Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Som det er gjort greie for i avsnitt 6 i kapittel III, har utvalet i 2007 undersøkt ein samarbeidsoperasjon mellom PST og E-tenesta. Undersøkingane overfor E-tenesta gjeld spørsmål knytte til det rettslege grunnlaget for deira del av operasjonen.
Undersøkingane er framleis i gang og blir ikkje omtalte nærare. Når det gjeld E-tenesta, kan det likevel sjå ut til at dei undersøkingane som allereie er gjorde, viser at det lett kan oppstå uklarleik om rekkjevidda av det eksisterande rettsgrunnlaget når PST som ei innanlandsk tryggingsteneste går inn i eit operativt samarbeid med E-tenesta som er ei utanlandsetterretningsteneste.
Utvalet meiner at det også for E-tenesta kan vere grunn til å gå gjennom gjeldande regelverk for å kunne vurdere kor formålstenleg og klart regelverket er, målt opp mot denne typen samarbeid. Utvalet ser at situasjonen for E-tenesta skil seg frå situasjonen for PST når det gjeld rettsgrunnlaget, og at særlege omsyn stikk seg fram for denne tenesta. Det synest likevel klart at det endra trusselbiletet og det operative behovet i dag gjer det nødvendig å gå gjennom og evaluere regelverket, jf. avsnittet nedanfor om samarbeidet mellom PST og E-tenesta generelt. Dei undersøkingane som er gjorde, illustrerer dei praktiske problemstillingane som lett oppstår når ein prøver å kople saman to så ulike rettsgrunnlag, og at regelverket for E-tenesta er utforma med bakgrunn i at tenesta er ei utanlandsetterretningsteneste.