Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Jord- og skogbruk

Det nordiske samarbeidet på jord- og skogbrukssektoren er breitt og omfattande. Det vart halde to ministermøte i Noreg i 2006. På møtet i juli 2006 deltok 12 ministrar frå dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. På det nordisk-baltiske ministermøtet i november deltok det ni ministrar frå Norden og Baltikum.

Regjeringa opplyser at omorganiseringa av genressurssamarbeidet var ei viktig sak i 2006-2007. Det er no vedteke å slå Nordisk genbank - plantar, Nordisk Genbank - husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd saman til Nordisk Genressource Center (NordGen) med verknad frå 1. januar 2008. Ressursane og kompetansen som ligg i det nordiske samarbeidet om genetiske ressursar, skal samlast i NordGen. Det nordiske samarbeidet om genressursar vil med dette få eit fagleg løft og verte meir effektivt.

Det nye sikringslageret for frø som er under bygging på Svalbard, har fått stor internasjonal merksemd både i FAO og i den internasjonale pressa. Det vil vere særskilt viktig for utviklingsland. Noreg har inngått ein avtale med Global Trust Diversity Fund og Nordisk genbank om administrering og finansiering av drifta.

Det treårige programmet for Ny nordisk mat vart starta opp i november 2006. Det er oppretta med ei eiga nordisk styringsgruppe med norsk leiing. Programmet har vorte svært populært i dei nordiske landa og gjev nye sjansar for utviklinga av lokal og regional mat, matkultur, regional utvikling og verdiskaping og profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Det kan alt seiast at programmet kan vere eit godt døme på korleis Norden kan profilere seg i ei stadig meir globalisert verd.

Det er elles semje om at Norden har eit svært stort potensial for auka bruk av bioenergi, og at det var rasjonelt med eit nordisk samarbeid om kunnskapsutvikling m.a. for betre rammevilkår, medrekna å løyse dei hindringane som er.