Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Nærings- og handelsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 83 (2007-2008)
  • Kildedok: St.prp. nr. 15 (2007-2008) kap. 2426, 5326 og 5613
  • Dato: 06.12.2007
  • Utgiver: Kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Kap. 2426 SIVA SF

Post 90 Lån, overslagsløyving

SIVA SF har ei innlånsramme i statskassa på 700 mill. kroner, og har innanfor denne ramma tatt opp nytt lån og refinansiert fleire lån enn det som vart lagt til grunn i St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Nærings- og handelsdepartementet legg derfor fram forslag om å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 300 til 360 mill. kroner.

1.2 Kap. 5326 SIVA SF

Post 70 Låne- og garantiprovisjonar

Posten må endrast som følgje av ny låneavtale av 19. april 2007 mellom Nærings- og handelsdepartementet og SIVA SF. Endringa inneber at både låneprovisjon og garantiprovisjon innbetalast etterskotsvis, dvs. at garantiprovisjon som før vart innbetalt i desember same år, no skal innbetalast i februar året etter.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om at løyvinga blir redusert med 4,2 mill. kroner, frå 7 til 2,8 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til SIVA SF frå statskassa. Det visest til omtale under kap. 2426 post 90 ovanfor. I høve til vedtatt budsjett for 2007 har SIVA SF tatt opp ytterlegare lån på 180 mill. kroner, med forfall hausten 2007.

Nærings- og handelsdepartementet legg på dette grunnlaget fram forslag om å auke løyvinga med 180 mill. kroner, frå 300 til 480 mill. kroner.

1.3 Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga. Dei faktiske rentene blir høgare enn det som låg til grunn for løyvinga.

På dette grunnlaget legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag om at renteinntektene blir auka med 14,7 mill. kroner, frå 39,7 til 54,4 mill. kroner.

2. Komiteens tilråding

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Tore Hagebakken, Saera Khan, Inger Løite, Tom Strømstad Olsen og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

2426

SIVA SF

90

Lån, overslagsløyving, blir auka med

60 000 000

frå kr 300 000 000 til kr 360 000 000

5326

SIVA SF

70

Låne- og garantiprovisjonar, blir redusert med

4 200 000

frå kr 7 000 000 til kr 2 800 000

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med

180 000 000

frå kr 300 000 000 til kr 480 000 000

5613

Renter frå SIVA SF

80

Renter, blir auka med

14 700 000

frå 39 700 000 til kr 54 400 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 6. desember 2007

Tore Hagebakken

leder og ordfører