1.1 Sammendrag

Finansmarknadsmeldinga 2009 omhandlar følgjande tema:

Kapittel 2 handlar om føresetnadene for, og utsiktene til, finansiell stabilitet i Noreg. Her er risikoane i dei norske finansmarknadene omtala, og likeins utviklinga for dei norske finansinstitusjonane. Kapittel 3 gjev eit oversyn over nokre internasjonale initiativ til regelverksendringar som har kome i kjølvatnet av finanskrisa, mellom anna vert forslag til nye kapitaldeknings- og likviditetskrav og innskotsgarantidirektivet omtala. Kapittel 4 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga i Noreg, og dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet handsama på finansmarknadsområdet i 2009.

Kapittel 5 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2009, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er lovpålagd, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 6 inneheld ein omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2009. Omtalen i kapittel 5 og 6 byggjer i stor mon på årsmeldingane frå institusjonane. I kapittel 7 er verksemda til Folketrygdfondet i 2009 omtala. I Kredittmeldinga 2008 vart det varsla at «Regjeringa legg opp til å rapportere om verksemda i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond i Kredittmeldinga 2009». Dei to fonda vart oppretta for å dempe dei negative verknadene av finanskrisa og verksemda deira er omtala i kapittel 8. Kapittel 9 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank og Finanstilsynet for 2009 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til finansministerens brev av 4. juni om korrigering av Meld. St. 12 (2009–2010). Brevet er vedlagt innstillingen. Komiteen viser videre til at det ble avholdt høring med sentralbanksjef Svein Gjedrem 18. mai 2010. Referat fra høringen følger som vedlegg til denne innstillingen.