2006. På møtet i juli 2006 deltok 12 ministrar frå dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. På det nordisk-baltiske ministermøtet i november deltok det ni ministrar frå Norden og Baltikum.
Regjeringa opplyser at omorganiseringa av genressurssamarbeidet var ei viktig sak i 2006-2007. Det er no vedteke å slå Nordisk genbank - plantar, Nordisk Genbank - husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd saman til Nordisk Genressource Center (NordGen) med verknad frå 1. januar 2008. Ressursane og kompetansen som ligg i det nordiske samarbeidet om genetiske ressursar, skal samlast i NordGen. Det nordiske samarbeidet om genressursar vil med dette få eit fagleg løft og verte meir effektivt.
Det nye sikringslageret for frø som er under bygging på Svalbard, har fått stor internasjonal merksemd både i FAO og i den internasjonale pressa. Det vil vere særskilt viktig for utviklingsland. Noreg har inngått ein avtale med Global Trust Diversity Fund og Nordisk genbank om administrering og finansiering av drifta.
Det treårige programmet for Ny nordisk mat vart starta opp i november 2006. Det er oppretta med ei eiga nordisk styringsgruppe med norsk leiing. Programmet har vorte svært populært i dei nordiske landa og gjev nye sjansar for utviklinga av lokal og regional mat, matkultur, regional utvikling og verdiskaping og profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Det kan alt seiast at programmet kan vere eit godt døme på korleis Norden kan profilere seg i ei stadig meir globalisert verd.
Det er elles semje om at Norden har eit svært stort potensial for auka bruk av bioenergi, og at det var rasjonelt med eit nordisk samarbeid om kunnskapsutvikling m.a. for betre rammevilkår, medrekna å løyse dei hindringane som er.
Regjeringa seier i meldinga at dei nordiske finansministrane har vedteke å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling. Ved å opptre samla vil dei nordiske landa både ha større gjennomslagskraft og kunne spare vesentlege ressursar. Det er sett i gang forhandlingar med ei rekkje skatteparadis, og ein ventar at den første avtalen vil liggje føre hausten 2007.
Den nordiske skatteportalen (www.NordiskeTax.net) er eit samarbeidsprosjekt mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa og tek sikte på å gjere det enklare for personar busette i Norden å få hjelp til å løyse dei skatteproblema som lett vil oppstå for personar som har inntekt eller formue som rører ved fleire land.
Dei nordiske finansministrane har tidlegare uttalt at minimumsskatten på alkohol innanfor EU bør hevast. På møtet i MR-Finans i oktober 2006 vart det såleis vedteke ei fråsegn med støtte til forslaget frå EU-kommisjonen om å auke minimumsskatten på alkohol.
Frå utgangen av 2007 kjem Noreg til å delta i EU-handelssystemet for CO2 -utsleppskvoter. Frå norsk side vert det lagt vekt på at dei nordiske finansministrane engasjerer seg i spørsmålet, og at ein undersøkjer om det lèt seg gjere med ei felles nordisk haldning i spørsmålet. Noreg har teke på seg å koordinere dette arbeidet.
Det går fram av meldinga at Europarådet og Nordisk Ministerråd har starta eit samarbeid der målet er å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne i nordområda. Under konferansen som Europarådet heldt i St. Petersburg 21.- 22. september 2006 vart det lansert ein ny handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne. Konferansen var eit samarbeid mellom den russiske formannskapen i Europarådet og den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd. I det norske programmet for formannskapen i Nordisk Ministerråd for 2006 var universell utforming ei hovudprioritering. Nordiska samarbetsorganet för handikappfrågor har sett i gang eit treårig samarbeidsprogram retta mot barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira i dei tre baltiske landa og Nordvest-Russland.
Ein rapport om å omstrukturere dei nordiske institusjonane på helse- og sosialområdet er no til handsaming i Nordisk Ministerråd. Ei avgjerd i saka er venta før sesjonen i Nordisk Råd i Oslo 29. oktober-1. november 2007.
Utgreiingsarbeidet om felles nordisk produksjon av influensavaksine har vore ført vidare i 2007, men det har så langt ikkje vore grunnlag for å einast om ein produksjons- og eigarskapsmodell som omfattar alle dei fem medlemslanda. Ministerrådet tar sikte på å komme fram til ei avgjerd tidleg i 2008.
Dei nordiske landa har lang tradisjon for helseberedskapssamarbeid, og frå norsk side ser Regjeringa på dette som eit svært viktig samarbeidsområde i framtida.
Den nordiske handlingsplanen for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet frå 2006 er fulgt opp av ei erklæring om marknadsføring av og tilgang til mat for barn og ungdommar. Føremålet er å utarbeide felles, frivillige etiske reglar for å avgrense marknadsføringa av usunne næringsmiddel til barn og unge, noko som må setjast i samanheng med det arbeidet som pågår i WHO på området. Ei slik erklæring vil vere ei felles nordisk plattform for arbeidet i WHO og i EU på området.
Ministerrådet har òg vedteke ein felles nordisk-baltisk strategiplan for veterinært beredskapssamarbeid.
Det er planar om eit eige nordisk pilotprosjekt om risikobasert kjøtkontroll innanfor rammene av EUs hygiene- og kontrollregelverk. Målsetjinga er å skaffe dokumentasjon som på sikt medverkar til ei omlegging av kjøtkontrollen i EU slik at han vert meir kostnadseffektiv.
Under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2006 var aktiviteten høg på familie- og likestillingsområdet. Det vart halde to ministermøte, eit ordinært ministermøte og eit nordisk-baltisk ministermøte, og det vart vedteke eit nytt samarbeidsprogram for likestilling for perioden 2006-2010, "Med fokus på kjønn er målet eit likestilt samfunn".
Det er eit utstrakt nordisk samarbeid innanfor justissektoren. Kontakten vert mellom anna nytta til å samkøyre nordiske synspunkt og forsøke å oppnå felles nordiske standpunkt i internasjonale forum. Det vert t.d. halde årlege møte om barnebortføring. Føremålet er å diskutere problemstillingar og utveksle erfaringar når det gjeld handteringa av barnebortføringssaker.
Det nordiske lovsamarbeidet har som føremål å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Den norske formannskapen i 2006 fokuserte t.d. på lovgjeving mot internettrelaterte overgrep mot barn og felles tiltak i samband med det. Justisdepartementet arbeider med eit lovforslag som skal gjennomføre konvensjonen om nordisk arrestordre i norsk rett. Konvensjonen har som mål å forenkle og effektivisere kampen mot kriminalitet over landegrensene.
Det nordiske politisamarbeidet er forankra i ein eigen avtale og er understøtta av einsarta lovgjeving på ei rekkje område av betydning mellom anna for det daglege samarbeidet om kampen mot kriminalitet.
Det nordiske redningstenestesamarbeidet (NORDRED) er grenseoverskridande og har som føremål å hindre eller avgrense skadar på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker.
Innanfor ramma av nabopolitikken til Ministerrådet vart det i 2006 vedteke eit nytt støtteprogram for frivillige organisasjonar i Austersjøområdet. Føremålet er å fremje NGO-verksemd og styrkje NGO-nettverk i Austersjøområdet, primært ved å mobilisere nordiske og baltiske frivillige organisasjonar til aktivitetar for å styrkje det sivile samfunnet i Nordvest-Russland og til ein viss grad i Kviterussland.