Brev til Stortingets presidentskap fra Samferdselsdepartementet v/statsråden, datert 17. november 2009

Samferdselsdepartementet – Prop. 1 S (2009-2010)

Eg viser til Prop. 1 S (2009-2010) som no er til handsaming i Stortinget. I denne samanheng ønskjer eg å informera Stortinget om følgjande som har kome fram etter at budsjett-proposisjonen vart fremja:

Jernbanebudsjettet – kap. 1350 Jernbaneverket

I samband med arbeidet med Jernbaneverket sitt handlingsprogram for 2010-2019 og arbeidet med planen for verksemda til Jernbaneverket for 2010 i løpet av hausten 2009, har Jernbaneverket kome fram til at det er meir knapt med signalressursar enn tidlegare berekna. Signalkompetansen er ein kritisk ressurs for å få gjennomført fleire av jernbaneprosjekta som er omtala i Prop. 1 S (2009-2010). Eg vil i denne samanheng visa til at det i budsjettproposisjonen for 2010 er teke inn ei omtale av "Tiltak for å sikre nok personalressurser i jernbanesektoren", der signalmontørar- og ingeniørar er nemnt, jf. side 132-133. Dessutan viser eg til omtalen av problema omkring godkjenninga av den nye typen signal- og sikringsanlegg/ Merkur som Jernbaneverket har leveringskontraktar med hos ABB. Dette legg også beslag på signalfolk i Jernbaneverket, jf. side 135-136.

På grunn av at det er mangel på signalfolk har Jernbaneverket sett i gang eit arbeid med å gjennomgå og eventuelt leggja fram ein ny signalstrategi for jernbanenettet i Noreg for å kunna optimalisera bruken av den knappe signalkompetansen. Ein ny signalstrategi må og sjåast i samanheng med den planlagde innføringa av eit nytt signal- og sikringssystem, European Rail Trafic Management System (ERTMS) som følgjer av forskrift om samtrafikkevne i den internasjonale togtrafikken.

Eg viser elles til at det under omtalen av dei store jernbaneanlegga som er gjeve i Samferdselsdepartementets budsjettproposisjon for 2010, har i forhold til dei utfordringane Jernbaneverket har med signalkompetanse.

Samferdselsdepartementet vil om naudsynt koma tilbake til Stortinget når konsekvensane av ein ny signalstrategi er nærmare avklart.

Vegbudsjettet - kap. 1320 Statens vegvesen

Eg viser til St.prp. nr. 72 (2008-2009) Om nokre saker på Samferdselsdepartementets område. I vedlegg 1 til proposisjonen er det ei liste over riksvegar med tilhøyrande gang- og sykkelvegar. I framlegg til vedtak vert Stortinget m.a. bede om å samtykkja i at riksveg med tilhøyrande gang- og sykkelveg som går fram av vedlegg 1, med heimel i veglova § 62 tredje ledd, blir omklassifisert til fylkesveg, i Oslo kommunal veg, med verknad frå 1. januar 2010.

Osan ferjekai i Svolvær var ikkje med i vedlegg 1 til St.prp. nr. 72 (2008-2009). Bakgrunnen for at ikkje denne vart teken med i oversikten over nedklassifiseringar i samband med forvaltningsreforma i St.prp. 72 (2008-2009)var at ein arm av E10 går ned til ferjekaia. Da sambandet Svolvær-Skrova vart omklassifisert til fylkesvegsamband frå 1. januar 2009, vart ikkje ferjekaia i Svolvær omklassifisert på grunn av riksvegsam- bandet Svolvær- Skutvik. Skutvik ferjekai er no vedteke omklassifisert, jf. handsaminga av St.prp. nr. 72 (2008-2009).

Eg finn det naturleg at Nordland fylkeskommune, på line med ansvaret for ferjemateriell, også får ansvaret for ferjekaiene i dei omtala sambanda. Eg legg derfor til grunn at også ferjekaia i Svolvær vert omklassifisert til fylkesvegkai frå 1. januar 2010.

Midlar til drift og vedlikehald, av dei ferjekaier som vert omklassifiserte, vil overførast fylkeskommunane i samband med forvaltningsreformen. Drifts- og vedlikehaldmidlar til ferjekaier vert rekna ut etter ein generell behovsmodell.

Det er ikkje gjort framlegg om investeringsmidlar til ferjekaiene i dei omtalte sambanda i Samferdselsdepartementet sitt framlegg til riksvegbudsjett for 2010. For framtidig fylkesvegnett er investeringsmidlane for 2010 i all hovudsak fordelte på grunnlag av generelle kriterium (vegstandard, folketal og veglengde) og bindingar. Ingen av dei omtala ferjekaiene har bindingar pr. 1. januar 2010.