Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Etter gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift blir arbeidsgjevaravgifta frå 2007 rekna ut etter den avgiftssatsen som gjeld i den kommunen der presten har sin tenestestad. I forhold til tidlegare utrekningar blir utgiftene til arbeidsgjevaravgift etter dette redusert med kr 5 470 000 f.o.m. 2007. Løyvingsforslaget under kap. 341 post 1 er redusert tilsvarande i budsjettforslaget for 2008.
Utgiftene til ulike samlingar, etterutdanningskurs m.m. for prestane og til enkelte prestestillingar oppretta i samarbeid med ulike kyrkjelege institusjonar, blir om lag 4 mill. kroner høgare i 2007 enn tidlegare venta. Desse meirkostnadane blir dekte av meirinntekter under kap. 3341 post 1.
Departementet gjer etter dette framlegg om at løyvinga i 2007 under kap. 341 post 1 blir redusert med kr 1 470 000.