Brev fra Fornyings- og administrasjonsdepartementetv/statsråden til Stortingets presidentskap, datert 21. februar 2008

Retting av feil i St.prp. nr. 39 (2007-2008)

Eg viser til St.prp. nr. 39 Om endringar i statsbudsjettet for 2008 i samband med etterbetaling av pensjon og renter til statsarbeidarar mv.

I proposisjonen under punkt 1.5 Utbetaling av renter, 3. avsnitt går det fram at departementet vil tilrå at ein gjev rente etter ein rentesats på 6,5%, i inntil 13 år. Vidare står det:

"Rentesatsen svarar til satsen Pensjonskassa har fastsett i medhald av pensjonskasselova § 17."

Dette er feil. Rentesatsen som er fastsett i medhald av § 17, var 6,5% i perioden 1974 - 2006. Styret i Statens Pensjonskasse vedtok i desember 2005 at frå 1. januar 2006 skal renta etter § 17 tilsvare den til ein kvar tid gjeldande forseinkingsrentesats etter Lov om forseinka betaling mv. Frå 2006 og fram til i dag har rentesatsen lege mellom 9,25% -12,25%.

Departementet ber om orsaking for feilen. Feilreferansen har likevel ikkje noko å seie for berekninga og forslaget til vedtak.