Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Forsvarsdepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Formål og hovudoversikt

1.1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2007. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2007 vart utarbeidd.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rette måte.

Omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg tilleggsløyvinga til Noreg sitt bidrag til ein felles FN-/AU-operasjon (UNAMID) i Darfur/Sudan og viktige tekniske endringar, til dømes overføring av budsjettansvar for Regional støttefunksjon (RSF), base Bergen, frå Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) til Sjøforsvaret. Vidare vert det foreslått ei styrking av budsjettet til Forsvarets logistikkorganisasjon for å dekkje høgare kostnader enn budsjettert i den løyvingsfinansierte delen av FLO, mot ei tilsvarande samla reduksjon på andre budsjettkapittel. I tillegg tek omgrupperingsproposisjonen for 2007 vare på formaliseringa av lønnskompensasjonen for 2007 og formalisering av meirinntekter. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 353,5 mill. kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å avskrive ein differanse i Forsvarets rekneskap. Regjeringa legg vidare fram eit forslag om innkjøp av nye lettvektstorpedoar, samt å auke enkelte bestillingsfullmakter.

1.2 Tilleggsløyvingar

FNs tryggingsråds resolusjon nr. 1769 autoriserte 31. juli 2007 opprettinga av fredsoperasjonen UNAMID i Darfur i Sudan saman med Den afrikanske unionen (AU). UNAMID skal overvake etterlevinga av fredsavtalen for Darfur og verne sivilbefolkninga mot overgrep. Regjeringa har vedteke at Noreg, saman med Sverige, skal starte arbeidet med å setje opp ei ingeniøravdeling på om lag 400 personell (261 nordmenn) til UNAMID. Avdelinga vert planlagt innsett tidleg i 2008 med verketid på tolv månader.

Meirkostnadene for bidraget er både personellrelaterte og knytte til materiell, vedlikehald, deployering og kjøp av varer og tenester etc. Totalt er det no rekna ut at bidraget vil ha ein meirkostnad på 184 mill. kroner i 2007.

Det er ei rekkje usikre faktorar knytte til budsjetteringa av fredsoperasjonen UNAMID i Darfur, mellom anna er ikkje tidspunkt og operasjonsstad for deployeringa endeleg vedteke av FN/AU.

I denne proposisjonen vert det fremja forslag om tilleggsløyving på 184 mill. kroner for 2007.

1.3 Differanse i Forsvarets rekneskap

Riksrevisjonen peika på, i samband med gjennomgangen av Forsvarets rekneskap for 2004, at det var avdekt eit avvik i inngåande balanse for 2004 som det ikkje var gjort greie for, og at mellomverande med statskassen difor ikkje var korrekt. I samband med omlegginga til nytt lønns- og rekneskapssystem i Forsvarets militære organisasjon, vart det difor gjort ei avstemming av rekneskapen i 2004. Det vart fastsett ein ny inngåande teknisk balanse for 2004 på 71,6 mill. kroner. Utgåande balanse i statsrekneskapen for 2003 var på 280,2 mill. kroner. Det oppstod difor ein differanse på 208,6 mill. kroner, som Forsvaret teknisk sett skuldar statskassen.

I samband med dette syner ein til Innst. S. nr. 240 (2004-2005), St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden for 2005. Stortinget gav fullmakt til at Forsvarets mellomverande med statskassen (gjeld til statskassen) vart avskriven med 208,6 mill. kroner mot forskyving i balansen.

Den aktuelle posteringa i statsrekneskapen er ikkje gjort, og det er seinare avdekt at differansen som på dette tidspunkt vart rekna ut, er feilaktig. Det korrekte uidentifiserte rekneskapstekniske avviket er på 351,8 mill. kroner. Feilen gjeld ein forteiknsfeil som vist under.

(i kroner)

Feilaktig

Korrekt

UB 2003

280 206 482,00

280 206 482,00

IB 2004

71 580 792,93

-71 580 792,93

Differanse

208 625 689,07

351 787 274,93

Forsvaret har hausten 2007 gjennomgått inngåande behaldning for 2004. Gjennomgangen har medført at det uidentifiserte rekneskapstekniske avviket er redusert til 346 mill. kroner.

Forsvarets militære organisasjon gjorde, i samband med overgangen til nytt rekneskapssystem, eit grundig arbeid med å identifisere og fastsetje ny inngåande balanse for 2004. Mange tiltak vart gjennomført for å oppklare avviket, og rekneskapen vert no månadleg avstemt for å hindre tilsvarande differansar i framtida.

I samband med Riksrevisjonens revisjon av årsoppgjeret for 2006, vart det avdekt endå fleire rekneskapstekniske avvik i Forsvarets rekneskap. Avviket er dokumenterbart og utgjer totalt 16,9 mill. kroner. Avviket skuldast at ein har brukt rekneskapsprinsipp som har medført feil inntektsføring av ubetalte inntektskrav. Av dette gjeld 3,7 mill. kroner forhold før 2004, medan 13,2 mill. kroner gjeld avvik som har oppstått i det nye rekneskapssystemet knytte til rutinar for rekneskapsføring av refusjonar. Rutinane på dette området er no endra.

På denne bakgrunnen foreslår Regjeringa at Forsvarets mellomverande med statskassen vert avskriven med 363 mill. kroner mot konto for forskyving i balansen. Forsvarets mellomverande med statskassen kjem med dette i samsvar med inngåande balanse 2007 for Forsvarets militære organisasjon, jf. romartalsvedtak.

1.4 Prosjekt - 6401 Erstatning av Sting Ray Mod 0

Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om innkjøp av nye lettvektstorpedoar. Forsvaret har i dag Sting Ray-torpedoar som sitt hovudvåpen mot ubåtar. Desse er i ferd med å nå sin tekniske levealder. Regjeringa fremjar difor eit prosjekt for Stortinget der Sting Ray-torpedoane anten vert oppgraderte eller vert erstatta av ein annan type lettvektstorpedo.

Dette skal bidra til at Forsvaret framleis kan oppretthalde evna til å kunne kjempe mot framande ubåtar. Torpedoane skal nyttast av Fridtjof Nansen-klasse fregattar med NH-90 helikopter og maritime patruljefly, P-3C Orion.

Vedlikehald og lagring av dei eksisterande torpedoane vert gjort i Storbritannia, basert på ein bilateral avtale frå 1990. Storbritannia har alt vedtatt å oppgradere sine torpedoar slik at dagens støtteordning vil opphøyre i 2010. Uavhengig av om Noreg vedtek å oppgradere dagens torpedoar, eller erstatte dei med ein annan type, vil ein søkje å få til tilsvarande logistikkstøtte for dei nye torpedoane. Det er sett i verk arbeid med å utarbeide intensjonsavtalar med aktuelle nasjonar.

Det vert fremja forslag om å opprette eit prosjekt for å oppgradere eller erstatte dagens lettvektstorpedoar. Framskaffingsløysing er utarbeidd, og ho har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Dette kvalitetssikringsarbeidet har konkludert med at grunnlagsdatakvaliteten er god nok til å fastsetje dei økonomiske rammene for prosjektet. Prosjektet har liten grad av usikkerheit, og usikkerheita er først og fremst knytt til integrering av torpedoane på fregattane, helikoptra og Orion-flya.

Prosjektet vert fremja med ei kostnadsramme på 1 647 mill. kroner på kap. 1760 post 45. I tillegg kjem 20 mill. kroner i gjennomføringskostnader over kap. 1760 post 1. Prosjektet er planlagt starta opp i 2008 og er planlagt terminert i 2013.

1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2007, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2006. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2007 (225 mill. kroner).

Tabell 1.2 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2007, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2007

30 988 929

St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2007 (RNB), jf. Innst. S. nr. 230 (2006-2007)

219 000

St.prp. nr. 85 (2006-2007) Om endringar i "Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap"("soldatproposisjonen"), jf. Innst. S. nr. 283 (2006-2007)

10 573

Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

225 037

= Faktisk løyving før omgruppering

31 443 539

+ Midlar ført over frå 2006

2 481 791

= Disponible midlar i 2007 før omgrupperinga

33 925 330

Tabell 1.3 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2007, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2007

988 390

St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2007 (RNB), jf. Innst. S. nr. 230 (2006-2007)

29 000

= Løyvingar før omgruppering

1 017 390

1.5.2 Inntekter i 2007

I høve til vedtatt budsjett for 2007 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 169,5 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2006-2007) under vedtak II.

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

169 509

+ Tilleggsløyvingar

184 000

= Sum behov ved omgrupperinga

353 509

+ Løyvingar før omgrupperinga

31 443 539

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

31 797 048

+ Midlar ført over frå 2006

2 481 791

= Samla disponible midlar i 2007 etter omgrupperinga

34 278 839

Tabell 1.5 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

1 017 390

Meirinntekter

169 509

= Løyvingar etter omgrupperinga

1 186 899

Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 353,5 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 169,5 mill. kroner.

1.5.3 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntekter.

Tabell 1.6 Utgiftsposter

(i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg.-/Meirutg.+

1

Driftsutgifter

493 730

21

Spesielle driftsutgifter

-20 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-10 221

45

Store nyskaffingar

56 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-150 000

50

Overføringar Statens pensjonskasse

-13 000

70

Renter låneordning

-3 000

Sum

353 509

1.5.4 Inntekter

Tabell 1.7 Inntektsposter

(i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt. -/Meirinnt.+

1

Driftsinntekter

243 509

47

Sal av eigedom

76 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

-150 000

Sum

169 509

2. Hovudtrekk ved dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

Den totale utgiftsramma er auka med 353,509 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 447,509 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 94 mill. kroner.

Nedanfor er dei største og viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.

Post 1 Driftsutgifter

Post 1 er foreslått auka med totalt 493,730 mill. kroner.

Posten er foreslått tilført 319,509 mill. kroner i meirinntekter, i hovudsak frå kap. 4710 Forsvarsbygg, kap. 4733 Luftforsvaret og kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Posten er tilført 128 mill. kroner i samband med norsk bidrag til fredsoperasjonen UNAMID i Darfur. Det er foreslått å omdisponere 13 mill. kroner frå post 50 Overføringar Statens pensjonskasse og 3 mill. kroner frå post 70 Renter låneordning i samband med naudsynt styrking av øvinga Cold Response 2007. Det er foreslått å omdisponere 10,221 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, samt 20 mill. kroner frå post 21 Spesielle driftsutgifter, for å finansiere ymse meirbehov på post 1 (spesifisert nedanfor).

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar.

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått redusert med 3 mill. kroner. Reduksjonen skuldast forventa mindreforbruk, og er såleis foreslått omdisponert for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått redusert med 23,1 mill. kroner. Reduksjonen skuldast forventa mindreforbruk m.a. i samband med løyving til Forsvarsbygg og støtte til arbeidet med sikkerheitsreform på Balkan og i Aust-Europa, og er såleis foreslått omdisponert for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat

Kapitlet er samla sett foreslått redusert med 42,9 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast omdisponeringar grunna finansiering av meirbehov ved Forsvarets sanitet og Forsvarets kompetansesenter for kommando, kontroll- og informasjonssystem i samband med pågåande internasjonale operasjonar og beredskapsoppdrag (57,9 mill. kroner). Vidare vert det foreslått ei teknisk omdisponering av 12,8 mill. kroner til kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon grunna overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg relatert til Alliert Treningssenter Nord. Det er foreslått ei aktivitetsreduksjon på kapitlet tilsvarande 5 mill. kroner for styrking av den løyvingsfinansierte delen av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Budsjettansvar vedrørande grunnutdanning av lærlingar i Forsvaret er overført til kap. 1734 Heimevernet (1,7 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som gir ein reduksjon på 2,6 mill. kroner.

Kapitlet vert foreslått tilført midlar i samband med naudsynt auke av øvinga Cold Response 2007 m.a. grunna norsk deltaking i NRF 8-beredskap våren 2007 (17,8 mill. kroner), og ved ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering på dei ulike kundekapitla relatert til horisontal samhandel (19,3 mill. kroner).

Kap. 1723 Nasjonal sikkerheitsmyndighet

Kapitlet er samla sett foreslått auka med 2,9 mill. kroner.

Kapitlet vert foreslått tilført 2,7 mill. kroner grunna meirinntekt. Denne endringa er av teknisk karakter, og skuldast næringslivets tilskott til drift av NorCERT. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2007. Vidare er kapitlet tilført 0,2 mill. kroner i samband med ei teknisk overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg frå Forsvarets logistikkorganisasjon til Nasjonal sikkerheitsmyndighet.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben

Kapitlet er samla sett foreslått auka med 63,4 mill. kroner.

Kapitlet er tilført midlar frå ulike kapittel grunna finansiering av meirbehov ved Forsvarets sanitet og Forsvarets kompetansesenter for kommando, kontroll- og informasjonssystem i samband med pågåande internasjonale operasjonar og beredskapsoppdrag (EU-battle group) (82,9 mill. kroner). Det er foreslått ei teknisk omdisponering av totalt 7,7 mill. kroner frå ulike kapittel grunna felles befalskoleopptak og seleksjon på vegne av dei andre styrkeprodusentane i Forsvaret. Det er foreslått ei omdisponering frå kap.1732 Sjøforsvaret i samband med overføring av budsjettansvar for EBA-relaterte utgifter ved Vardøhus festning (1,4 mill. kroner). Vidare er kapitlet auka med 1 mill. kroner grunna ei teknisk overføring av budsjettansvaret for språkopplæringa i samband med operasjonar i utlandet frå kap. 1792, samt tekniske justeringar frå andre kapittel, som samla gir ein auke på 2,8 mill. kroner.

Kapitlet vert foreslått redusert med 30,3 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering på dei ulike kundekapitla relatert til horisontal samhandel. Kapitlet er redusert med 2,1 mill. kroner grunna innføring av nytt finansieringsprinsipp i samband med overføring av budsjettansvar for Regional støttefunksjon (RSF), base Bergen, frå kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon til kap. 1732 Sjøforsvaret.

Kap. 1731 Hæren

Kapitlet er samla sett foreslått redusert med 21 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått redusert med 22,7 mill. kroner grunna ein aktivitetsreduksjon på kapitlet for styrking av den løyvingsfinansierte delen av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Det er foreslått ein reduksjon grunna ei teknisk overføring av budsjettansvar for befalskoleopptak og seleksjon til kap. 1725 (3 mill. kroner) samt teknisk overføring av budsjettansvar til kap. 1734 Heimevernet vedrørande grunnutdanning av lærlingar i Forsvaret (1,5 mill. kroner).

Kapitlet vert foreslått tilført 6,2 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel.

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Kapitlet er samla sett foreslått auka med 25,5 mill. kroner.

Kapitlet er tilført midlar i samband med overføring av budsjettansvar for Regional støttefunksjon (RSF), base Bergen, frå Forsvarets logistikkorganisasjon (113,1 mill. kroner). Vidare er kapitlet tilført 5,2 mill. kroner frå andre kapittel grunna innføring av nytt finansieringsprinsipp som følgje av denne overføringa av budsjettansvar.

Kapitlet er foreslått redusert med 48 mill. kroner i samband med ompostering av investeringsaktivitetar frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet. Kapitlet vert foreslått redusert med 20,8 mill. kroner grunna aktivitetsreduksjon for å styrkje løyvingsfinansiert del av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Vidare skuldast reduksjonen finansiering av meirbehov ved Forsvarets sanitet og Forsvarets kompetansesenter for kommando, kontroll- og informasjonssystem på kap. 1725 i samband med pågåande internasjonale operasjonar og beredskapsoppdrag (15 mill. kroner), teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel (5,2 mill. kroner), samt overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg relatert til Vardøhus festning til kap. 1725 (1,4 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar til andre kapittel, som samla gir ein netto reduksjon på 2,4 mill. kroner.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Kapitlet er samla sett foreslått redusert med 17,1 mill. kroner.

Kapitlet vert foreslått redusert med 23,3 mill. kroner grunna ein aktivitetsreduksjon på kapitlet for å styrkje den løyvingsfinansierte delen av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Vidare skuldast reduksjonen finansiering av meirbehov ved Forsvarets sanitet og Forsvarets kompetansesenter for kommando, kontroll- og informasjonssystem på kap. 1725 i samband med pågåande internasjonale operasjonar og beredskapsoppdrag (EU-battle group, 10 mill. kroner), teknisk overføring av budsjettansvar til kap.1734 Heimevernet vedrørande grunnutdanning av lærlingar i Forsvaret (1,4 mill. kroner) samt ei teknisk overføring av budsjettansvaret for befalskoleopptak og seleksjon til kap. 1725 (1,3 mill. kroner). Kapitlet er foreslått redusert i samband med naudsynt styrking av øvinga Cold Response 2007 på kap. 1725 (1,8 mill. kroner), naudsynt styrking av kap. 1791 Redningshelikoptertenesta (8,7 mill. kroner) samt teknisk overføring av budsjettansvaret for husleigeutgifter relatert til Regional støttefunksjon til kap.1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (3 mill. kroner).

Kapitlet er foreslått tilført 15 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel samt ei teknisk omdisponering i samband med militærfagleg utdanning ved Luftforsvarets skolesenter (2,4 mill. kroner). I tillegg er kapitlet foreslått tilført 15 mill. kroner grunna meirinntekter. Denne endringa er av teknisk karakter og skuldast ikkje-budsjetterte utgifter som relaterer seg til ein samarbeidsavtale med Avinor AS i samband med drift av flyplassar.

Kap. 1734 Heimevernet

Kapitlet er samla sett foreslått auka med 0,06 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått tilført 4,9 mill. kroner i samband med ei teknisk overføring av budsjettansvaret frå andre kapittel vedrørande grunnutdanning av lærlingar i Forsvaret. Vidare er kapitlet foreslått tilført 3,8 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel.

Kapitlet er foreslått redusert med 5 mill. kroner grunna ei aktivitetsreduksjon på kapitlet for styrking av den løyvingsfinansierte delen av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Vidare er kapitlet redusert grunna ei teknisk overføring av budsjettansvaret for befalskoleopptak og seleksjon til kap. 1725 (1 mill. kroner) samt 2,7 mill. kroner grunna innføring av nytt finansieringsprinsipp i samband med overføring av budsjettansvaret for Regional støttefunksjon (RSF), base Bergen, frå kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon til kap. 1732 Sjøforsvaret.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Kapitlet er samla sett foreslått auka med 306,1 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått auka med 143,7 mill. kroner for å styrke den løyvingsfinansierte delen. Vidare er kapitlet tilført 219,2 mill. kroner grunna meirinntekter. Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast mellom anna sal av drivstoff og materiell til allierte på øving i Noreg. Meirinntekta har i hovudsak ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2007. I tillegg er det foreslått ei teknisk omdisponering frå kap. 1720 i samband med overføring av budsjettansvaret for eigedom, bygg og anlegg relatert til Alliert Treningssenter Nord (12,8 mill. kroner) samt ei teknisk omdisponering frå kap. 1733 Luftforsvaret vedrørande budsjettansvaret for husleigeutgifter relatert til Regional støttefunksjon (3,7 mill. kroner). Kapitlet vert foreslått tilført 44,5 mill. kroner i samband med balansering av drivstoffbehaldningane i Forsvaret grunna høgare forbruk enn forventa.

Kapitlet er foreslått redusert med 113,1 mill. kroner i samband med overføring av budsjettansvaret for Regional støttefunksjon (RSF), base Bergen, frå Forsvarets logistikkorganisasjon til kap. 1732 Sjøforsvaret. I tillegg er kapitlet foreslått redusert med 2,9 mill. kroner grunna teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel samt tekniske justeringar frå andre kapittel, som samla gir ein reduksjon på 1,8 mill. kroner.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Kapitlet er foreslått redusert med 34 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld omdisponering i samband med styrking av den løyvingsfinansierte delen av kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon.

Kap. 1790 Kystvakta

Kapitlet er foreslått redusert med 0,9 mill. kroner som i hovudsak skuldast teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Kapitlet er foreslått auka med 85,5 mill. kroner som skuldast meirbehov i samband med etablering av auka tilstadevere og ikkje føresette auka kostnader ved vedlikehald og kjøp av reservedelar til Sea King-helikoptra.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Kapitlet er foreslått auka med 151 mill. kroner.

Kapitlet er foreslått auka med 128 mill. kroner i samband med Noregs bidrag til FN-/AU-operasjonen i Darfur-provinsen i Sudan. Vidare er kapitlet tilført midlar grunna meirbehov for auka vakt og sikring i samband med flytting til ny PRT-leir i Meymaneh, samt permisjons- og rotasjonsordning for personell i UNIFIL II (31,5 mill. kroner).

Kapitlet vert foreslått redusert med 7,5 mill. kroner som skuldast teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering relatert til horisontal samhandel. Vidare er kapitlet redusert med 1 mill. kroner grunna ei teknisk overføring av budsjettansvaret for språkopplæringa i samband med operasjonar i utlandet til kap. 1725.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige formål

Kapitlet er foreslått auka med 1 mill. kroner i samband med auka vedlikehald av murane ved Akershus festning. Dette kommer i tillegg til eit større beløp som Forsvarsbygg har avsett til formålet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner.

Post 43 Til disposisjon for Forsvars- departementet

Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2007 er løyvinga nytta til å dekkje ymse meirbehov med totalt 9,8 mill. kroner, mellom anna økonomisk støtte til Ørland kommunale kulturhus som òg kjem Forsvaret sine tilsette til gode, krigsminnefartøyet KNM Hitra, økonomisk støtte til Den Norske Turistforeining i samband med overtaking av Snøheim, økonomisk støtte til å føre opp sæterstue og fjøs flytta frå Regionalfelt Austlandet til Glomdalsmuseet, samt ei rekkje andre mindre kulturaktivitetar som totalt utgjer 0,2 mill. kroner. Posten er såleis foreslått redusert med 10,2 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med 56 mill. kroner.

Auken gjeld tilleggsløyving i samband med modifisering av Forsvarets eksisterande materiell for bruk i Afrika, slik som lakkering, installering av klimaanlegg og ekstra kjøle- og filterkapasitet. For å synleggjere meirkostnader til materiellinvesteringar i samband med norske operasjonar i utlandet, foreslår Regjeringa å opprette ein ny post 45 på kap. 1792.

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Posten er foreslått redusert med 150 mill. kroner grunna lågare investeringsaktivitet enn budsjettert. Det er ein parallell reduksjon på inntekts- og utgiftssida.

Post 50 Overføring til Statens Pensjonskasse

Posten er foreslått redusert med 13 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2007. Midlane er foreslått omdisponert til post 1 i samband med naudsynt styrking av øvinga Cold Response 2007.

Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 3 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2007. Midlane er foreslått omdisponert til post 1 i samband med naudsynt styrking av øvinga Cold Response 2007.

2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 169,5 mill. kroner.

Post 1 Driftsinntekter

Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde inntektskapitla:

Kap. 4700 Forsvarsdepartementet

Kapitlet er auka med 0,1 mill. kroner som gjeld inntekter i samband med utleige av Fanehallen på Akershus festning. Meirinntekta har ein tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2007.

Kap. 4719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

Kapitlet er auka med 6,5 mill. kroner som gjeld tilskott frå Utanriksdepartementet i samband med gjennomføring av ulike prosjekt. AMEC-samarbeidet vedrørande opphogging av russiske atomubåtar utgjer 5 mill. kroner, medan prosjektet "Forsvarsrettet sikkerhetssektorreform" (FSSR) utgjer 1,5 mill. kroner. Meirinntekta har ein tilsvarande ikkje-budsjettert utgift.

Kap. 4723 Nasjonal sikkerheitsmyndighet

Kapitlet er auka med 2,7 mill. kroner som gjeld næringslivets tilskott til drift av NorCERT. Meirinntekta har ein tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2007.

Kap. 4732 Sjøforsvaret

Kapitlet er auka med 17,327 mill. kroner. Auka skuldast teknisk flytting av inntekter frå kap. 4740 i samband med flyttinga av FLO, base Bergen, frå Forsvarets logistikkorganisasjon til Sjøforsvaret.

Kap. 4733 Luftforsvaret

Kapitlet er auka med 15 mill. kroner som relaterer seg til ein samarbeidsavtale med Avinor AS i samband med drifta av flyplassar. Meirinntekta har ein tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2007.

Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Kapitlet er samla sett auka med 201,873 mill. kroner.

Auken på 219,2 mill. kroner gjeld meirinntekter av teknisk karakter, og skuldast sal av drivstoff, utleige av EBA, sal av proviant og forpleiing til allierte styrkar på øving i Noreg. Meirinntekta har i hovudsak ein tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2007 (194 mill. kroner). I tillegg gjeld meirinntektene sal av materiell (25,5 mill. kroner).

Reduksjon på 17,327 mill. kroner skuldast teknisk flytting av inntekter til kap. 4732 Sjøforsvaret i samband med flyttinga av FLO, base Bergen, frå Forsvarets logistikkorganisasjon til Sjøforsvaret.

Post 47 Sal av eigedom

Kapitlet er foreslått auka med 76 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak forsert sal av bustader samt enkelte sal over takst.

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Posten er foreslått redusert med 150 mill. kroner grunna lågare investeringsaktivitet enn budsjettert. Det er ein parallell reduksjon på inntekts- og utgiftssida.

2.3 Bestillingsfullmakter

Regjeringa foreslår ei intern omfordeling av bestillingsfullmakter mellom kapitla.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Bestillingsfullmakter på post 1 er redusert med 160 mill. kroner til totalt 1 440 mill. kroner grunna mindrebehov på posten.

Kap. 1734 Heimevernet

Bestillingsfullmakter på post 1 er auka med 120 mill. kroner til totalt 150 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov grunna nyskaffing av nytt og tidsriktig materiell i samband med kvalitetsreformen.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Bestillingsfullmakter på post 45 er redusert med 100 mill. kroner til totalt 23 900 mill. kroner grunna mindrebehov på posten.

Bestillingsfullmakter på post 48 er auka med 100 mill. kroner til totalt 250 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov i samband med nytt bygg til Joint Warfare Centre.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Bestillingsfullmakter på post 1 er auka med 40 mill. kroner til totalt 50 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov i samband med auka norsk deltaking i internasjonale operasjonar.

3. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Per Ove Width, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, er enig i at omgrupperingsproposisjonen er et viktig virkemiddel for å fange opp uforutsett utvikling, men vil samtidig understreke at Stortingets bevilgning er bindende og gir uttrykk for Stortingets intensjon.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre peker på at det derfor ikke er gitt at forslag til omgrupperinger vil kunne aksepteres.

Komiteen har på denne bakgrunn merket seg at omfanget av forslag til omgrupperinger er vesentlig mindre denne gang i forhold til tidligere og ser positivt på dette.

Komiteen viser til forslaget om 184 mill. kroner for å dekke merkostnader i 2007 ved fredsoperasjon UNAMID i Sudan, og slutter seg til dette. Komiteen har imidlertid merket seg at det i statsbudsjettet for 2008 ikke er foreslått noen bevilgning fordi operasjonen ikke er påregnelig.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil i denne situasjon understreke at det er svært viktig at innsatsstyrken er utstyrt på en best mulig måte hva angår personlig beskyttelse, avdelingsmateriell og annet materiell nødvendig for å utføre oppdraget.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er innforstått med at det ikke er gitt at styrkene vil bli deployert, men peker på at det er påregnelig at kostnader vil påløpe, og vil understreke at det ikke er tilfredsstillende at bevilgning søkes på tidspunkter hvor kostnadene allerede er påløpt slik det i 2007 skjedde med bevilgningen til UNIFIL-bidraget. Regjeringen bes derfor snarest komme tilbake til et forslag til bevilgning for 2008 basert på en forutsetning om at styrken blir deployert.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti er tilfreds med at Regjeringen legger opp til tilleggsbevilgninger av ikke-påregnelige internasjonale operasjoner. Disse medlemmer viser her til St.prp. nr. 1 (2007-2008) hvor Regjeringen legger opp til å komme tilbake til Stortinget når de presise rammene og kostnadene for norsk deltakelse i Sudan i 2008 er endelig avklart.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil understreke at disse medlemmer ikke er positive til norsk innsats i Sudan, da disse medlemmer ikke ser det som relevant innsats for Forsvaret. Disse medlemmer registrerer at Regjeringen har vedtatt at en slik styrke skal merkes innsats i Sudan. Ut fra denne situasjon ønsker disse medlemmer å støtte den foreslåtte tilleggsbevilgning. Disse medlemmer vil i denne situasjon understreke at det er svært viktig at innsatsstyrken er utstyrt på en best mulig måte hva angår personlig beskyttelse, avdelingsmateriell og annet materiell som er nødvendig for å utføre oppdraget. Spesielt vil disse medlemmer påpeke nødvendigheten av å utstyre personellet med personlig beskyttelsesutstyr som skuddsikre vester som er beregnet for å motstå direkte treff av prosjektiler fra håndvåpen som Kalasjnikov AK-47. Videre er det viktig at styrkene utstyres med pansrede kjøretøy som er adekvate i forhold til trusselnivå. Disse medlemmer forutsetter at styrken er trent og forberedt på de utfordringer som venter i Sudan.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser videre til forslag vedrørende Porsjekt 6401 Erstatning av Sting Ray Mod 0.

Flertallet slutter seg til dette.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre peker på at et slikt forslag ikke hører hjemme i en omgrupperingsproposisjon, og mener at slikt forslag bør enten fremmes i investeringsproposisjonen, budsjettproposisjonen eller som egen sak.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til brevvekslingen mellom forsvarskomiteen og Forsvarsdepartementet i forbindelse med prosjekt 6401- Lettvektstorpedo, og kan ikke se at Regjeringen har gitt en tilstrekkelig oversikt over de økonomiske sider ved prosjektet. Disse medlemmer kan derfor ikke støtte en videreføring av prosjektet ut fra de fremlagte økonomiske opplysninger. Disse medlemmer finner det underlig at Forsvarsdepartementet ikke har innhentet bindende tilbud fra leverandører på oppgradering av dagens Sting Ray-torpedoer, da dette beskrives som en mulig løsning, fremfor en nyanskaffelse til erstatning for dagens Sting Ray-torpedoer.

Videre finner disse medlemmer det lite hensiktsmessig å behandle et så omfattende prosjekt i forbindelse med St.prp. nr. 22 (2007-2008) Om endringer i statsbudsjettet for 2007, da dette prosjekt naturlig vil høre innunder anskaffelser i det ordinære forsvarsbudsjettet. Disse medlemmer foreslår at prosjekt 6401- Lettvektstorpedo, tas ut av St.prp. nr. 22 (2007-2008) Om endringer i statsbudsjettet for 2007, og at det på et senere tidspunkt kommer en ny sak til Stortinget vedrørende dette prosjektet.

Disse medlemmer foreslår følgende forslag til erstatning for III i proposisjonen:

"Stortinget ber Regjeringen fremme en egen proposisjon vedrørende prosjekt 6401- Erstatning av Sting Ray-torpedoer, på et senere tidspunkt."

4. Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Stortinget ber Regjeringen fremme en egen proposisjon vedrørende prosjekt 6401- Erstatning av Sting Ray-torpedoer, på et senere tidspunkt.

5. Komiteens tilråding

Komiteen viser for øvrig til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

2 891 000

frå kr 323 690 000 til kr 320 799 000

1719

Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

23 120 000

frå kr 384 523 000 til kr 361 403 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet,

vert redusert med

10 221 000

frå kr 20 000 000 til kr 9 779 000

1720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert redusert med

42 868 000

frå kr 2 057 475 000 til kr 2 014 607 000

50

Overføringar til Statens Pensjonskasse, kan overførast,

vert redusert med

13 000 000

frå kr 237 400 000 til kr 224 400 000

70

Renter låneordning, kan overførast, vert redusert

med

3 000 000

frå kr 6 000 000 til kr 3 000 000

1723

Nasjonal sikkerheitsmyndighet

1

Driftsutgifter, vert auka med

2 920 000

frå kr 103 167 000 til kr 106 087 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert auka med

63 396 000

frå kr 2 087 782 000 til kr 2 151 178 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert redusert med

21 006 000

frå kr 3 786 008 000 til kr 3 765 002 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med

25 537 000

frå kr 2 687 953 000 til kr 2 713 490 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

17 087 000

frå kr 3 380 741 000 til kr 3 363 654 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert auka med

59 000

frå kr 1 066 269 000 til kr 1 066 328 000

1735

Etterretningstenesta

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

20 000 000

frå kr 829 103 000 til kr 809 103 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

306 139 000

frå kr 2 632 508 000 til kr 2 938 647 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760 post 45,

vert redusert med

34 000 000

frå kr 810 590 000 til kr 776 590 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del,

kan overførast, vert redusert med

150 000 000

frå kr 160 000 000 til kr 10 000 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert redusert med

900 000

frå kr 830 873 000 til kr 829 973 000

1791

Redningstenesta

1

Driftsutgifter, vert auka med

85 510 000

frå kr 45 015 000 til kr 130 525 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

151 041 000

frå kr 1 000 389 000 til kr 1 151 430 000

45

Større nyskaffingar av utstyr, kan overførast,

vert auka med

56 000 000

frå kr 0 til kr 56 000 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, vert auka med

1 000 000

frå kr 224 747 000 til kr 225 747 000

Inntekter

4700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsinntekter, vert auka med

109 000

frå kr 0 til kr 109 000

4710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

47

Sal av eigedom, vert auka med

76 000 000

frå kr 354 200 000 til kr 430 200 000

4719

Fellesutgifter og tilskott til foretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsinntekter, vert auka med

6 500 000

frå kr 0 til kr 6 500 000

4723

Nasjonal sikkerheitsmyndighet

Driftsinntekter, vert auka med

2 700 000

frå kr 0 til kr 2 700 000

4732

Sjøforsvaret

1

Driftsinntekter, vert auka med

17 327 000

frå kr 5 742 000 til kr 23 069 000

4733

Luftforsvaret

1

Driftsinntekter, vert auka med

15 000 000

frå kr 57 467 000 til kr 72 467 000

4740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsinntekter, vert auka med

201 873 000

frå kr 240 248 000 til kr 442 121 000

4760

Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg

48

Felles finansierte byggje- og anleggsinntekter, vert redusert med

150 000 000

frå kr 260 000 000 til kr 110 000 000

II

Avskriving av differanse i Forsvarets rekneskap

Stortinget samtykker i at Forsvarets mellomvere med statskassen (gjeld til statskassen) vert avskriven med 363,5 mill. kroner mot konto for forskyving i balansen.

III

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet vert gitt fullmakt til å starte opp nyskaffingsfasen av prosjekt 6401 - Erstatning av Sting Ray-torpedoar innanfor ei kostnadsramme på 1 647 mill. kroner.

IV

Bestillingsfullmakter

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2007 kan gjere bestillingar utover dei gitte løyvingane. Den samla ramma for nye bestillingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:

Kap.

Post

Samla ramme

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

160 000 000

frå kr 1 600 000 000 til kr 1 440 000 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert auka med

120 000 000

frå kr 30 000 000 til kr 150 000 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, vert redusert med

100 000 000

frå kr 24 000 000 000 til kr 23 900 000 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del, vert auka med

100 000 000

frå kr 150 000 000 til kr 250 000 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

40 000 000

frå kr 10 000 000 til kr 50 000 000

Vedlegg 1: Brev fra forsvarskomiteen v/leder til Forsvarsdepartementetv/statsråden, datert 29. november 2007

St.prp. nr. 22 (2007-2008) - spørsmål fra forsvarskomiteen

I forbindelse med forsvarskomiteens behandling av St.prp. nr. 22 (2007-2008), bes departementet redegjøre for følgende spørsmål:

Prosjekt 6401

Regjeringa fremmer eit prosjekt der Sting Ray torpedoane anten vert oppgraderte eller vert erstatta av ein annan type lettverkstorpedo. Kostnadsramma er satt til 1647 mill. kroner.

Eg forutsett at det er dyraste alternativ med nyanskaffelse.

Kva vil vere kostnaden om ein veljer å oppgradere Sting Ray rakettane?

Vedlegg 2: Brev fra Forsvarsdepartementet v/statsråden til forsvarskomiteen, datert 29. november 2007

St.prp. nr. 22 (2007-2008) - svar på spørsmål knytta til prosjekt 6401 - Lettvektstorpedo

Eg viser til brev frå forsvarskomiteen av 29. november 2007 med spørsmål knytta til prosjekt 6401 - Lettvektstorpedo.

I framskaffingsløysinga er det lagt til grunn ei kostnadsramme som er basert på kostnadsdata motteke frå somme leverandørar, blant anna leverandøren av Sting Ray, i 2005. Utgangspunktet for undersøkinga er at Sting Ray-torpedoane anten vert oppgraderte eller vert erstatta av ein annan type lettvektstorpedo. Framskaffingsløysinga har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Dette kvalitetssikringsarbeidet har konkludert med at grunnlagsdatakvaliteten er god nok til å fastsetje dei økonomiske rammene for prosjektet. Svara frå leverandørane skil seg ikkje vesentleg frå einannan i pris.

Den endelege kostnaden for å oppgradere Sting Ray vil ikkje vere klar før Forsvaret mottek eit bindande tilbod frå leverandørane.

Oslo, i forsvarskomiteen, den 2. desember 2007

Jan Petersen

leder og ordfører