I meldinga gjev regjeringa eit oversyn over
samarbeidet i NATO i 2009. Aktuelle NATO-operasjonane og det norske
engasjementet blir gjennomgått, og sivilt-militært samarbeid og
ulike tryggingsutfordringar blir drøfta. Status for samarbeid med
Russland og andre aktørar blir og behandla, saman med arbeidet med
det nye strategiske konseptet. Dette samandraget omhandlar desse
områda og gjev regjeringa sine vurderingar og framtidsperspektiv
for samarbeidet i NATO.
Toppmøtet i Strasbourg/Kehl i april prega arbeidet
i NATO i 2009. Stats- og regjeringssjefane vedtok å setje i gang
utarbeidinga av eit nytt strategisk konsept for alliansen og valde
Danmarks tidlegare statsminister Anders Fogh Rasmussen til ny generalsekretær.
Den nye generalsekretæren etablerte raskt tre prioriterte
satsingsområde: innsatsen i Afghanistan, forholdet til Russland
og reform av NATO-organisasjonen. Arbeidet med det nye strategiske
konseptet vart starta straks etter at Fogh Rasmussen var utnemnd.
Endringane i den globale tryggingssituasjonen gjennom
det siste tiåret har ført til ein gjennomgripande debatt i NATO
om framtida for alliansen. Det nye strategiske konseptet til alliansen
vil verte ein viktig milestolpe i den kontinuerlege utviklinga av
NATO når det vert vedteke på toppmøtet i Lisboa i november. Det
vil bli ståande som ein hovudreferanse for verksemda i NATO gjennom
tiåra som kjem. Det gjeldande strategiske konseptet til alliansen
vart vedteke på toppmøtet i Washington i 1999.
Diskusjonen om framtida for NATO gjeld både oppgåvene
til alliansen og plassen den skal ha i forhold til andre internasjonale
aktørar. Noreg er ein aktiv alliert, og under arbeidet med konseptet prioriterer
Regjeringa ein reduksjon av rolla kjernevåpna speler i NATO, forholdet
mellom alliansen og Russland og arbeidet for å gjere alliansen meir
relevant i medlemslanda. Det er viktig å finne den rette balansen
mellom NATOs oppgåver på eige territorium og operasjonar utanfor
eige område.
Rolla alliansen speler som det sentrale transatlantiske
forumet for tryggingspolitisk konsultasjon og samarbeid, er framleis,
saman med føresegnene i Atlanterhavspakta om gjensidig bistand ved
angrep, den grunnleggjande føresetnaden for Noregs NATO-engasjement.
Parallelt med utviklinga av det nye konseptet
har alliansen innleidd ein gjennomgripande reformprosess som omfattar
alle sider av verksemda til NATO, frå arbeidsrutinar og samarbeidsstrukturar
i hovudkvarteret til kommandostruktur og prosedyrar for ressursallokering.
Dei to prosessane vil i stadig sterkare grad bli sett i samanheng
fram mot Lisboa-toppmøtet.
NATOs kjernevåpenpolitikk fekk ny merksemd i
2009 etter at talen president Obama heldt i Praha, førte til eit
taktskifte i den internasjonale diskusjonen om kjernefysisk nedrusting.
Dette er svært positivt sett med norske auge.
Den amerikanske presidenten har sidan følgd opp
gjennom å ta initiativet til eit eige toppmøte om kjernefysisk nedrusting
og ikkjespreiing i tryggingsrådet i FN 24. september 2009, sluttføre
forhandlingane med Russland om den nye START-avtalen og underteikne
han 8. april 2010 i Praha, godkjenne USAs nye atomvåpenpolitikk
(«Nuclear Posture Review») same månaden og gjennomføre eit internasjonalt
toppmøte om atomtryggleik i Washington 12.–13. april.
Desse utviklingstrekka vil kunne bidra positivt til
NPT-tilsynskonferansen i mai 2010 og ikkje minst i arbeidet med
eit nytt strategisk konsept for alliansen.
I NATO har det norsk-tyske nedrustingsinitiativet
frå 2007 bidrege til ein diskusjon om engasjementet i alliansen
for nedrusting. Noreg held fast på det sterke fokuset i dette spørsmålet
og arbeider aktivt for at nedrustingsperspektivet skal få ein sentral
plass i det nye strategiske konseptet. Det er aukande oppslutning
om dette blant allierte. Frå norsk side har vi òg teke til orde
for at kjernevåpna må spele ei mindre rolle i strategien til alliansen.
Også dette synspunktet har fått tilslutning, men enkelte allierte
har vore skeptiske til endringar i avskrekkingsdoktrinen til NATO.
Noreg ser det som svært viktig å bidra til at det nye strategiske
konseptet finn ein god balanse mellom desse to omsyna. Det vil vere
i samsvar med den rådande internasjonale stemninga for ein reduksjon
av rolla atomvåpna speler i tryggingspolitikken.
Det nye missilforsvarskonseptet til USA, som
er basert på ei fase utbygging tilpassa utviklinga i trusselbildet,
vart godt motteke av dei allierte. Etter at dei nye planane vart
lagde fram i september 2009, har NATO gjennomført omfattande utgreiingar
av dei teknologiske og budsjettmessige implikasjonane. Dette arbeidet
skal vere sluttført før toppmøtet i Lisboa og vil vere ein viktig
del av grunnlaget for ei politisk avgjerd om det skal etablerast
eit NATO-omfattande missilforsvarssystem.
Russland var òg i utgangspunktet nøgd med at president
Obama ikkje vidareførte planane til Bush-administrasjonen om utplassering
av avskjeringsmissil i Polen og radaranlegg i Tsjekkia. Men haldninga
til russarane vart meir negativ etter kvart som fasane i utviklinga
av systemet vart tydelegare. Dei russiske innvendingane byggjer
truleg i første rekkje på geopolitiske omsyn og er eit uttrykk for
at russarane ikkje ønskjer denne typen installasjonar i tidlegare
austblokkland. USA og Russland har kontinuerleg kontakt om dette
spørsmålet. President Obama har med støtte frå dei europeiske allierte uttalt
eit ønske om å samarbeide med Russland om missilforsvarsplanane.
Så langt har ein på russisk side ei avventande haldning til dette.
Det står att å sjå om underteikninga av den nye START-avtalen vil
styrkje den gjensidige tilliten òg i dette spørsmålet.
NATO tok i 2009 opp att samarbeidet med Russland
i NATO-Russland-rådet (NRC), etter at dette vart mellombels suspendert
som følgje av krigen mellom Russland og Georgia i 2008. Uvisse og
stemningsskifte prega dialogen gjennom 2009 og inn i 2010. Medan
Russland og NATO-landa på utanriksministermøtet i desember 2009
greidde å verte samde om å utarbeide felles trusselvurderingar,
offentleggjorde Moskva i byrjinga av 2010 ein ny militærdoktrine
der mellom anna ei vidare utviding av NATO vert peikt på som ein
fare for Russland, med referanse til at alliansen er til stades
tett ved grensene til landet, og til utvidingspolitikken til NATO.
Mange russiske utspel – mellom dei to traktatutkast
med sikte på ei nyorganisering av det tryggingspolitiske samarbeidet
i Europa – har bidrege til at det er uklart kva ønske og mål Russland
har for samarbeidet med NATO. Under utanriksministermøtet i Brussel
i desember 2009 vedtok utanriksministrane i NATO-landa og den russiske
kollegaen deira, Sergej Lavrov, likevel å fornye NRC-samarbeidet
både i innhald og form, til dømes gjennom ei trusselvurdering og reform
av NRC-komitéane. Russland gav i 2009 uttrykk for vilje til auka
samarbeid med NATO om Afghanistan, men omfanget av samarbeidet er
foreløpig nokså avgrensa.
Noreg held fast på engasjementet for å styrkje
dialogen mellom NATO og Russland. Generalsekretær Anders Fogh Rasmussen
har med sitt raske og tydelege initiativ for å styrkje partnarskapen
mellom alliansen og Russland markert ei klar haldning som Noreg
støttar og oppmuntrar. Andre allierte har likevel ei langt meir avventande
haldning til ei vidareutvikling av det politiske og praktiske samarbeidet
med Russland. Dette gjer det vanskeleg og tidkrevjande å kome fram
til samlande løysingar internt i alliansen.
Spørsmålet om korleis ein skal handtere forholdet
til Russland, vil difor truleg vere eit av dei mest utfordrande
for alliansen den næraste tida.
Utviklinga i Afghanistan har i 2009 kravd omfattande
nytenking i NATO, både når det gjeld innretninga på og omfanget
av innsatsen. I utgangspunktet er det brei oppslutning om engasjementet
i Afghanistan. Den negative utviklinga i tryggingssituasjonen,
særleg i siste halvdel av 2009, har likevel ført til aukande uro i
opinionen i enkelte medlemsland.
Hausten 2009 gjennomførte USA og ISAF ei tilpassing
av strategien, der det i tillegg til ein forsterka og betre tilpassa
militær innsats vert lagt større vekt på behovet for sivil gjenreising
og utvikling. Eit sentralt element i NATO-strategien er dessutan
å styrkje støtta til oppbygging av afghanske tryggingsinstitusjonar,
i første rekkje den afghanske hæren og i nokon mindre grad politiet.
Denne innsatsen vil i monaleg grad bidra til at ansvaret for varetaking
av tryggleiken i Afghanistan gradvis kan overførast til afghanske
styresmakter. Omlegginga av strategien og det styrkte samarbeidet
med afghanske styresmakter bidrog til forsiktig optimisme i alliansen utover
hausten 2009. Det er likevel ei brei erkjenning av at ein vil oppleve
tilbakeslag, og at NATO framleis vil vere engasjert i Afghanistan i
mange år framover. Med bakgrunn i den planlagde ansvarsoverføringa
vil rolla til ISAF likevel gradvis endrast til meir vekt på mentorering, partnering
og støtteoperasjonar. På sikt vil dette også føre til reduksjon
i styrkar til ISAF.
Sivilrepresentanten frå NATO i Afghanistan har fått
utvida funksjonar. Frå norsk side har det vorte lagt vekt på at
sivilrepresentanten i samarbeid med FN primært må arbeide for å
styrkje den heilskaplege tilnærminga til utfordringane i Afghanistan.
Innsatsen i Afghanistan har i praksis demonstrert kor
viktig det er at NATO vidareutviklar samarbeidet med andre internasjonale
organisasjonar og med relevante sivile aktørar. Sivilt-militært samarbeid,
samordna innsats og ei føremålstenleg arbeidsfordeling frå det internasjonale
samfunnet er ein føresetnad for varige løysingar på konfliktar med
utgangspunkt i statar med svak kontroll frå styresmaktene og manglande
etterleving av rettsstatsprinsipp. Det er såleis gledeleg at stats-
og regjeringssjefane under toppmøtet i Strasbourg/Kehl understreka
at NATO på generell basis skal styrkje innsatsen for ei reell, heilskapleg
tilnærming som utgangspunkt for operasjonane sine og samarbeidet med
andre aktørar. Den primære rolla til NATO vil innanfor ramma av
ei slik heilskapleg tilnærming vere å skape den tryggleiken og stabiliteten
som er nødvendig for å kunne gjennomføre gjenreising og utviklingsarbeid.
Noreg og Estland tok hausten 2009 initiativ
til at NATO følgjer opp FN-resolusjon 1325 «Kvinner, fred og tryggleik»
i alle operasjonsplanar og i heile verksemda elles.
Det er viktig at andre organisasjonar og aktørar frå
det sivile samfunnet ser på rolla til NATO som vesentleg og konstruktiv.
Som medlem av NATO, men ikkje av EU, er det i norsk interesse at
desse to organisasjonane etablerer eit nært samarbeid om konfliktløysing.
Noreg arbeidde i 2009 aktivt for å bidra til dette. Den fastlåste situasjonen
kring Kypros-spørsmålet var òg i 2009 hovudproblemet for å betre
forholdet mellom NATO og EU.
Partnarsamarbeidet får stadig større tyding
for NATO, også fordi mange partnarland yter vesentlege bidrag til
NATO-operasjonane i Afghanistan. Sverige og Finland er eksempel
på dette.
Få nye land vil i dei komande åra søkje medlemskap
i NATO. Dette gjev partnarskapspolitikken ein ny dimensjon. Der
søkjarlanda tidlegare var innforståtte med NATO-krava om tilslutning
til og praktisering av dei verdiane og normene som gjeld i alliansen,
vil land som ikkje søkjer medlemskap, ikkje nødvendigvis ha same
haldninga. For NATO vil utfordringa vere å skape partnarskap som
bidreg til regional og allmenn stabilitet. NATO ønskjer størst mogeleg
grad av politisk dialog med partnarlanda parallelt med tekniske
samarbeidsavtalar.
Utvidingspolitikken til NATO ligg fast, og døra står
framleis open for europeiske land som viser vilje og evne til å
oppfylle dei krava NATO stiller, og som kan bidra til felles tryggleik
og stabilitet. Med Albania og Kroatia som nye medlemer står det
att fire land på Balkan. Makedonia får tilbod om medlemskap så snart
namnestriden med Hellas er løyst. Montenegro og Bosnia-Hercegovina
er tildelte status som søkjarland, men Bosnia-Hercegovina på det
vilkåret at iverksetjinga vert utsett inntil forsvarseigedommane
i landet vert registrerte som statseigedom. Montenegro er tildelt
status som søkjarland. Serbia ønskjer så langt ikkje ei nærare tilknyting
til alliansen. Bosnia-Herzegovina fekk tildelt søkjarlandsstatus
under det uformelle utanriksministermøtet i Tallinn 22.–23. april 2010.
Noreg meiner det vil gje auka stabilitet på Balkan når Bosnia vert
trekt nærare NATO. Ukraina har etter valet lagt søknaden på is,
men held fram med å samarbeide med NATO. Georgia ønskjer framleis
medlemskap og arbeider målretta med dette for auge. Sjølv om toppmøtet i
Bucuresti i 2008 vedtok at Georgia skal bli medlem i NATO, er det
framleis uvisst kva tid dette kan skje.
Uavhengig av tilknytingsforma dei har til alliansen,
vil dei mange partnarane NATO etter kvart har fått, ønskje samarbeid
og informasjon om den til kvar tid rådande tryggingspolitiske situasjonen.
Korleis dette skal gå føre seg, og i kva former, er spørsmål som
i aukande grad opptek medlemslanda. Tryggingspolitiske konsultasjonar
er ein viktig tillitsbyggjande reiskap.
Det er mange uavklarte spørsmål rundt det endra trusselbiletet
og dei «nye truslane». Diskusjonen i alliansen dreier seg primært
om kva utviklingstrekk som vil vere mest relevante for NATO, og i
kva grad nye truslar vil krevje nye former for samarbeid med andre
aktørar. I første rekkje dreier dette seg om spørsmål som klimaendringar
og massemigrasjon, men òg om ulike former for terrorisme og digitale
angrep. Trygging av kritisk energiinfrastruktur er eitt viktig område som
vil krevje stor merksemd både frå allierte, partnarar og andre internasjonale
organisasjonar.
Nye tryggingstruslar vil verte tekne opp under utarbeidinga
av det nye strategiske konseptet. Tendensen går i retning av å halde
fast på ein praksis som tek utgangspunkt i at artikkel 5 i Atlanterhavspakta
berre vert utløyst ved væpna angrep på eit medlemsland, medan artikkel
4 om konsultasjonar i situasjonar som enkeltland opplever som truande,
vil verte brukt meir enn til no. Utsegner som «høg terskel for artikkel
5, låg for artikkel 4» høyrer ein ofte i debatten om NATOs nye strategiske
konsept.
For at NATO framleis skal oppfattast som relevant
av folk i medlemslanda, må det ikkje herske tvil om at alliansen
framleis har evne til å handtere heile breidda av tryggingsutfordringar. NATO
må òg i framtida vere i stand til å gje medlemslanda den tryggleiken
som ligg i artikkel 5 i Atlanterhavspakta om gjensidig bistand ved
væpna angrep. Det er svært viktig at medlemslanda ser at dei grunnleggjande
tryggingsinteressene vert varetekne gjennom beredskapen og innsatsen
i NATO, anten truslane oppstår i nærområda eller fjernt frå grensene
til det enkelte landet.
I vårt eige nærområde har spørsmål som gjeld
utviklinga i nordområda og rolla NATO speler, fått auka merksemd.
Regjeringa har lagt vekt på at ei rolle for NATO i nord må bidra
til å bevare nordområda som ein region der innsyn, internasjonalt
samarbeid og stabilitet pregar situasjonen. Noreg har framheva verdien
av regionale samarbeidsfora, i første rekkje Arktisk råd. Dette
synet har brei oppslutning i alliansen.
Gjennom ei realistisk tilnærming og inkluderande
haldning overfor alle allierte har Noreg fått godt gjennomslag for
ei rekkje av våre synspunkt i NATO. Noreg har med nærområdeinitiativet
fått gehør for at ein må balansere evna NATO har til å drive operasjonar
langt unna, med behovet for å kunne sikre på truverdig vis at kjerneoppgåva
til NATO, kollektivt forsvar, vert vareteken. Likevel vil debatten
framover by på store utfordringar for alliansen og for oss. Ei av
dei vil vere å sikre samhald og konsensus mellom allierte i ei stadig
meir samansett geopolitisk verd.
Det vil vere ei viktig oppgåve for Noreg og
dei andre europeiske medlemslanda å bidra til at NATO framleis er
relevant for USA og vert sikra som konsultasjonsforum – at alliansen
held fram å vere det viktigaste forumet for transatlantisk tryggingspolitisk
drøfting og samarbeid for alle medlemslanda.