Vedlegg 2: Brev fra Forsvarsdepartementet v/statsråden til forsvarskomiteen, datert 29. november 2007

St.prp. nr. 22 (2007-2008) - svar på spørsmål knytta til prosjekt 6401 - Lettvektstorpedo

Eg viser til brev frå forsvarskomiteen av 29. november 2007 med spørsmål knytta til prosjekt 6401 - Lettvektstorpedo.

I framskaffingsløysinga er det lagt til grunn ei kostnadsramme som er basert på kostnadsdata motteke frå somme leverandørar, blant anna leverandøren av Sting Ray, i 2005. Utgangspunktet for undersøkinga er at Sting Ray-torpedoane anten vert oppgraderte eller vert erstatta av ein annan type lettvektstorpedo. Framskaffingsløysinga har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Dette kvalitetssikringsarbeidet har konkludert med at grunnlagsdatakvaliteten er god nok til å fastsetje dei økonomiske rammene for prosjektet. Svara frå leverandørane skil seg ikkje vesentleg frå einannan i pris.

Den endelege kostnaden for å oppgradere Sting Ray vil ikkje vere klar før Forsvaret mottek eit bindande tilbod frå leverandørane.