Kommunal- og regionaldepartementet legg i proposisjonen
fram forslag til omprioriteringar og tilleggsløyvingar
i statsbudsjettet for 2007.
Utbetalte forskot på rammetilskot til
kommunar i 2006 skal tilbakeførast til staten i 2007. Derfor
blir det foreslått ei løyving på 27,209
mill. kroner på kap. 3571, post 90 Tilbakeføring
av forskot.
Samansetjinga av bustønadmottakarane
har endra seg noko i løpet av 2007. Vidare har talet på mottakarar i
1. termin 2007 auka. Derfor blir det foreslått at kap. 580,
post 70 Bustønad blir auka med 31 mill. kroner.
Utgreiing og forsking på bustadområdet
blir finansiert over posten. Einskilde av oppdraga er omfattande og
komplekse, og tek lengre tid enn venta. Derfor blir det foreslått
at kap. 581, post 21 Kunnskapsutvikling og -formidling blir tilførde
stikkordet "kan overførast" i 2007.
Statens bygningstekniske etat har auka oppfølginga av
verksemdene som deltek i ordninga med sentral godkjenning av verksemd
for ansvarsrett. Gebyra blei derfor auka frå 1. juli
2007 med kr 300 til kr 1400. Derfor blir det foreslått å auke
løyvinga på kap. 587, post 1 Driftsutgifter med
4,7 mill. kroner, frå 38,8 mill. kroner
til 43,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke
av kap. 3587, post 4 Gebyr.
Nye prognosar tilseier ein lågare del
forseinkingsrenter og at utfasinga av låneporteføljen
til eldre særvilkårslån tek meir tid
ein venta. Det blir foreslått at kap. 2412, post 72 Rentestøtte
blir auka med 1 mill. kroner, frå 20 mill. kroner
til 21 mill. kroner, og at kap. 5312, post 90
Avdrag blir auka tilsvarande med 1 mill. kroner, frå 9 310
mill. kroner til 9 311 mill. kroner.
Det blir forventa at om lag 1 500 mill. kroner
av låneramma til Husbanken på 13 000 mill. kroner
ikkje vil bli nytta i 2007. Hovudforklaringa er at lånevilkåra på den
private kredittmarknaden er gode. 45 prosent av ramma blir
forventa utbetalt i 2007. Derfor blir det foreslått at
løyvinga på kap. 2412, post 90 Lån til
Husbanken blir redusert med 675 mill. kroner,
frå 11 088 mill. kroner til
10 413 mill. kroner.
Renteposten blir direkte påverka av
at 1 500 mill. kroner av låneramma ikkje blir
brukt i 2007. Det blir foreslått å redusere post
80 Renter med 36,5 mill. kroner, frå 4 073 mill. kroner
til 4 036,5 mill. kroner.
Kommunal- og regionaldepartementet har motteke
ei innbetaling på ca. 2,6 mill. kroner
frå Innovasjon Noreg på tidlegare gitt tapsløyving
til lån gitt i 1990 og tidlegare. Inntekta er førd
på kap. 5309, post 29 Ymse inntekter under Finansdepartementet,
då det ikkje er formålstenleg å ha ein
eigen post til slike overføringar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Tore Hagebakken, Saera Khan, Tom Strømstad Olsen,
Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet,
Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre,
Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti,
Rolf Reikvam, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra
Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt,
har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande
endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | Utgifter | |
580 | | Bustønad | |
| 70 | Bustønad, overslagsløyving, blir
auka med | 31 000 000 |
| | frå kr 2 321 500 000
til kr 2 352 500 000 | |
587 | | Statens bygningstekniske
etat | |
| 1 | Driftsutgifter, blir
auka med | 4 700 000 |
| | frå kr 38 767 800
til kr 43 467 800 | |
2412 | | Den norske stats husbank | |
| 72 | Rentestønad, blir
auka med | 1 000 000 |
| | frå kr 20 000 000
til kr 21 000 000 | |
| 90 | Lån til Husbanken, overslagsløyving, blir
redusert med | 675 000 000 |
| | frå kr 11 088 000 000
til kr 10 413 000 000 | |
| | Inntekter | |
3571 | | Tilbakeføring
av forskot | |
(NY) | 90 | Tilbakeføring
av forskot, blir løyvd med | 27 209 000 |
3587 | | Statens bygningstekniske
etat | |
| 4 | Gebyr, sentral godkjenning
verksemd, blir auka med | 4 700 000 |
| | frå kr 15 155 000
til kr 19 855 000 | |
5312 | | Den norske stats husbank | |
| 90 | Avdrag, blir auka med
| 1 000 000 |
| | frå kr 9 310 000 000
til kr 9 311 000 000 | |
5615 | | Renter fra Den norske stats
husbank | |
| 80 | Renter, blir redusert med
| 36 500 000 |
| | frå kr 4 073 000 000
til kr 4 036 500 000 | |
II
Tillegg av stikkord
Stortinget samtykkjer i at løyvinga
under kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak, post 21 Kunnskapsutvikling
og - formidling får lagt til stikkordet "kan overførast".
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 6. desember 2007
Tore Hagebakken
leder |
Tom Strømstad Olsen
ordfører |