Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Utvalet har i 2007 stilt spørsmål om fleire enkeltregistreringar på grunnlag av funn i stikkprøvekontrollar. Utvalet har peikt på at opplysningane i nokre registreringar ikkje har vore tilstrekkelege til å vurdere kor relevante registreringane er for oppgåvene PST har, og i andre at tenesta burde ha følgt ei registrering tettare opp for å få avklart f.eks. tilknytinga til eit miljø eller ein organisasjon. Når det gjeld evalueringa av registreringar som har lege i fem år utan at det er tilført ny informasjon, har utvalet i eit større tal tilfelle hatt kritiske merknader til grunngivinga for å føre registreringa vidare. Ei problemstilling som ofte går att, gjeld krava til vurdering der ein person er registrert berre på grunn av tilknyting til ein annan, og der spørsmålet gjerne er om ein må sjå på tilknytinga i seg sjølv som tilstrekkeleg. I 2007 har tenesta sletta eller endra opplysningar om nærare 20 personar frå registeret sitt på grunnlag av spørsmål frå utvalet etter stikkprøvekontrollar.
Som utvalet har gjort greie for i tidlegare årsmeldingar, er kravet til individuell vurdering før tenesta behandlar opplysningar om enkeltpersonar, eit prioritert kontrollområde. I samband med behandlinga av årsmeldinga til utvalet har komiteen understreka at dette er eit viktig felt. Ei individuell vurdering er påkravd frå tenesta for å oppfylle krava til formål, nødvendige føresetnader og relevans, som følgjer av PST-instruksen og dei nye retningslinjene. Det kan sjå ut til at dei nye retningslinjene kjem til å skjerpe krava her ytterlegare gjennom dei krava som blir stilte om at formålet med behandlinga skal vere konkret oppgitt, og kravet om at PST skal formulere ein konkret arbeidshypotese første gongen tenesta behandlar ei arbeidsregistrering, jf. retningslinjene §§ 2-1 og 3-4.
Det generelle inntrykket utvalet har av korleis PST behandlar opplysningar i arbeidsregisteret, er at tenesta arbeider for ei felles forståing av regelverket, og at dei "tersklane" som bør gjelde for å behandle opplysningar om enkeltpersonar i arbeidsregisteret, er etter måten lik i heile tenesta. Det er grunn til å tru at dei nye retningslinjene for korleis tenesta skal behandle opplysningar, kjem til å bidra ytterlegare til dette.