Vedlegg 1: Brev fra Kunnskapsdepartementet v/statsråden til familie- og kulturkomiteen, datert 28. mars 2008

Dokument nr 8:54 (2007-2008) om lovfestet likebehandling av barn som går i private og offentlige barnehager

Eg viser til Dokument nr. 8:54 (2007-2008) frå stortingsrepresentantane Karin S. Woldseth, Ulf Erik Knudsen og Kåre Fostervold om lovfesta likebehandling av barn som går i private og offentlege barnehagar. 1 representantforslaget blir Regjeringa beden om å leggje fram forslag til endringar i barnehagelova for å sikre reell likebehandling mellom offentlege og private aktørar.

Forslagsstillarane meiner at den finansieringsordninga vi har i dag, i utgangpunktet er skeiv og gir grunnlag for ulik behandling fordi ho inneber lågare prosentmessig støtte til private plassar. Det blir vist til at PBL har klaga finansieringsordninga inn for EFTA-domstolen. Vidare blir det peikt på at ordninga kan opplevast som svært komplisert av både kommunar og private barnehagar. Forslagsstillarane meiner økonomisk likebehandling gjennom einingskostnadsprinsippet er einaste moglege måten til å stimulere barnehagar til å gi det beste tilbodet.

I 2003 kom alle partia på Stortinget (med unntak av Kystpartiet) fram til forlik om dei framtidige rammevilkåra for barnehagesektoren. Forliket la grunnlaget for det finansieringssystemet vi har i dag, og som vart vedteke under den førre regjeringa. Med barnehageforliket fekk kommunen plikt til å gi tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Den plikta kommunen har til å finansiere ikkje-kommunale barnehagar, er regulert i reglane om likeverdig behandling av barnehagar i forhold til offentleg tilskott. Hovudregelen er at kommunen skal dekkje kostnader til alle godkjende barnehagar (kostnadsdekkingsprinsippet). Det inneber at kommunen skal dekkje driftskostnader som ikkje blir dekte av andre offentlege tilskott eller foreldrebetaling.

Kostnadsdekkinga gjeld maksimum 100 pst av det som tilsvarande barnehage eigd av kommunen i gjennomsnitt får frå offentlege styresmakter og minimum 85 pst. Kommunen har ikkje plikt til å dekkje kostnadsveksten i den ikkje-kommunale barnehagen som går ut over normal pris- og kostnadsvekst for kommunesektoren. Eigar av ikkje-kommunal barnehage kan klage på vedtak om kommunalt tilskott til fylkesmannen. Reglane i forvaltningslova gjeld, slik at det er kommunen som får klagen. Dersom kommunen ikkje gjer om vedtaket sitt, skal kommunen sende klagen til fylkesmannen for endeleg avgjerd. Barnehageeigaren kan sjølv forme ut ein slik klage. Eg kan derfor ikkje forstå at forslagsstillarane meiner at dårleg økonomi skal vere eit hinder for å klage.

Dom i EFTA-domstolen i saka mellom ESA og PBL låg føre 21. februar. Utfallet var at finansieringa av kommunale barnehagar ikkje er i strid med EØS-reglane om konkurransevridande støtte.

Auka grad av økonomisk likebehandling i forhold til regelverket som gjeld no, vil også vere eit budsjettspørsmål, og er såleis del av arbeidet med dei årlege budsjetta. Dersom full økonomisk likebehandling skal innførast innanfor den budsjettramma vi har i dag, vil det innebere ei omfordeling av ressursar frå barnehagar med høgt kostnadsnivå til barnehagar med lågare kostnadsnivå. Eventuelt må kommunane auke sin eigen ressursinnsats ut over den eigenfinansieringa som var eit av vilkåra i barnehageforliket.

Regjeringa tek sikte på å leggje dei øyremerkte barnehagetilskotta inn i kommuneramma. I samband med ei slik omlegging må ein sjå nærmare på kva for endringar som må gjerast i den offentlege finansieringa av ikkje-kommunale barnehagar. Endringar i barnehagelova i samband med rammefinansiering var på høyring rundt årsskiftet 2007-2008. Departementet skisserte i høyringsdokumentet to alternative finansieringsmodellar. Det eine alternativet er at kommunane sjølve skal lage lokale reglar. Det andre alternativet er staten fastset ein prosentsats av det kommunen nyttar til dei kommunale barnehagane. Regjeringa arbeider no med å førebu eit forslag som skal leggjast frem for Stortinget om finansieringsordning for ikkje-kommunale barnehagar når rammefinansiering er vedteken. Uavhengig av kva for eit alternativ regjeringa kjem til å fremma for Stortinget, kjem eg til å foreslå ei lovfesta plikt til forskottsutbetaling av kommunalt tilskott til ikkje-kommunale barnehagar som har fått vedtak om finansiering. Dette for å sikre dei ikkje-kommunale barnehagane inntekter inntil kommunen fatter endelig vedtak om kommunalt tilskudd. Det er etter mi meining ikkje formålstenleg å endre regelverket før innlemming i kommuneramma er gjennomførd.