Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Bruk av skjulte tvangsmiddel i PST

Utvalet orienterte i meldinga for 2006 om kontrollen med korleis PST bruker skjulte tvangsmiddel. PST har tilgang til dei same skjulte tvangsmidla som resten av politiet. Typiske tvangsmiddel er kommunikasjonskontroll, romavlytting, ransaking o.a. Endringar i straffeprosesslova og politilova som tok til å gjelde i 2005, gav PST, og resten av politiet, høve til å nytte tvangsmiddel under etterforsking for å avverje straffbare handlingar – og ikkje som tidlegare berre for å oppklare. I tillegg fekk PST som einaste politimakt høve til å bruke tvangsmiddel utanfor etterforsking for å førebyggje straffbare handlingar.

Også i 2007 har utvalet ført kontroll med bruken av tvangsmiddel i enkeltsaker. Kontrollen gjeld bl.a. undersøking av det samla informasjonsgrunnlaget tenesta har i enkeltsaker, for å sjå om det er samsvar mellom dette og grunngjevinga for kravet som er framsett til retten. Eit anna viktig kontrollpunkt er å sjå etter at PST nyttar tvangsmiddel i tråd med løyvet frå retten – eit typisk døme er at eit tvangsmiddel ikkje blir brukt utover den tida retten har fastsett. Utvalet ser også på at tiltaket blir avvikla dersom føresetnadene fell bort, f.eks. dersom mistanken eller undersøkingsgrunnlaget blir avkrefta. Den samla bruken av tvangsmiddel er også eit kontrollpunkt for utvalet.

Da Stortinget behandla lovforslaget, føresette det at heimelen til å bruke tvangsmiddel førebyggjande skulle vere eit svært avgrensa supplement og ein smal tryggleiksventil for PST som berre skulle brukast til å førebyggje dei alvorlegaste straffbare handlingane, som terrorhandlingar. Det blei føresett at tenesta alltid skal velje etterforskingssporet der det er mogleg. Stortinget føresette også ved lovbehandlinga at EOS-utvalet særleg hadde merksemda retta mot korleis tenesta brukte dei nye tvangsmidla.

Kontrollen av korleis tenesta brukte tvangsmiddel i enkeltsaker i 2007, har ikkje gitt grunnlag for å rette kritikk mot PST. Utvalet har likevel sett ein auke i bruken av dei nye heimlane i PST, sjølv om bruken framleis er varsam. Denne auken gjeld særleg bruk av førebyggjande tvangsmiddel. Det er særleg bruk av metodar som kommunikasjonsavlytting og romavlytting som har hatt ein klar auke i førebyggjande saker.

Utvalet går ut frå at denne utviklinga kan henge saman med at tenesta i større grad er bevisst på å opprette ei førebyggjande sak og ikkje ei etterforskingssak når tenesta i praksis driv med førebygging. Grensedraginga mellom avverjande etterforsking og førebygging kan vere vanskeleg både juridisk og faktisk. For utvalet er det viktig å føre kontroll med at tenesta ikkje set i verk etterforsking med avverjande tvangsmiddelbruk i saker som i realiteten er førebyggjande. På bakgrunn av føresetnaden om at ein skal vere varsam med å bruke førebyggjande tvangsmiddel, vil utvalet framleis følgje med på kva løysingar tenesta vel. Sia tvangsmiddelbruk i førebyggjande saker krev svakare undersøkingsgrunnlag, vil utvalet også følgje med på at tenesta berre bruker inngripande tvangsmiddel ved å førebyggje dei alvorlegaste straffbare handlingane, i samsvar med føresetnaden frå Stortinget. Eit viktig kontrollpunkt i denne samanhengen er om informasjonen som blir gitt til retten, gir eit korrekt bilete av saka.

Ein kontroll av korleis PST bruker skjulte tvangsmiddel, er utfordrande og krev i stor grad at utvalet går inn i enkeltsaker. Vidare er særleg den etterfølgjande kontrollen utvalet gjer av om det er samsvar mellom det samla informasjonsgrunnlaget hos tenesta og kravet som er framsett til retten, svært ressurskrevjande, slik at det berre kan gjerast i avgrensa omfang i den pågåande inspeksjonsverksemda. Utvalet vil vurdere om det er ei meir høveleg kontrollform å undersøkje eit utval av avslutta enkeltsaker i eit prosjekt. Utvalet viser til omtalen av ein slik arbeidsmetode i avsnitt 3 i kapittel VI.