Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen for 2008

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag av meldinga

1.1 Innleiing

St.meld. nr. 3 (2008–2009) omfattar statsrekneskapen for 2008 med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane vert det òg vist overført løyving frå 2007 til 2008 og overført løyving frå 2008 til 2009. Kapitalrekneskapen syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det vert lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 vert det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 gjev ein nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2008 er 1 182,6 mrd. kroner, medan utgiftene er 778,6 mrd. kroner. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 415,9 mrd. kroner, fordelt med 437,7 mrd. kroner i inntekter og 21,8 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda vart overførte til Statens pensjonsfond – Utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 744,9 mrd. kroner, medan utgiftene er på 756,7 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 11,8 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2008 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 8,4 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens pensjonsfond – Utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kapittel 5800. Statsrekneskapen for 2008 vert dermed gjort opp med eit underskot på 3,4 mrd. kroner. Sett bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med vel 0,1 mrd. kroner, medan utgiftene auka med knapt 3,6 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2008. Medrekna petroleumsverksemda auka inntektene med vel 0,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med knapt 1,0 mrd. kroner.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2008 er no rekna til 72,2 mrd. kroner. Dette er 4,6 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2008, der det strukturelle underskotet i 2008 vart rekna til 76,8 mrd. kroner.

Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda på 415,9 mrd. kroner og overføring frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet på 8,4 mrd. kroner, syner rekneskapen for Statens pensjonsfond 103,1 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte, fordelt med 97,8 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond – Utland og 5,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond – Noreg. Det samla overskotet i Statens pensjonsfond vart 510,6 mrd. kroner i 2008. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond – Utland 505,3 mrd. kroner. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjort opp med eit overskot på 507,2 mrd. kroner i 2008.

Ved utgangen av 2008 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond – Utland 2 279,6 mrd. kroner. Det er 261,1 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2007. Forutan overskotet på 505,3 mrd. kroner med fråtrekk for realiserte tap på 102,9 mrd. kroner og urealiserte tap på 630,2 mrd. kroner, auka verdien av fondet grunna svekka kronekurs med 506,2 mrd. kroner. Statens kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA for til saman 17,1 mrd. kroner reduserte kapitalen tilsvarande.

Frå utgangen av 2007 til utgangen av 2008 vart kapitalen i Statens Pensjonsfond – Noreg redusert med 29,6 mrd. kroner, frå 117,3 mrd. kroner til 87,8 mrd. kroner. Endringa kjem av renteinntekter og utbyte på 5,3 mrd. kroner og 34,9 mrd. kroner i samla kurstap på aksje- og renteplasseringane.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å syte for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vere naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vert det mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1 i meldinga.

1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2008 er bruken av petroleumsinntekter i 2008 no rekna til 72,2 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er 4,6 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2008, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2008 vart rekna til 76,8 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland i 2008 er rekna til 80,7 mrd. kroner, eller om lag 8,6 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarer til 4,2 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som vart foreslått i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2008, innebar at talet for det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart redusert med 2,9 mrd. kroner til 73,9 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2008 til nysaldert budsjett for 2008 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet redusert med 1,1 mrd. kroner til 72,7 mrd. kroner, mellom anna som følgje av ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til 72,2 mrd. kroner, drygt 0,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 i meldinga gjev ei samla oversikt over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjennom 2008.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 113,7 mrd. kroner, frå 393,5 mrd. kroner i 2007 til 507,2 mrd. kroner i 2008. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med 52,3 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 62,7 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet auka med 10,5 mrd. kroner frå 2007 til 2008.

Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda auka med 99,5 mrd. kroner, frå 316,4 mrd. kroner i 2007 til 415,9 mrd. kroner i 2008, i hovudsak grunna høgare oljepris. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond auka med 24,7 mrd. kroner, frå 78,4 mrd. kroner i 2007 til 103,1 mrd. kroner i 2008.

1.5 Det oljekorrigerte underskotet

1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2008 auka med 145,4 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 6,2 mrd. kroner i same periode. Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 36,1 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 8,1 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 8,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2008, noko som er 28,0 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.

Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med vesentleg auka skatte- og avgiftsinntekter på 33,0 mrd. kroner. Ein stor del av denne auken kan førast tilbake til konjunktursituasjonen.

Budsjettutviklinga gjennom 2008 fram til nysalderinga er omtala nærare i St.prp. nr. 1 (2008–2009) Statsbudsjettet 2009, St.meld. nr. 1 (2008–2009) Nasjonalbudsjettet 2009, St.prp. nr. 59 (2007–2008) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2008, St.meld. nr. 2 (2007–2008) Revidert nasjonalbudsjett 2008 og St.prp. nr. 30 (2008– 2009) Ny saldering av statsbudsjettet 2008.

1.5.2 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2008 er det oljekorrigerte underskotet 11,8 mrd. kroner. Dette er 3,4 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Sett bort frå petroleumsverksemda auka både inntektene og utgiftene. Utgiftene auka med 3,5 mrd. kroner meir enn inntektene.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet slik det vart forventa då. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2008 gjort opp med eit underskot på 3,4 mrd. kroner. Endringa på 3,4 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 0,1 mrd. kroner, frå 744,8 mrd. kroner til 744,9 mrd. kroner. Dei faktiske skattane vart 3,0 mrd. kroner lågare, medan andre inntekter auka med om lag 3,1 mrd. kroner.

  • Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 3,6 mrd. kroner, frå 753,2 mrd. kroner til 756,7 mrd. kroner.

1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal syne utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for somme rekneskapsmessige høve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gjev uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet for 2008.

I Nasjonalbudsjettet for 2008 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2 1/4 prosent.

I nysaldert budsjett for 2008 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna til vel 3 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2008 er veksten rekna til vel 2 1/2 prosent, dvs. ei nedjustering med om lag 1/2 prosentpoeng sidan anslaget i nysaldert budsjett. I nysaldert budsjett vart meirutgifter motsvara av meirinntekter i 2007 trekt ut av nivået på dei samla utgiftene ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten frå 2007 til 2008, jf. tabell 1.4 i St.prp. nr. 30 (2008–2009). I 2007 vart desse meirinntektene rekna til 2,5 mrd. kroner. Ved berekninga av den underliggjande utgiftsveksten frå 2007 til 2008 er desse utgiftene no rekna med i utgiftsnivået i 2007. Vidare vart utgiftene i rekneskapen for 2008 om lag 3,6 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett, noko som mellom anna må sjåast i samanheng med meirinntekter i 2008 og lågare overføringar frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Samla sett er dermed den nominelle utgiftsendringa frå 2007 til 2008 om lag den same som lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nedjusteringa av den reelle, underliggjande utgiftsveksten med 1/2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett er i hovudsak knytt til høgare løns- og prisvekst enn tidlegare lagt til grunn.

1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 i meldinga syner utviklinga i statsbudsjettet sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2007 er lånebehovet utanom petroleumsverksemda redusert med 33,8 mrd. kroner, frå 59,4 mrd. kroner i 2007 til 25,6 mrd. kroner i 2008. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng avdragsprofilen på statsgjelda.

Netto utlån vart 1,9 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Då rekneskapen syner eit underskot på 3,4 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 5,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 5,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

I 2006 gjennomførde Statoil ASA fleire tilbakekjøp av aksjar frå marknaden. Dette medførde at staten fekk utbetalt 2,4 mrd. kroner i 2007. Midlane vart overført til Statens pensjonsfond – Utland. I 2008 har staten kjøpt aksjar for 17,1 mrd. kroner i StatoilHydro ASA, dekt ved overføring frå Statens pensjonsfond – Utland. Utgiftene til aksjekjøp i StatoilHydro ASA vart noko lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2008 syner at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg utgjorde 680,4 mrd. kroner i 2008, ein auke med 47,6 mrd. kroner eller 7,5 prosent. Sterkare auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsetjinga enn lagt til grunn hausten 2007 har ført til at skatte- og avgiftsinntektene vart 30,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2008. Den høge veksten understrekar at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi fram til hausten 2008. Skatte- og avgiftsinntektene vart 3,0 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2008, mellom anna på grunn av lågare vekst i inntektene frå meirverdiavgifta mot slutten av året.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 680,4 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2008 utgjorde skatt på inntekt og formue 194,9 mrd. kroner. Frå 2007 til 2008 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 11,9 prosent. Den høge veksten kjem mellom anna av at inntektene frå skattlegging av føretak har auka med drygt 10 prosent. Skatt på opparbeidde forpliktingar i reiarlag har medverka til å auke skatteinntektene til staten med om lag 1,2 mrd. kroner i 2008.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 206,0 mrd. kroner i 2008, ein auke på 11,1 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta vaks med 3,7 prosent til 190,7 mrd. kroner i 2008.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 88,9 mrd. kroner i 2008, som er 0,7 prosent mindre enn året før.

1.9 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond – Utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) og overføringar til Statens petroleumsforsikringsfond. Utgiftene til petroleumsverksemda vart i 2008 vel 21,8 mrd. kroner, der 20,0 mrd. kroner var investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå StatoilHydro ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE omfattar i hovudsak driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Inntektene frå petroleumsverksemda vart på 437,7 mrd. kroner i 2008. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som er inntektene minus utgiftene frå petroleumsverksemda, vart dermed på 415,9 mrd. kroner.

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond – Utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdi av fondet sine eigedelar.

Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 245,2 mrd. kroner i 2008.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 759 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Betalt arealavgift vart 57,5 mill. kroner lågare enn venta.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda vart 7,7 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan inntektene frå avgift på utslepp av NOx vart 8,5 mill. kroner lågare.

Andre inntekter frå petroleumsverksemda

Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 150 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2008 er 153,8 mrd. kroner. Utbyte frå StatoilHydro ASA vart i 2008 vel 16,9 mrd. kroner, som er same nivå som lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen.

Endringar frå saldert budsjett til nysaldert budsjett

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett gjekk inntektene frå petroleumsverksemda opp med 109,3 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda gjekk ned med 1,9 mrd. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda gjekk dermed opp med 111,1 mrd. kroner, frå 301,8 mrd. kroner til 412,9 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond – Utland auka med 4,8 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet gjekk ned med 28,1 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Statens pensjonsfond – Utland med 144 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda vart om lag 3 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk opp frå 412,9 mrd. kroner til 415,9 mrd. kroner, jf. tabell 1.2 i meldinga. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2/NOx-avgift vart 833 mill. kroner lågare, inntektene frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå StatoilHydro auka med 1,2 mrd. kroner, medan investeringsutgiftene vart vel 2,6 mrd. kroner lågare.

Det er overført 8,4 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet, noko som inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond – Utland for 2008 samla sett er 3 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn det vart rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum med fråtrekk for overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart dermed 407,5 mrd. kroner i 2008.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i Statens pensjonsfond – Utland opp frå 79,5 mrd. kroner til 97,8 mrd. kroner. Samla vart overskotet i Statens pensjonsfond – Utland dermed 505,3 mrd. kroner i 2008, noko som er 21,3 mrd. kroner høgare enn forventa i nysaldert budsjett.

Ut over overskotet syner fondet ein nedgang på 244,1 mrd. kroner, der kurstap m.m. reduserte fondets kapital med 227 mrd. kroner, medan kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA reduserte kapitalen med 17,1 mrd. kroner. Nedgangen på 227 mrd. kroner kjem av realiserte tap på 102,9 mrd. kroner, urealiserte tap på 630,2 mrd. kroner og 506,2 mrd. kroner i auka verdi av fondet grunna svekka kronekurs.

Dette inneber at kapitalen i Statens pensjonsfond – Utland auka frå 2 018,5 mrd. kroner ved utgangen av 2007 til 2 279,6 mrd. kroner ved utgangen av 2008.

Overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda.

1.10 Utlån av statspapir med sikring i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med sikring i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett. I proposisjonen vart det varsla at dei budsjettmessige konsekvensane av ordninga i 2008 ville verte behandla i nysalderinga av budsjettet for 2008. I St.prp. nr. 30 (2008–2009) Ny saldering av statsbudsjettet 2008, la Finansdepartementet til grunn at byteordninga ikkje hadde nokre budsjettmessige konsekvensar i 2008, og det vart difor ikkje fremja forslag om endra løyving for 2008 som følgje av ordninga.

I kapitalrekneskapen per 31. desember 2008 er mottekne obligasjonar med fortrinnsrett bokført på eigedelssida med til saman 46,0 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytt til ordninga er bokført på gjeldssida med 42,0 mrd. kroner (kontogruppe 8055). Kurs og sikkerheitselement er bokført med 4,0 mrd. kroner (kontogruppe 77/78).

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Peter N. Myhre og Jørund Rytman, frå Høgre, Svein Flåtten, Linda C. Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, tek meldinga til orientering.

Komiteen viser til Dokument nr. 1 frå Riksrevisjonen, som blir behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Dokument nr. 1 er den årlege rapporten frå Riksrevisjonen til Stortinget om resultatet av revisjonen av departement og statlege verksemder (rekneskapsrevisjon), og kontrollen med forvaltninga av selskap der staten er eigar (selskapskontroll).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil bemerke at statsregnskapet for 2008 viser at Regjeringen kun anvender 11,8 mrd. kroner av skatteinntektene og andre inntekter fra sokkelen. Dette til tross for at det er store uløste oppgaver i samfunnet.

I 2008 endret den økonomiske situasjonen seg fra en tilstand med høy kapasitetsutnyttelse og såkalt press i deler av økonomien, til økonomiske nedgangstider som følge av finanskrisen som oppstod i USA, mye som følge av feilreguleringer fra myndighetenes side.

Disse medlemmer vil understreke at det på flere områder, som veibygging, har vært ledig kapasitet som kunne vært utnyttet for å forbedre det dårlige veinettet i Norge. Andre anskaffelser kunne vært gjort direkte fra utlandet med minimale pressvirkninger for norsk økonomi.

Større sårt tiltrengte offentlige investeringer ville dessuten gjort næringslivet bedre rustet til å møte den økonomiske nedgangsperioden vi nå er inne i, og man ville muligens sett færre konkurser og permitteringer enn med Regjeringens politikk. Disse medlemmer viser dessuten til at politikernes tiltakspakker for å bøte på problemene som regel virker for sent.

Disse medlemmer minner dessuten om at Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomgikk Fremskrittspartiets alternative budsjett for 2008 og konkluderte med en lavere rente enn med Regjeringens opplegg, samt uendret press i norsk økonomi, jf. SSBs brev til Fremskrittspartiets stortingsgruppe av 20. desember 2008. Årsaken var blant annet kutt i offentlig byråkrati, vridning av pengebruken til investeringer fremfor forbruk, samt betydelige skatte- og avgiftslettelser, noe som ville bidratt til å senke kostnadsnivået.

Disse medlemmer mener dette viser at Norges enorme inntekter fra oljen på norsk sokkel kan anvendes mer fornuftig, både til beste for dem som lever i Norge i dag, og for fremtidige generasjoner. Disse medlemmer er av den oppfatning at statsregnskapet for 2008 dokumenterer Regjeringens manglende evne til å forvalte norske ressurser på en best mulig måte.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til meldinga og merknadene over og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

St.meld. nr. 3 (2008–2009) – statsrekneskapen for 2008 – blir å leggje ved protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 2. juni 2009

Reidar Sandal

leiar og ordførar