Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om auka låneramme i Husbanken

Dette dokument

  • Innst. 34 S (2009–2010)
  • Kildedok: Prop. 21 S (2009–2010)
  • Dato: 11.11.2009
  • Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Låneramma i Husbanken er på 14 mrd. kroner i 2009, etter ein auke på 2 mrd. kroner i tiltakspakka som Regjeringa la fram 26. januar 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett bad fleirtalet i finanskomiteen Regjeringa følgje utviklinga og kome tilbake til Stortinget om naudsynt, jf. Innst. S. nr. 355 (2008–2009).

Det er framleis stor etterspurnad etter husbankfinansiering. Kommunane vidareformidlar òg meir startlån enn i tidlegare år.

Per 15. september 2009 er 87 pst. av låneramma brukt opp. For at Husbanken skal kunne halde aktiviteten oppe på om lag same nivå som hittil i 2009, og ikkje gå tom for utlånsmidlar, gjer Regjeringa framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 2 mrd. kroner i 2009.

Sidan auken i låneramma vil skje mot slutten av 2009, vil berre ein mindre del av låna kome til utbetaling i år. I utrekninga er det lagt til grunn at 1/24 av auken i låneramma kjem til utbetaling i 2009. Det er på bakgrunn av dette behov for å auke løyvinga på kap. 2412, post 90 Lån til Husbanken med 83 mill. kroner i 2009. Sjølv om det blir gitt tilsegn om lån i 2009, vil berre ein mindre del av låna kome til utbetaling i 2009.

Det blir ingen administrative konsekvensar av auken.

Komiteens merknader og tilråding

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lise Christoffersen, Håkon Haugli, Jette F. Christensen, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, fra Høyre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Heikki Holmås, fra Senterpartiet, Ola Borten Moe, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, har ingen merknader, slutter seg til forslaget i proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slike

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter

2412

Den norske stats husbank

90

Lån til Husbanken, overslagsløyving, blir auka med …

83 000 000

frå kr 11 082 000 000 til kr 11 165 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at Husbanken i 2009 kan gi tilsegn om lån for 16 mrd. kroner. Låna vil bli utbetalt i 2009 og seinare år.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 10. november 2009

Heikki Holmås

Håkon Haugli

leder

ordfører