I Prop. 1 S (2009-2010) for Samferdselsdepartementet
er oppdaga nokre (mindre) feil. Rettingane i dette brevet påverkar
ikkje framlegget frå regjeringa til vedtak fremma i proposisjonen.
På side 27 under omtale av Kap.
1300 Samferdselsdepartementet, post 70 Tilskudd til internasjonale
organisasjoner, i første spalte, første avsnitt, går det fram
at det er budsjettert med medlemskapskontingent til EU-programmet
IDABC i 2010.
Dette er ikkje tilfelle. Ved en feil er EU-programmet
kome med i tekstomtalen. Løyvingsframlegget på posten står ved lag.
Rett plassering av fotnote nr. 2 i tabellen
på side 51 er i kolonnen "Justert saldert budsjett
2009", dvs. på same plass som fotnote nr. 3.
I tabellen på side 52 skal rett summering for "Sum
kap. 1320" i kolonnen "Jevnt pr. år Stortingets
NTP-vedtak 2010-13" vere 14 806,1 mill. kr i staden for 14 839,8
mill. kr. Vidare blir summen i same kolonne under "Totalt" 22 106,1 mill.
kr i staden for 22 139,8 mill. kr. I kolonnen "Oppfølging
av NTP i pst. etter ett år" skal prosentdelen i raden "Totalt"
vere 21,4 i staden for 21,3.
I tabellen på side 56 er rett summering for
"Sum post 30" i kolonnen "Handlingsprogram2010-2013" 24 160
mill. kr i staden for 24 130 mill kr. Tala i dei tre første talkolonnane
er i mill. kr.
I siste avsnitt i første spalte på side 58 skal
det stå: "Arbeidet med å bygge midtrekkverk
på følgende strekninger skal bli videreført:
På side 64, under omtale av kap.
1320, post 72 Kjøp av riksvegferjetenester i første spalte,
andre avsnitt, går det fram: "Sambandet Svolvær
- Skutvik er fra 1. januar 2009 omklassifisert til fylkeskommunalt
samband, men i dette sambandet vil staten være ansvarlig for materiell
og kaier." I fylkesfordelinga knytte til dei nye fylkesvegferjene
frå 1. januar 2010 som følgje av forvaltningsreforma, inngår 2,7
mill. kr i kompensasjon til Nordland fylkeskommune til å dekkje
leigekostnader ved å setje inn ekstraferje om sommaren. Dette inneber
at frå 2010 er Nordland fylkeskommune ansvarleg for materiell til sambandet
Svolvær - Skutvik.
I tabellen på side 64 er tal for km med gul
midtstripe i kolonnen "Handlingsprogram 2010-2013" 140
km i staden for 80 km. Oppfølgingsgraden i pst. etter eitt år blir
da 16 og ikkje 28.
Rett tal i tabellen på side 91 for "E6 Øyer-Tretten, ekskl. rv 254" i kolonnen
"restbehovet pr. 1. januar 2011", er
445 mill. kr i staden for 475 mill. kr.
I tabellen på side 172 er talet "for personar utsette for over 38 dB innandørs
støy" i høgre kolonne verknaden for perioden 2010-2019 og
ikkje perioden 2010-2013.
Det er ein summeringsfeil i tabellen på side
179 som viser løyvingar til kollektivtiltak. I summeringa av dei
to kolonnane er raden " – av dette belønningsordningen"
teken med. Summen i kolonnen "Justert saldert
budsjett 2009"skal vere 10 518 500 i staden for 10 841 900
kr og i kolonnen "Forslag 2010" 11 977 800
i staden for 12 310 600. Den prosentvise endringa frå 2009 til 2010
skal vere 13,9 i staden for 13,5.