Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009–2013)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 216 (2008–2009)
  • Kildedok: St.prp. nr. 56 (2008–2009)
  • Dato: 05.05.2009
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til at delar av Erasmus Mundus II-programmet 2009–2013 vert å innlemme i EØS-avtalen. Programmet er ei vidareføring og utviding av Erasmus Mundus-programmet 2004–2008. Det er eit samarbeidsprogram for europeiske institusjonar for høgre utdanning på master- og/eller doktorgradsnivå, der institusjonane går saman i partnarskap om ein felles grad. Samarbeidet kan òg gjelde institusjonar for høgre utdanning i tredjestatar. Saka er fremja av Utanriksdepartementet med tilråding frå Kunnskapsdepartementet.

Programmet har tre hovuddelar. Framlegget gjelder tiltaksområde 1 og 3. Den fyrste gjeld stønadsordningar for særlege Erasmus Mundi master- og doktorgradsprogram, og for stipend til fulltidsstudium på dette nivået. Tiltaksområde 3 gjeld ulike stønadsordningar for å styrkje europeisk høgre utdanning, m.a. gjennom utvikling av tilbod, kvalitetssikring, godkjenning, læreplanar, mobilitet, og likeeins av nettverk, forsøksprosjekt, konferansar mv. Minst tre statar må ta del i prosjekta for å få stønad.

Tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet har eit totalbudsjett på 493,69 mill. euro. For 2009 vil den norske kontingenten utgjere om lag 17,1 mill. kroner (kap. 281 post 73). Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) skal vere den nasjonale strukturen som er føresett for deltaking i programmet. SIU vil som før ha ansvar for nasjonal gjennomføring, informasjon om programmet og rapportering til EU, medan Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for den norske deltakinga.

Framlegget gjeld ikkje tiltaksområde 2 som handlar om stønadsordningar for partnarskap med institusjonar for høgre utdanning i tredjestatar, m.a. ei stipendordning. Dette området har finansiering i EU frå kjelder Noreg ikkje tek del i, og som for ein stor del kan karakteriserast som bistandsmidlar. Proposisjon om dette tiltaksområdet vert å fremje for seg av di det enno ikkje er avklart korleis Noreg skal delta i dette området av Erasmus Mundus II-programmet.

Regjeringa ser det slik at deltaking i Erasmus Mundus II er med på å styrkje samarbeidet mellom norske og utanlandske institusjonar for høgre utdanning. Programmet vil verke til å utvide det internasjonale engasjementet og nettverkssamarbeidet innafor rammene av felles master- og doktorgradsprogram og leggje til rette for auka utveksling av studentar og fagleg tilsette med statar utanfor EØS-området. Resultata frå det programmet som nyss er avslutta, er gode: Noreg betaler i dag 2 pst. av budsjettet og tek del i om lag 14 pst. av programaktivitetane, medrekna mastergradane.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse Michaelsen, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til proposisjonen.

Komiteen viser til at Erasmus Mundus-programmet har eksistert sidan 2004, og at programmet er inspirert av det populære Erasmus-programmet som har sendt over ein million europeiske studentar til studium ved universitet i andre europeiske land.

Komiteen viser til at Erasmus Mundus II for perioden 2009–2013 er eit samarbeidsprogram for europeiske institusjonar på master- eller doktorgradsnivå der universitet og høgskolar går saman i konsortium for å tilby ein felles grad, og at samarbeidet også kan inkludere institusjonar i tredje land.

Komiteen viser vidare til at formålet med Erasmus Mundus II er å gjere europeiske universitet meir attraktive for studerande og fagleg tilsette utanfor EØS-området, og skape master-program på høgt internasjonalt nivå og sikre forskingsmiljø med høg kvalitet.

Komiteen viser til at det i perioden 2004–2008 vart gjeve 4 425 stipend til studerande frå land utanfor EU, og at 323 universitet (av desse 265 i EU) deltok. Komiteen har merka seg at Noreg i same perioden betalte om lag 2 pst. av totalbudsjettet og tok del i om lag 14 pst. av programaktivitetane.

Komiteen ser at programmet for ein ny femårsperiode stort sett vidarefører hovudtrekka frå den første runden, med nokre justeringar. Komiteen har merka seg at ein legg opp til ei utviding av aktivitetane, først og framst doktorgradssamarbeid, og til sterkare fokus på samarbeid med institusjonar i tredje land, både med omsyn til heile program og når det gjeld andre samarbeidsformer.

Komiteen har merka seg at vidareføringa av programmet i perioden 2009–2013 vil konsentrere innsatsen om tre område, og at det i denne omgangen er tiltaksområde 1 og 3 Stortinget er invitert til å ta stilling til. Komiteen har merka seg at det første tiltaksområdet er felles mastergradar og Ph.D.-utdanningar, der stønad vert gjeve slik at universitet frå ulike EU/EØS-land kan gå saman om å skipe masterprogram på høgt nivå som er mynta på at studerande utafor EU/EØS kan delta og søkje om stipend, og at det tredje tiltaksområdet i hovudsak går ut på å sikre at så mange som mogleg får kunnskap om programma.

Komiteen ser det som positivt at arbeidet med å etablere fellesgradar og gradar på tvers av institusjonar og landegrenser held fram. Komiteen meiner at dette vil lette utvekslinga og bidra til auka internasjonalisering.

Komiteen tar til etterretning at den norske kontingenten for 2009 vil utgjere om lag 17,1 mill. kroner.

Komiteen har elles ingen andre merknader til framlegget.

Komiteen viser til at utkast til innstilling om saka har vore lagt fram for utanrikskomiteen til uttale, og at utanrikskomiteen ikkje har merknader til saka.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser elles til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009–2013).

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 5. mai 2009

Ine Marie Eriksen Søreide

Jon Jæger Gåsvatn

leiar

ordførar