Eit overordna mål i kulturpolitikken er å sikre
at alle får tilgjenge til kunst og kulturopplevingar og høve til
å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur, uavhengig av geografi,
økonomiske og sosiale skiljeliner. Regjeringa vil realisere kulturløftet
gjennom ei opptrapping av kultursatsinga til 1 prosent av statsbudsjettet
innan 2014. Regjeringa vil også synleggjere det fleirkulturelle
perspektivet på alle felt i kulturlivet og medverke til å skape
betre møtestader. Noreg skal vere eit inkluderande samfunn der alle,
uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn, har like rettar, plikter
og vilkår for å delta i samfunn og arbeidsliv. Regjeringa vil også
satse på kunnskap og utdanning.
Biblioteka er møtestader og arenaer som kan medverke
til å nå Regjeringa sine overordna mål for kultur og kunnskapspolitikken.
Bibliotek er med på å styrkje demokratiet og ytringsfridomen gjennom
å
sikre kunnskap og
informasjon for alle
formidle og forvalte norsk skriftkultur
og litteratur
formidle kunnskap om kultur og ulike samfunnstilhøve
medverke til leselyst og lesedugleik
gje tilgang til teknologi
vere ein møtestad og sosial arena for mange ulike
grupper.
Det går fram av meldinga at hovudføremålet er
å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek som kan tilby
alle innbyggjarane betre bibliotektenester. Dette er ei viktig oppgåve
som ikkje minst handlar om å styrkje og vidareutvikle ein offentleg
møteplass for kultur- og kunnskapsformidling, tufta på demokrati
og ytringsfridom.
Utfordringane i biblioteka viser at det er behov for
ein overordna politikk som kan medverke til at biblioteka tek i
bruk løysingar og byggjer strukturar, som er robuste nok til å møte
morgondagens utfordringar. Det er viktig at biblioteka i størst
mogeleg grad arbeider i same retning og tek i bruk løysingar som
gjev brukarane bibliotektenester med høg kvalitet. Det er behov
for klarare mål og krav, betre ansvarsfordeling og satsingsprogram
for å oppnå ei slik utvikling.
Regjeringa vil oppnå dette gjennom å:
setje fart i samarbeidet
mellom biblioteka og stimulere til samordning og samdrift av bibliotektenester
lokalt og regionalt
utvikle den nasjonale samordninga av arkiv-, bibliotek-,
og museumssektoren
opparbeide ny kompetanse i biblioteka
vidareutvikle digitale fellestenester for
biblioteka og utvikle bibliotekas kompetanse på å yte tenester i
den digitale kunnskapsallmenningen
utvikle folkebiblioteka som møtestad, kulturarena
og samfunnsaktør
fremje folkebiblioteka som læringsarena
og i særleg grad utvikle biblioteka som arena for leselyst og lesedugleik
betre og utvikle skulebiblioteka
utvikle bibliotektilbodet til spesielle
grupper.
I det noverande biblioteklandskapet er ansvaret for
bibliotektenestene klart fordelte mellom stat, fylkeskommune og
kommune. Hovudmønsteret i denne oppgåvedelinga vil ikkje bli endra
i tida som kjem, men departementet vil i samråd med andre relevante
departement vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning
eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbibilioteket og
ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre
bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket. Hovudinnretninga
vil elles vere at kommunane og fylkeskommunane framleis skal ha
ansvaret for folkebiblioteka, men at kommunane i større grad bør
samarbeide om bibliotektenestene. I meldinga vert det gjort framlegg
om å prøve ut ei meir fleksibel organisering av bibliotektenestene
på lokalt og regionalt nivå, og å prøve ut samarbeidsmodellar til
dømes etter vertskommunemodellen, jf. meldinga pkt. 9.3.2.
For å styrkje samarbeidet og samspelet mellom forvaltningsnivåa,
vert det gjort framlegg om å etablere ei friviljug ordning med samarbeidsavtaler
mellom staten og fylkeskommunane. Desse samarbeidsavtalene skal
vere verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og nasjonale satsingsprogram
og stimulere til fylkeskommunale og kommunale handlingsplanar på
bibliotekområdet.
I meldinga vert det varsla at lov om folkebibliotek
skal reviderast. Kompetansekravet for fagutdanna biblioteksjef og
dispensasjonsordninga vert drøfta og ulike alternativ vert synleggjorde.
Det vert tilrådd å fjerne lovkravet om at det skal finnast eit fylkesbibliotek
i kvart fylke, og i lovverket vil ein i staden leggje vekt på dei oppgåvene
som skal løysast på fylkeskommunalt nivå. Føremålet med desse endringane
er å leggje til rette for meir fleksibel organisering av bibliotektenestene,
og stimulere til samarbeid om personalressursar og kompetanse på
tvers av kommunegrensene.
Vidare vil Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
starte eit arbeid for å harmonisere lovverket på heile bibliotekfeltet for
å styrkje lånesamarbeidet og ressursutvekslinga mellom biblioteka.
Felles retningsliner for lånesamarbeid vert reviderte og departementet
vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering
med heimel i folkebiblioteklova § 3. Lov om opphavsrett til åndsverk
er under revisjon, og departementet vil også starte arbeidet med
å revidere lov om pliktavlevering av allment tilgjengelege dokument.
I tillegg til å stimulere til ei organisatorisk
utvikling av bibliotektenestene på lokalt og regionalt nivå, vil
den statlege satsinga på bibliotekfeltet framover omfatte fleire
konkrete initiativ, i tillegg til dei tiltaka som vert varsla i digitaliseringsmeldinga.
Både det samiske og det nynorske perspektivet skal inkluderast i
satsingane, som vil verte nærare konkretiserte:
Kompetanseutvikling:
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap
vurdere tiltak for å styrkje og utvikle kompetansen i heile biblioteksektoren.
Eit kompetanseutviklingsprogram vil verte vurdert.
Modellbibliotek: For å styrkje møteplassfunksjonen
i folkebiblioteka vil Kultur- og kyrkjedepartementet arbeide for
å synleggjere folkebibliotek som kan vise til god funksjonalitet
og gode partnarskap.
Nasjonalt leseår 2010 og eit nasjonalt
leseløft i perioden fram mot 2014: Kultur- og kyrkjedepartementet
og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap etablere eit nasjonalt
leseår i 2010 som start på eit nasjonalt leseløft i perioden 2010–2014,
retta mot både barn, unge og vaksne.
Nasjonal aktør i Den kulturelle skulesekken. Kultur-
og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil styrkje litteraturformidling, leselyst
og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som nasjonal
aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved å utvikle
folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling.
Digital kompetanseheving i folkebibliotek: Fornyings-
og administrasjonsdepartementet har gjeve støtte til eit pilotprosjekt
som skal styrkje folkebiblioteka som arena for digital kompetanse.
Prosjektet skal leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større
folkebibliotek.
Skulebibliotekutvikling: Kunnskapsdepartementet
har sett i verk eit eige program for skulebibliotekutvikling i perioden
2009–2012. Programmet inneheld tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling
og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk og
samarbeid.
Biblioteksøk: Nasjonalbiblioteket i samarbeid med
ABM-utvikling vil etablere ei teneste med felles søk i alle bibliotekkatalogane
i norske bibliotek og ei ordning med brukarinitiert fjernlån. Ei
slik teneste er viktig også for på sikt å realisere eit felles søk
på tvers av arkiv, bibliotek og museum.
Frikjøpe verna materiale: Nasjonalbiblioteket
vil gjennomføre prøveprosjektet Bokhylla.no der verna materiale
vil bli frikjøpt og gjort allment tilgjengeleg digitalt.
Nasjonale lisensar: Kultur- og kyrkjedepartementet
og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere korleis arbeidet
med nasjonale lisensar bør utviklast vidare.
FoU på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet: Kultur-
og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap
vurdere tiltak som kan styrkje forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek-
og museumsfeltet.
Eit grunnleggjande perspektiv i meldinga er
at den digitale utviklinga vil ha ein grensesprengjande verknad
på bibliotektenestene framover. Samstundes med denne meldinga vert
det også lagt fram ei stortingsmelding om digitalisering og digital
formidling av kultur- og kunnskapskjelder i kulturfeltet. Dei to
meldingane vil i nokon monn vere overlappande.
Verdigrunnlaget og legitimiteten til biblioteka byggjer
på tanken om at kunnskap og utdanning skal vere tilgjengeleg for
alle, uavhengig av sosiale, økonomiske og geografiske skiljeliner. Dette
gjeld alle typar bibliotek, fag- og forskingsbibliotek, folkebibliotek
og skolebibliotek. Biblioteka skal gje den enkelte høve til læring
og personleg utvikling heile livet gjennom. Fag- og forskingsbiblioteka
skal hjelpe utdanningsinstitusjonane til å nå måla sine når det
gjeld læring og forsking.
Biblioteka forvaltar viktige delar av dei fysiske og
digitale kunnskaps- og informasjonsressursane i samfunnet på vegner
av fellesskapen. Dei forvaltar ein sentral del av kultur- og kunnskapsallmenningen,
skal skape breitt tilgjenge til informasjonskjeldene og leggje til
rette for bruken av dei. På den eine sida skal biblioteka bevare
og forvalte kjelder uavhengig av raskt skiftande teknologiske og
andre endringar, og på den andre sida skal dei fornye tenestene
sine og utvikle seg i takt med utviklingstrekka og behova i samfunnet.
Folkebiblioteka er viktige, sjølvstendige kulturarenaer
og målberarar av grunnleggjande fellesverdiar. Eit besøk på biblioteket
kan by på eit stort spekter av opplevingar der det målretta søket
etter spesifikke informasjonskjelder går hand i hand med det tilfeldige
møtet med det uventa, anten dette er av kulturell, sosial eller kunnskapsmessig
art. Slik kan eit bibliotekbesøk stimulere fantasien, og setje i
gang kreative prosessar. Dette er ikkje minst viktig med tanke på
at barn og unge er blant dei mest aktive brukarane av biblioteket.
Fag- og forskingsbiblioteka har ei særleg oppgåve
som forvaltarar av fagleg og akademisk dokumentasjon og litteratur,
både på norsk og på andre språk, innanfor dei ulike fagområda. Samstundes
skal dei vere tilrettelagde, fysiske læringsarenaer som gjev tilgjenge
til nødvendige hjelpemiddel, informasjon, kunnskapskjelder, utstyr
og informasjonskompetanse. Fag- og forskingsbiblioteka tener også
den demokratiske rolla gjennom å gjere kunnskap fritt tilgjengeleg for
studentane, og dei medverkar til at kunnskap vert ein utviklingsfaktor
mellom anna gjennom kunnskapsorganisering og ved å utvikle kritisk sans
hos studentane.
Spesielt folkebiblioteka er heilt sentrale formidlarar
av språklege og litterære uttrykksformer i dagens samfunn. Eitt
av kjenneteikna ved folkebibliotek er at dei spelar ei spesiell
rolle når det gjeld å formidle skjønnlitteratur. Dei har difor ei nøkkelrolle
i arbeidet for å styrkje og formidle norsk skriftkultur og litteratur,
og er viktige samarbeidspartnarar i arbeidet for å styrkje leseopplæringa.
Folkebiblioteka er naturlege og sjølvsagde aktørar i arbeidet med
Den kulturelle skulesekken i alle kommunar både som arena for litteraturformidling
og som utviklar av ulike tilbod.
Biblioteka skal formidle informasjon og kunnskap
om kultur og andre samfunnstilhøve og på den måten medverke til
å utvikle demokratiet og ytringsfridomen. I dette ligg også ein
skyldnad til å skape forståing og respekt for kulturelt mangfald,
anten dette mangfaldet botnar i etniske, religiøse, sosiale eller
geografiske tilhøve.
Biblioteka skal vidare leggje til rette for
at alle innbyggjarane kan velje eit aktivt liv ut frå personlege
føresetnader. Tilgjenge til relevant informasjon og kunnskap er
ein grunnleggjande føresetnad for at enkeltindivid kan vere deltakarar
i eit levande demokrati og aktive samfunnsdeltakarar. Gjennom å
gje tilgjenge til teknologi, rettleiing og opplæring kan biblioteka medverke
til å auke digital kompetanse.
Biblioteka er kultur- og samfunnsinstitusjonar som
ikkje berre organiserer samlingar av informasjonsberarar, det vere
seg bøker og anna materiale, fysisk så vel som digitalt. Biblioteka
skal òg vere fysiske møteplassar og læringsarenaer som tek vare
på det kulturelle og demografiske mangfaldet, og som formidlar kunnskap
og kultur i bibliotekarealet.
Biblioteka er òg institusjonar der det oppstår
sosiale prosessar mellom menneske knytte til kulturformidling, kunnskap
og læring. Her spelar bibliotekaren ei viktig rolle som formidlar,
rettleiar og samtalepartnar. Biblioteka er difor ein stad i samfunnet
der ein kan utvikle møtestader på tvers av ulike samfunnsgrupper.
Dette er viktige faktorar for å styrkje demokrati, ytringsfridom,
integrering, inkludering og livskvalitet i samfunnet.
Som institusjonstype har bibliotek tilretteleggjande
oppgåver som skal sikre at informasjon og kunnskap skal vere tilgjengeleg
for alle, og på mange ulike språk. Slik sett kan det seiast at samfunnsrolla
til biblioteka ligg i skjeringspunktet mellom kulturpolitikk, utdanningspolitikk
og ein politikk for å styrkje demokratiet.
Det går fram av meldinga at lov 12. mai 1961 nr. 2
om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven) er under revisjon.
Dette er i første rekkje for å gjere den lettare tilgjengeleg. Det skal
også vurderast endringar som følgje av utviklinga både her til lands
og innanfor EØS.
Tilbod om dataspel kan vere med på å gjere biblioteka
attraktive for nye grupper. Spel er eit sosialt medium, det gjev
gode felles kulturopplevingar og er eit kulturuttrykk som alle bør
få tilgjenge til. Regjeringa vil greie ut dei opphavsrettslege problemstillingane
knytte til ei innkjøps- og utlånsordning for norske dataspel gjennom
den pågåande revisjonen av åndsverklova.
Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege
dokument av 9. juni 1989 nr. 32 pålegg alle som gjev ut informasjon
å avlevere trykte dokument til staten ved Nasjonalbiblioteket. Departementet
vil ta initiativ til å revidere lova i nær framtid.
Det digitale perspektivet vil på mange måtar vere
eit tverrgåande og overgripande perspektiv som grip inn i alle typar
bibliotek, og som vil prege all utvikling av bibliotektenester i
tida framover.
Samstundes med denne meldinga vert det også lagt
fram ei melding om digital bevaring og formidling av kulturarv.
Digitaliseringsmeldinga er ei overordna melding som skisserer ein
nasjonal strategi for korleis ein skal arbeide for å bevare, gjere
tilgjengeleg og formidle samlingane på kulturområdet ved å bruke
digital informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Bibliotek- og
digitaliseringsmeldingane skal utfylle kvarandre, men det vil vere
vanskeleg å lage eit knivskarpt skilje mellom dei. Dei to meldingane
vil difor i nokon monn vere overlappande.
I kap. 7 Kunnskapsallmenning i ei digital tid
vert det streka under at det er eit viktig mål å leggje grunnlaget
for at ei teneste med felles søk i bibliotekkatalogane og ei teneste
med brukarinitiert fjernlån, kan realiserast innan rimeleg tid.
I 2008 har Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling starta prosjektet
Biblioteksøk som i første omgang skal erstatte Samkatalogen, men
som i neste omgang skal utvidast til ei teneste med brukarinitiert fjernlån.
Opprettinga av Biblioteksøk vil vere ein viktig føresetnad for også
å kunne utvikle eit søk på tvers av arkiv, bibliotek- og museumssektoren.
Nasjonalbiblioteket vil ha hovudansvaret for å nytte kompetanse,
teknologi og ressursar for å utvikle Biblioteksøk. Det vil vere
behov for å stimulere aktørane til å oppgradere teknologisk infrastruktur
slik at dei kan delta i ei slik teneste.
I kapitlet vert det òg vist at metadata og katalogdata
av god kvalitet er ein føresetnad for å kunne tilby ei teneste som
Biblioteksøk. Nasjonalbiblioteket skal arbeide vidare med å forenkle
arbeidet med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument
vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel
gjenbruk av metadata ved andre institusjonar.
For å kunne gje differensiert tilgjenge til
digitalt materiale avhengig av kva status den enkelte brukaren har,
er det nødvendig med gode tilgangsordningar. Slike autoriseringsløysingar for
biblioteka må byggje på dei tenestene som alt er etablerte gjennom
Feide i universitets- og høgskulesektoren, og Minside som er etablert
av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Digitaliseringsspørsmål vert grundig drøfta
i stortingsmeldinga om digitalisering. I denne meldinga vert det
gjort nærare greie for Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram,
som er ei systematisk satsing på å digitalisere norsk publisert
innhald i stor skala. Satsinga vert sett i samanheng med satsingar
internasjonalt, og det vert gjort greie for nokre andre digitaliseringssatsingar
i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i Noreg.
Digitalisering er svært kostnadskrevjande, og det
vil også koste mykje å vedlikehalde og drifte det digitaliserte
materialet. Det er også knytt varige driftskostnader til digital
langtidslagring. Kostnader knytte til å gjere verna materiale digitalt
tilgjengeleg er også ein viktig del av reknestykket. Det vert gjort
greie for desse problemstillingane på eit overordna nivå i denne meldinga.
Nasjonalbiblioteket samarbeider på ulike måtar med
opphavsrettsorganisasjonane for å finne måtar å frigje verna materiale.
Gjennom pilotprosjektet om Nordområda er det gjeve allment digitalt
tilgjenge til om lag 1 400 bøker og tidsskriftartiklar. Gjennom
det nye prosjektet Bokhylla.no er det planlagt å digitalisere og gjere
tilgjengeleg litteratur frå dei tre tiårsbolkane 1790-åra, 1890-åra
og 1990-åra. Ein del av dette materialet er framleis under opphavsrettsleg
vern. Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt ei arbeidsgruppe
som har fått som mandat å greie ut betalingsmodellar og ei konkret
betalingsløysing for å kunne gje ope tilgjenge til materialet.
Avhengig av korleis prosjektet Bokhylla.no utviklar
seg, kan det på sikt danne modell for ein avtalelisens for digitalt
materiale. Slike lisensar kan utviklast vidare i eit samarbeid mellom
samlingsforvaltarar og samlingseigarar og på sikt også omfatte andre
typar materiale.
Arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Dette arbeidet må vere del av ein overordna strategi for tilgjengeleggjering
av digitalt materiale i eit kultur- og kunnskapsperspektiv. Kultur-
og kyrkjedepartementet vil difor i samarbeid med Kunnskapsdepartementet
vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Eit anna viktig aspekt i arbeidet med å gjere digitalt
publisert materiale tilgjengeleg er arbeidet med lisens- og konsortieavtaler.
Dette omfattar avtaler om tilgjenge til ulike databasar og tidsskrifter
i elektronisk format som særleg fag- og forskingsbiblioteksektoren
er avhengige av. I stor grad vil dette gjelde relativt spesialisert utanlandsk
fag- og forskingslitteratur, men det vil også kunne gjelde tilgjenge
til allmenne digitale kjelder som også den vanlege folkebibliotekbrukar
vil ha behov for. I meldinga vert det vist til at det ikkje vil
vere samfunnsøkonomisk lønsamt å byggje opp kompetanse på lisens-
og konsortieavtaler i enkeltinstitusjonar i biblioteksektoren i
Noreg. Departementet vil vurdere korleis arbeidet med lisens- og
konsortieavtaler skal utviklast vidare. Det bør også utviklast eit nærare
samarbeid om konsortieavtaler i Norden og i Europa.
I meldinga vert det også vist til at det i dag
er for få artiklar som vert publiserte i opne institusjonsarkiv,
men at institusjonane i universitets- og høgskulesektoren arbeider
med å gjere det til eit krav at tilsette skal publisere i desse.
Kunnskapsdepartementet har no starta eit arbeid for sjå på korleis
ein kan styrkje arbeidet med Open Access i Noreg. Kunnskapsdepartementet
har bede Noregs Forskingsråd og Universitets- og høgskolerådet om
innspel til korleis dette kan skje. Kunnskapsdepartementet vil vurdere
kva prinsipielle avklaringar som bør gjerast, og kva tiltak som
kan stimulere til auka bruk av Open Access.
Auka grad av digitalisering opnar for eit større behov
for digitale formidlingstenester. Tenester som vert utvikla i dei
større samlingsbevarande institusjonane med statleg støtte, må finansierast gjennom
tilskotet til desse institusjonane. Når det gjeld andre typar digitale
tenester som er utvikla og drifta til dømes i større folkebibliotek, vil
det vere nødvendig å nærare vurdere organisering og finansiering.
Døme på slike tenester er Ønskebok.no med fleire. Kultur- og kyrkjedepartementet
vil difor få utgreidd ulike modellar for organisering og finansiering
av slike digitale tenester.
Departementet vil elles følgje opp Norsk kulturråds
arbeid med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig.
Nasjonalbiblioteket
vil i nært samarbeid med involverte aktørar realisere Biblioteksøk
med utgangspunkt i moderniseringsbehov i Norsk samkatalog for bøker,
og ei teneste med brukarinitiert fjernlån. Det vil vere behov for
å stimulere folkebiblioteka til å oppgradere den teknologiske infrastrukturen
slik at dei kan delta i ei slik teneste.
Nasjonalbiblioteket vil forenkle arbeidet
med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument vert
katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk
av metadata ved andre institusjonar.
Nasjonalbiblioteket vil avklare opphavsrett
og personvernspørsmål slik at mest mogeleg av det digitaliserte
materialet kan gjerast tilgjengeleg. Prosjektet Bokhylla.no kan
på sikt danne modell for ein avtalelisens for digitalt materiale.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med
Kunnskapsdepartementet og andre involverte aktørar vurdere korleis
arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere
korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal utviklast
vidare, og i særleg grad vurdere samarbeid i Norden og i Europa.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil få utgreidd ulike
modellar for organisering og finansiering av digitale tenester i
folkebiblioteka.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil følgje
opp arbeidet med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig.
Ressursdeling og fjernlånssamarbeid er ryggrada
i det nasjonale biblioteknettverket. I kap. 8 Ressursdeling og fjernlån
vert det gjort nærare greie for dette samarbeidet og omfanget av
ressursdeling mellom bibliotektypane. Det vert slått fast at det
er eit mål å finne mekanismar som kan styrkje ressursdelinga og
samarbeidet mellom biblioteka, ikkje minst med tanke på ein komande
forventa auke i det fysiske fjernlånet når Biblioteksøk vert innført.
Departementet gjer framlegg om å fjerne tilskotet til Fjernlånssentralen
ved Deichmanske bibliotek, og i staden nytte midlane til å styrkje
fjernlånssamarbeidet på andre måtar, som til dømes transportordningar
og andre mekanismar som kan styrkje ressursdelinga. Ei vidare utvikling
av Nasjonalbibliotekets depotbibliotek vil vere eit viktig tiltak.
Alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes
Bok-i-butikk, skal også vurderast.
I meldinga vurderer ein framlegget i bibliotekutgreiinga
om ei felles biblioteklov for folke- og fagbiblioteka for å styrkje
saumlause tenester i biblioteknettverket.
Departementet kan ikkje sjå at det har kome
fram argument som i tilstrekkeleg grad underbyggjer at det er behov
for ei felles biblioteklov som femner om heile biblioteksektoren.
Departementet konkluderer difor med at det ikkje er nødvendig å
utforme ei felles biblioteklov for heile biblioteksektoren for å
nå målet om eit betre samarbeidande biblioteknettverk. Kunnskapsdepartementet
og Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for å finne andre
måtar som sikrar eit godt samarbeid om bibliotektenestene på tvers
av sektorane.
Kunnskapsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet
vurderer det difor som ei betre løysing å harmonisere og revidere
det eksisterande lovverket under begge departement, for å oppfylle
det felles ansvaret det er å sikre brukarane gode bibliotektenester.
Ein slik gjennomgang må også ha som mål å utvikle eit lovverk som
er betre tilpassa utfordringane i biblioteksektoren, og som opnar
for meir fleksible løysingar for drift og organisering av bibliotektenestene.
Kunnskapsdepartementet varslar at det vil bli oppretta
ei gruppe som skal greie ut nye lovføresegner i universitets- og
høgskulelova for å støtte opp under deltakinga i biblioteksamarbeidet
for universitets- og høgskulebiblioteka.
I ein prosess for å harmonisere lovverket vil
Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere ei rekkje justeringar
i biblioteklova. Dette omfattar
justeringar i føremålsparagrafen
til folkebiblioteklova, særleg knytte til ansvaret for aktiv formidling
og møteplassfunksjon
organisering og drift av bibliotektenester
med tanke på å opne for meir fleksible organisatoriske løysingar
fylkeskommunens ansvar for bibliotektenester
kompetansekravet i folkebiblioteklova og
behovet for fleksibilitet i organiseringa av tenester
krav til og standardar for folkebibliotekdrift
I kap. 9 Organisering og drift av bibliotektenester
lokalt og regionalt – er dei mange utfordringane særleg innanfor folkebiblioteksektoren
nærare drøfta. Folke- og fylkesbiblioteka har spesielle utfordringar
knytte til forventningar om eit betre bibliotektilbod, samstundes
som mange folkebibliotek strevar med å halde eit tilstrekkeleg høgt
nivå, både fagleg og personalmessig. Det er grunn til å vere uroa
for den kvaliteten på tenestetilbodet som ein i dag får i mange
folkebibliotek. Mange kommunar har i dag vanskar med å skaffe fagutdanna biblioteksjef,
og mange kommunar har færre enn eitt årsverk i biblioteket. Folkebiblioteka
har mange stader ikkje nok ressursar til å gje eit tilfredstillande
tilbod.
Det er behov for å opparbeide ny kompetanse
i folkebiblioteka innanfor ei rekkje område, ikkje minst leiarutvikling
og digital kompetanse. Desse utfordringane vil i framtida krevje
tettare samarbeid om bibliotektenestene på tvers av kommunegrensene.
I eit slikt samordningsperspektiv vert også framtida for dei tenestene
som i dag vert utførte av fylkesbiblioteka, drøfta.
Alle typar bibliotek vil dei komande åra måtte navigere
i eit landskap som vil vere prega av sterke innslag av tradisjonelle
bibliotektenester kombinert med ein aukande bruk av digital teknologi.
I eit slikt blandingslandskap er det viktig å stimulere til eksperimentering
og utprøving av nye måtar å skape gode bibliotektenester på. Det
vil vere direkte feil å freiste å stake ut fasitløysingar når utvikling
og tendensar krev dynamikk, kreativitet og fleksibilitet. Bibliotek som
både tek opp i seg dei tradisjonelle kjennemerka og kombinerer dei
med det digitale potensialet, vert i somme samanhengar kalla hybridbibliotek.
Utan omsyn til kva ein kallar framtidsbiblioteka vil dei måtte utvikle
seg i ei kombinasjonsretning.
Kommunane har ansvar for folkebiblioteka, men meldinga
drøftar mogelege verkemiddel for å stimulere til meir fleksibel
og tenleg organisering av bibliotektenestene på tvers av eksisterande
kommunegrenser. Folkebiblioteka vil i framtida ha klare behov for
å utvikle dei samla bibliotektenestene. Dette må tuftast både på
dei klassiske bibliotekfunksjonane og det digitale potensialet.
Styrande for denne utviklinga vil vere dei behova brukarane har
for biblioteka som tenesteytarar.
I meldinga vert tiltak som kan styrkje organisatoriske
løysingar tufta på samarbeid og samspel innanfor biblioteksektoren
lokalt og regionalt, drøfta nærare. Dette omfattar konkret samarbeid om
drift av biblioteka eller eit tettare samarbeid om viktige utviklingsspørsmål
for biblioteka, som kompetanseutvikling, spesialisering og ansvarsdeling
av bibliotektenester. I tida framover vil departementet medverke
til å setje fart i samarbeidet mellom biblioteka, og stimulere til samordning
av bibliotektenester regionalt og lokalt. Målet er å prøve ut ulike
organisasjonsmodellar og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving
med basis i til dømes vertskommunemodellen, slik ABM-utvikling nyleg
har sett i verk utgreiingar om.
I meldinga vert det vist til at fylkesbiblioteka
er svært ulike, og at det i ulik grad er teke grep for å utvikle
biblioteksektoren i dei enkelte fylka. Dagens lovkrav om at kvar
fylkeskommune skal ha eit fylkesbibliotek vert drøfta, og det vert
konkludert med at i den komande revisjonen av biblioteklova bør
ein fjerne dette kravet, og i lovteksten heller leggje vekt på dei
oppgåvene som må løysast på fylkeskommunalt nivå, og ikkje kva institusjon
som skal løyse dei.
For å styrkje samarbeidet mellom staten og fylkeskommunane
om bibliotekutvikling, gjer departementet framlegg om ei ordning
med friviljuge samarbeidsavtaler. Føremålet er å forankre nasjonale
målsetjingar regionalt og lokalt, kanalisere statlege satsingar
meir effektivt og målretta, og stimulere til fylkeskommunale og
kommunale bibliotekplanar.
I kapitlet vert også dagens kompetansekrav i
biblioteklova og behovet for eit kompetanseløft i heile biblioteksektoren
drøfta. Det vert konkludert med at dispensasjonsordninga er statisk
og lite framtidsretta. Ulike alternativ vert drøfta. Departementet
vil kome attende til spørsmålet om ein skal halde fram med kompetansekravet og
dispensasjonsordninga i den komande revisjonen av biblioteklova.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil elles i fellesskap vurdere kva for tiltak som er nødvendige
for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren.
Det ligg no føre eit utkast til rammeprogram for eit kompetanseutviklingsprogram
som kan danne eit godt grunnlag for vidare politikkutforming. Kultur-
og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil også vurdere nærare
behovet for å evaluere grunnutdanninga i bibliotekfag på ny.
Ansvaret på nasjonalt nivå for å samordne og
utvikle bibliotekfeltet både mellom Kultur- og kyrkjedepartementet
og Kunnskapsdepartementet, mellom dei ulike forvaltningsnivåa, og
på tvers av arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet er også ein viktig
del av samarbeids- og samordningsperspektivet. I kap. 10 Nasjonal
samordning av arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet vert evalueringa
av ABM-utvikling gjennomgått, og det vert drøfta korleis ein kan
styrkje potensialet for eit auka tverrsektorielt samarbeid.
I meldinga vert det halde fast ved at det også
i framtida vil vere nødvendig både å syte for betre samordning og
samarbeid internt i biblioteknettverket, støtte utviklingsarbeid
i folkebibliotek og tenkje fellesløysingar og samarbeid på tvers av
arkiv-, bibliotek- og museumssektorane. Det er behov for å gjennomgå
retningslinene til ABM-utvikling, for å tydeleggjere institusjonens ansvar
og oppgåver. Eit viktig siktemål vil vere å klargjere grensedraginga
mellom ABM-utvikling og dei samlingsforvaltande institusjonane på
ABM-feltet. Departementet vil, i samråd med relevante departement
og styret for institusjonen, vurdere om det kan vere tenleg med
ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket
og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre
bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.
Som det er gjort nærare greie for i digitaliseringsmeldinga,
vil departementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar
på ABM-feltet. Rådet skal løpande vurdere dei overordna strategiane
for digitalisering med sikte på å kome med framlegg som medverkar
til ei heilskapleg digital samlingsforvaltning. Rådet skal gje innspela sine
til Kultur- og kyrkjedepartementet. Departementet vil utarbeide
mandat for rådet.
Ei viktig oppgåve framover vil vere å styrkje
statistikk- og analysearbeidet. Dette inkluderer også å følgje med
på og å formidle kva som skjer internasjonalt når det gjeld kunnskapsutvikling på
feltet. Det skal utviklast ulike former for indikatorar for kva
som konstituerer god tenesteutøving både i arkiv, bibliotek og museum.
Med utgangspunkt i indikatorar og spesielle kartleggingsprosjekt
skal det utarbeidast oppdaterte tilstandsrapportar om arkiv-, bibliotek-
og museumsfeltet.
Det vert slått fast at det er behov for å utvikle klarare
nasjonale mål og betre samarbeidsliner slik at dei samla tenestene
som biblioteknettverket gjev, er av høgast mogeleg kvalitet. Samstundes
er det behov for betre dialog og klarare forventingar og forpliktingar
mellom forvaltningsnivåa slik at ressursar og satsingar vert kanaliserte
og utvikla på ein optimal måte.
Behovet for kompetanse på opphavsrett og personvern
på ABM-feltet er i dag stort og vil truleg verte større i åra som
kjem. I utgangspunktet vil det kunne vere kostnadskrevjande dersom
kvar enkelt institusjon skal innhente eller byggje opp slik kompetanse
sjølv. Ein logisk tanke er såleis at det bør organiserast eit velfungerande
kompetansemiljø som kan sikre heile ABM-feltet slike tenester.
Departementet meiner at det vil vere nødvendig og
naturleg at Nasjonalbiblioteket og Arkivverket har tilstrekkeleg
kompetanse på opphavsrett og personvern som dekkjer dei behova dei
kvar for seg har for å kunne gjennomføre oppgåvene sine. Med tanke
på den komande satsinga på digitalisering av kulturarvmateriale
vil desse institusjonane ha omfattande oppgåver knytte til eiga verksemd.
Mange aktørar i ABM-feltet har behov for informasjon
og rettleiing i opphavsrett, personvern og ei rad andre tilgrensande
juridiske spørsmål. Likevel vil det neppe vere tenleg å skipe mange kompetanseeiningar
for slike juridiske saker. For å sikre fagleg kontinuitet og innsikt
bør kompetansen på dette feltet samlast i Nasjonalbiblioteket og
Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til andre ABM-institusjonar
ved behov.
Departementet meiner òg at det er behov for
å styrkje den generelle FoU-aktiviteten på ABM-feltet. Departementet
ser positivt på framlegget om å etablere eit eige FoU-program om
bibliotekfeltet, men meiner at det er behov for å sjå forsking-
og utviklingsaktivitetar på heile ABM-feltet i samanheng. Kultur-
og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap
vurdere eit samarbeid om forskings- og utviklingsaktivitetar på
tvers av sektorane.
Statstilskotet til
Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek vil verte fjerna. I
staden vil departementet vurdere andre tiltak som kan medverke til
å styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet i biblioteknettverket.
Ei vidare utvikling av Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket
vil vere eit viktig enkelttiltak. Det vil også bli teke initiativ
til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som
til dømes Bok-i-butikk.
Det vert utarbeidd nye, felles retningsliner
for lånesamarbeid, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere
å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel
i folkebiblioteklova § 3.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil harmonisere lovverket for folkebibliotek og universitets- og
høgskulebibliotek for å styrkje samarbeidet mellom biblioteka.
I ein prosess for å harmonisere lovverket
på bibliotekfeltet vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere
justeringar i folkebiblioteklova.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere
til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt
og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og
gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i
vertskommunemodellen.
Det skal etablerast ei ordning med friviljuge
samarbeidsavtaler om bibliotekutvikling mellom staten og fylkeskommunane
som verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og stimulere til fylkeskommunale
og kommunale bibliotekplanar.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil i fellesskap vurdere kva for tiltak som er nødvendige for å
styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Eit samla
kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren vil verte
vurdert.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil i fellesskap vurdere behovet for å evaluere grunnutdanninga
i bibliotekfag på ny.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd
med relevante departement og styret for ABM-utvikling vurdere om
det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av
bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt
om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til
Nasjonalbiblioteket.
Det skal utviklast eit samla grep når det
gjeld kartleggingar og analysar av ABM-feltet. Dette skal kunne
gje samla tilstandsrapportar om ABM-feltet som kan tene som grunnlag
for å vurdere vidare politikkutforming.
For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning
av digitaliseringsarbeidet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere
eit råd samansett av sentrale aktørar på ABM-feltet. Departementet
vil utarbeide mandat for rådet.
Kompetanse på opphavsrett og personvern
skal samlast i Nasjonalbiblioteket og i Arkivverket. Desse kompetanseeiningane
skal yte tenester til andre ABM-institusjonar ved behov.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil i fellesskap vurdere eit samarbeid om forsking og utvikling
på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.
Vidare har alle bibliotek, og særleg folkebiblioteka,
ein dimensjon som legg vekt på biblioteket som møtestad, lærings-
og kulturarena. Dette perspektivet er spesielt viktig med tanke på
bibliotek som eit fysisk rom. Fordi dei skal fungere som læringsarena
for forskarar, studentar og andre brukarar, har fagbiblioteka spesielle utfordringar.
Skulebiblioteka og folkebiblioteka har både utfordringar og eit
stort potensial når det gjeld leselyst, lesestimulering og kulturformidling.
I kap. 11 Biblioteket som møtestad, lærings-
og kulturarena vert det vist til at bibliotekrommet i stor grad
vert nytta både som møtestad, læringsarena og sosial arena. Både
i folkebiblioteka og i biblioteka i utdanningssektoren ser ein at
aktivitetane kjem inn i større monn. Biblioteka har på mange måtar
endra rolle frå å vere rom for individuell fordjuping til å vere
rom for aktivt fellesskap, og det fysiske biblioteklokalet har kvalitetar
som ikkje utan vidare kan erstattast av digital distribusjon av
informasjon. Den sosiale møtestaden for alle representerer ein kvalitet som
må utviklast.
I meldinga vert tiltak som kan styrkje biblioteket som
ein stad for oppleving, læring og kunnskapssøk drøfta nærare. Det
er lagt til grunn at folkebiblioteket i større monn enn i dag bør kunne
gå inn i ei sentral rolle for heile det lokale kulturfeltet. Utviklinga
av folkebiblioteket både som digital tenesteformidlar og som ein
fysisk møtestad understrekar at kommunane bør tenkje både samhandling
og samlokalisering for dei aktivitetane og oppgåvene som dei utfører
på heile kulturfeltet. I særleg grad må folkebiblioteka vere lett
tilgjengelege der folk ferdast, og dei kan også gjerne vere integrerte
eller samlokaliserte med kjøpesenter, kino, togstasjon, kulturskular, museum
eller andre arenaer.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vidareutvikle biblioteka
som offentleg møtestader og arbeide for å synleggjere og framheve
bibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap.
Ei ordning med modellbibliotek vil verte nærare konkretisert. Departementet
vil også vurdere å etablere eit prosjekt for å styrkje folkebiblioteka
som samfunnsmessig brubyggjar, og stimulere til breiare samarbeid
og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet.
Departementet viser elles til at forvaltninga
av spelemidlane til kulturbygg skal endrast. Frå 2010 vil fylkeskommunane
ha hand om alle spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og
formidlingsarenaer for kultur. Fylkeskommunane kan velje å bruke
av desse midlane til investeringar både i bibliotekbygg og bokbuss. Departementet
vil utarbeide nye retningsliner for bruken av midlane.
Biblioteket som læringsarena kan definerast
ut frå at mange brukar biblioteket som arbeids- og studiestad, men
også at dei brukar tid på å lese, bla i og orientere seg i samlingane.
Medan biblioteka i utdanningssektoren er viktige bidragsytarar for
den formelle læringa, er folkebiblioteka særleg viktige for den
uformelle læringa gjennom å gje fritt tilgjenge til kunnskap og
informasjon. Folkebiblioteket kan vere ein stor ressurs og samarbeidspartnar
i lokale strategiar for utdanning, læring og kompetanse- og næringsutvikling.
Kultur- og litteraturformidling er viktige aktivitetar
i alle folkebibliotek. I mange tilfelle vil slike aktivitetar krevje
opphavsrettsleg klarering. Departementet vil vurdere ordningar som kan
medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling
i biblioteka.
I meldinga vert det streka under at folkebiblioteka
kan vere viktige arenaer for digital kompetanse. ABM-utvikling har
med støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet fått midlar
til å utvikle biblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet
vil kunne leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek.
Skulebiblioteket er læringsarena for barn og unge
i grunn- og vidaregåande skule. Kunnskapsdepartementet har sett
i verk eit nasjonalt program for skulebibliotekutvikling for perioden 2009–2012.
Programmet omfattar tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling
og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk
og samarbeid.
I kapitlet vert også biblioteka som arena for
leselyst og lesedugleik for både barn, unge og vaksne, drøfta. Det
vert understreka at biblioteket har stort potensial for å samarbeide
med både skule og barnehage om å utvikle leselyst og lesedugleik.
Det er behov for å utvikle den kompetansen i litteraturformidling
til barn og unge som dei bibliotektilsette har, og utvikle spesialkompetanse
som kan dekkje fleire kommunar. Ulike typar formidlingskurs er viktige
for å profesjonalisere litteraturformidlinga i biblioteka. Dette
arbeidet må halde fram og knytast tettare til ulike former for biblioteksamarbeid.
Departementet er einig i at det er behov for
ein nasjonal aktør på litteraturfeltet som kan medverke til å styrkje
og utvikle litteraturformidlinga i Den kulturelle skulesekken. Det
vert gjort framlegg om å utnemne Norsk forfattersentrum som nasjonal
aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil i fellesskap leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt
leseår, som start på eit leseløft i perioden 2010–2014 retta mot
både barn, unge og vaksne. Dette vil i stor grad handle om å etablere
ei nasjonal ramme for dei mange ulike lesesatsingane som i dag skjer
i regi av ulike aktørar. Departementet vil vidare undersøkje nærare
om det er behov for ordningar som kan medverke til klarare og betre
rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.
Endeleg vert spørsmålet om å opprette ei artotekordning,
ei ordning for utlån av kunst i norske bibliotek, nærare drøfta.
Etter ei samla vurdering er konklusjonen at det ikkje er grunnlag
for å etablere fysiske artotek eller nettportal. Departementet vil
i staden nytte tilgjengelege ressursar til å styrkje digitaliseringsprosjekt
ved arkiv-, bibliotek- og museumsinstitusjonar, jf. nærare omtale
i digitaliseringsmeldinga. Det vil også vere viktig å styrkje det
eksisterande kunstformidlingsapparatet på landsbasis for å oppnå
målet om breiare kunstformidling.
For å vidareutvikle
biblioteka som offentleg møtestad og synleggjere folkebibliotek
med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap, vil
Kultur- og kyrkjedepartementet opprette ei ordning med modellbibliotek.
For å stimulere til breiare samarbeid og
samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet,
vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit eige prosjekt som
kan styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar og møtestad
for grupper som i dag i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv.
ABM-utvikling har fått støtte frå Fornyings-
og administrasjonsdepartementet for å utvikle biblioteka som arena
for digital kompetanse. Prosjektet vil kunne leggje grunnlaget for
slike satsingar i alle større folkebibliotek.
Frå 2010 vil fylkeskommunane forvalte meir
av spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og formidlingsarenaer
for kultur. Departementet vil utarbeide nye retningsliner for bruken av
midlane.
Kunnskapsdepartementet har sett i verk
eit nasjonalt program for skulebibliotekutvikling for perioden 2009–2012.
Programmet omfattar tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og
kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk
og samarbeid.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje
leselyst og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som
nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved
å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet
vil i fellesskap leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt
leseår, som start på eit leseløft i perioden 2010–2014 retta mot
både barn, unge og vaksne.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil undersøkje nærare
om det er behov for ordningar som kan medverke til klarare og betre
rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.
Bibliotektenester til det samiske folket, nasjonale
minoritetar og andre minoritetsspråklege er nærare omtalt i kap.
12 Bibliotektenester til samer, nasjonale minoritetar og andre minoritetsspråklege.
Etter biblioteklova har folkebiblioteka ansvar for å gje eit tilfredstillande
tilbod til minoritetsspråklege i sine kommunar. Mange gjer eit godt
arbeid, og departementet vil understreke at dette arbeidet må halde
fram. Mange folkebibliotek har likevel ikkje kompetanse, eller mange
nok innbyggjarar med andre morsmål enn norsk, til å gje eit breitt
nok tilbod. I ein framtidig ny folkebibliotekstruktur med meir samarbeid
om bibliotektenester over kommunegrensene, vil det vere naturleg
å styrkje og å utvikle kompetansen og arbeidet med fleirkulturelle
bibliotektenester slik at kommunane vert i betre stand til å følgje
opp ansvaret som dei er tillagde i biblioteklova. Staten skal difor
medverke til at minoritetsspråklege får bibliotektenester.
Departementet vil understreke at Det flerspråklige
bibliotek er eit viktig nasjonalt kompetansesenter og ein unik nettverksbyggjar
i nasjonal samanheng. Biblioteket har funksjonar og relevans for
dei minoritetsspråklege i alle landets kommunar, og dette bør utviklast
i tida framover.
Sametinget har dei siste åra fått overført midlar til
ei rekkje samiske kulturinstitusjonar og tiltak frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
Føremålet har vore å gje Sametinget ein meir direkte innverknad
på forvaltninga av midlar til samiske kulturtiltak og institusjonar
som har samisk kunst og kultur som sitt arbeidsområde.
I dag er det Sametinget som har det overordna ansvaret
for å styrkje og utvikle bibliotektilbodet til det samiske folket,
medan norske styresmakter har ansvaret for at ein innanfor ramma
av ein nasjonal bibliotekpolitikk sikrar eit godt bibliotektilbod
for alle grupper. Eit velfungerande Sametingets bibliotek, som kan
vere eit kompetansesenter for alle bibliotek, er difor svært viktig.
Sametinget undersøkjer no om det vil vere mogeleg
å innføre ei innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik
ordning bør organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha. Departementet
vil sjå til at det samiske perspektivet vert innarbeidd i nasjonale
satsingar på bibliotekområdet.
Departementet vil også vidareføre den noverande
ordninga med statstilskot til Finsk bibliotekteneste, og vil vurdere
norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes innanfor ramma av handlingsplanen
for norsk-russisk kultursamarbeid.
Biblioteka har ei tosidig oppgåve i det fleirkulturelle
samfunnet. På den eine sida skal biblioteka gjere sitt til inkludering
gjennom litteratur- og kunnskapsformidling, og på den andre sida
skal dei formidle kunnskap om breidda av det kulturelle mangfaldet
i Noreg. For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering
og kulturelt mangfald er det behov for meir utviklingsarbeid og
kompetansehevande tilbod. Det bør også satsast meir på forsking
for å undersøkje potensialet som ligg i biblioteket som ein aktiv
møtestad og samfunnsmessig brubyggjar.
Kap. 13 Spesielle bibliotektenester omhandlar tilrettelagd
litteratur og bibliotektenester i fengsel og i helseinstitusjonar.
Det er eit mål at både dei fysiske biblioteka og dei tenestene som
biblioteka tilbyr, skal vere tilgjengelege for alle. Dette er eit
viktig perspektiv som må byggjast inn i alle planar for å utvikle
biblioteka i framtida. Arbeidet som vert utført i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek,
er av stor verdi og skal utviklast vidare.
Dei siste åra er det gjort mykje godt arbeid
for å utvikle bibliotektenester i fengsla, men det vil framleis
vere behov for å styrkje tenestene ved nokre av dei eksisterande
fengselsbiblioteka. Ein må også sjå til at det vert oppretta bibliotek
i nybygde fengsel. Særleg viktig er det å sjå til at det nye fengslet
som opnar i Halden i 2010 får eit tilbod. Departementet vil følgje
opp plan for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får
eit godt bibliotektilbod.
Departementet viser til at vi i dag har eit
mangfald av helseinstitusjonar på ulike forvaltningsnivå, og at
dei ulike målgruppene ved institusjonane har ulike behov. Departementet meiner
at det i framtida særleg må leggjast vekt på å sikre bibliotektilbodet
til barn og unge, langtidspasientar og pasientar innan rehabilitering.
Departementet meiner at ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester
i helseinstitusjonar bør leggjast til helsevesenet. For eit statleg
pasientbibliotek som til dømes biblioteket ved Rikshospitalet, vil
dette innebere at dagens tilskot over Kultur- og kyrkjedepartementets
budsjett i framtida vert gjeve over Helse- og omsorgsdepartementets
budsjett, og at dei statlege helseføretaka har eit ansvar for at
institusjonane yter bibliotektenester til sine pasientar. Ei slik
organisering vert i dag nytta også innanfor museumssektoren, til
dømes for Nasjonalt medisinsk museum og Forsvarsmuseet.
Kultur- og kyrkjedepartementet
vil syte for at det samiske perspektivet vert vareteke i nasjonale satsingar
på bibliotekfeltet.
Nasjonalbiblioteket vil arbeide vidare
med å utvikle ein felles samisk bibliografi i samarbeid med dei
andre nordiske nasjonalbiblioteka og eventuelt det russiske nasjonalbiblioteket.
Sametinget vil undersøkje om det skal innførast ei
innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør
organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha.
For å styrkje biblioteka som bidragsytarar
til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig
med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje
og utvikle Det flerspråklige bibliotek som eit nasjonalt kompetansesenter
for bibliotektenester til minoritetspråklege. Biblioteket kan i
aukande grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt
og nettverksarbeid.
Norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes
vil verte vurdert innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk
kultursamarbeid som vart signert i januar 2009. Det flerspråklige
bibliotek ved Deichmanske i Oslo vil framleis ha det nasjonale ansvaret
for russiske bibliotektenester.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil sjå
til at produksjonsnivået ved NLB vert halde oppe, og at tenestene
vert utvikla i takt med den teknologiske utviklinga.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil fullføre planen
for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt
bibliotektilbod.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil overføre
ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar
til helsevesenet.
Kultur- og kyrkjedepartementet
vil syte for at det samiske perspektivet vert vareteke i nasjonale satsingar
på bibliotekfeltet.
Nasjonalbiblioteket vil arbeide vidare
med å utvikle ein felles samisk bibliografi i samarbeid med dei
andre nordiske nasjonalbiblioteka og eventuelt det russiske nasjonalbiblioteket.
Sametinget vil undersøkje om det skal innførast ei
innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør
organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha.
For å styrkje biblioteka som bidragsytarar
til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig
med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje
og utvikle Det flerspråklige bibliotek som eit nasjonalt kompetansesenter
for bibliotektenester til minoritetsspråklege. Biblioteket kan i
større grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt
og nettverksarbeid.
Norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes
vil verte vurdert innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk
kultursamarbeid som vart signert i januar 2009. Det flerspråklige
bibliotek ved Deichmanske i Oslo vil framleis ha det nasjonale ansvaret
for russiske bibliotektenester.
Kultur- og kyrkjedepartementet
vil sjå til at produksjonsnivået ved NLB vert halde oppe, og at
tenestene vert utvikla i takt med den teknologiske utviklinga.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil fullføre planen
for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt
bibliotektilbod.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil overføre
ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar
til helsevesenet.
I meldinga vert det gjort framlegg om ei satsing på
biblioteka i perioden 2010–2014.
Det vert ikkje gjort framlegg om å endre den
eksisterande ansvars- og oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa
på bibliotekområdet.
Det vert lagt til grunn at ein gjennom omprioriteringar
innanfor eksisterande budsjettramme skal kunne frigjere midlar til
konkrete satsingar.
Meldinga varslar i tillegg ei rekkje lovrevisjonar.
Generelt sett er dei tiltaka som er omtala i
meldinga anten pågåande tiltak, eller tiltak som ein øynskjer å
vurdere nærare i samband med dei årlege budsjettproposisjonane.
I nokon grad vil det vere snakk om å omprioritere midlar i institusjonar
med statleg tilskot, og i nokon grad vil det vere snakk om å stimulere
til at kommunalt og fylkeskommunalt nivå medverkar til løysingar som
er i tråd med overordna nasjonale målsetjingar. Det er i alle høve
ein føresetnad at dei mål, strategiar og tiltak som det vert gjort
framlegg om i denne meldinga, skal kunne dekkjast innanfor dei gjeldande
budsjettrammene.