Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Antarktistraktaten er av 1. desember 1959. Noreg ratifiserte traktaten 24. august 1960, og han tok til å gjelde 23. juni 1961. Antarktistraktaten regulerer det internasjonale samarbeidet om Antarktis. Traktaten er supplert med ein protokoll om miljøvern av 4. oktober 1991, som også Noreg er part i. I den overordna målsetjinga i protokollen seier partane at dei bind seg til eit omfattande vern av miljøet i Antarktis og avhengige og tilknytte økosystem og peikar ut Antarktis til eit verneområde, som skal vere vigd til fred og vitskap. Det formaliserte samarbeidet etter traktaten går føre seg i samrådsmøte mellom samrådspartane i traktaten.

På det 28. samrådsmøtet under Antarktistraktaten (ATCM XXVIII) i Stockholm 14. juni 2005 vart det etter mange års forhandlingar semje om eit vedlegg til miljøprotokollen som regulerer ansvar for miljøskadar i Antarktis. Vedlegget vart vedteke av ATCM som eit såkalla tiltak (eng. "measure") etter Antarktistraktaten artikkel IX nr. 4.

For at tiltaket skal ta til å gjelde må det vere godkjent av alle samrådspartane. Tiltaket er til no godkjent berre av Sverige, som godkjente vedlegget 8. juni 2006. Andre samrådspartar arbeider no med å godkjenne vedlegget.

Gjennomføring av vedlegget i norsk rett krev lovendring og må òg reknast som ei særleg viktig sak. Det krevst difor samtykke til godkjenning frå Stortinget etter Grunnloven § 26, andre ledd.

Vedlegget i engelsk originalversjon med norsk omsetjing følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Hill-Marta Solberg, Anette Trettebergstuen og Karin Yrvin, frå Framstegspartiet, Morten Høglund, Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, frå Høgre, Erna Solberg og Finn Martin Vallersnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, frå Kristeleg Folkeparti, Dagfinn Høybråten, frå Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og frå Venstre, Anne Margrethe Larsen, viser til at den overordna målsetjinga med protokollen om miljø av 4. oktober 1991 til Antarktistraktaten er at partane bind seg til eit omfattande vern av miljøet i Antarktis og avhengige og tilknytte økosystem. Vidare peiker den ut Antarktis som eit verneområde som skal vere vigd til fred og vitskap. Komiteen viser vidare til at vedlegget som no føreligg Stortinget, er vedteke som eit tiltak som skal auke ansvaret til operatørar i Antarktis for å setje i verk mottiltak ved akutt fare for skade på miljøet i Antarktis.

Komiteen stør at vedlegget pålegg ureinaren å setje i verk mottiltak sjølv, eller betale skadebot til dei som ryddar opp i staden for ureinaren. Komiteen ser det òg som rett at dersom slike tiltak ikkje vert setje i verk, skal ureinaren betale skadebot til eit eige miljøfond for Antarktis. Likeeins ser komiteen det som rett at operatørar i Antarktis skal utarbeide kriseplanar og førebyggjande tiltak for å minske risiko for krisesituasjonar der det er fare for akutt skade på miljøet.

Komiteen viser til at hendingar som når snøggruteskipet "MS Nordkapp" grunnstøytte i sørsummaren 2006/2007, ville vore omfatta av denne reguleringa. Ulukka vis kor viktig det er at verksemd har ansvar. Vidare håpar komiteen at dei nye reglane vil bidra til å førebyggje ulukker og til at verksemd går føre seg innafor miljøforsvarlege ramar.

Komiteen konstaterar at vedlegget er ei kompromissløysing, og at ansvaret førebels gjeld berre for turistfarty. Komiteen er samd med Regjeringa at det beste hadde vore om all verksemd, til dømes fiskeriverksemd og skip i transitt, hadde fått same ansvar. Komiteen er samd med Regjeringa at ei fullstendig regulering òg ville ha regulert ansvaret for å attskape miljøtilstanden etter valde skade og ansvaret for skadar på miljøet sjølv om det ikkje hendar i krisesituasjonar.

Komiteen påpeikar at lova vil gjelde for alle norske borgarar, norske juridiske personar, norske skip og norske luftfarty, utlendingar busette i Noreg og alle ekspedisjonar som verte lagt til rette i Noreg eller som går frå Noreg til Antarktis. Desse vert no pålagde pliktar av eit større økonomisk omfang enn tidlegare.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 11. juni 2008

Olav Akselsen Alf Ivar Samuelsen
leiar ordførar