Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Byggjeprosjektet for fleirbrukshall fase 3 på Setermoen vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 287 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 78 (2006–2007). Prosjektet vart godkjend med ei kostnadsramme på 243 mill. kroner.
Etter å ha henta inn tilbod på prosjektet finn ein at alle tilboda ligg over kostnadsramma. Den store auken i høve til godkjend kostnadsramme er grunna i høg aktivitet og auka prisar i byggjemarknaden. For å få satt i gang prosjektet er det starta førebuing av igangsetjing av eit mindre bygg enn tidlegare godkjend, utan at dette forskoterer Stortinget sine seinare avgjersler.
På denne bakgrunn vert det foreslått å utvide prosjektet til det omfang som opprinneleg var planlagd, med ei ny kostnadsramme på 286 mill. kroner.