Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Prosjekt for samanbinding av Mauken og Blåtind skytefelt blei godkjent av Stortinget i 1997. Prosjektet har ei ramme på 190 mill. kroner. Som følgje av usemje mellom staten og reindriftsnæringa om valg av trasé fra Mauken skytefelt og nordover til Europaveg 6, vart ikkje prosjektet realisert som planlagt. Etter tingingar inngjekk staten og reindriftsnæringa hausten 2006 ein avtale om ein ny trasé og ein avtale om kjøp av beiterettar. Den nye traséen gjorde det naudsynt å utarbeide eit nytt forprosjekt som nå ligg føre.
Departementet har, som følgje av innspel frå mellom andre Takvatn grunneierlag, vurdert om ein kan nytte traséar utanfor det som ligg til grunn for avtalen med reindriftsnæringa. Departementet kan ikkje sjå at det vil vere mogleg å finne ei betre løysing enn den som føreligg.
Det reviderte prosjektet er kostnadsrekna til 431 mill. kroner og målsettinga for prosjektet er uendra. Dei auka kostnadane skuldast auka prisar i entreprenørmarknaden, bygging av ein tunnel på om lag 1,3 kilometer som del av traséen og breiare veg som følgje av nye og tyngre kjøretøy i Hæren.