Vedlegg: Brev fra Finansdepartementet v/statsråden til Stortingetspresidentskap, datert 3. juni 2008

I brev av 29. mai 2008 har det vorte ein feil i oppgjeve beløp. Finansdepartementet ber Stortinget sjå bort frå det brevet og leggje dette brevet til grunn.

I St. meld. nr. 3 (2007-2008) Statsrekneskapen for 2007 har det kome inn ein feil knytt til tabell 3.7 Statens inntektskrav i vedlegg 3.

Riksrevisjonen har påpeika at inntektskravet under kap. 5501, post 70 Toppskatt mv. per 31.12.2007 er ført opp med feil beløp. Skattedirektoratet har korrigert denne posten i si rapportering til Finansdepartementet, men korrigeringa er gjort etter trykking av St.meld. nr. 3 (2007-2008). Rett beløp skal vera 1 789 650 000 kroner.