Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Eg syner til Prop 122 L (2009–2010), som er til handsaming i Stortinget. Kommunal- og regionaldepartementet er blitt merksam på ein feil som må rettast opp.
Feilen gjeld framlegget til ny forskriftsheimel i § 20-3 fjerde ledd. Riktig tilvising skal vere § 20-3 tredje ledd. Årsaka til feilen er at lovteksten som blei publisert i Norsk Lovtidend av ukjent grunn ikkje samsvarar med lovvedtaket i Stortinget. Andre punktum i fyrste ledd i paragrafen blei gitt eit innrykk, slik at det blei endra til andre ledd. Denne feilen har forplanta seg vidare til dei neste ledda i paragrafen. Til orientering er feilen no retta opp i Lovdata.
Eg ber om at lovframlegget i Prop 122 L (2009–2010) om endring i § 20-3 fjerde ledd blir endra slik:
«§ 20-3 tredje ledd skal lyde:»
Framlegget til endring av innhaldet i regelen er uendra.