Brev fra Finansdepartementet v/statsråden til finanskomiteen, datert 4. juni 2010

Korrigering til Meld. St. 12 (2009-2010)

Finansdepartementet fremma 23. april 2009 Meld. St. 12 (2009-2010) Finansmeldinga 2009. Departementet ynskjer med dette å gjere oppmerksom på at det er ein feil i omtala av kapitalforvaltninga i Noregs Bank i 2009. På side 64 i meldinga står det:

«Investeringsporteføljen skal i høve til retningslinjene som hovudstyret til Noregs Bank har vedteke, ha ein aksjedel på 60 prosent og ein rentedel på 40 prosent.»

Rett omtale skal vere:

«Investeringsporteføljen skal i høve til retningslinjene som hovudstyret til Noregs Bank har vedteke, ha ein aksjedel på 40 prosent og ein rentedel på 60 prosent.»