Vedlegg 2: Brev fra Kunnskapsdepartementet v/statsråden til familie- og kulturkomiteen, datert 27. april 2008

Svar på spørsmål fra familie- og kulturkomiteen om lovfestet likebehandling av barn som går i private og offentlige barnehager - Dok 8:54 (2007-2008)

Eg viser til spørsmål frå familie- og kulturkomiteen i samband med behandling av Dokument nr. 8:54 (2007-2008). Komiteen spør kvifor ikkje Regjeringa vil kome med nødvendige tiltak for å sikre likebehandling no, før ein kjem med forslag om rammefinansiering.

Full økonomisk likeverdig behandling inneber ein utviding av den finansieringsplikta kommunane i dag har og inneber at kommunane får ein plikt til å finansiere alle ikkje-kommunale barnehagar slik at dei får den same offentlege finansieringa per opphaldstime som kommunale barnehagar får. Dersom full økonomisk likebehandling skal innførast innanfor den budsjettramma vi har i dag, vil det innebere ei omfordeling av ressursar frå barnehagar med høgt kostnadsnivå til barnehagar med lågare kostnadsnivå. Eventuelt må kommunane auke sin eigen ressursinnsats ut over den eigenfinansieringa som var eit av vilkåra i barnehageforliket. Auka grad av økonomisk likebehandling i forhold til regelverket som gjeld no, vil vere eit budsjettspørsmål, og er såleis ein del av arbeidet med dei årlege budsjetta.

I Soria Moria-erklæringen seier regjeringa at den vil "arbeide for likeverdige lønns- og arbeidsforhold for ansatte i private og kommunale barnehager". Eg har behov for å få meir kunnskap om og oversikt over kostnadsskilnadene mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Departementet har difor satt i gang eit arbeid for å kartlegge kostnadsskilnadene mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.